Rigs-tula

Fra Wikikilden

So segjer menn i forne sogur, at ein av æsine, han som Heimdall het, var paa ferd frammed ei sjøstrand, og so kom han til ein gard og kalla seg Rig. Etter den sogo er dette kvæde.

1.
I old, er sagt, gjekk han
dei grøne brautir[1],
trauste gubben,
trollkunnig aas.
Ram og rask
kom Rig reikande.
Midt etter stigen
skreid han so fram.

2.
Kom til eit hus,
hurdi[2] var stengd.
Inn mun han gange,
eld brann paa golve,
og eit graahært hjon[3]
grov fram-i aaren,
Aae og Edda
med aldrugt skaut.

3.
Rig kunde deim
raadir segja.
Munde seg setja
midt imillom,
med mann og kone
paa kvar si led.

4.
Daa tok Edda
ein diger leiv,
tung og klumput
og tett med saadir.
Midt paa ein stett
ho sette det fram.
Sòd[4] var i bolle
ho bar paa bord.

5.
Rig kunde deim
raadir segja,
reis upp fraa sess,
var huga te sova.
Midt i lego
lagde han seg,
med mann og kone
paa kvar si led.


6.
Heldt seg med deim
heile tri nætar.
Midt etter stigen
skreid han so fram.
Munde so nie
maanar lide.

7.
Barn fekk Edda,
vart aust med vatn,
— — — —
— — — —
svart av hamlit,
vart heitande Træl.

8.
Hendane hadde
skrukkut hud,
kropne knokar,
[kartnaglar ljote]
og digre fingrar.
Fælt var andlit,
lut-ryggja var han,
med lange hælar.

9.
Voks han gjorde,
og vel han treivst.
Sidan fekk han
freiste styrken:
bast-reip binde
og byrdar gjurde,
ris bar han heim
heile dagen.

10.
Kom far-fyrkja
fram til gards
med saur[5] paa solom
og solbrende armar,
bjug-nasa[6] var ho,
bar namne Tir.

11.
Midt i sessen
sette ho seg.
Sat hjaa henne
sonen i huse.
Dei rødde og runa,
reidde seg seng,
Træl og Tir,
og tidi skreid.

12.
Born dei ól
uneleg saman;
eg trur dei vart kalla
Klurr og Fjosne,
Reim og Klegge,
Kjefse, Fulne,
Drumb, Digralde,
Drott og Hosve,
Lut og Leggjalde;
dei laga skigard,
frøydde aakrar,
ól paa grisir,
gjætte geitar
og grov upp torv.

13.
Døtrane deira:
Drumba og Kumba,
Økkvinkalva
og Aarinnevja,
Ysja og Ambaatt,
Eikintjasna,
Totrughypja
og Tranebeina.
Hev træle-ættir
sitt uppphav fraa deim.

14.
Gjekk Rig sidan
radne vegen,
kom til ei hall,
hurdi paa glytt;

inn han gjekk,
eld brann paa golv.
Ave og Amma
aatte huse.

15.
Sat der eit hjon
med syslom sine.
Mannen telgde
teinar til veven.
Skjegg var skipa,
haar klypt i skallen,
stramt sat skjurta,
skrin stod paa golv.

16.
Sat der kona
og sveivde rokken,
strakte armane,
spann til vev.
Bar ho sveig
og bringeduk,
halsplagg ho hadde
og band yvir herdar.
 
17.
Rig kunde deim
raadir segja,
munde seg setja
midt imillom,
med mann og kone
paa kvar si led.

18.
Daa tok Amma
— — —
— — —
— — —
Fulle skaalir
fram ho sette,
kalve-steiki
var beste kraasi.[7]

19.
Rig kunde deim
raadir segja,
steig upp fraa bord,
var huga te sova.
Midt i lego
lagde han seg,
med mann og kone
paa kvar si led.

