Jesus Messias/VII

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 87-106).
◄  VI
VIII  ►
F
arisæarar og Skriftlærde hev ikkje kunna finne falsk Lære hjaa Jesus. Det hev endaa vori Farisæarar som stod paa hans Side, etter som Lukas fortèl (13: 31; smf. Joh. 12: 42).

Jesus held seg gjenom heile si Arbeidstid strengt til Moses og Temple. Og med alt det han hev aa segja paa deim som „sìt paa Mose Stol“, so lærer han Sveinane sine, at dei skal gjera alt det som desse segjer dei skal gjera (Mt. 23: 2, 3).

Men at Israels Lærarar ikkje sjølv lìver etter Læra si ser han meir og meir, og harme og sorgfulle Ord um dette kjem fram alt tidleg i Sogune. Tyngre og tyngre fell hans Dom yvi desse Lærarane som „segjer det nok, men gjerer det ikkje“, desse blinde som er Vegvisarar aat blinde og daa maa falle i Grefti med deim; alt deira Liv er Lygn; i ytre Smaating er dei strenge, men dei spring yvi Retten og Kjærleiken til Gud (Lk. 11: 42); ved dette villfører dei Folke med: gjeng ikkje sjølve inn i Rike og slepper ikkje andre til heller; og Jesu lyser deim med harmfulle Ord usæle.

„Dé Eiterormar og Ormeungar,“ ropar han, „korleis kann dé fly undan Gehennadomen?“ Og med Sorg talar han til den store Kongsstaden: „Jerusalem, Jeruslaem, du som slær Profetar ihel og steinar deim som er sende til deg! Kor ofte eg vilde samla Borni dine saman, liksom ei Høne samlar Kjuklingane sine under Vengine! Og de vilde ikkje. Sjaa Huse dekons skal verte lati audt til dekon.“ Etter Lukas græt han yvi Byen, og spaar den Dagen, daa „dine Fiendar skal støyte deg ned til Grunnen og ikkje lata Stein paa Stein vera att i deg, av di du ikkje kjende di Gjestings Tid“ (Lk. 19: 41).

Med dess større Kjærleik samlar han sine ikring seg.

Det unge Mode som meinte, at „den som ikkje er mot oss er med oss“ (Mk. 9: 40; Lk. 9: 50), hev vorti til den aalvorsame Manndomsrøysla: „den som ikkje er med meg er imot meg“ (Mt. 12: 30; Lk. 11: 23). Men dei faae han hev funni lærer han no upp, so dei kann skyna Lovine for Gudsrike. Sveinane er nok tungnæme. Det er Davidsrike dei ventar paa, etter den gamle Messias-Tanken; og at Timbermannssonen fraa Nasaret med Guds Hjelp kunde setja seg paa Messiasstolen liksom Gjætaren fraa Betlehem hadde sett seg paa Kongsstolen, hev ikkje vori nokon urimeleg Tanke for deim. Dei skyna at Israel maatte umvende seg, fyrr Messiasrike kunde koma; men det Spursmaale som sidan vart so lagnadstungt for Judas Iskariot: um det ikkje vilde gange lettare med Umvendingi, naar Folke fekk sjaa Messias i sin Herredom, — det hev lìvt hjaa deim all Tid. Jesus trøytnar stundom. „Skynar dé ikkje enno?“ spỳrr han. „Hev dé enno dekons harde Hjarto; hev dé Augo og ser ikkje? Og hev dé Øyro og høyrer ikkje?“ (Mt. 15: 16; Mk. 8: 17). Men dei trudde paa Meistaren, um dei ikkje skyna ’n so heilt. Og han kjende at han hadde deim med seg; med varme Ord priser han seim sæle (Mt. 13: 16).

