Jutulen i Holbergje

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 137-140).

(Segn fraa Gausdal).

De e visst inte mange her i Dala, som inte ha hørt giti Jutulla i Holbergje; men de e fell faae som ha hørt heile Sagne, aa da de kanskje kann vera fleire, som ha Hug te høre de, so ska e no fortelja de slikt som e ha hørt de.

Trast ogofør Svatsom-Kyrkjenn e de ein Gard, som eite Hole. Eit lite Stykki lenger uppi Dala e de ein Bergjesnabbe, som skyt so langt fram, at han mest stengje Dalen; de Berge kalle døm Holberge. Her budde de ein Jutul langt atti Verd’n. Han hadde faatt Dotter deres paa Hole te. Kjering, aa solessen da han my’e der.

Ein Gaang da han me Versar sine aa slo nepaa ein Voll der. Døm tok te midt paa Volla, aat snart tok døm te aa gaa i Ring. Mannen gjekk fyri, aa Jutullen som gjekk ette fekk solessen den lengste Skora. Han slo no alt han orka, men enda saag han, at de inte va Botvon aa fylgje me. Han tok da te aa bera se ille: „nei du gaar so ringomskaar du, at han bli spyttand Blo den som ette gaar,“ sa’e han. – De va godt Ver, aa so laut døm snart te aa høye. „E skyne inte di Aatferd,“ sa’e Jutullen, „du slær naar de e godt Ver, du høye naar de e godt Ver, aa de brenn alder upp Fore ditt; men e slær, naar de regne, aa høye, naar de regne, aa e skvette paa de Vatn; enda brenn de upp.“

Ein Gaang hadde Jutullen lotsaadt[1] paa Hole. De fysste Aare saadde han Rog. Um Hausten da døm skulde te aa byte Avlinga, sa’e han de ve Mannen: „no kann du se’a taa, um du“ vil ha Rot ell Topp, so tek vi haar sin Ende.“ „Ja, e vil nok ha Toppen e da,“ sa’e Mannen. So fekk no Jutullen ei maatele Avling han da, som fekk berre Halmstubben. – De andre Aare vart de saadt Næpe. „Ja no vil nok e ha Toppen,“ sa’e Jutullen, da de vart Hausten; „e taugg me reint forderva paa dessa Røtom ifjor,“ sa’e han De va no Mannen væl fornøgd me, aa so fekk Jutullen berre Kaalen taa Næpom.

Naar Kjeringa hass aatte Baan, so laut no ho gamle-Kari Mor hennes vera uppi der aa passe ho. So va de ein Gaang døm inte hadde slikt Mjøl, at døm kunne koke Mat taa aat Baane, aa so skulde da Jutullen gaa ne paa Stabure paa Hole ette lite. Da han kom der, so va de fullt eit Kar me Mjøl, men de va korsa paa de, so han inte kunne faa naa’ taa di, men han laut ta heile Kare. De va so digert, at han inte fekk de ut igjenom Døra, fyrr han tok taa di Lauggjurda[2], aa den ska hengje paa Stabursvegga der enno.

Jutullen va no fælt gla taa Vermor fine, men enda laut han skote ette henne, naar ho gjekk att. De hadde Dotter hennes fortalt henne aa lært henne, at ho skulde skvette se bakum Døra, so han inte skulde raake ho. „Han vilde nok inte gjera de, men han e inte istand te aa brote Arten,“ sa’e ho. Naar Gamla gjekk utigjenom Døra, so skaut han ette henne. „Raakte e de Kari?“ sa’e han „Aa nei lel,“ sa’e ho. „Aa de va væl de,“ sa’e han da.

Han likte inte, at Haran hukkra uppi Bergom der, aa at Elva tura so ne i Dala. Da de no lei so langt, at de vart Kyrkje der, aa Klukkunn bar te aa laate, so tytte han de va best aa flytja derifraa. So reiste han da aat Skreibergom utme Mjøsenn aa sette se ne der. Da han va paa Reisenn aa va komen ne i Dalen eit Stykki, so dat Smørklyva hass taa, aa inte va han go før aa faa ho uppatt paa; so spytta han paa ho, so de vart tu digre Steiner, aa døm ska staa der utme Veiga ve Brudal den Dag i Dag.

So va de nok ein Gaang mange Aar bakette, at de va ein Mann og an te Svatsom, som ferdast te Byen um Vinteren. Paa Isa ne’under Skrei’n møtte han Jutulla. Han kjende han taa lang Lei, før han va no my’e større held anna Folk, aa døm va gamle kjende, so tvelte han um, at han vilde koma aa heilse paa se. Da han visste, at Jutullen plee’a vera hard i Fingrom, so tok han ein Sko, som hadde rokje unda Gampa aa stakk inn i Vaatten sin. Aa væl va de, at han hadde Skoen, før da Jutullen kom aa vilde heilse paa han, so fekk han Tak berre ti Skoen, aa den klemte han reint ihop. „De e handfaste Karer enno i Svatsom,“ sa’e han. „Aa verre bli døm te lenger de li’,“ sa’e Mannen. So spurde han Jutullen, haalessen han treivst der ute. „Aa jau,“ sa’e han, „men e er lei denne Skarvebekken,“ sa’e han um Mjøsa, „før stødt naar e ska bort, so lyt e over han, aa da e de ingo Raa, anna e væte me lite paa Hæl ell Taa. Staar dem Holbergann enno da?“ sa’e han. „Nei Haran ha hakka døm ne,“ sa’e Mannen. – „Ja de kann e tru, e hørde han hukkra aa bar se so ille stødt. Renn ho der denna Elva enno da?“ – „Nei, ho brann upp ifjor ho.“! – Ja e saag de rauk so taa henne stødt baade tile aa seint; de va Under ho inte brann upp fyrr au,“ sa’e Jutullen. „Har døkk di Kyrkjedinglunn enno da?“ spurde han. „Aa vi ha faatt mange fleire, som skrangla enda meir,“ sa’e Mannen. „Ja da kjem e nok alder aat Svatsom meir,“ sa’e Jutullen. So skildest døm aat, aa si’a ha nok ingen hørt ell set naa’ te Jutulla, som va i Holbergje.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. i Orig. laatsaat; av saa og Lut; jf. Lutbruk og „aa setja te Lutars“ f. Ex. Jordeple.
  2. d e. Logg-Gjurda, den nedste Gjordi ved Loggi eller Botnen paa Kjeraldet.