20.
Heldt seg hjaa deim
heile tri nætar.
Midt etter stigen
skreid han so fram.
Munde so nie
maanar lide.

21.
Ein vaak[8] fekk Amma,
vart aust med vatn,
dei kalla han Karl.
Kona sveipte
den raudleitte sellen
med dei spelande augo

22.
Voks han gjorde,
og vel han treivst.
Uksar han tamde
og ardar[9] gjorde,
timbra stogur,
sette upp lødur,
kjerrur han smidde
og køyrde plog.

23.
Heim dei førde,
med nykle-hankar
og geiteskinn-stakk,
gifta til Karl.
Snòr heiter ho.
Sat ho med brur-lin.
So breidde dei blæja
og bu sette.


24.
Born dei ól
uneleg saman,
het Hal og Dreng,
Hold, Tegn og Smed,
Breide, Bonde,
Bundinskjegge,
Bue og Bodde,
Brattskjegg og Segg.

25.
Enn var det døtrar
med desse namni:
Snót, Brur, Svanne,
Svarre, Sprakke,
Fljod, Sprund og Viv,
Feima, Ristil.
Hev bonde-ættir
sitt upphav fraa deim.

26.
Gjekk Rig derifraa
radne vegen,
kom til ein sal,
mot sud horvde døri,
opi ho stod,
ring var i stolpen.
Gjekk han so inn,
golve var straalagt.

27.
Saag mann og kone
kvarandre i augo,
Fader og Moder
med fingrom leika.
Mannen sjølv
snudde strengir,
smidde bogar
og skjefte pilir.

28.
Fruga gav ans
paa armane sine,
strauk yvir line,
sterte[10] ermar,
batt upp skrud.
Dings[11] var i bringa,
sid var kjolen
og serken blaaleitt.

29.
Rig kunde deim
raadir segja,
munde seg setja
midt imillom,
med mann og kone
paa kvar si led.

30.
Fann daa Moder
mynster-duk fram
av bjartaste lin
og breidde paa bord
Lagde so brotar
av braud paa duken
tunne, kvite
kveite-leivar.

31.
Paa bord ho sette
sylvlagde fat,
slikjande flesk
og steikte fuglar.
Vin var i kanne,
krota var staup.
Dei drakk og drøste,
med dagen leid.

32.
Rig kunde deim
raadir segja,
reis han so upp,
reidde seg seng.
Midt i lego
lagde han seg,
med mann og kone
paa kvar si led.


33.
Heldt seg hjaa deim
heile tri nætar.
Midt etter stigen
skreid han so fram.
Munde so nie
maanar lide.

34.
Ein svein fekk Moder,
vart sveipt i silke
og aust med vatn,
Jarl vart han kalla.
Gulbleikt haar,
globjarte vangar,
atall i augo,
som orm du saag.

35.
Upp voks der
Jarl i garden.
Skjold mun han svinge
strengir leggje,
alm bøygje,
orvar[12] skjefte,
paa hestar ride,
hundar eggje,
sverd bruke
og symjing øve.

36.
Kom der til gards
Rig gangande,
Rig gangande,
gav runelærdom
og namne sitt eigi,
nemnde honom son,
bad honom eigne seg
odels-vollar,
odels-vollar,
utgamle bygdir.

37.
Ein-eigar vart han
av attan gardar;
gaavur han skifte,
gav aat alle
eigna-lutir,
øykir staute,
hogg sund og heiv ut
haugar av gull.

38.
Av fór drengir,
ók vaatvegen;
kom til halli,
der Herse budde;
ei møy han hadde,
var mjo[13] um hand,
kvitleitt og klok,
var kalla Erna.

39.
Feste dei møyi
og førde ho heim,
gifte ho med Jarl
og skaute gav ho.
Dei hugnadlegt saman
i heimen budde.
Med ættir auka,
sin alder dei naut.