Folke vil nok helst „sjaa Teikn“. „Dei er uppgjæve og yvigjevne liksom Sauir som ikkje hev Hyrding.“ Men det er med Folke som med Born; uheft av Læresetningar og Sjølvklokskap høyrer det paa Sanningi; og mange trur. „Eg lovar deg, Fader, at du løynde dette for dei vise og vituge,“ segjer han um Gledebòde sitt, „og opinberra det for dei umyndige.“ Mot dei Byane der han hev arbeidt mest segjer han strenge Ord (Mt. 11: 20 flg.); dess meir priser han deim som tok imot Fagnadbòde.

Dei førande i Folke vender seg meir og meir burt. Ein skynar ikkje dette med same. Jesus er daa rett-truande Israelit. Men dei hev kjent det paa seg, desse Israels-Førarar, at han var av ein annan Ande enn dei. Og det gjekk med Jesus som det plar gange med Profetar: han vart ulagleg for dei maghavande og laut or Vegen.

Det han sagde til Fariæarar og skriftlærde um Live deira maatte eitt ev tvo: vekkje deim eller eggje deim. Det vakte deim ikkje. Dess meir hev det daa eggja og arga deim. Vise det heilt fraa seg hev dei ikkje kunna; dertil visste Folke for mykje um kor sant det var; men dei hev sagt kvarandre, at denne Nasaræaren, han kjende ikkje til det han tala um. Han mistydde alt: hefte seg for mykje ved einskilde Tilfelle og mindre Ting og saag for lite paa det heile og store. Med si rette Tru — um elles Trui hans var so rett som ho gav seg ut fyri — vart han daa berre dess meir faarleg for Folke.

Dei fleste av deim hev paa sin Maate meint det godt. Naar dei heldt so strengt paa Formir og Framgangsmaatar, so hev det vori i den Trui, at gjenom desse Formine og Framgangsmaatane verka Anden. Og naar denne Galilæa-Profeten ikkje gjekk i Skule hjaa deim, men dømde deim for Lyte som han kunde finne hjaa sùme av deim, dømde deim alle for desse Lyti, og freista med harde og eggjande Ord aa vende Folke ifraa deim, so hadde han ikkje den rette Vyrdnad for Guds Tilskiping; det torde dei trygt segja.

Og so vilde han vera Messias; han kalla seg Menneskjesonen. Men det maatte daa alle vita, at Messias kunde ikkje koma fraa Galilæa? Ein litin Folkeprofet fraa noko so ukjent som Nasaret, ein Handverkarson, som ikkje hadde gjengi i Skule hjaa nokon skriftlærd, og som fór og flakka upp i ein Utkant av Lande og preika for Fiskarar og Bøndar, — det var daa ikkje noko sovori Profetane hadde tenkt paa, daa dei spaadde um Frelsaren for Israel. I Jerusalem, Guds og Davids Stad, laut Messias stige fram og samle sitt Folk; det var daa noko som alle visste. Naar denne Nasaræaren ikkje søkte til Jerusalem, so laut det hava sine serskilde Grunnar; i Løynd gjekk han vel med Draumar som ikkje tolde Ljose; han var i det heile ikkje aa tru. Kven kunde vita kva han gjekk der uppe og brygde paa? Naar alt kom ihop var han ein Forførar, ein farleg Mann. Under hans fagre Ord um Moses og Profetane løynde det seg Hat til Lovi og Temple. Aa setja „Moses og Profetane“ upp mot Fyrisetningane fraa dei gamle var klokt; Folk lét seg lett daare med slikt; men Tillit til Mannen gav det ikkje. Faarleg var det han var; han dømde dei øvste i Folke og daara dei andre med uklaare Messiasdraumar som dei romværske Herrane snart kunde faa Tak i; faarleg, speleg var denne Mannen, speleg for Lande og Guds Folk; Galilæafiskarar og andre Faavitingar kunde segja kva dei vilde.

