Hopp til innhold

Langfantann paa Sygnefjelle

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 75-76).

Langfantann paa Sygnefjelle.

Førr i Verd’n va de mykjy Ferd ivi Sygnefjelle millom Bøverdale i Lom og Lyster i Sogn, for den Ti’e va de snaraste Vegen for Nordølom naar døm ha Ærend aat Sygne-Bygdom og aat Bern[1]. Vegen va berre ein Ri’-Stig me Varp paa ein og a’an Rande for aa sjaa Lei’e; nugun Vega-Ru’ning va de sagte alder halde paa Sygnefjelle, de Raake, som va, ha nok Hest-Hove og Folke-Foten trakka upp. No finns de eit gomolt Brev fraa um Lag 1400 um den Vega-Ru’ningen[2], Loms-Bygde skulde halde paa di gamle Ferd-Vegjom, og der er de nemnt mange Garde som ska gjera Vegen „føran te Midsygnæ fjal“. Og ette di skulde de mest sjaa ut te, at de va halde Umveling[3] paa Vegen te me-fjells; men dette galdt nok helst Brue og Kloppe, Stigen elles la døm visst ikje naagaa Arbei paa. Men Dølinn’ ha ikje liten Handel me Sygne-Bygdom i gamle Daagaa og allt i eitt gjorde døm Byferde aat Bern. Fehandlare fraa Lyster og di neraste Bygdom umkring gjekk i Nordals-Bygdom te kaart Aar, og døm foor Sygnefjelle baade naar døm kom og naar døm gjekk att. Difor va Sygnefjelle mykjy folke-fare førr i Ti’om og Saamaars-Ti’ foor de meir hell ein tung Pening-Pung den Vegen; lenger ne-i Ti’n vart de Setel-Bøk og da kom de meir hell ei tjukk Bok over Sygnefjelle ne aat Kvanndalsvoll[4].

Lei’e over Sygnefjelle fraa Fortun aat Kvandalsvoll er rekna for fem gamle Mil og de er no ei stri Dags-Reise. Og der de baade va langt Mann-millom og ofte foor Folk me Pening paa se, kunde ein vera viss paa, at Langfantann heldt se i Nerhandom, førr i Verd’n. Døm laag att-for Resom og Ranndom og gjætte som Korpen paa Etle[5], um døm skulde bli var ein einsle Vegfaaraandes, døm kunde faa plukke snou. Jemnast foor baade Handelskare og andre fleire i Følgje og ha Vyrju me se, men summe Ti’e fall de se, lell, at Inkun lout faaraa Sjelle einsle og ette døm ligg de nok att ne-urda meir hell ei Beinra’ paa Sygnefjelle.

Paa beste Saamaare, Eingong, kom de riande ein Lom-Ver uppaa høgste Sygnefjelle; han kom fraa Bern og ha gjillt Pening paa se. Han ha ein frisk Hest og sat me lødd’ Børse paa Oksel’n, saa han ha full ikje stor Otte paa se; men de foor likevæl kaldt ne-over han, da han vart var eit Fantfølgje paa Fjelle att-ve ein Houg. Han va saa nere døm kome, at døm allt ha faatt Ouga paa han og ein stor, fæl Fant reiste se og kom gaa-ande imots ve han. „Kom meg ikje for-ner“! ropte Lom-Ver’n, men Fanten lets ikje høyre di Orde. „Ja, kjøm du meg nerigar no, saa skjyt eg!“ sa Mann da Fanten kom meir og meir inn-aat ’om. „Aa, du har ikje lødt, min Bror,“ svaaraa Fanten. „Tek du no eitt Steg meir, saa smell de!“ sa Mann enno ein Gong, og da Fanten ikje sta’na, klembde han av. Da Krutrøyken seig fraa, laag Langfanten dou paa Fjelle. Lom-Ver’n saag, at han laag me ei avraa’e stor Sylv-Sølju i Bringun og di-me steig han ne ’taa Heste og reiv utu ho. Da han sette se uppaa Hesten att, rekna han nie Hugu burt-me Hougje, men de va ingen, som bou te aa kaamaa fram og Mann rei’ sin Veg.

Housten ette va den saamaa Lom-Ver’n paa Romsdals-Marknae. Best han gjekk der millom Markna’s-Folkje ein Dag, kom de ein Fant burt-aat ’om, slo han paa Oksle og sa: „du er glup Skjyttar du, Mann!“ „Aa nei, eg er ikje større nugun Skjyttar, eg,“ svaaraa han. „Jou, du vei’a ein gjill Bukk paa Sygnefjelle i Saamaar, men du visste ikje aa flaa han; og de va nok de beste for deg. For ha du flaatt han, saa ha du vorte flaatt att“ sa Fanten. Da skjøna Mann, at de va ein ’taa di Fantfølgje han raakaa paa Sygnefjelle og me di han sa, at Mann ikje visste aa flaa Bukken, meinte han paa eit stort Belte, den Fanten han skout, ha um Live. De va hard-stappa me Heil-Pening og de saag Lom-Ver’n, men han va klok nokk te ikje aa taakaa de.

  1. Bern er gomol Uttale i Vaagaa for Bergen.
  2. Vega-Ru’ning: Arbei paa Vegen.
  3. Umveling: Bøting: vele (Lannsm.: vøle): stelle paa, „reparere“.
  4. Kvanndalsvoll er øvste Garden i Bøverdale.
  5. Etle, Etl: Aatsel.