40.
Upp so voks der
Jarl sine born,
dei hestar tamde
og hivde spjot,
emna skjoldar
og oddar kvesste.

41.
Bur var den eldste
og sidan Barn,
Jod og Adal,
Arve, Mòg,
Nid og Svein,
Nidjung og Son,
dei tamde seg upp
i tavlspel og symjing.

Kund het ein til,
Kon var den yngste.

42.
Men Kon unge
kunde runir,
runir som aar
og æve stend.
Meir kunde han:
mannaliv berge,
stormar stille,
sverds-egg døyve.

43.
Han fuglemaale
fulla kunde.
Eld han stogga,
sorgir døyvde
og stillte hugen.
[Og so er sagt:]
han aatte manns avl[14]
og age hadde.

44.
Han med Rig Jarl
um runir stridde,
batt han med velur[15]
og vart den beste.
Daa til odel
og eige vann han
Rig aa heite
og rune-rneister.

45.
Reid Kon unge
i kjørr og skogar;
og fuglen han fall,
der pili hans flaug.
Daa kvad ei kraake,
paa kvisten sat:
„Kvi fèr du Kon ung
og fuglar veider?

46.
Heller du skulde
din hesten ut ride,
geiren[16] støyte
og slengje spjot,
[vig[17] vekkje,
voll blodge,
med hoggi harde]
her felle.

47.
Dan og Danp
hev dyre hallir
yppare odel
enn du mun eige.
Kan fulla dei
kjølen ride,
faa sverd te bite
og saar te svide.“

48.
Spjot han slengde,
i skjold det skalv,
sprengde fram hesten,
og sverdhoggi skrall.
Vig han vakte,
voll han blodga,
val[18] han fellte
og vann seg land.

49.
Reid han sidan
gjenom svarte skog,
yvir helut[19] fjell,
til halli han kom.

50.
[Fann der ei møy
fagrast av kvende]
Bruni var bjartare,
brjoste ljosare,
halsen kvitare
enn klaare mjølli.[20]
Flust var med gull,
der dei flutte saman.

Rigstula, den tula (songen) som handlar um Rig. Ogso kalla Rigsmaal. Handskrifti er fraa 14de aarh. og yngre enn til dei andre edda-songane. Ymist maa vera burtkomi eller vanskipa. Nokre linur er tilsette paa ei von, dei er innklombra. Fleire umskipingar er gjorde i umsetningi, mest etter S. Bugge si tilleiding. V. 9, 1-2 er i handskrifti v. 8, 1—2. 14, 7—8 = 16, 9—10. 18, 5—6 = 32, 1—2. 18, 7—8 = 4, 9—10. 40 og 41 = 42 og 41. 46, 3—4 = 35,7—8. 48 = 37, 5—12, 49, 1—4 = 37, 1—4. 50, 3—6 = 29, 5—8. 50, 7—8 = 23, 7—8.

Rig er eit irsk ord som tyder konge.

Det er meint (av Mogk m. fl.) at det som fyrimælingi fortèl um Rig, at han skulde vera Heimdall, er sett til seinare etter Voluspaa, som kallar menneski for Heimdalls sønir. Dei trur daa at Rig heller er Odin, som vanleg er allfader og runemeister og raadgjevar og upphavsmann til krig.[21] O. kallar seg ogso med andre namn, naar han sviv millom menneski, og dyl kven han er. — V. 42 og 43 liknar òg siste luten av Haavamaal, songen aat Odin.

2. Aae og Edda tyder oldefar og oldemor.

7. Aust med vatn. Skikk fraa seinaste heidningtidi (lærd av kristne folk i Bretland), brukt naar borni fekk namn. Ein velvyrd nærskyld mann stod fyri det.