— Og Farisæarar og skriftlærde og alt som høyrer det rette Israel til, dei legg seg saman mot Nasaretprofeten. Meir og meir arbeider dei imot han, di meir dei skynar at Folke tek til aa tru paa han. Fysst freistar dei aa vekkje Mistankar: han er i Pakt med Beel Sebub; han er forgjord. Daa dei ser, at dei paa den Maaten ingin Veg kjem, gjeng dei lenger. Dei „gjætar paa honom“. Dei „sender ut Lurarar som skal fange honom i Ord“, freistar aa lure ’n med vrange Spursmaal, Spursmaal um Lækjing paa Kviledagen, um Handtvaatt fyri Maten, um Gifting og Skilsmaal, um Skatt til Keisaren o. a. Men endaa kjem dei ingin Veg. Jesus skynar kva dei vil; og han greider alle deria kloke Spursmaal.

So vert dei rædde. Og dei held Samraad um korleis dei utan Uppstyr skal faa Live av denne Mannen; det var etter Maaten paa den Tid. Og sistpaa lagar det seg so, at dei fær fram sin Vilje.

Sveinane hev ikkje skyna dette. At Messias kunde verte tekin, og forhøyrd og pint og dømt og avretta som ein Bròtsmann, og det som ein Bròtsmann av verste Slag, det hev vori for deim som Verdi endevend. Av Sogom kann me lite sjaa; daa dei vart skrivne var Spursmaali greidde paa ei Vis, eller burttolka. Men det me skynar er, at Dagane fraa fysste „Langfredagen“ til den fysste „Paaskedagen“, det hev vori ei faarefull Tid for Jesu Sveinar.

*

Um Lidingi fortèl alle Sogune. Og so lengi etter Hendingi som dei er skrìvne fortèl dei endaa so vidt likt, at ein skynar kor djupt desse Minni maa hava brent seg inn hjaa Sveinar og Fylgjarar.

I det som gjeng fyri og kjem etter Lidingi er dei mindre greide. Um den siste Kveldverden er det fortalt paa tvo Maatar som ikkje høver ihop.

Dei tri fysste fortèl um eit Paaskemaal — Markus (14: 12) og Lukas (22: 8) segjer beint ut „Paaskelambe“ — som Jesus og Sveinane skal ha eti „den fysste Dagen i dei usyrde Brøds Helg“ (Mt. 26: 17 o. Tilvisn.); daa skal og „Nattverd-Sakramente“ vera skipa.

Paaskelambe vart i Israel eti um „ Tilreidingsdags“ Kvelden (Mt. 27: 62; Mk. 15: 42; Lk. 23: 54; Joh. 19: 42), Fredagen etter vaart Daga-Tal. Men den Fredags Kvelden daa Jødane det Aare aat Paaskelambe sitt, laag Jesus i Gravi (Mt. 27: 60, 62; Mk. 15: 42; Lk. 23: 53, 54; Joh. 19: 31—42).

Nattverden er fraa sein Tid; og det hev ikkje vori lett aa faa den innlempa i Jesus-Sogom. Skal ein faa Samanheng no, maa ein hjaa dei tvo fysste taka ut Ordi „dette er mitt Lìkam“ (Mt. 26: 26; Mk 14: 22) og „dette er mitt Blod, Blode til den nye Pakt som vert utrend for mange (til Forlating for Syndine)“ (V. 28; V. 24); som det no stend kjem V. 29 hjaa Mattæus og V. 25 hjaa Markus reint villt attpaahengt. Hjaa Lukas (22: 14 flg.) hev det gjengi verre og ikkje betre. Fysst talar Jesus um Paaskelambe; han hev hjarteleg lengta etter aa eta Paaskelambe med Sveinane fyrr han lid; so er ikkje Paaskelambe nemnt meir. Jesus tek Staupe og segjer: „tak dette og skift det millom dekon; for eg segjer dekon, at eg aldri meir skal drikke af Frukti paa Vintrêe, fyrr enn Guds Rike kjem“; so fær me Nattverd-Innstiftingi med Kalken ein Gong til (V. 20), og so reint samanhengslaust V. 21 med Orde um Forraadaren. Sveinane tek alt merkeleg rolegt, er liksom ikkje med: „dei tok til aa samtala seg imillom um kven av deim det daa kunde vera som skulde gjera detta“ (ɔ: svike Jesus); og so „vart det Strid um, kven av deim som skulde vera den største“, eit Spursmaal som dei andre Sogune hev uppe paa ein lagelegare Stad, og som hev vori uppe ein Gong fyrr i sjølve Lukasboki (9: 46—48).

