I Helheim/Nedveg

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & Co. (s. 1-37).

Veslemøy gjev
kjær Syſter ſi Hand;
no ſkal dei fara
til Naae-Strand.

Lett ho lyft
gjenom Lufti glid;
Volva Vegviſar
fyri ſkrid.

Volva den kvite,
ſveipt i Nott,
som Vegen veit
til dei drøymde Slott.

Volva den viſe
ſom ſtig av Eimar
og Vegane veit
i dei dulde Heimar.


Fyri ho ſkrid
i bleike Ro;
stille fylgjer
dei Syſtrar tvo.

Skyir driv,
og vind ſvalar;
Syſteri Trøyſt
for Veslemøy talar.

„Trygg er Førſla,“
ho linnmælt kved;
du ſkal kje fæle,
men fylgje med.

Tarv kje fæle
paa myrke Veg;
fyri oſs Visdom
ferdine dreg.

Tarv kje fæle
um djupt under Grav;
fyri ber Visdom
den vigde Stav.

Teikne ber ho
ſom hev med Magt

Heimane alle
under seg lagt.

Teikne fyri
med Ljos gjeng;
Krossen skin,
der den heilage heng.

Krossen skin
som den stille Stjerne;
den kann me fylgje
so trygt og gjerne.

Vondt rømer
som rundt seg ringar,
naar Visdoms Volve
det Teikne svingar.

Og lyfter ho Teikne
og byd med Krav,
daa ser du klaart
gjenom Natt og Grav

Og gjer ho den sterke
Runesving,
daa ser du i Synir
dulde Ting.


Og gjer ho Teikne
og krev med Magt,
daa høyrer du tenkt,
daa høyrer du sagt.

Men kved Volva
med Ordi,
daa svarar det
under Jordi.“

*

Volva stoggar
ved Kyrkje Grind;
so syrgjeleg yler
den kalde vind.

Volva stoggar
ved Kyrkje Led;
so fælsleg gleiner
Maanen der ned.

Volva svingar
med Staven snildt;
daa tagna vinden;
daa vart det stilt.

Volva svingar
med Staven hardt;

daa slokna Maanen;
daa vart det svart.

Veslemøy veit ikkje
kor det er vori:
dei er i Kyrkja,
uppe i Kore.

Dei er i det gamle
heilage Kor;
ho kjenner so vel
det Altarbord.

Ho kjenner so vel
dei Ljosi smaae;
døyvt dei brenn
med Ljosken blaae.

Inn um Blæja
ved Altaren næst
stend det ein underleg
gamall Prest.

Han er som ein Skugge
tom og fin
med Messekaape
av Maaneskin.


Han glid paa Golv
utan Led og Legg;
isgraatt skimrar
det breide Skjegg.

Han slær Teikn
i Krok og Ring;
Munnen mullar
um dulde Ting.

Rundt stend Daudingar
kvite, kalde,
lyder til Ordi
som vert deim talde.

Rundt stend Draugar;
tom-øygt dei glor;
lyder stivt
til dei stille Ord.

Presten

Or Mare-Draum og Helsvevn djup;
or kvæve Døyvd i kalde Glup
som Sol skal all Tid sakne,
or Daudetyngd og Dvale stiv

til Drøymeferd og Draugeliv
du enn ein Gong laut vakne.

Stynjing.

Oi, oi. Oi, oi.

Presten

Du agta ikkje Tidi di,
og skildest burt, fyrr du var fri,
som Tre i Stormkast falli.
Men um den sterke Stomnen brast,
frisk sit di Rot i Jordi fast,
med sine Tægar alle.
Det er so hardt eit Heft og Band,
som held deg att i Jordheims Land
at Fred du maa kje vinne.
Oi, oi for Naud, du arme Sjæl,
som slitst imillom Jord og Hel
og kann kje Utveg finne!

Stynjing.

Oi, oi. Oi, oi.

Presten

Den Jordhug gjev deg aldri Fryd.
Som Myrjubrand i morkin Ved

han tærer og han gløder.
Den Lengt du aldri døyve fær,
han ét og brenn, han gneg og skjer,
so blodlaus Hugen bløder.

