Jesus Messias/X

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 141-150).
◄  IX
XI  ►
H
eidningheimen kunde ikkje tru paa Faderen.

Alt som var Gud var Herre; meir Herre enn jamvel dei høgste Herrane paa Jordi. All Guddom hadde daa og større og strengare Krav, og var sterkare og hardare i sine Refsingar. Vilde ein halde ein Guddom i Lag, laut ein for det fysste lìva so rimelegt som ein kunde; men serleg maatte ein aldri gløyme dei Bloti og Bønine Guddomen hadde Hug eller Krav paa. Serleg laut ein hugse paa dette, naar det var den øvste og sterkaste Guddomen ein hadde med aa gjera.

Den „Gud Fader“, som Kyrkja etterkvart med Hjelp av ein sterkt tolka Paulus fekk upp, var med all „Faderkjærleik“ so mykje faarlegare enn dei gamle Gudane som han var større enn dei, og allsynt og allvitande, og dertil aaleine um Magti. Det som hjelpte var, at ein Gong hadde han fengi eit Blot so ovgjævt, at det hadde sona ned Vreiden hans for all Tid, naar ein berre nytta ut dette Blote paa rette Maaten. Eit heilt fullkomi Menneskje som het Kristus, og som dertil var noko meir enn Menneskje, ein Halvgud eller eitkvart slikt, hadde av sin eigin frie Vilje lati seg ofre, og det ved Krossfesting, for Syndine vaare, for alle Syndine vaare. So sant no me paa rette Maaten eigna til oss dette Soningsverke hans, døyvde me Gudsvreiden og fekk Naade i Staden.

Jesu Krav: synda ikkje meri! ― skyna Heidningheimen ikkje. Syndi laut faa Róm; og ho fekk Róm. Daa Syndi ikkje kunde døy, laut Lovi døy; og dette var det store Fagnadbòde som Kyrkja etter Paulus bar fram: ved Kristus var Lovi avteki, Guds strenge Krav til oss galdt ikkje lenger. Det galdt berre aa tru. Og so lìva so gudelegt som ein kunde. Synda ein, so fekk ein gjenom Kyrkja ― av den Krist Forteneste som ha hadde Raaderetten yvi ― for Anger og ei lempeleg Bot Tilgjeving.

Kristindomen vart ei rimeleg Lære som alle kunde vera med paa. I Staden for Fagnadbòde for dei fatige kom Fagnadbòde for Syndarar: ein kunde njote det gode i si Livstid og endaa sleppe lett gjenom Sikringselden i Hades. Og i Staden for aa elske Næsten kunde ein forfylgje deim som ikkje trudde rett; det var i Grunnen vel so mykje um-aa-gjera. Men dei som livde eit heilagt Liv, dei hjelpte til med aa auke den Skatt av Forteneste som Kyrkja hadde liggjande til aa sone Syndir med.

Vilkaari for Syndarar vart lettare og lettare. Sistpaa kunde ein beint fram, og det for billegg Pris, kaupe seg Synd-Tilgjeving. Ja ein kunde kapue Tilgjeving for dei Syndine ein enno ikkje hadde gjort, liksom ein kunde kaupe Naade for Syndarar som alt var i Sikringselden; „Soningingi“ var fullkomi.

Protestantane ny-reiste sidan Krave paa Anger og Tru. Og gode Gjerningar skulde fylgje Trui, um dei var aldri so gagnlause til aa vinne Himilrike med. Men Krave um gode Gjerningar vart paa nytt burt-tolka.

Tingen var den, at gode Gjerningar var faarlege. Me vilde so gjerne byggje paa deim. Men byggje paa gode Gjerningar var den beine Vegen ― ikkje til Sikringselden, som i Protestantkyrkja var utsløkt, men til sjølve det ævelege Helvite. Me var Syndarar til Botn og Grunn; me kunde ikkje gjera doge Gjerningar. Jamvel det beste Mannaverk var i Guds Augo Synd, var som ein „tilsulka Klædebunad“. Det vart daa mest sliks Slag, anten me synda paa den eine eller den andre Maaten; ja synde beintfram var vel so godt; for daa var me trygge mot den største Faaren: Gjerningsheilagdom. „Synda djerveleg, berre tru!“ hadde ei Tru-Kjempe sagt; og den Kjempa hadde Rett; um ein synda, men trudde og bad, so fekk ein Tilgjeving og var so rein som ein aldri skulde ha synda, og dertil trygg mot all Gjerningsheilagdom. „Synd og Naade“ vart den sanne Kristindom, og Røvaren i Lukasboki det rette kristelege Mynster. Ingin kunde gjera det Jesus hadde sagt; ein fekk daa tru paa det Paulus hadde sagt. Tanken um aa elske Næsten kom so burt, at Kyrkja sende den rike Mannen til Himils med stor Stas, um han hadde svelt Lasarus aldri so mykje; og Jesu Ord: ver fullkomne liksom Faderen i Himlom er fullkomin! ― dei klinga reint ut som Spott no i „Kristi Kyrkje“.