„Nattverd“-Ordi maa vera innkomne fraa i Kor. 11: 17 flg. Paulus vil der (V. 23) hava havt ei serskild Opinberring um det som gjekk for seg Kvelden fyrr Jesus vart svìkin; det er den apostoliske Brodermaaltidi (Agapen) han vil skal vera skìpa daa; sjaa serleg V. 21—22 og 33—34. Sidan hev Ordi i V. 23—25, trass alt Samanheng, og trass i at „Kristi Lìkam“ elles hjaa Paulus er Kyrkjelyden (sjaa t. D. 1 Kor. 12: 27 o. Tilvisn.), vorti gjorde til „Innstiftingsord“ for det Nattverd-Sakramente, som er so heilt framandt for Jesu Lære og Tenkjemaate og som kom upp i den heidning-kristne Kyrkja ut-imot Enden av det 2dre Aarhundrade[1].

Ein fær daa halde seg til Johannesboki her (13: 1 flg.). Der er Tidi Torsdags Kvelden, som rett maa vera; og det Fyridøme paa Broderkjærleik Jesus i denne Sogo gjev, høver so godt inn i Jesu Forkynning (smf. Mt. 20: 25—27; Lk. 22: 25—26), at ho visst maa vera etter Apostelen. —

— Um Svikaren fortèl alle. Lukas (22: 3) og Johannes (13: 2) gjev Satan Skuldi for Svikarverke; etter Mattæus (26: 15) synest det vera Pengehugen som forførar Judas (dei 30 Sylvpengane er elles fraa Sak. 11: 12; fraa same Staden V. 13 er Krusmakar-Aakeren). Men sidan (27: 3—5) fortèl Mattæus noko anna: daa Judas ser at Jesus er komin for Retten, kastar han Pengane i Tempelkista og tek Live sitt[2]; det er daa ikkje Pengane han hev brytt seg um.

I alle Sogune spaar Jesus um Svikarverke, um han elles aldri hev havt noko paa Judas aa segja. Og etter apg. 1: 16 (smf. Joh. 13: 18) maatte Judas gjera det han gjorde, so eit Skriftord kunde verte uppfyllt (Salm. 41: 10[3]). Kyssen i Mt. 26: 49 og Mk. 14: 45 kann vera laant fraa 2 Sam. 20: 9 (smf. Lk. 22: 47); Johannesboki veit inkje um ’n (18: 2―5); Sogo er i det heile uklaar. Sjølvdraape er det berre Mattæus som veit um.

Hev Judas med „Svikarverke“ tenkt aa gjeva Jesus Tilføre til aa vise Folke si Messiasmagt? ― so kunde det verte trygt i si Tru, og dermed i Aalvor samle seg um Jesus og gjera han til Israelskong? Og daa Judas saag seg svìkin i denne Voni, gav han upp alt? ― Dette vil vera den einaste Tydingi som kann gjeva Sogo um Judas Meining.

