Haugtussa/Fri

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 219-220).

Um Natti still ved Sengjekraa
Veslemøy ser eit Kvende staa
i lange myrke Klæde.
Hjaa henne ser ho Syster si
fager og ljos og aalvorsblid
med Smil av heilag Glede.
Ho kved so lint eit Kvæde:

«Statt upp, statt upp, du Syster kjær!
No er du løyst til betre Ferd,
Høyr Helgeklokka klingar!
Fraa alle Troll du laus deg vann.
Og i di Sorg deg sjølv du fann.
No upp mot høgre Ringar
di styrkte Hug seg tvingar.

Kom, fylg oss paa din nye Veg,
som upp or Myrkheim fører deg
til Ljos og klaare Dagar!
Den Stig er bratt, den Veg er lang.

Men ingin angrar denne Gang.
Um trøytt du stundom klagar,
til sist seg allting lagar.

Her ser du Visdoms Volve staa.
Ho vil deg gjeva djupt aa sjaa
og store Røynslur herde.
Ho bèr deg gjenom Helheims Gov;
der skal du skimte Livsens Lov
og gjenom Rædsle lære
det Verk, som vert di Ære.»