Martyra/Etteror

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

So sender eg denne vesle martyrboka ut til bondeungdomen.

Ei bok paa 140 sie om martyra! — Eg er skjemd. Det burde vere ei bok over alle bøker.

Tru endeleg ikkje at det er ei martyrsoge.

Du gjeng ut paa bøen ein sonaardag aa skal plukke bloma. Du tek av dei finaste du ser, til du hev gripen full. Aa so skoa du utover vollen. Aa du synes der er like mange vakre bloma att, — ja fleire. No fyrst ser du kanskje kor uteljeleg mange der er. Aa du vert lei for at du skal faa med deg berre dei faae til aa syne syskjena dine som sit heime.

Men du trøsta deg med at dei faae og kan gledje, aa at faar dei fyrst sjaa denne kransen du hev i handa, so vil dei kveikjas i hug, aa sjøle rikke seg ut aa skoe vollen.

Tenk paa Rusland — martyrlande. Ikkje ein eller ei hev eg med derifraa. Kven skulde eg ta? Der er so overfløymande mange. Eg vert standande berre i undring over eit land som kan avle flokka med martyrhelta, aa some av dei store som ein Dostojewskij.

Aa de jenter, — maa kje bli vonde paa meg; ikkje ei kvende hev eg med. Dykka martyrium er nok meir i det stille.

Læt du ein solstraale gaa jenom eit glasprisme, so brytst han aa spalta seg, aa regnbogefargane kjem fram. Men ovafor fargane skin den eine halparten av straalen. Men ingen ser det sol skine; det er fargelaust. Ein berre merka det med den nøgge gradstokken. For desse usynlege straalane er dei varmaste.

Sameleis med dykk. De er liksom den usynlege halparten av solljose. Men likevæl er der mange synlege stjerner i dykka rekkjer og; eg treng berre nemne Johanne fraa Are, Lovise Michel, Annie Besant. Men denne gongen kom dei altso ikkje med.

Nokre andre som eg va tenkt aa ta med hev eg helder ikkje faat rom aat, daa eg va ræd boka kunne bli for dyr for bondeungdom. Av same grunn hev skildringane vorte kortare enn ynskjeleg kunne vere.