I Helheim/Staveskulen

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 93-109).

Eldaugo gløser
grøne og gule,

der Vismenn maa sitja
i Staveskule.

Eldaugo gløser
i kvar Krok,
der Vismenn maa sitja
med Stavebok.

Sitja stille
i Ring og Rad
og stava og stræve:
b, a, ba.

Sitja med Skjelv
i rædde Kne
og stræve og stava:
b, e, be.

Stødt maa det gaa,
for det smell snart;
Skuledjevlane
driv deim hardt.

Jamt maa det gaa,
i eitt As;
Skuledjevlane
fer kje med Fjas.

Skuledjevlane
kjenner kje Bøn:
kvar Synd fær paa Flekken
si drjuge Løn.

So sìt daa dei Vismenn
med Skjelv i Kne
og strævar og stavar:
b, e, be.

Stavar og trutt
ihop legg;
Taarir dryp
i dei kvite Skjegg.

Veslemøy.

Kven sìt der og driv med Barneverk,
som skulde havt Alders-Æra?

Systeri.

Dei som dyrka den bakvende Visdom
maa her den Skjemdi bera.

Dei gav upp Voni den høge
som gjer vaar Armod rik,

og lærde: lat oss byggje paa Verdi;
der veit me at alt er Svik.

Lat oss byggja paa det me veit
er Søkkja og Hengje-Dissa!
Lat oss selja den store Voni
og kaupe den stutte Vissa.

D’er dei som sagde: alle Draumar
er kvorvne or denne Verd;
lat oss søkje vaar eigin Bate,
so veit me daa kva me fær.

D’er dei som sagde: alt er tomt,
og alt er Vitløysa aude;
lat oss eta og drikke godt;
i Morgo ligg me daude.

I Arbeids Staak og Kvardags Møde
dei vilde kje vera med;
dei sagde: alt er Inkjevetta,
og me vil vera i Fred.

Aldri var det nokon Ting
som upp dei Armingar glødde;
inkje dei hadde av Hjarta kjært;
dei lo, naar Live blødde.


Det er dei daarlege vise;
her nyt dei kje større Ære:
sette vert dei paa Skulebenken,
um upp-att dei kunde lære.

Veslemøy.

Kven er dei Dvergar og Klokedabbar
som sìt der i Skulen nedst?
D’er inkje til Kropp; dei ut er vaksne
i berre Hovud mest.

D’er Hovud som store Hitar
paa Halsar som Stylkir og Straa;
aldri korkje i Trollheim ell Mannheim
eg noko so ulikt fekk sjaa.

Systeri.

Det er dei kloke Daarar
som lærde seg alt paa Jord,
men gløymde Dag og den dyre Stundi
og Livsens Løyndom stor.

Det er dei kloke Daarar
som sat attum stengde Rute
og bygde med Mur av Bok paa Bok
seg sjølve fraa Live ute.


Dei turrtenkte alle Dagar
der attum sin Skuleport;
Tanken vaks og Viljen visna,
og Hjarta turka burt.

Sjæli storkna til Lærebygnad,
ho vart so hard og skrinn;
Hovude vaks og vart eit Bokskaap,
og Hjarta turka inn.

Alt dei visste, og Inkje dei skỳna;
Lærde dei Faamingar fór;
no sìt dei paa nedste Skulebenken
med trollvaksne Hovud og glor.

*

Veslemøy.

Kven sìt der paa Berg-Svad bøygde
og sangrar med sutrande Ordi
og lovsyng med lange Lengtingskvad
den grøne herlege Jordi?

Systeri.

Det er dei uglade Sellar
som aldri for Live takka,

og aldri saag at Jordi var grøn,
um Jordi rundt dei flakka.

D’er dei som alltid sytte
og alltid sytnare vaks;
kóss dei fekk det og kóss det snudde,
aldri det vart deim til Lags.

Kóss dei fekk det og kóss det snudde,
aldri det vart deim godt;
vide vankande Sol dei søkte;
kvar dei kom vart det Nott.

All den Stad dei i Verdi freista,
og kvar deim Vegane bar,
alltid det syntest deim best aa vera
der som dei ikkje var.

So villa dei mangeleis att og fram
med Vonine alltid smærre;
Hyggje fann dei ingin Stad,
og alt vart æveleg verre.

Dei banna Dagen dei bòrne var
til slik ein stusleg og fæl Heim;
Jordi den graae og leide tyktest
til Slut deim verre enn Helheim.


Dauden dei priste som skulde
opne deim Døri den stengde;
det dyre Liv dei til Gaave fekk
keide dei fraa seg slengde.

No sìt dei her med Graat og Laat
paa dette svarte Svad
og kved um den grøne herlege Jordi
dei lange Lengtingskvædi.

*

Veslemøy.

Kven er den Presten paa høge Stein
med Eldkrage um Herdi?
Aldri saag eg so bleik ein Mann
i hell utanfor Verdi.

Volva.

Høyr!

Prest.