― Sogo fraa Getsemane fortèl dei tri fysste noko-so nær likt. Jesus er sorgtyngd reint til Dauden og bed Faderen „taka denne Skaali fraa honom“; han trur at dette kann vera mògelegt (Mt. 26: 39; Ml. 14: 36; Lk. 22: 42); veit inkje um, at det er Verdi han no skal frelse. Hjaa Lukas syner det seg ein Engel fraa Himilen og Trøyster Jesus; men ikkje Engelen heller veit noko um Heimsfrelsa. Det er Lukas, Paulussveinen, som gjer mest ut-av Lidingi i Getsemane; han læt jamvel Jesus „dragast med Daudekvida“ her, „og Sveiten hans vart som Blodsdròpar som draup paa Jordi“. Men Sveinane sovnar, tri Gongir, eller hjaa Lukas ein Gong, „av Sorg“; Svevn i ei slik Stund ventar ein ikkje; og „Svevn av Sorg“ er ein ukjend Tanke for oss. Johannesboki (18: 1 flg.) kjenner inkje til denne Lidingssogo fraa Getsemane; Jesus hev „fullført si Gjerning“ fyri Lidingi (17: 4), og vil no gjerne drikke den Skaali som Faderen hev gjevi honom (18: 11).

Jesus vert fanga; Sveinane rømer. Berre Peter snur att og fylgjer med „langt attanfyr“; i Johannesboki er og „den andre Læresveinen“ med. Denne siste, ein Galilæa-Fiskar liksom Peter, hev her jamvel vorti „kjend med Øvstepresten“, so han fylgjer med Jesus inn i Garden hans, ja fær Peter med der inn (18: 15, 16; hjaa dei andre sìt Peter ute i Garden); Soguskrivaren hev ikkje tenkt paa, at um Læresveinen Johannes hadde vori kjent med Øvstepresten den Natti, og hadde fylgt so langt, ― so hadde han visst fengi fylgt eit Stykke lenger.

Sogo um Peter og Neitingi er fortald hjaa alle. Hanen gjèl tvo Gongir hjaa Markus; Peter „svèr og forbannar seg“ hjaa dei tvo fysste; Johannesboki hev inkje um Galilæa og Falilæamaale, og inkje um Graaten etterpaa; elles er Sogo likt fortald.

Men ho vert aldri nemnd sidan. I Apostelgjerningar er Peter den sjøvsagde Formannen millom Apostlane; det er han som fører Orde paa Kvitsundagen, og elles jamt; og det finst ikkje nokon Stad so mykje som ei Innpaatyding um at det hev vori noko i Vegen med honom. Han synest ikkje hava noko paa Samvite sjølv heller; korkje i Apostelgjerningar eller i Peterbrevi segjer han eit Ord som peikar paa den Leid. Ikkje Paulus heller nemner Neitingi; og han var daa ikkje kritiklaus mot dei „ovstore Apostlane“, og minst mot „Kefas“ (smf. Gal. 2: 11―14). Det vilde og i seg sjølv vera forunderlegt um „Petrus“, „Berge“, kunde ha lati slikt koma yvi seg, og det berre eit Par Timar etter at Jesus so serskilt tydeleg hadde vara honom aat. Men at Sankt Peter hev teki til aa lìva i Folkesegni alt fyrr dei nytestamentlege Tekstane var fastslegne, det kann me sjaa av andre Ting med, soleis av Underverk-Sogune i Apostelgjerningar. Og at han, som var den fysste, hadde falli so djupt, og det i den Stundi daa det galdt mest, den Tanken hev Kyrkjefolke lika; Neitingi er etter Aposteltidi komi inn i alle Sogune.

*

Rettsbøkar vart ikkje førde i den Tid. Og ingin av Sveinane fylgde Jesus paa hans siste Gang; um Peter hev vori so landt som inn i Garden hjaa Øvstepresten, so synest han ikkje ha vori der lengi. Det er vel einkvar av dei mindre Jesus-Venine, ein Jodef fraa Arimtæa, eller ein Nikodemus, som hev fylgt han paa Lidingsdagen so godt som det lét seg gjera; og av det som denne sidan hev fortalt maa daa Lidingssogo ha bygt seg. Hjaa Markus (14: 53 ― 15: 37) finn me ho stuttast og greidast; hev dei andre noko meir stundom, so høver Vitnemaali deira ikkje ihop.

