Hopp til innhold

Lonnde-Ækte

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 356-358).

Lonnde-Ækte.

I Sjougaars-Ofre’e i 1565–1570 va de me ein Mann fraa Lonnde som heitte Ola Toresson. Da han kom heim att fraa Ofre’e, bar han me se ein Pil-Running[1] som han skar i tvo Parte og sette nea-for Huse paa Lonnde. ’Taa di Runningom voks de upp tvæ store Pile, den eine dø ut for 60 Aar sia’ men den andre va de Liv i enno i 1894. Mea’ denne Mann brukte Lønnde brann alle Gardann, som den Gongen va 4 paa Tal, og ihop-bygde. Folk kjyllte aat fraa alle Gardom umkring og ein ’taa Kvarbers-Mennom sa di Orde, me di saamaa han kom: „Her staar ille te!“ „Aa, eg ha seett de verre ou, eg, den Gongen eg va me og brennde sjoug Kjørkje-Sokn i Sverig!“ svaaraa han Ola Lonnde. Ette di Braanaa fekk Lonnde-Gardann Lov te aa hogge se Hustimber i Hytt-Li’n onde Sambu, og den Moorka-Vegen døm rødde se upp og kjørde heim Timbre ette, kallast enno Lonnda-Vegen. Han Ola Toresson er dø paa Lag den Ti’e, Slage sto i Kringom. Kem han va gjift me er okjennt.

Son hans heitte Tore Olsson og livde millom 1565 og 1650; allt, som er funne te Minne um han, er berre de, at han er nemnt millom Logretts-Mennom i ei Sak 1609 og saa finnst han i Skatt Manntalom. Eldste Son, han Ola Toresson, fekk Lonnde ette Far sine, ein yngre Bror, heitte Iva, ser ut te aa ha gjifta se aat ein ’taa nørdre Sambus-Gardom.

Han Ola Toresson er ette Folkereknings-Listun aat Glostrup fødd 1596. Kjeringje, Marit Ivasdotter, va komin fraa Uppigard Sør-Sambu, Dotter hans Iva Gjæsling. I Kjering-Arv fraa Sambu fekk han 1 Hu’ Jord i Haarelsta i Kvikne og 1 Skjinn i Li’om i Gousdal. Lonnde va enno Leiglennings-Jord; firi 1537 va de Erkebispen som raadde Garde, no laag de onde „Trondems Gard“ og Fouten i Stjørdale ha Bygsel-Retten. Han Ola og Kjeringje har gjeve ei Tavle aat Vaagaa-Kjørkjun som heng i Songhuse og har denne Skrifte: „Gud til Ære og denne Kirke til Beprydelse haver ærlig og velagt Mand Ole Toresen Lunde og hans sal. Hustru Martha Iversdatter ladet denne Tavle bekoste. Anno 1668. Den 23 Januari.“ Tavla ska vera eit Bilæte ’taa di kristne Kjørkjun og ha nok kosta ikje saa lite den Ti’e. Ola dø i 1675; Skjifte ette ’om syne, at han va ein vælstaa-andes Mann, men Odelsjorde hans laag har’le vi’skaatt te i Gousdal, Ringbu, Fron og Dovre, de meste laag i Ellsta i Ringbu, 2 Hu’e, de andre va Smaa-Eigo. Han ha 4 Syni og 1 Dotter og ’taa Gutom va de tvo, som heitte Iva. Den yngste Iva’n va ette Folketeljingen aat Glostrup 1666 i „Kaptein Bruns Tjeniste“ og ein yngre Bror Jo foor ou paa Vidden; da de va halde Skjifte i 1676 kravde di tri eldste se godt-gjorde for de, at døm ha gaatt heime og stræva me Arbei’e paa Garde, mea’ di hine tvo ha vore ute og lagt se Pening te-beste. Gutann vilde vera nøgde me, aa faa ein rou Hest for 16 Rd. og Systere me, aa faa di Klæ’e som va kjøpt aat henne. Han Ungste-Iva gjifta se aat Nordigard Sambu med Sys’kjinbaane sine og han Jo ser ut te, aa ha vore buande i Kristian. Han Eldste-Iva, som heitte ette ’om Iva Gjæsling, bygsla Lonnde.

Han Iva Olsson va fødd 1652 og gjifta se me henne Aase Tordsdotter Bjølsta og me henna kom Bratt-Ækte paa Gard’n. I Arv fraa Bjølsta ha ho gjill Heimafyl’d baade i loust og fast, men Jorde, som fall paa ho, laag i Ottestad i Vardal og han Iva ha, likesom Far hans, Jord-Eigun sine baade smaa-bytt og vidt ut-ivi. Før Far’n dø ha han Bygsle ’taa 1 Hu’ i Haarelsta og um Lannskjylde ’taa di Hu’n, finnst de att eit eigjehendøgt Brev fraa ’om aat hans „kjære Morbroder Povel Harilstad“, skrivi i 1662. „– – – Alt eftersom jeg haver bekommet 5 Ort i Landskyld og nu kan jeg erfare at alle tager 6 er derfor min venlige Begjæring at I vil skikke mig 1 Ort indtil at vi faar Øvrighedens Beskeng[2] om hvad vi skal have.“

Eldste Son, han Ola Ivason, bygsla Gard’n ette Fare umkring 1700. Ein ’taa Brørom hans va framifraa vælhendt og mea’ han gjætte heime paa Garde, skar han ut ei Apostel-Kanne som de enno ska finna att naagaa ’taa. Seinar kom han aat Kongsberg ei Ti’, og mea’ han va der, grov han eit Staal-Signet, som enno va te i 1870. Han Ola Ivason kjøpte i si Ti’ Lonnde te Odel og da han heldt Skjifte i 1737, va han Eigar ’taa 10 Hu’e Jord, 10 Heste og 50 Nout og sat me stort Innbu ’taa alle Slag. Aat Lik-Ferd’n sine tok han ut berre 12 Riksdale da Skjifte va halde.

Sonen, han Iva Olsson, og Son hans att, han Ola Ivason, va baae driftoge Menn og baae skulde vera godt boklærde ette Ti’om, som da va. Den siste va gjift me henne Guri Kleppe, Dotter hans Knut Kleppe. Me 3 Le’e fraa honom, som ber di saamaa Namne ette ein-a’an, naar oss Stortingsmanne ’om Iva Olsson Lonnde – Iver Lunde – som dø i 1904. Ette Gjiftarmaal i di siste Le’om va han i Ækt baade me Gjæslingom, Brattom, Kleppe-Ækten og Toulsta-Ækten. Lonnde-Ækte ha vore ei helsog Ækt som enno er i go Magt, men ho er mindre utgreina, hell summe ’taa di andre Stor-Æktom.

  1. Running: Rot-Skot.
  2. Me „Øvrighedens Beskeng“ (Beskeng, eit Norda’fjells Ord) maa vera meint Skatte-Breve som sette fast Lann-Skjylde for Krongodse og den lout alle andre Jord-Eigare føl’je.