— — Ja, han frelste oss
fraa vaare Skyldur,
ofra seg,
at me kunde spara oss,
forsaka Verdi,

at me kunde njote Verdi
og endaa smyrja oss med Himil-Von,
heldt Lovi,
at me kunde synde,
var lydig,
at me kunde vera ulydige,
elska,
at me kunde hata,
gjorde alt
for oss,
so no gjer me som me vil,
og pryder oss med hans Namn,
og segjer etter hans Ord,
og sminkar oss med hans Blod,
dyljande soleis vaar Rotinskap;
ja, Brødrar — —

Brødrane skrik
av Hjartemein
og støyter Presten
av høge Stein.

Aalvorsstreng
ein annan steig fram;
men lite mindre
vart hans Skam.


Annan prest.

Kom til oss!
Hjaa oss gjeng det til
som med ein rik Mann,
som klædde seg i Purpur
og kostelegt Linty
og lìvde kvar Dag i Glede og Glans.
Men der var ein Fatigmann,
Lasarus,
som var kasta for Døri hans
full av Saar,
og gjerne vilde mette seg med dei Smular
som fall fraa Borde aat den rike.
Men det hende seg
at den rike døydde
og vart borin av Englane
i Abrahams Fang;
men Lasarus døydde ogso,
og vart gravlagd.
Og daa han slo Augo sine upp
i Helheimen,
der han var i Pina,
saag han Abraham langt burte
og den rike Mannen
i Fange hans.
Og han ropa og sagde:
„Fader Abraham!

Hjelp meg!
Eg lid vondt
i Lògane her!“
Men Abraham sagde:
„Det er di eigi Skuld;
du kunde og havt det som den rike Mannen;
kvi stal du ikkje i stort?“

Eit nytt Skrik døyver
den Tale fæl;
ned Presten vert skipa
med Hand og Hæl.

Andre annarleis
rengje-kved;
alle med Harm
vert sparka ned.

Og sjølve dei ræddast
si Rengjetale;
men alt dei strævar
so vert det gali.

Alt dei strævar
og rette vil,
dei kann ikkje annarleis
faa det til.


Dei skjeglar og skjelv;
dei uler fælt;
Kallsveiten renn,
og Frauda velt.

Grøne som Gall,
svarte som Jord
dei gruver for eigne
Heluvs Ord.

Systeri kved:
„gjenom Ordi som klingar
det sanne her
seg fram tvingar.

Det tvingar seg fram
som duldest paa Jord;
dei talar her
som dei der fór.“

Veslemøy.

Hardt hev dei synda, dei Prestemenn,
som gjeng her i denne Vaade?

Systeri.

Dei laug burt for Folke dei heilage Bòd
og lærde det synde paa Naade.


Veslemøy.

Kor kann dei fraa Kor og Altar
gaa beint i Helvite inn?

Systeri.

Sjaa, so ser du Merke aat Dyre;
dei hev det i Skallen sin.

Veslemøy.

Kor kunde det stygge Merke seg so
i Presteskallar inn svide?

Systeri.

Dei tente Dyre og denne Verdi,
som skulde for Herren stride.

Veslemøy.

Dyre-Merke og Preste-Vigsla,
kann dei vel saman staa?

Systeri.

Der Dyre raader med sine Runir,
der bit ikkje Vigsla paa.

*

Lenger sviv dei
fram og ikring;
Veslemøy ser
utenkte Ting.

Mang ein i Helheim
fredlaus fèr,
ein minst skulde vente
aa finne der.

Ho undrast og fæler
med faatt[1] Skỳn:
vert slike dømde,
kven fær daa Løn?

Store Lærarar,
heilage Menn,
ser ho i likblaae
Angest brenn.

Illt dei vrid seg:
for alt Folk fram
dei maa i si nakne
Synde Skam.


Stygge, ufysne,
Syndine sine
vise dei maa,
som gjekk her so fine.

Og Djevlane deira
flirer og lær
og ubljuge Rundkast
ikring deim slær
med Smell og Fræsing
og vond Lukt,
og læt deim til Gjøn
staa Kyrkjetukt.

Illske og Argskap
uler her;
Skam og Trege
Tennane skjer.

Dei bit sine Tungur
i Pine stor
og bannar Gud
med brennande Ord.

Volva.

Gjenom Ul og Jammer
Hjartans Sanning tale!


Klagerøystir

D’er me som preika Orde
og fór alt Land ikring
og sagde andre fyri
um alle gode Ting.
Men arme Lasarus
laag hjelpelaus for Døri
til vaare eigne Hus.

Me vilde heite Rabbi
og hava fyrste Sess;
me ropa Herre, Herre,
men var slett inkje tess.
Me var det skjemde Salt.
Me kravde stort, men sjølve
me drog oss undan alt.

Me brùka heilag Visdom
til Skrymt og Dyljeserk,
og med vaar fagre Tale
me løynde stygge Verk.
Me elska Natti skùm,
men naut i Verdi Ære
og Ros for Heilagdom.

Me var dei rotne Lémir
som tevar ikkje godt;
no her imillom Djevlar

me gjeng til Spe og Spott.
Og det me dulde der
maa her me avklædt syne,
um meir enn Skam det er.


  1. faatt: lite