Etter Johannesboki (18: 19 flg.) vert Jesus hjaa Øvstepresten spurd um sine Læresveinar og si Lære. Jesus viser til deim som hev høyrt hans Forkynning; at han hev lært Sveinane aa halde og gjera alt det som dei skriftlærde og Farisæarane segjer dei skal halde (Mt. 23: 2, 3) vert ingin Stad nemnt. Det einaste som kjem greidt fram er det som Jesus sjølv (hjaa dei tri fysste) vitnar: at han held seg for Messias[4]. Øvstepresten riv sine Klæde sund og talar um Gudsspott; ein Galilæar som gav seg ut for Guds utvalde, han maatte vera Spottar, hev dei i Jerusalem meint. Men denne Spottingi vil Raadsherrar og Farisæarar gjera seg Nytte av. Jesus vert førd til den romværske Landshovdingen; sjølve hadde Jødane i den Tid „ikkje Lov til aa avlive nokon“ (Joh. 18: 31).

Etter Lukas inneheld Klaga mot Jesus tvo Lygnir og ei Halvsanning: „denne forvender Folke og forbyd aa gjeva Keisaren Skatt, og segjar han er Messias, ein Konge[5].“ Dei var keisarvenlege i Dag; heller ein Keisar fraa Rom enn ein Konge fraa Nasaret! Pilatus skynar, at Saki heng ihop med serjødiske Tvistemaal og vil nauveleg hava noko med ho; helst hadde han vel vist ho fraa seg, som Ettermannen hans gjorde i eit anna sovori Tilfelle (Apg. 25: 9―21; 26: 30―32). Men berre reint Mjøl hev vel Pilatus ikkje havt i sin eigin Sekk (smf. Lk. 13: 1), og eit Klagemaal til Keisaren i ei Sak som vedkom ein „Israels-Konge“ kunde daa vera spelegt; nokon sterk Mann hev Pilatus ikkje vori. Han freistar aa blidke dei upp-arga Jødane, og forhøyrar Jesus. Men Jesus „svarar honom ikkje eit einaste Ord“, liksom han tegjer til sjølve Klagemaali (Mt. 27: 12, 14; Tanken er vel fraa Es. 53: 7). Pilatus kjem ingin Veg; og snart vaknar Rope paa Krossfesting. Kvar den Tanken er komin ifraa vert ingin Stad nemnt. Det skulde ikkje vera nokon levitisk Tanke; Krossfestingi var ein Villmanns-skikk innkomin fraa Afrika, Pining og Avliving i eitt, noko med det fælaste som Menneskjedyre nokon Gong hev funni paa. Men det som er visst er, at Prestane hev funni seg i Krossfestingsrope.

Pilatus var Romar. Med all den Villmannskap som jamvel Kulturmennar kann koma innpaa, naar dei er Eineherrar millom verjelause Framande ― Europa hev sine Røynslur um slikt fraa Afrika o. a. St. Jamvel i vaar kristne Tid ―, hev han havt lite Hug til aa vera med desse Judæa-Barbarane paa eit tydelegt Rettsmord. Han strider imot i det lengste; freistar med Skjemt og Spotte-Ord, og daa det ikkje nyttar, med verre Ting: piner Fangen, læt ’n hudflengje, klungerkrune o. m. (Johannesboki hev mest um dette, og Segninge hev vel vaksi etterkvart); ved aa pine ein Fange so lengi og so hardt at Medkjensla hjaa Folke kom upp kunde ein Domar stundom berge Live hans; men det er alt faafengt. Pilatus hev denne Gongen med Folk aa gjera som strider for Guds Sak; Krossfestingsrope veks; etter Johannesboki vert Pilatus beint ut truga med Keisaren; Enden er at han „yvigjev Jesus til aa verte krossfest“.

Paa Golgata vert Krossen reist, med Klagemaale øvst: „Jødekongen.“ Hjaa Johannes er det Pilatus sjølv som slær Innskrifti upp; men Pilatus hev visst ikkje vori med og set paa denne Ugjerningi som han paa ein so stakkarsleg Maate hadde lati seg tvinge til aa gjera seg medskyldig i.