9. Ris vart vel brukt til fòr, sameleis som i fjellbygdir endaa.

10. Tir tyder trælkvinne.

12. Klurr (finst i Tel.), klaass. Fjosne, fjos-kar. Reim, anten skraalhals eller ein som reimar (Nordfj., Sunnm.) og tergar folk. Klegge, klegg. Kjefse, lauslynd. Fulne,[22] stygging. Drumb (Tel) klaass. Digralde, diger kat, Drott, ein som dratlar og dreg seg. Hosve. den graae. Leggjalde, ein som hev digre leggir. — Torv vart vel brukt anten til brensle eller husbyggjing.

13. Kumba (kumb, kubbe Orkd., Sunnm.), laga som ein kubbe. Økkvinkalva, ei som hev klumpute leggir (kalvar). Aarin-nevja, som ligg med nasen i aaren, sotut. Ysja, som braakar, Ambaatt, trælkvende. Eikin-tjasna, stiv som ein eikestaur. Totrughypja, (hypju eller hypja. Tel., Hall, Hard.), som er fillut klædd.

15. Ave, godfar. Amma, godmor.

16. Sveig, eit hovudplagg. „Gifte koner havde en hovedbedækning bestaaende i et stort klæde kaldet hoveddug, der blev paasat paa forskjellige maader.“ (R. Keyser). Sveig var ein serskild maate.

23. Snòr, sonekone. — Brur-lin. Det skal, „i det mindste i de senere tider paa Island, have været et langt linklæde nedhængende øverst fra hovedet, saa sidt at tvende kvinder, de saakaldte linkonur, bare dets snipper.“ (R. Keyser).

24. Hal, mann. Hold, odelsbonde. Tegn, som tener ein hovding. Bue, bonde. Bodde[23] (kann-hende keltisk), bonde (upphav til ætte-namne Budde). Bundinskjegge, som hev fletta skjegg.[24] Segg (austl.), mann.

25. Snòt (Hard. og visur fraa Tel.) rask kvinne. Svarre (svarre i Tel., Rog., Agd., svive ikring) den byrge. Sprakke, um lag det same. Fljod, skalde-nemning paa kvende, held Bugge laga etter angels, fléd. Sprund, vanleg skaldenemning paa kvende. Feima (feimin, var, Trondh.), den bljuge. Ristil, gjævt kvende.

34. Jarl her i upphayleg tyding: hovding.

35. Lind, skjold av lind. Alm, boge av alm.

36. Aa eige tvo namn meinte dei gamle gav langt liv. Odelsvollane var bøndane si eige, fyrr Jarl lagde deim under seg. (Sjaa I. M.: Bondeskipnad i Norig).

Erna, den staute.

41, Bur, son. Jod, barn. Adal, son i ei god ætt. Arve, erving. Mòg, son. Nid = Nidjung, ætting i bein line. Kund, ætting, son. Kon, son, mann.

42. Runir’, her tryllerunir.

45. Kraaka som talar. Ein høyrer mykje gjeti fuglar som talar i dei gamle kvædi. I Ramnsmaal fortel Torbjørn Hornklove at ein ramn rødde med ei valkyrju um Harald Haarfagre. — Daa Helge Hundingsbane vart fødd, tala ramnane med kvarandre um guten. — Sigurd Faavnesbane fekk vita mykje av igdune.[25] — Ynglingatal nemner ein sporv som kong Dag vilde hemne. Og Snorre fortèl at Dag „var so klok at han skyna fuglemaal. Han hadde ein sporv som fortalde han mange hendingar.“ — Um Odin fortèl Snorre at dei tvo ramnane hans vart sende ut um morgonen og kom att um kvelden og fortalde kva dei hadde sét. — Ofte var fuglen berre ein ham som menneskje eller gudar tok paa seg. Frøya hadde falkeham, som Loke laante; Tjasse hadde ørneham. Den fuglen som tala til Atle (Helge Hj.) var nok ogso ein hamfare. — Det er moglegt at kraaka her kann vera einkvar gud, helst Rig (eller Odin) sjølv.

