I kongens klær

Fra Wikikilden
I kongens klær

av Halvor Myrvoll


Eg er berre eit nummer i rekkja,
som skal lære å gjera min plikt.
Men det vert nok knapt med poenga,
for eg skjønar meg ikkje på slikt.
Eg er nøyd til å ta på meg klæda,
som skal skapa meg om til soldat.
Men eg kjenner ei røyst i mitt inre,
som ropar eit varsko mot hat.
Eg vert testa i sjæl og i lekam,
om eg er slik dei kallar normal
og er verdig til drepa hell drepas
etter gjeldande lov og moral.
Eg skal helsa med vørdnad og truskap,
eit befal som er opplært så fint.
Men får kvalme når tanken seg melder
om dreping og folk som blir pint.
Eg skal lære å stå framfør ymse befal
som skrik ut sitt kvasse ‘giv akt’
Så ‘høyre om marsj’
men dei krefter eg har ligg att der eg skal gå i takt.
Eg skal lære å drepa til forsvar og åtak
med å gjera det så eller slik
og vert helt når det eingong vert alvor
om eg går over haugar med lik.
Dette yrket skal vigslas med bøn og andakt
Av presten som signar mitt sikt.

Kjem krigen så skyt eg i lufta som sagt,
for eg skjønar meg ikkje på slikt.


Denne teksten er lisensiert under lisensen Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0.

Du står fritt:

  • til å dele – til å kopiere, distribuere og overføre verket
  • til å blande – til å endre verket

Under de følgende betingelsene:

  • navngivelse – Du må kreditere verket på passende vis, lenke til lisensen og indikere hvorvidt det har blitt gjort endringer. Du kan gjøre det på enhver rimelig måte, men ikke på en måte som antyder at lisensgiveren støtter deg eller din bruk av verket.
  • del på samme vilkår – Dersom du remikser, omarbeider eller på annen måte bygger på dette verket, må du kun distribuere resultatet under den samme eller en samsvarende lisens som denne.