Jesus vert krossfest „midt imillom tvo andre“; desse tvo er hjaa Lukas „Illgjerningsmennar“, hjaa dei tvo fysste „Røvarar“; Markus nemner det Profetorde som vel i det heile hev skapt deim. I utruleg Villskap gjeng Prestar, Eldste, Skriftlærde og anna godt Folk ikring og spottar den rettlaust dømde som heng der og døyr. Jamvel Røvarane spottar. Det er vel eit fullgodt Vitnemaal um at dei er Segn; den spotta visst ikkje lenger som paa Krossen var komin.

Etter dei tvo fysste er der ikkje andre av Jesu Kjenningar med paa Golgata enn nokre Kvende som hadde fylgt han fraa Galilæa; desse stend „lang ifraa og ser paa“. Lukas nemner dertil „Kjenningane hans“, men ingin av Sveinane. Johannesboki læt den Sveinen „som Jesus elska“ stande saman med Maria fraa Nasaret ved sjølve Krossen, so Jesus kunde tala til deim; dette veit ingin av dei andre um; Jesu Mor vert ikkje nemnd sidan i Johannesboki heller.

Eller alle Sogune hev Jesus tala paa Krossen. Hjaa dei tvo fysste talar han ein Gong; med eit Ord fraa den 22de Davidssalmen segjer han: „min Gud, min Gud, kvi hev du forlati meg?“ Hadde Mattæus og Markus meint at Jesus sjølv var Gud, hadde dei vel ikkje valt nettupp det Orde. Hjaa Lukas talar Jesus tri Gongir. Fysst bed han for Fiendane sine (smf. Es. 53: 12); so talar han til den Røvaren som (hjaa Lukas) ikkje spottar (etter dette Orde skal Jesus „idag vera i Paradis“); sistpaa segjer han: „Fader, i dine Hnder yvigjev eg min Ande“ (smf. Salm. 31: 6); han hev ingin Draum um, at han enno i 40 Dagar skal vera paa Jordi (Apg. 1: 3). Johannesboki hev fire Ord. Dei tvo fysste gjeld Læresveienen Johannes (som denne Sogo held serleg fram, til eit Vitnemaal um at han ikkje sjølv kann vera Upphave til ho som ho no er); tridje Orde, „eg er tyrst“, er vel innkomi etter Salm. 69: 22 (smf. Mt. 27: 48); sistpaa segjer Jesus: „det er fullenda“; han synest ikkje hugse Faderen i si siste Stund. Av alle dei 7 eller 8 „Ordi paa Krossen“ er der berre eitt som finst i so mykje som tvo av Sogune (Mt. 27: 46 og Mk. 15: 34).

Ingin Stad i den fire Gongir fortalde Lidingssogo finst der noko um at Jesus døyr „for oss“, eller „til Soning for Syndi“. Han gjeng burt „etter det Orde som er skrivi um honom“ (Mt. 26: 24; Mk. 14: 21); etter det som er fyriskipa“ Lk. 22: 22; smf. Apg. 2: 23 (det er vel Es. 53: 8 som er tenkt paa hjaa dei tri fysste); av di han „hev fullført den Gjerningi som Faderen hev gjevi honom aa gjera“ (Joh. 17: 4); meir hev ikkje Jesus-Sogune aa segja i Saki. Jesu eigi Meining um Krossfestingi ser me av det han sagde til Draapsmennane sine (Lk. 22: 53): „dette er dekons Time og den Magti som Myrkre eig.“ ―

― Midt under Rettsmorde paa Langfredag held Jødane seg strengt til Lovi. Dei gjeng ikkje inn i Domhuse, „so dei ikkje skulde verte ureine til Paaskemaaltid“ (Joh. 18: 28); og daa det lid mod Paaskemaals bìl, vil dei (etter Johannesboki) hava Beini brotne paa dei krossfeste, so Kroppane ikkje skal verte hangande Helgi yvi; „dor denne Kviledagen var stor“. Men Jesus er alt daud; og hans Bein vert ikkje brotne, ― „so Skrifti skulde verte uppfyllt: der skal ikkje verte bròti Bein paa honom[6]“. Denne Beinbrjotingi kjenne ingin av dei andre til.