47. Dan, likt med folkenamne dan (danske), ofte namn paa dansk segnkonge. — Danp er vel òg tenkt som segnkonge (Danparstadir er kalla ein by i Reidgotaland, lande til austgotane, sidan Danmark), men fraa fyrst laga etter namne Dnjepr.[26]

50. 5—6 sml. steve fraa Telemork: „halsen er som mjøll.“

————————

Rigs-tula skildrar korleis samfundsskikken var i tidi hans langgodfar (Aae og Edda), hans godfar (Ave og Amma), hans far (Fader og Moder) og naar til slutt samtidi aat skalden sjølv. I gamle dagar sleit folk med torv og ris; slike folk er no trælar for dei store. Sidan vart det teki til med handverk, og stelle vart finare; dette var bondetidi. So kom det upp hovdingar som lagde under seg mange gamle odelsgardar; og til sist hev kongen lagt heile land under seg. Den som stører fram denne samfundsvokstren er daa guden Rig.[27]

Sume trur det er meiningi, at trælane skal ha vori eldste folki i Norig (dei som vart kalla finnar). Bondefolke lagde deim under seg. Jarlefolke kunde og daa vera eit nytt folkeslag, som kom seinare. Jarl tydde i gomol tid hovding og het erilar. Munch sèt dette orde i samanheng med folkenamne herular. Herulane var eit gotisk folk; dei laag i krig med danine, for lengi nedanlands, men fleire hopar kom att til nordlandi, ikr. 4—500 e. Kr., og førde daa truleg med seg runine og mangt anna fraa sudlandi.

Ei serskild meining med Rigs-tula nemner K. Ljungstedt: „Själfva syftet med dikten är ju att visa, det alla människor — såväl trälen som konungen — äro bröder, barn af en och samma guddomlige fader. Må man gärna, om man så vill, häri se ett kristet element. Den namnlöse skaldens vackra dikt blir väl icke sämre för det.“

Heimstad. Paa grunn av nokre keltiske ord (rig, bodde, svarme, sprakke) trur S. Bugge at Rigst. maa vera dikta av ein nordmann i Irland eller Skotland um ein norsk konge der.

A. Bugge trur ogso ein maa leite der:

„Diktet synes . . at skildre en enkelt høvdingeslægt, som stiger fra jarlens til kongens værdighed. Men denne høvdingeslægt bærer ogsaa det irske værdighedsnavn ri (gen. rig) „konge“. Den har med andre ord havt baade nordiske og irsktalende undersaatter. — — Ifølge Snorre og Arngrim Jonsson (1597) synes Kon tilsidst at ha ægtet den danske kong Danps datter. — — Norske høvdinger i Irland gjør — — i begyndelsen af det 10de aarh. erobringer i det nordvestlige England og bliver paa fredelig vis — vel gjennem ægteskab — herrer i Northumberland, hvor der før havde været danske konger. — — — De norske høvdinger paa Man og Hebriderne var — — i begyndelsen jarler, ikke konger — — —. Men ved midten af det 10de aarh. blev Man et kongerige. En af øens første konger var — — Godfred Haraldssøn — — —. Det fortælles, at da han kom til øen, og folk spurgte hvorfra han kom, pegte han paa himmelen, paa melkeveien. Nu var, ved vi, guden Heimdal Aasgaards vogter. Hans bolig var „Himmelbjerge“, og han tænktes siddende ved foden af bifrost eller regnbuen. Men ogsaa med gjallarbroen, med melkeveien (vetrar-braut) og i det hele med alle broer mellem menneskenes og de andre verdener sattes vistnok Heimdal i forbindelse. — — Sagnet har altsaa ført den manske kongeslægts oprindelse tilbage til Heimdal.“ Ein bilætstein paa Man viser ogso bilæte av Heimdall.