So langt hadde den misstydde Paulus hjelpt. God Hjelp paa ein annan Kant fekk Kyrkja dertil av den mistydde Johannesboki.

Israels-Tanken um ein einaste Gud kjendest kald og streng for Heidningfolki, daa visst i det lange Drag. Dei kyrkjelege Heilagmenni, som tidleg kom i Staden for gamle Halvgudar og Husgudar, hjelpte vel noko. Men audsleg vart Verdi endaa i Grunnen.

So hev den uklaare Logos-Tanken i Hoh. 1: 1―4 teki til aa lokke. Og smaatt um Senn hev Jesus vorti umdikta.

Menneskjesonen gjekk Kyrkjefolke av Minne; han er burtkomin alt i Apostelbrevi. Dess meir kom „Guds Son“ upp; og denne Nemningi vart tolka meir og meir etter heidin Tenkjemaate. Naar Kristus var Son av Gud, so var han sjølv Gud; og stod det ikkje beint fram: Orde var Gud?

Kyrkjelæra um Heimsfrelsa drog paa same Leid; eit Menneskje kunde ikkje ha frelst Verdi. Og ikkje en Halvgud heller, hev dei heidningkristne meir og meir tenkt. Skilningane hev elles ikkje vori klaare; „Gud“, „Halvgud“, „guddomslegt Menneskje“ gleid lett um og i kvarandre; Kongar og Keisarar hadde so tidt vori Gudar; Keisaren i Rom var Gud rett som det var. Og skulde ikkje Guds Son, Heimsfrelsaren, Orde som var hjaa Gud og var Gud, ― skulde ikkje Kristus vera likso stor som Keisaren?[1]

Fleirgud-Turvti hev vaksi med Heidningkyrkja; Gudssonen hev vorti Gud for fleire og fleire. At han hadde døytt gjorde ikkje noko, naar han var stadin upp att; ja det at han hadde vunni paa Dauden, sjølv hadde sett Live sitt til og sjølve teki det att (Joh. 10: 18), viste nettupp at han var Gud; Jesu Guddom hev meir og meir vorti funnin „opinberra“ i Johannesboki.

Messias-Tanken livde hjaa jødekristne og meir eller mindre umtydd hjaa upplyste heidningkristne. Men den græske og romværske Mengdi hata Jødane. Og dei kristne i denne Mengdi hata Jødane mest; var det ikkje dei som hadde krossfest Herren? Straumen i den heidningkristne Kyrkja bar burt fraa den jødekristne; og i Fall dei upplyste i Heidningkyrkja ikkje var med paa dette, so var der Ord i Skriftine som kunde vekkje Mistru mot dei upplyste, naar dei ikkje fylgde Mengdi. Og slike Ord vinn lett Magt; Forkynnarar som vil hava Mengdi med seg misbrùkar deim gjerne.

Den gamle apostoliske Kristindomen kom i Faatal meir og meir; og i fysste Fjordungen av det fjorde Aarhundrade vart Føraren for dette Faatale, Arius (Presbyter i den jødekristne Kyrkja i Aleksandria) klaga for Ranglære. Og Kyrkjemøte i Nikæa dømde Arius og vedtok med Røystefleirtal Jesu Guddom Aar 325 e. Kr.

Fraa Timbermannsstogo i Nasaret yvi Golgata til Gudestolen i Himilen, det er det største Eventyr som er uppkomi i Mannheimen. Og no hadde dei heidningkristne tvo Gudar.

Noko anna var vunni, um det ikkje vart nemnt. Naar Jesus var Menneskje og attaat Gud, so hadde Menneskje i honom naatt sin høgste Draum; Eden-Draumen var vortin Sanning. „Liksom Gud“, ja heiltupp samanvaksi med Gud, stod Menneskje no i Jesus fra Nasaret. Ingin hev kunna tenkje, eller vaaga aa tenkje, Tanken ut. Men som ein hugtakande Draum hev han leg under i det elles utrulege Nikæa-Verke.

Tenkje sine Tankar ut hev dei i det heile ikkje fari med i Nikæa. Eit Gud-Menneskje er utenkjande. Skulde Jesus vera Gud og Mann maatte han hava baade den Anden som var „Sonen i Guddomen“ (elles var han ikkje Gud), og dertil heil og sann Menneskje-Ande (elles var han ikkje Mann); desse tvo endelaust ulike Andane, den uskapte og den skapte, dei maatte dertil vera so heilt samanvaksne, at Gud og Mann i Jesus vart ein „Person“; attaat laut dei vera so lite samanvaksne, at Jesus i Guddomen kunde vera berre Gud; Jesus maatte vera ein Person og tvo Personar paa ein Gong; det er slikt dei i Tenkjelæra kallar Sjølvmotsegjing.