Det slit og syg, det vind og vrid;
du fylgje maa, med alt du lid;
du er kje sjølv din Herre;
vakt av den svale Natte-Keim
du smyg deg upp og hastar heim;
daa veks din Jammer verre.
Den Heimen der din Hug er fest,
og der du var so gjerne Gjest
og hadde all di Glede,
naar dit du søkjer saknadsprengd,
daa er han stengd.
Du stakkar tom forutan Fengd
med Sukk og Syrgjekvæde.

Og meir og meir i dette Kav
du slitnar sund og faanar av
og dregst mot Tomheims-Auden.
Der sloknar ut den mødde Sjæl
forutan Von, i Angest fæl;
det er den andre Dauden.

Stynjing.

Seg Raad. Seg Raad.


Presten.

Utløysning, Fange, kann du faa,
so er den milde lagnad,
naar du med Hug og heile Magt
fær rive ut og fraa deg sagt
den sterke Jordheims Dragnad.

Daa gjeng det ein Gufs
gjenom kalde Rom
av Fræsing og Sukk;
so er Kyrkja tom.

Som Skimt og Skuggar
stilt, fort
dei smett og glett
gjenom vegg og Port.

Veslemøy ser
der Volva peikar:
ut yvi Land
dei daude reikar.

Ut yvi Land
breidt og vidt
dei daude haster
kvar heim til sitt.


Berre ein og tvo
og paa Resten tri
rædde fram
mot Altaren skrid.

Ned dei bøygjest
paa kvite Kne
og der for presten
skriftar og bed.

Den eine klagar
av Otte full,
at ned han hev gravi
røva Gull.

Og so det Gulle
batt Hug og Haatt,
at dit han hev fari
kvar myrke Nott.

Den andre sukkar
av Hjarte-Mein,
at Deild han flutte
og Skiftestein

No dregst han heim att
til Synde-Bot;

men magtlaus villar
den mødde Fot.

„Løys meg og send meg
upp eller ned!
Dom er Rettferd;
i Rettferd Fred.“

Den tridje av Bror sin
Banen fekk
og sidan hatefull
heim gjekk.

„Han skuva meg ut
i Bylgja blaa;
rodde so hasteleg
der ifraa.

Rodde ifraa
og lét meg døy;
tok so sidan
mi Festemøy.

Hemnhug drog meg
paa Heimgangs veg;
men verre farne
er dei enn eg.


Eg vil ikkje meir
den Hemnveg skride;
verre maa dei
enn eg lide.

Gud deim hjelpe,
um Hjelp dei kann faa!
Løys meg, Prest;
eg vil her ifraa.“

Presten knefell
for Altarfot,
bed for dei arme
Syndarar Bot.

Løyser deim sidan
ein for ein
av Jorddrags Bann
og av Heimgangs Mein

Bed og manar
og Bandi skjer.
Hamane stilt
av fer.

————————


Volva svingar
den sterke Stav;
det brultar i Jord
og djupe Grav.
 
Ho lyfter Staven
med Runesving;
daa sviv for Veslemøy
alt i Kring.

Burt ho svimrar
og i att vaknar;
Fødesheimen
ho tryllt saknar.

Ho er ikkje her,
ho er ikkje der;
ho veit ikkje kvar
ho er og fer.

Det er ikkje Hav,
det er ikkje Jord
no glid dei og sig dei
ned og nord.

Det er ikkje Luft,
det er ikke Eim;

no søkk dei og sig
til Naae-Heim.

Sjoging syd,
døyvd, stor,
som vatn siler
stilt gjenom Jord
„d’er lod-Bekkir“
— Systeri talar —,
„Blodflaumar,
som so skvalar;
heim dei søkjer,
djupt under Grunn,
til den fælslege
Naastrand-Brunn,
søkjer heim
djupt under Grav,
til det fælslege
Naastrand-hav,
som svart i Nivlheim
fløymer,
der Draken dukkar
og drøymer.“

Naa-Ljos sviv
i det skùme Gap
og Gløse-Drakar
og Stjerne-Rap;

Kviskr og Kvæs
og kvævd Laat
og Kviding gjeng
og svelgd Graat,
og Murr og Mummel
av all den Pine
som Ætti gøymer
i Gravine sine,
all den uløyste
Sut og Harm
som av vart køyrd
i Likferds-Karm,
all Jammer farin,
som ned er gravin
i Kyrkjegarden.
Som Havsus tung
um nakne Nes
naar Nordanvinden
um Natti blæs,
som Sudrags-sòg
gjenom vind og væte
so marmar og tyt
dette Syrgje-Læte.

