Hopp til innhold

Lur-Leik

Fra Wikikilden
En Fyrstikke, Utgitt av Nationaltrykkeriet, Det norske aktieforlag (s. 6-7).

Og uppe i Fjellom
der budde eit Troll,
og det var eit Troll heitte Hein.
Han hadde ei Stova
der inni ein Koll,
og Stova ho var no taa Stein.
Og Troll
i Koll
og Hein
i Stein,
han sat der og lydde i Kollen,
naar Jenta bles Lur nedpaa Vollen.

Og Jutulen opna
si Stein-Dør paa Glytt
 og sette si Stein-Hand fyr Truten:
„Aa vena mi Jenta,
aa skund deg og flytt!
 kom upp og ver Kona i Nuten
   hjaa Troll
   i Koll,
   hjaa Hein
   i Stein !
Eg breider deg Gull-Tjeld paa Tilja,
um du meg vil vera til Vilja!“

„Nei, du er so gamal
og graakald og tung
 og kan inkje kyssa fyr Trynet.
Og eg er so spretten
og raudleitt og ung
 og frisk som ein Vaardag i Synet
   Du Troll
   i Koll,
   du Hein
   i Stein
— aa lium og lu-um og lilja!
eg vil deg kje vera til Vilja!“