Josef fraa Arimatæa vert fysste og siste Gongen nemnd i Sogo um Jesu Gravleggjing. Han er „ein god og rettferdig Mann“ (Lk. 23: 50), som „ventar paa Gudsrike“ (Mk. 15: 43); etter Matt“us (27: 57) og Johannes er han jamvel Læresvein, men „løynleg av Otter for Jødane“ (Joh. 19: 38). Han (og etter Joh. 19: 39 Nokidemus) fær Like nedteki og gravlagt. Det vert lagt i ei ny Grav (Mt.; Lk.; Joh.) som var uthoggi i Berge (Mt.; Mk.; Lk.) i ein Hage nære ved (Joh.); for det var Tilreidingsdagen mod Kvelden. At Gravi høyrde Josef sjølv til er Mattæus aaleine um.

Han er og aaleine um det at Øvsteprestar og Farisæingar fekk sett Vakt ved Gravi, so Sveinane ikkje skulde „stela honom burt og segja han var uppstadin“; like eins er han aaleine um at Øvsteprestar og Eldste etter Uppstòdo freista aa faa sett ut eit Ord um at Sveinane likevel hadde stoli Like. Men so tidleg hev ingin tenkt paa Uppstòdo; det ser me av det som vert fortalt um Maria Magdalena og Sveinane (Mt. 28: 1; Ml. 16: 1―3, 11; Lk. 24: 1―4, 11, Joh. 20: 1 flg.) Sundagsmorgonen etter. Men at Mistankar er komne upp mot Sveinane sidan, daa Uppstòdo vart forkynt og trudd, det er ikkje urimelegt; og det Orde som etter Mattæus (28: 15) kom ut millom Jødane um dette hev daa etterkvart skapt dei Sogune me no les i Mt. 27: 62―66 og 28: 12―15. ―

― Men Jesus fraa Nasaret var vortin Frelsar for Folke sitt trass i alt: ved honom hev Israel fengi ævelegt Liv i Heimssogo.


  1. Axel Andersen: „Nadveren i de Par første Aarhundreder efter Kristus“, Kr.ia 1898 (i 1905 utkomi paa tyskt med Tillegg).
  2. Smf. Apg. 1: 18, der dette siste er fortalt paa ein styggare Maate. Det hev i det heile vaksi Hat til Judas; i Johannesboki (12: 4—6) fær han aaleine Skuldi for noko som Sveinane etter Mattæus (26: 8) og Markus (14: 4) var saman um; han vert jamvel kalla Tjuv.
  3. „Vénen min som eg fortrudde meg til, han som aat mitt Brød, trampa meg under Døtar“, stend det paa den Staden. Men alt i V. 11 viser det seg, at det ikkje kann vera Jesus som her et tenkt talande.
  4. Etter Johannesboki kjem ikkje Messias-Spursmaale fram fyrr hjaa Pilatus; Spotteorde „Jøde-Kongen“ er uppe der, og Jesus kallar seg Konge, men ein „Konge som vitnar for Sanningi“ (Profet hadde vori det rette israelitiske Orde her).
  5. Det um Skatten kann ein ingin Stad sjaa hev vori framme hjaa Øvstepresten; det er vel noko dei hev tenkt ut paa Vegen til Domhuse. (Samfør elles Sogo um Skattepeningen Mt. 22: 15.)
  6. Det einaste Skrit-Orde Kyrkjebibelen her veit aa vise til er 2 Mos. 12: 46, som forbyd Israelsborni aa brjote Bein paa Paaskelambe.