Skuggar vaknar
og fram smett;
gaper og glor;
burt att skvett.


Hugar harme
som Helveg rid
huar og gøyr,
der fram dei skrid.

I Vegen for deim
ein Draug seg skyt;
skvakkar og skratar
med høgt Skryt.

„Simon Handlar,
det er mitt Namn;
vis meg Vegen
til Himil-Hamn!

Eg var i mi Næring
ein Tjuv som alle;
og veik i Kjøte
eg tidt hev falli.
 
Men godt eg gjorde
likso vel,
og inn att dermed
løyste mi Sjæl.

Gaavur gav eg
til godt aa styrkje;

gav til Missionen
og til mi Kyrkje.
 
Aat Fatigfolke
i Rota vaar
eg gjorde eit Mat-Lag
kvart einaste Aar.

I Sælegaave
fem tusund i Rentur
gav eg til fallne
Tenestegjentur.

Eg gav av alt,
eg med Urett aatte;
sjølve Bladi
meg rose maatte.“

Volva

Far di Ferd;
du fekk di Løn.

Draugen skvakkar
og høgt skjeller:
„Gjeld ikkje gode
Gjerningar heller?“


Volva.
Det du gjorde,
gjeld for si Løn;
det du vart,
veit du.
 
Mykt han murrar,
den arge Svein;
burt han glid;
søkk som ein Stein.

Fram seg tøygjer
ein Ham skrinn:
„vis meg, Volve,
Farvegen min!

Ned det dreg meg
aat Djupe-Dike;
men eg høyrer til
i Guds Rike.

Orde lærde eg
purt og reint;
no skal eg inn
i Himilen beint.“


Volva.

Følg din Dragnad;
daa fer du dit,
der du hev
din Himil.

Upp skyt surøygde
Djevlar tvo:
„spaa oss, Volve,
naar fær me Ro?“

Volva.

Vender seg vondt
og vil godt,
heim daa hittar
hel-bundne.

Djevlane fryner,
fræser blaatt:
„Visdom driver
med Fanden Spott!“

Veslemøy skjelv
i sviktande Kne;
„hjelp meg, Syster!“
— Systeri kved:


„Ver urædd; ikkje
dei kann deg naa;
dei hev den Magti
du læt deim faa.“
 
Farande kjem
med Gny og Glam
eit Hovdingfylgje
fraa Hernad fram.

For Volva høge
dei tett seg hopar;
Kongen bleik
av Græe ropar:

„Volve høge,
paa Løyndom vis,
syn oss vegen
til Paradis!

Fiend arge
me drap og sydde
og for vor Magt
manneleg døydde;
vigde vart me
til Himilfred;
men denne Vegen
ber nord og ned!“


Volva.
Helsa din Herre,
Hèr-Draken,
skal du nede
i Nivlheim.

So flakkar vildrande
Skrymt og Skreidir;
men fylgje dei maa
sine sette Leidir.

Veslemøy undrast
i Rødsle stor,
og spỳrr seg fyri
med bljuge Ord.

Veslemøy.

Kjære mi Syster, kva er som tyngjer
dei Sælingar ned og ned,
edaa dei vilde daa alle gjerne
snu seg aat onnor Led?

Systeri.
Synd tyngjer og Samvit dreg,
at ned dei maa seg mùna, —

Samvit som ikkje fekk for seg Bot,
og Synd, dei ikkje fekk sona.

Men verre dreg den vonde Hugen,
dei nørde og Rom lét faa;
han lengtar til Hel; der vil han vinne
Magti og sidan raa.

Verre tyngjer den vonde Hugen,
som nøre seg fekk i Fred;
han vaks seg sterk, og i siste Stundi
han drog deim i Myrkheim ned.

————————


Hitan-um Hel-Aa
hardt det gjeld;
der brenn den blodraude
Sigtings-Eld.

Eimtung osar
den Brand i Sky,
illt tevande,
alltid ny.