P. A. Munch hev ei onnor meining:

„Rigsmaal viser sig i alle henseender som et egte norsk digt; enkelthederne i alle beskrivelser, benævnelser paa gjenstande m. m., passe kun paa Norge, ei paa noget andet, endog nordiskt land. Brødet, hvormed den fremmede gjest beværtes i de tre forskjellige huse, er det for Norge særegne fladbrød, af husdyr omtales øksne, geder og heste; „Moder“ har paa brystet en „kinga“, et udtryk der ellers kun forekommer i den norske frostathingslov;[28] hersen, hvis datter jarlen egter, er ogsaa egen for Norge, thi denne titel brugtes sjælden eller aldrig i Sverige og Danmark. Skjoldet af lindetræ, buen af alm, spydet af ask, ere ligeledes charakteristiske for Norge; de „mørke veie“ mellem steile fjelde, de bratte „brauter“, som veiene ogsaa udtryktsfuldt kaldes, ere charakteristiske for et bjergrigt, skovbevokset land. Det kan derfor ei betvivles, at digtet er opstaaet i Norge selv.“

F. Jonsson trur det same:

„Hensigten [med songen] er aabenbart den, at forherlige kongedømmet som den ypperste statsforfatning og kongen som den, der staar over alle andre stænder, og som den ypperste mand i riget. Dette kongedømme kan ikke være det danske, da det danske rige (Dan og Danps rige) stilles op som en modsætning til Kon den unges (Rigs) og hans faders land. Dette kongedømme kan kun være det norske, og da ikke noget af de ubetydelige „næskongedømmer“, men selve Harald Haarfagres kongedømme; det er dette, der som en fuldbyrdet kendsgærning forudsættes i digtet, og som det er hensigten at forherlige. Rigr = Kon unge er ingen anden end Harald haarfagre.“

Um Harald er det fortalt at han „var større og sterkare enn andre menn“; Kon hadde 8 manns styrke. — Sameleis som Jarl vart upplærd av Rig, vart Harald upplærd av risen Dovre, og Dovre er Odin, meiner S. Bugge: „Det er seirens gud som kaarer den unge Harald til Norges konge, og som staar ved hans side til Norges rige er stiftet.“ — Kon sveiv i skogen, sameleis som Harald daa han var hjaa Dovre, og ei liknande maning fekk Harald av Gyda som Kon fekk av kraaka. — Det er inkje fortalt i songen at Kon vart gift med dotter til Danp. Dette maa vera seinare tildikting eller dansk segn.

Jarlen fær serskild vyrding; Harald vart gift med Aasa, dotter til jarlen Haakon Grjotgardsson, aar 865 eller 866.[29] Ein kunde koma til aa tenkje paa um songen skulde vera dikta til dette brudlaupe av ein av skaldane hans Harald. Torbjørn Hornklove laut ein i so fall tenkje paa, fremste skalden aat kongen. Torbjørn var vel fraa aust eller sørpaa landet og heldt seg med Harald i Trondheim, og serskilt mange ord fraa Trondheim og austlande finst i songen. [30] Stor likskap er det òg millom kvæde som me veit T. hev gjort og Rigst.

Frostatingslovi gjev ogso upplysningar um bunad og stell i Trondheim som svarar til skildringane i Rigst. Ho talar (IX, 9) um vevar og skrin, sengje-umheng, dundynur, benkjeklæde, fløyelskappur, klæde med saum (brodering) og frynsar eller duskar, gullband, sylgjur, spenne og brjostbunad av sylv og gull, glimesteinar, vaskefat og drykkje-kjerald innlagde med sylv, sauir og gjæsar.

Ei ny rik tid byrjar i Trøndelag sist i det 8de hundradaare.

