Nordmannen (1885)

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Garborg og Ivar Mortensson-Egnund
(s. 21-22).

 
Millom bakkar og berg ut med havet
heve Nordmannen fenget sin heim,
der han sjølv heve tufterna gravet
og sett sjølv sine hus uppaa deim.
 
Han saag ut paa dei steinutte strender;
der var ingen, som der hadde bygt.
»Lat oss rydja og byggja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt«.

Han saag ut paa det baarutte havet;
der var ruskutt aa leggja utpaa;
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken den vilde han sjaa.

Fram paa vetteren stundom han tenkte:
giv eg var i eit varmare land.
Men naar vaarsol i bakkarne blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.


Og naar liderna grønka som hagar,
naar det laver av blomar paa stråa,
og naar næter er ljose som dagar,
karm han ingenstad vænare sjaa.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.