Hopp til innhold

Ilias

Fra Wikikilden
«Den 17. Mai» (s. 233-239).

I Ufa budde det eingong ein mann som heitte Ilias. Far hans var ingen rik mann, so det var ikkje stort att etter han daa han døydde. Sju hestar, tvo kyr og eit par dusin lamb, det var alt.

Men Ilias var ein traust arbeidskar og visste aa halda hus med det han aatte. Han og kona hans arbeidde fraa tidleg um morgonen til seint paa kvelden stod tidlegare upp en andre folk og la seg seinare.

Han vart og rikare for kvart aar som gjekk. Og daa han hadde arbeidt og stræva trottugt paa denne maaten i fem og tredive aar hadde han vor te ein halden mann.

Ilias aatte daa tvo hundrad hestar, halvtanna hundrad kyr og tolvhundrad sauer. Han hadde nøgdi av alt slag og vart ovunda alt landet over. Ilias hadde i desse aari vorte kjend med mange storfolk. Langveges ifraa kom det folk og vitja han, og alle tok han imot og skjenkte paa det grumaste. Naar han fekk framandfolk i hus slagta han altid eit lamb elder tvo, og var det rett mange gjester laut nok storfeet og til.

Ilias hadde tvo søner og ei dotter. Daa Ilias var fatig hadde sønerne arbeidt heime hjaa han og hjelpt han og gjætt sauerne. Men no daa han hadde vorte rik vart dei kaute og store paa det, og den eine tok til aa drikka og tura og vart drepen i eit slagsmaal.

Den andre fekk ei rik kone og vart so stor paa det at han brydde seg ikkje meir um korkje faren sin elder heimen. Ilias laut trast punga ut med arven hans.

Ikkje lenge etter at skiftet hadde vore og det hadde teke helder hardt paa rikdomen hans, kom det ei farande sott paa saueflokken og storparten døydde. Sidan vart det turk eit aar so han ikkje fekk høy, og um vinteren svalt det fleire naut ihel for han.

So kom kirgisarfantarne og stal ifraa han dei finaste hestarne han aatte.

Snart var det ikkje stort att av rikdomen hans. Han hadde og vorte gamal no, so han var ikkje lenger so arbeidsfrek.

Daa han var sytti aar var det gjenge so ut for han at han laut selja alt han aatte. Daa han hadde betalt skulderne sine hadde han og kona ikkje att meir en dei gjekk og stod i. Sonen deira hadde reist ut av landet, og dotteri var død, so dei gamle stod der reint hjelpelause.

Ein av grannarne som heitte Mehemed Schach totte synd um dei. Sjølv var han ikkje plent rik aa kalla, men han stod seg godt, og hadde godt hjartelag.

Han kom ihug kor tidt han fyrr hadde vore hjaa Ilias og altid vorte motteken paa det beste. Og so sa han til Ilias:

«No skal du høyra, Ilias. Kan ikkje du og kona koma og vera hjaa meg. Um sumaren kunne du altid hjelpa meg noko lite i høyonna, og kona di kan mjølka kyrne. So fær de mat og klæde og alt de elles treng hjaa meg».

Ilias sa takk. Og so vart han og kona tenestfolk hjaa Mehemed Schach. Det fyrste var det ikkje greidt for dei; men sidan vandest dei med det, og arbeidde so mykje dei var god til.

For Mehemed vart det ein rein vinst aa ha dei gamle, for dei var so trugne og trottuge til aa arbeida at dei gjorde meir en likt for seg.

So var det ein gong at Mehemed hadde lag. Gjesterne aat og drakk, og skjemten gjekk. Daa fekk Mehemed sjaa Ilias som stod ut paa tunet og brynte ljær.

«Ser du den gamlingen der,» sa han til ein av gjesterne.

«Eg gjer so,» svara denne. «Kva er det med han?»

«Det er det med han, at han hev vore den rikaste av oss alle som sit her. Han heiter Ilias. Eg tenkjer du hev høyrt gjete han».

«Eg skulde tru det,» svara hin. «Han er daa namngjeten vidt og breidt, so rik og gjæv han er».

«Og no eig han ikkje skillingen att, men tenar hjaa meg, og kona hans mjølkar kyrne».

«Nei, no er eg daa so forsigna,» sa den andre. «Ja verdi er daa rett som eit hjul som sviv rundt. Best ein sit høgt tilvers, so snur lukka seg og ein ligg der. Korleis er det. Er han usæl, og gremjar seg?»

