Lovtale yver culturen

Fra Wikikilden
Lovtale yver Culturen

av Ivar Aasen


Kvar som helst me taka Turen,
faa me høyra um Culturen,
um hans Merke paa Figuren,
paa Staturen og Dressuren.
Kvar me koma i Qvarteer,
høyra me ein Cavalleer,
ein som lærer Folk Maneer
og giv Folket Charakteer.
Gløgg fyr’ alt charakteristisk
dømer han det novellistisk,
stundom blid og humoristisk,
stundom vond og pessimistisk.
Landet som eit Cabinet
stend framfyre hans Parqvet,
der han siter med Lorgnet
som ein Criticus complet.
Sumt er pittoresk og plastisk,
so han verd enthusiastisk;
sumt vulgært og uelastisk,
so han helder verd sarkastisk.
Alt, som daa er primitivt,
antiqverat og naivt
lyt han refsa effektivt,
so det rømer successivt.
Soleid skal det trivielle
vika for det ideelle,
alt det smaa og specielle
jamnast i det generelle.

Lat oss ut paa Promenade.
Der er Elvar med Cascade,
Fjell med imposant Façade
standande som til Parade.
Der me køyra i Coupee
paa ei capital Chaussee
i ei permanent Allee
til ei brilliant Entree.
Der me sjaa eit fiint Locale
med eit propert Personale,
noble Folk og joviale,
liberale og reale.
Der er elegant Salon
med Veranda og Balcon,
alt av nyaste Façon.
lagat til ein varm Saison.
Der er Møbler abundante
rett solide, suffisante,
comfortable, elegante,
luxuriøse og brilliante.

Fraa vaar Ovenpaa-Etage
sjaa me ut til ein Plantage
med sin Forgrunn og Staffage
av Vegetabler og Fourage.
Der er Frukt av Agronomie,
av Chemie og Geologie;
der er annan Theorie
en som det gamle Barbarie.
Der Terrainet er couperat,
skal det vera nivellerat,
vel planerat og drainerat,
guanerat og planterat.
Etter slik ei radical
Rudning i sitt Areal
fær ein driftig Principal
Rentor av sin Capital.
Elles er det variabelt,
stundom endaa miserabelt;
men naar alt er favorabelt,
kann han sitja comfortabelt.

Rundt um sjaa me Concurrence
um Emploi og Existence.
Locomotiv og Diligence
lettar Landsens Correspondence.
I all Communication
er notabel Progression;
storleg stig vaar Generation
fram i kvar ein Profession.
Mangt eit Skip er utklarerat,
assurerat, utpasserat,
expederat, retournerat,
og paa Hamni arriverat.
Der er Conflux og stor Trafik
i Bazar og i Butik:
der er Produkt av kvar Fabrik,
av Industrie og Mechanik.
Mangein Vexel er endosserad,
accepterad, honorerad;
mangei Skuld er liqviderad,
refunderad, amortiserad.
Kjem der so ein Deficit,
som tenderar til Fallit,
faa me stola paa Credit
med Prospekter til Profit.
Hava maa me Assistance
til Comfort og Elegance,
um det kjem so paa Restance,
naar me reikna vaar Ballance.

Her i desse Regionar
sjaa me alle Funktionar,
Corporationar og Fraktionar
av Plebeiar og Personar;
Proprietærar, Directørar,
Secretærar og Tractørar,
Revisorar, Inspectørar,
Provisorar, Controllørar,
Referentar, Aspirantar,
Recensentar, Speculantar,
Assistentar, Commandantar,
Malcontentar og Emigrantar.

Institut og Institutionar
finst i alle Professionar,
Skular til alle Conditionar
med Elevar og Patronar.
Einstad er eit Compagnie
nationalt Infanterie
instruerat i Theorie
um Figur og Symmetrie.
Der dei læra exercera,
paradera, manøvrera,
avancera, retirera,
præsentera og marschera.
Einstad er en Song-Qvartet,
ein Qvintet og ein Sextet,
so eit Theater med complet
Sceneri og grand Ballet;
der dei læra figurera,
debutera, memorera,
recitera, declamera,
moderera og forcera.

Er ein Skule reqvirerad,
verd han fyrst organiserad,
sidan er han freqventerad,
dirigerad og inspicerad.
Der Ungdomen er placerad,
classificerad og sorterad,
informerad, visiterad,
examinerad og dimitterad.
Der dei læra Politik,
Rhetorik og Grammatik,
Æsthetik og Mathematik,
Arithmetik, Physik, Logik,
Philosophie og Geometrie,
Geographie og Orthographie,
Astronomie og Agronomie.
Geo-, Mytho-, Philologie.
Men det er ein Fatalitet,
at den store Pluralitet,
gløymer den heile Totalitet
av Qvalitet og Realitet.

Naar ein Stat er etablerad,
maa han vera dirigerad,
defenderad og garderad,
elles verd han insulterad.
Kvart Individ er Interessent,
som maa giva Contingent
og kann krevja Æqvivalent
kvar av sitt Departement.
Dertil med so treng ein Nation
ogso god Repræsentation,
god Control og Revision,
elles verd det Confusion.

Dertil er eit Ting formerat,
fraa Distriktom deputerat,
completerat, instruerat
og so derpaa constituerat.
Er eit Logbod proponerat,
maa det vera motiverat,
intimerat, conciperat,
innleverat, refererat.
Er eit Tillegg insererat,
maa det vera reviderat,
redigerat, inhærerat,
elder og abandonnerat.
Herum er delibererat,
diskuterat, ventilerat,
debatterat og voterat,
til at alt er deciderat.
So er Logi corrigerad,
inscriberad, expederad,
sanctionerad, publicerad,
og so er ho emanerad.
Men det største Ornamentet
er daa Storblads-Regimentet,
som sit inne med Patentet
paa Modellen til Talentet.
Der er mangt eit Philosophem,
snart eit elegant Poem,
snart eit conseqvent System,
snart eit interessant Problem.
Takkad vere vaar Journalisme
som med nobel Rigorisme
vender oss av fraa all Cynisme
og for stor Patriotisme.
Takk fyre kvart Avertissement
um eit nytt Etablissement
elder eit Divertissement
elder eit stort Fallissement;
kvar Notits um Situationen,
Constitutionen og Nationen,
Productionen, Vegetationen,
Traditionen og Opinionen.
Takk fyre kvar ein Lection
um Comfort og Perfection,
og fyre kvar Correction
i vaar simple Reflexion.
D’er no alltid det fatale,
at det stygge nationale
legg seg um det ideale
og spolerar all vaar Tale.
Difyre trengst eit Tyrannie
mot all national Manie,
som tenderar til Anarchie,
Barbarie og Svinerie.
So skal alt, som er bornerat,
vera refst og persiflerat,
til det alt er cultiverat
elder ogso emigrerat.

D’er no gamall Observance
at for myket Tolerance
berre vekkjer Arrogance,
Polemik og Repugnance.
Difyre er det exellent,
at so mang ein Malcontent
i det Raaskaps Element
rømer fraa vaart Continent.
So er Resten renoverad,
meir Cultur er importerad,
Mobben betre commanderad
eleverad og polerad,
so den næste Generation
verda maa ein ny Nation
med ein god Disposition
til ein groszmächtig Union;
daa er heile Posituren
raffinerad av Culturen,
so den nye Polituren
lyser yver Lands Figuren.