I Helheim/Babylon

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 119-127).

Midt i eit eimande
Svaavel-Dy
ligg Babylon, sveipt
i ei Skoddesky.

Der driv det fullt
paa Gate og Torg
med Mas og Møde
og faafengd Sorg.

Der er det Staak
og endelaus Strid
Aar og Ævur
og all Tid.

Dei geispar og sukkar
av Hjartegrunn:

hu, her er annvint
i Babylon.

Dei asar og masar,
fær aldri Fred;
hev heile Verdi
aa bala med.

Kann aldri ei Stund
Kvile faa;
hev heile Verdi
aa tenkje paa.

Dei flyg i eit Føykje
rundt og i Ring;
fær ikkje Stundir
til nokon Ting.

For alt dei skal gjera,
smaatt og stort,
dei Sælingar fær ikkje
noko gjort.

Men um dei masar seg
mest ihel,
langt tykkjer dei
like vel.


Og um dei aldri so
stundtròtne fer,
langt er det aat deim
kor som er.

Med alt det dei alljamt
hev um Hende,
dei kann ikkje faa
paa Stundi Ende.

Dei sukkar og geispar
av Hjartegrunn:
hu, her er langsamt
i Babylon!

*

Volva fører
dei Systrar i By;
kvar dei kjem
er den Sorgi ny.

Uglade Menn
gjeng paa Juglar-Bu:
„høyr, Juglar, kann du
hjelpe oss du?

Myntane mange
skal du faa,

kann du ein Time
faa til aa gaa.

Gull skal ikring deg
fløyme,
kann du oss faa
til aa gløyme.“

Juglaren gjer sine
Sving;
det nyttar ingin
Ting.

Han garpar med galne
Ord;
dei berre sìt
og glor.

Han slær sine Bugtir
vrange;
men Stundine vert
so lange.

Dei gjeng paa Spele-
Bu,
vil Lukka freiste
og snu.


Dei spelar um Gull
og Kvende,
men fær kje paa Keidsemdi
Ende.

So lang vert lidande
Stund;
han svid so, den Hugverk
vond.

Som Eld i kvar Led
dei kjenner;
Kort, Terningar, all Ting
brenner.

Ut gjeng dei leide
og valne:
„me freistar dei Kvinnfolk
galne.“

Drivne av Keidsemd-
spreng
paa Kvendemarknad
dei gjeng.

Der vimar Kvende
fine

i same Langsjuke-
Pine.

So møtest i Helvite
skùmt
det tome med meir
tomt.

Fa’ngjevin Mann
flyg laus
etter den fa’ngjevne
Taus.

Ho rømer i Lokkings
Leik;
so gjev ho sin Lokkar
ein Kveik.

Ho Leggir viser
so runde,
dei Graasteinar eggje
kunde.

Han fylgjer, heiltupp
heit;
triv Gjenta, fær
ei Geit.


Han sparkar den Ragge-
Feld;
men Geit-Trolle sprutar
Eld.

Svìdne Sellane
grin:
„me skulde havt Brenne-
vin.“

Arge dei illske-
læt,
og bannar og bitst
og græt.

„Kvi fer til Narr
me so;
d’er all Ting faafengt
no.

Trældom for Helheims
Herre
er fæl; men hans Moro
er værre.“

Jamrande burt
dei driv,
veit ikkje Raad
for sitt Liv.


Veslemøy.

Kven er som talmast i Tòkuby
i denne lange Leidsemd?

Systeri.

D’er dei som søkte i Verdi Moro
og fann den botlause Keidsemd.

Gleda finn den som Arbeid søkjer;
det er den gamle Røynd;
rikaste Skatten i ringaste Skrine
underleg burt er løynd.

Arbeide var deim Trældom;
so vart deim Kvila tom;
no maa dei det æveleg tome røyne;
det bydst ikkje betre Dom.

Veslemøy.

Men desse usæle Kvende
som her i Vanæra gjeng?

Systeri.

Dei sveik sitt største for smaatt som ruvar;
di lid dei den Pinsla streng.


Hardt dei harmast i Helheim
for Syndi den botlaust store,
at dei sitt høgste til Handelskunst
og kaldklok Rekning gjorde.

Sitt høgste dei svikta og Livsens Helg
for smaatt som ruvar og glimar;
di røyner dei no i beiske Sut
dei æveleg tome Timar.

For falske Mammon dei svikta
sin Kjærleik varm og ung;
di maa dei her i Skjemsla gange
og lide den Langsemd tung.