Hopp til innhold

Haugtussa/Eit Spursmaal

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 130-132).

Og det var Gamlen paa Skare,
so lognt han paa Skraae snur:
«Aa jamenn er de no rare,
som alt dette Trollsnakk trur.

For var her slikt Ugagns Elde
som de vil vìta og sjaa,
og hadde det slikt eit Velde,
so kunde kje Verdi staa.


Det trolla oss Sótt i Bringe,
det trolla oss ned og nord
og kunde med Galder tvinge
til seg den heile Jord.»

Til svara hans snøgge Kòne,
ho var so lett paa sin Munn:
«no maa eg ein Laatt meg laane;
for no lyt eg læ ei Stund.

Stødt er de Mannfolk so kloke.
Og stødt so kjem de i Beit.
Og all Ting fær de i Floke,
med alt det de veit og veit.

Aa nei, du, Trolli maa træle
som Tussar i svarte Jord;
og aldri tarv nokon fæle,
um Flokken vart nok so stor.

Ja var dei mange som Grase
og sterke som Straum i Foss, —
det døyver seg sjølv, Tyrase,
og fær ikkje tenkje paa oss.


Lite dei haar og haattar,
med alt sitt Braak og sitt Rop.
Dei er nokre Faamings Fjottar:
dei kann ikkje halde ihop!»