Lukko

Fra Wikikilden
Lukko

av Ivar Aasen


Lukko ho er no ei underleg Kjella;
snart vil ho stiga og snart vil ho fella.
Ein Gong ho hjelper, naar minst var te venta,
ein Gong ho slepper, naar mest var te henta.
Ein Stad ho altid vil lydast og vitja,
ein Stad ho skyr og vil slett inkje sitja.

Daa er da Moro, naar Lukko dræg Lassed;
snart gjengjer Dagjen, og smaatt verter Drassed.
Naar du vil mala, so vekser væl Bekkjen,
naar du vil høya, so tornar væl Flekkjen.
Vil du i Syd, so blæs Vinden av nordan,
vil du paa Haved, so fell han av Fjordann’.

Daa er da Møda, naar Lukko løyp unda’,
faafengt er alt kva ein græv og ein grundar.
Smaatt verter Grased, og seint vil da veksa,
smaatt verter Korned, og seint vil da eksa.
Liten er Fiskjen og snarer te telja,
lited so fær du fyr’ alt, du skal selja.

Pungjen han er fyre Pengar so auder,
Skaapi ho er fyre Sylvty so snauder.
Kornbingjen tømest og Kjøt-Roted øydest,
Mjøltunno minkar og Smørhyllo snøydest.
Koppar og Kannor er singlande tome,
lited av Mjølk og langt mindre av Rjome.

Kva skal ein segja, naar slikt er paa Talen?
Inkje da nyttar te skapa seg galen.
Klokast er dan, som tolmodeleg strider,
vaasar og ventar paa frakare Tider.
Stødt maa ein stiga, naar Vegjen er bratter.
Lukko er burte; ho kjemer væl atter.