Haugtussa/Svarte-Katekisma

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 148-151).

«Det fyrste Krav, det er?»
— Sjaa ut som dei andre i all di Ferd.

«Det andre au du kann?»
— Banna i Hjarta Gud og Mann.


«Veit du mitt tridje Yrkje?»
— Gakk kvar den Sundag til Kyrkje.

«So nemne du meg det fjorde?»
— Haldt alltid med dei Store.

«Det femte?»
— Spar ikkje den,
som i Vegen for deg stend!

«Det sette?»
— Ver eit Svin,
men utantil blank og fin.

«Det sjuande?»
— Det er Trollmanns-Sæla:
lìva stort av i Løynd aa stela.

«Det ottande?»
Beste Verja,
det er aa ljuge og sverja.


«Det niande?»
— Sløg du vere og snar,
naar Teften du fær av Annanmanns Gard.

«Det tiande Krav?»
— Din Granne svike,
i stort og i smaatt, du alltid maa like.

«Visdomens Grunn, fekk den du fat?»
— Aldri du gløyme det store Hât!

«Kva trur du?»
— Eg trur og i Sanning finn,
at alltid til Slutten det vonde vinn.

«Kvad bed du?»
— At aldri i all si Tid
denne vonde Verdi maa betre bli.

«Nemn meg so det du høgast vil?»
— Eige Verdi og høyre ho til.


«Er denne Viljen din heil og all?»
— Med Blod vil eg skrive meg deg i Vald.

«Og sidan?»
— At denne Pakti kann staa,
vil kvart Aar eg til Alters gaa.

                           *

Trollmanns-Emne legg seg paa Kne;
daa stig eit Glede-Rop
sterkt som Stormsus i gamle Tre
upp fraa den heile Hop.
«Han hev Trui! Han er som me!
Inn i Flokken!»

Fanden Firkloi lyfter,
sver ved den namnlause Store:
«Fraa i Natt hev du Magti mi;
det vere her deg svori!
No eg tek deg for all di Tid
inn i Flokken!»