Veslemøy stirer
i Elden inn;

Rædsla kolnar
um bleike Kinn.

Rædsla kryp
i kvar Fingertupp:
Menn ser ho og Kvende
brenn livande upp.

Fram styrmer det mange
i Elden inn;
færre er dei
som igjenom vinn.

Hit dansar so mang ein
Spròte Kar;
flaug upp i Gneistar
og burte var.

Hit flaksar so mang ei
drusteleg Dros;
kvarv burt i Eim
og ein kvæv Os.

Storherre rullar
fram med Gny;
fjasar upp i Lòge
og brenn som Stry.


Fram skraavar i Silke
Stasfrua gilde;
ryk til Vêrs
som ei Oskefille.

Bangse breide
fer fram med Føyk;
vart til ein pøysande
vaat Røyk.

Hit hinkar Amtmann
med breide Gullsnor;
brann som papir
og av fór.

Randute Hovmenn
og strokne Sprettar
sprakar med Sprut
til Vêrs som Rakettar.

Hit staakar Hèrmann,
den staute Gut;
small burt som eit Skòt
laust Krut.

Storskrytar gjæse
stig fram med Jalm;

burt han lògar
som turr Halm.

Fram flaksar lærde
Skrukkeskinn;
krulla seg saman
og turka inn.

Songar kjem klunkande
bleik og lang;
det høyrdest ein Knett
som ein Traad sprang.

Fram vaggar diger
ein Etarsekk;
vart til ein fræsande
Feiteflekk.

Tung glid Lèting
i Oska ned;
murkar og brenn
som fauskin Ved.

Endelaus dreg seg
den lange Ferd;
mange, mange
lyt stana her.


Hopar og Horgir,
Kvende og Menn,
som Utsóp i Dungar
myrjebrenn.

Ille hev dei
paa Jordi staaka,
som her vert i Haugar
paa Elden maaka;

solis Veslemøy
undrast maa.
Volva peikar
og byd: sjaa!

Veslemøy ser
i dei Hugar skùme;
ser og leitar,
men finn deim tome.

Ser deira Tankar
og Livs Minne:
tomt uppi tomt
er alt der inne.

Alt dei hev
under Hovudhetta

er Jugl og Jaal
og Inkjevetta.

Alt dei hev
innan Sjæle-Kring
er Jugl og Jaal
og Inginting.

Veslemøy.

Aa høyrer du, Syster kjære,
du telje meg Visdom din:
kva synda desse, at so dei maa fara,
og ikkje lenger seg vinn?

Systeri.

Aa høyrer du, Syster vesle,
eg kynner deg Kunna mi:
Agnine er det som upp vert brende;
dei er det kje Gagn uti.

Aa høyrer du, vesle Syster,
eg tèl deg Lærdoms Ord:
med Avfall nører seg Elden denne
fraa Hagen uppe paa Jord.


Med Ugras og turre Grein og Kvist,
med Vokstrar og Villfræ alne,
med halve Hugar og Sjælebròt
og Viljar visne og valne.
 
Med Sjælir som brende seg upp i Synd,
so halvdaude hit dei vann;
med veikt og laust og tomt som ikkje
mot Elden staa seg kann.

Med alt som fekk Aar og godan Vokstr
og aldri Frukti bar;
med alt som upp til Unyttes fyllte
i Herrens Aldegard.

Med Sjælir i Kjøt-tyngd bundne,
som tok seg fraa Live Lov;
late grov dei sitt Pund i Jordi
og burt sin Arbeidsdag sov.

D’er Hopen som aldri glødde
i Hug eller Mothug stor;
dei hadde det godt og tenkte kje meir
enn fraa Seng til gode Bord.

D’er Hopen som aldri villa
i Draumar mot Høgdi gjeng;

dei hadde det godt og tenkte kje meir
enn fraa Bord til kjælne Seng.

Ut vert sigta og brende upp
her attum den myrke Port
alle som søkte i Live seg sjølve
og sumla seg sjølve burt.

Veslemøy.

Agnir og Avfall drys det daa,
som Haustlauve drys av Kviste;
mykje veks Ugras paa denne Jordi,
og meir enn eg tenkte og visste.