Fraa vikingtidi finn ein „paa den norske vestkyst, saaledes ogsaa i det trondhjemske — — hyppig rent irske (eller keltiske) stykker, der maa ansees som importeret gods. Og ved siden heraf findes der ogsaa mange prøver paa hjemligt arbeide, hvori de fremmede mønstre er efterlignede eller tilgodegjorte.“

„De arkæologiske vidnesbyrd godtgjør, hvad der ogsaa er os bekjendt gjennem historiske kilder, at Trøndelagen med hensyn til befolkningens talrighed har indtaget en fremtrædende plads. Fylkenes og skibredernes omfang vidner om en tæt befolkning, og det store antal oldfund taler i samme retning. Der er mange gravhauge fra denne tidsalder, undertiden i hundredevis.“

„I de historiske overleveringer heder det gjentagne gange udtrykkelig, at Trondhjem — det vil sige landskabet omkring; fjorden — „har altid været Norges hoved“, at „der var landets største styrke“.

„Harald Haarfagre og efter ham flere konger fra det søndenfjeldske slog sig ned i det trondhjemske, hvad der ogsaa viser, at landets tyngdepunkt i den ældste tid laa her.“ (A. Helland: S. Trondhjems amt).

Kom det keltiske sakir til Trondheim, kunde keltiske ord like lett finne vegen og heimfeste seg der, sameleis som mange norske ord heimfeste seg hjaa keltiske og angelsaksiske folk.[31] Ein skald som hadde butt millom keltane vilde vel ha skyna orde rig (konge) betre, so han inkje hadde brukt det um Jarl, men berre um Kon unge.

Elles kann ein inkje segja noko fullvisst um heimstaden, endaa.


  1. Braut, veg.
  2. Hurd, dør.
  3. Hjon, ægtefolk.
  4. Sòd, ferskt kjøt og supe.
  5. Saur, lort.
  6. Bjugnasa, med krokut nase.
  7. Kraas, godmat (Orkdalen).
  8. Vaak, gutebarn.
  9. Ard, plog av eldre slag.
  10. Sterte, strame (Hall., Rom.).
  11. Dings, sylgje.
  12. Orvar, pilir.
  13. Mjo, smal
  14. Avl, styrke.
  15. Velur, knep.
  16. Geir, spjot.
  17. Vig, kamp.
  18. Val, folk som fell i striden.
  19. Helut, rimut.
  20. Mjøll, fin snø.
  21. Gubbe vert O. kalla i Balders draumar liksom Rig her.
  22. Ful = stygg (i Trondh. no og i ei runeskrift fraa 11te aarh.).
  23. Brage Boddeson het ein skald fraa sudvestre Norig fyrst i det 9de aarh.
  24. Assyrane brukte ogso aa flette skjegge sitt.
  25. Han skyna fuglemaale, daa han hadde smaka hjarteblode til Faavne. — Paa Island segjer dei, at tek ein hjarta or ein livande ramn eller falk og legg under tunga, vil ein skyna kva fuglane segjer.
  26. I russiske folkevisur er baade Donau og Dnjepr nemnde som mennar.
  27. I angelsaksiske lovir (890) er det sameleis gjort skilnad millom træl og bonde og jarl (þeowas, ceorlas og eorlas). — I India fortel ei segn um guden Sandragoupeti Narajas giftarmaal med fire konur, ei av kvar kaste, og um dei fire sønine deira.
  28. Seinare finst orde i nokre sogur.
  29. Haakon aatte bygdir, „Harald vann seg land“. V. 40 fortel daa um ferdi hans Harald til Trondheim.
  30. Trondheim: kinga (sylgje), ful (stygg), kumb, feimin, kraas. Austlande: segg, ryfte (ripte), sterte. Tel.: hypin, bjug, klurr, drumb, snót, svarre. Skulde ein døme etter desse ordi, laut ein segja at songen hadde heimstaden sin millom Agdir og Trondheim.
  31. „Mangfoldige nordiske laanord i irsk vidner om den nordiske kulturs, overlegenhed i materiel henseende.“ (A. Bagge). „Brok“, „mantel“, „vindauga“, „mark" og allvist skipsordi. Nordmennane var herrefolk i Irland, og hadde so sterk ei gudetru at ho stundom tok magti fraa kristindomen.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.