― Men for Kyrkja var Sjølvmotsegjingar Smaating; det viste ho ein Gong til: paa Kyrkjemøte i Konstantinopel eit godt halvt Aarhundrad seinare.

Heidningkyrkja var daa komi endaa meir til Magt; so heldt ho fram med si Gud-Skaping. „Anden“ ― etter Lukasboki ei Guds Kraft (24: 49) som jamvel Jesus sjølv vart fyllt med (4: 1) ― kom no i Støypeskeidi. „Guds Ande“ vart sett jamsides med Anden Gud; den „personlege Gud“ vart tvo „Personar“. Med den Helvti af Jesus som var Gud fra Aar 325, vart dermed Guddomspersonane tri; det heidningkristne Folke hadde tri Gudar. Med desse, og dertil Heilagmenni, hev det daa sidan funni at det kunde klara seg.

Men Kyrkja hadde ein Gud som fyrr. Med klaare Ord slog ho fast, til Trøyst for seg sjølv og dei jødekristne, at det berre var „Personane“ som var tri; „Gud“ var ein som han hadde vori[2]. Etter mykje Strid og lange Forfylgjingar ― Refsingar for dei gamaltruande og Løningar for dei nytruande ― vart Trieiningi sistpaa aalmenn Kyrkjesanning. Og paa denne æventyrlege Semja millom Israelstru og Heidindom lìver Kyrkja enno; Luther og Calvin fekk berre gjort Ende paa den kyrkjelege Halvgudheimen.

― Trieiningi vart fraa fyssto uppstudd med kunstige Bibeltolkingar; her og der var det og ei Misskriving i Handskriftine som lét seg nytte. Men i det femte Aarhundrade var der i Nordafrika ein gamaltruande Vandalkonge som forfylgde Nytrui liksom dei nytruande forfylgde Gamletrui. Mot honom fann Bispen Vigilius paa Raad: han laga eit Bibelord til Studnad for Trieiningi. Eit Ord av Johannes laga han. Og Kyrkja, som saart kunde turve eit slikt Bibelord, ho lempa det inn i eit av Johannesbrevi so snart ho saag seg rimeleg Raad; og der stend det enno. Det er 1 Joh. 5: 7, Orde um „dei tri som vitnar i Himilen“. Alt i Luthers Tid visste dei kunnige at Orde var falskt; Luther strauk det i si Bibelumsetjing og lyste strenge Ord yvi kvar den som vilde vaage seg til aa taka det inn att. Men Trieiningi heldt Luther paa. Og den falske Læra drog det falske Bibelorde etter seg paa nytt Lag[3]. No vedgjeng sjølve Kyrkjebibelen, at Orde um dei tri i Himilen „vantar i dei fleste Handskriftir“ („alle gamle Handskriftir“ hadde vori rettare sagt). Og det finst dei som trur, at Kyrkja i dette Stykke vil vinne seg upp til Jesu Tru att: „høyr Israel, Herren vaar Gud, Herren er ein!“ ―

― Med Læra um Soningi og Læra um Trieiningi var Kyrkjekristindomin i Grunndragi ferdig. Og Kyrkja hadde vunni; Verdi hadde vorti „kristeleg“ alt upp til Keisaren (trass i Mt. 20: 25―27 med Tilvisn.). Hadde Jesus stadi fram etter den Tid, so var han vortin brend um ikkje krossfest, av di han vanvyrde Lovi (Bibelen i heidningkristeleg Tolking) og Temple (den heilage Aalemenne heidningkristelege Kyrkja), og av di han ikkje trudde at Faderen og Sonen og Anden var den einaste sanne Gud. Kyrkja hev brent mang ein ærleg Mann for mindre!


  1. Kor lett det kunde vera aa naa Guddomshøgd i den gamle Verdi ser me t. D. Av Apg. 14: 11, 12, der Paulus og Barnabas vert Hermes og Sevs, og Presten for Sevs-hove fører fram Uksar og Kransar til Bloting; sjaa og Apg. 28: 6.
  2. Heilt utforma vart Læra i det 6te Aarhundrade; daa kom den athanasianske Vedkjenningi (som Athanasius ikkje hev laga) upp um „Trieiningi“. Dette Orde (gr. trias, lat. trinitas) er lokso ubibelskt som Læra.
  3. Rydberg: „Bib. Lära“ S. 12 flg.