«Eg maa seia eg veit ikkje. Han liver stilt og roleg og gjer sitt arbeid traust og godt».

«Kan eg faa prata litt med han spurde gjesten. «Eg skulde ha moro av aa spyrja han ut um noko av kvart».

«Du veit det,» svara verten og ropte Ilias inn.

«Sjaa her far, vil De ikkje ta eit glas med oss. Bed kona og koma inn.»

Ilias henta henne. Dei helsa paa gjesterne og sette seg innaat bordet.

«Naa far, det er vel vondt for Dykk aa sjaa oss sitja her og gjera oss tilgode, naar De minnest kor grumt De sjølve hadde det i gamle dagar. Daa var De lukkelege, men sjaa no, sa gjesten.

Daa log Ilias, og sa :

«Skulde eg fortelja deg kva som er lukke, og kva som er vanlukke, so vilde du ikkje tru meg. Spør helder kona mi. Ho er eit kvinfolk, og dei hev vandt for aa løyna si hjartans meining. Berre spør ho, du, so fær du sanningi aa høyra.»

Gjesten sa daa til den gamle kona:

«Ja ja daa, mor, kva tenkjer so De um Dykkar tunge lagnad?»

Daa svara ho:

«Jau det skal eg rett seia deg. No hev kallen min og eg livt isamans i femti aar. I all denne tid hev me leitt etter lukka og ikkje funne ho. Fyrst i dei siste tvo aari, sidan me vart fatige og gjeng her som tenarar paa garden, hev me vorte so lukkelege at me kan ikkje ynskja oss ein betre lagnad.»

Gjesterne saag paa kvarandre. Det svaret hadde dei nok ikkje venta.

«De maa ikkje tru at dette ikkje er aalvoret mitt,» heldt ho ved. «No fyrst veit me kva lukke er.»

«Kva vil so det seia daa,» spurde gjesten.

«Jau, no skal du berre høyra. Daa me var rike hadde eg og kallen min ikkje ein times fred — korkje til aa tala saman elder til aa tenkja paa Gud og sjæli vaar. Me hadde so mykje anna aa tenkja paa.

Snart var det framandfolk som kom, og daa laut dei skjenkast, so me ikkje skulde høyra ilt for det etterpaa. Og naar dei var reiste hadde me tenestfolki aa sjaa til. Me maatte daa passa paa so dei ikkje gjorde for lite elder aat for mykje. Alt dette var stor synd. So var det anket for vargen at han skulde bita lambi elder kalvarne forderva. La me oss um kvelden so fekk me ikkje sova, slik otte hadde me for at sauerne skulde liggja dei smaa lambi ihel, og me kunne staa upp midt paa natti og gaa ut og sjaa etter.

Og ikkje nok med det. Eg og kallen livde stødt i ufred med kvarandre. Han sa, slik skal det vera. Men eg vilde ha det anleis. Og so vart det trætte. Synd paa synd.

Paa denne maaten vart det ikkje til anna en sorg og synd med altihop, og me visste ikkje av lukke aa seia.»

«Men no daa?»

«No stend eg upp ilag med mannen min. Me er altid vener og væl forlikte, for me hev ikkje noko me kan verta usamde um.

Det einaste me hev aa tenkja paa er aa gjera husbonden vaar tillags. Me arbeider og strævar so godt me kan, for at han ikkje skal ha noko tap for vaar skuld. Naar me kjem heim or marki stend matmaalet ferdigt og bidar paa oss, og kanskje ein dram attaat. Er det kaldt i veret so er det ein dugeleg varme paa gruva, og skal me ut, so fær me ein drusteleg sauskinspels paa oss.

No hev me stunder til aa tala med kvarandre, og tenkja paa Gud og sjæli vaar. I femti aar hev me leitt etter lukka, og ikkje funne ho fyrr no.»

Alle gjesterne so mange der var, sette i aa læ.

Men Ilias sa:

«De skulde kje læ, brørne mine. Kona mi hev rett. Slik er mannalivet. Me var nokre store faamingar som grèt for at me misste rikdomen vaar.

No hev Gud late upp augo vaare, so me ser. De maa ikkje tru det er for vaar eigi skuld me hev sagt dykk dette, men for at de og skal sjaa.»

Daa sa gjesten:

«Det som Ilias seier er den skire sanning. Det stend og aa lesa i den heilage skrifti.»

Daa log ikkje gjesterne lenger, men vart aalvorsame.