Men alle dei vene Drosir
og Fruvur og fride Kvende?
Maa so mykje den Fagerdomen
lide slik syrgjeleg Ende?

Systeri.

Faae naar hit av dei mange,
som vavrar seg burt i vas
og sumlar den dyre Arbeidsdagen
burt med Smaakjav og Kjas.


Dei bryr seg med dei mange Ting
i As og æveleg Strid;
og um dei vilde tenkje seg um,
so kann dei aldri faa Tid.

Dei lever i Tattl og Tøv og Tull,
med’ Dagane flyg so fort;
dei klæd seg, trulovar seg, pjatrar, pjutrar
og dansar Live burt.

Med Tattl og Tøv og Inkjevetta
dei burt seg hefter og bind;
og Sjæline døyr med Kroppen
og sloknar som Pust i Vind.

Veslemøy.

Men det som mot Elden stend seg,
naar skrape er reinsta ut?

Systeri.

Det som stend seg i Sigtings-Elden
vert røynt i den lange Sut.

————————


Hel-Aa kyngjer
i Kluftine nord
som Galder og Graat
djupt under Jord.

Hel-Aa bryt seg
i gule Stryk;
Svaavelskodde
or Djuve ryk.

Yvi byggjer seg
Brui bratt
som inn ber
i Myrkheims Natt.

Hel-orm seg ringar
grøn og kald
i skjoldklædde Bugtir
um Helheim all.

Hovud hau lyfter
og Helbru stengjer;
Augo som Blodmaanar
raude rengjer.

Han gaper som Avgrunn
lét upp sin Belg;

ein Eldgufs stod
or den hole Svelg.

Ormen.

Vik, Volve,
av vaar Veg!
Det Hel hev,
held ho.

Volva lyfter
den Staven god;
daa fræste Ormen
i Rædsle-Mod.

Ormen fræser
med Eiterspy;
gul stend Spruten
i Skoddesky.
 
Blaa stend Spruten
med Ul og Storm;
daa trutna han fælt,
den arge Orm.

Det bryt og burar
med Gov og Brak;

Volva svingar
sin Stav i Mak.

Svinga ein Gong
og svinga tvo;
daa sputta Ormen
og seig i Ro.

Veslemøy skjelv
i Sjælegru;
„aa kjære Syster,
aa, maa me snu.“

Systri held
den kalde Hand:
„trygge me gjeng
gjenom Bròt og Brand.“

Brui stig dei,
den høge, radt;
Hel-Aa kyngjer
i Æve Natt.

Fram skrid der stilt
den lange Skreid
av daude som veit
si Vega Leid.


Fram skrid der døyvt
den blaae Hèr
av Hamar bleike
som veit si Ferd.

Dei glor med dei tome
Augo stive:
„kven vaagar seg hit
i livande Live?“

Volva.

I Fred den fare
som Fred fører!
søkje seg kvar
sin Veg.

Lett dei stig
yvi rustne Spengar;
det ringlar og riktar
I Band og Stengar.

Det skjelv der Veslemøy
sèt sin Fot;
ho hallar seg bleik
si Syster imot.


Det uler som daud Manns
Skrik under Øy;
so høyrer dei Helhund
av Græe gøy.

Fælt det læt
gjenom Dimme-Nott;
Hunden frøser;
det brenn blaatt.

Blod-Augo sjuke
heitt glor;
mot Skyi veks
Hel-Garm seg stor.

Brui rister
i Ring og Stong;
Hel-Aai veks
med Villesong.

Daa skin det av Staven
i Skodda ned,
og høgt gjenom Hel-Nott
Volva kved.


Volva.

Høyrer du Hel,
som her raader,
du halde din Hund,
du hegde di Aa;
Gjestir du opne
jarnslegne Grind;
fri vere Veg
for Visdoms-kjære!

Alt tagna;
Aa fall;
døyvt gjekk Ord
gjenom Helheim all:

Far i Fred
som fører Fred;
fri vere Veg
for Visdoms-kjære.

Høg stend Hel
ved det tronge Led,
som fører Gjestir
i Djupheim ned.

Høg stend Hel
blaa um sitt Kinn;

Lykilen skrik
i den rustne Grind.

Det riktar i Laas
og Gjenge;
upp gjeng Led
og Stengje.