Hopp til innhold

Han Tjuv-Tjøstol og han Tjuv-Nils

Fra Wikikilden
Han Tjuv-Tjøstol og han Tjuv-Nils.

Øvst uppi Ottdale upp-ve Lalmsbrue, ris de te-ve’rs ein høg Fjell-Tinn som kallas Ottdals-Hovda, hell Hovdas-Piggen. Ne-onde Piggje er de ei litol smal Remse me Jord ut-ve Elv-Fare og her ligg de ein Gard heite Nørdre Kleive. Ogo-for Gard’n er de bratte Rese skogvukse like inn-onde Piggen og store, gamle Klurfuru ha klønt se fast paa Seta og Lega, mesta uppaa Toppen. Midt ette Piggje, fraa Fote og uppaa høgste Toppen gaar de ei djup Klovo[1] upp-ette, mest som ein djup Dal, me naagaa Bjørke-Snere paa ei Si’e og nakne, slette Berge paa hine. Denne Klovo i Hovdas-Piggje kallas „Klove“[2] og Ein, som ikje er slik han øre[3] i Hugue, kan saavidt gaa upp Klove og kaamaa inn-paa Toppen. Øvst uppi Klove paa vinstre Sia, er de ei Gropo i Berg-Veggje, mest som ein Skut som er saapas stor, at de kan eige Rum nogre Menneskjo. No er de Oraa’ kaamaa ne-i Gropo for-utta Reip, men firi Skri’u-om i 1789 gjekk de radt forr se, aa sleppe se ne-i ette ei Bjørk, som sto fram-me og ette henna kom ein upp att, ou. Va ein fyst go-te kaamaa ne-i Gropo, va ein i Livd baade for Regn og Ove’r. Ho kallas Tjøstol-Hole og de er um kaarles ho ha faatt de Namne, de, som her ette-kjøm, ska fortelja.

I di Ti’om Heidals-Kjørkja vart bygd og mea’ han Hans Toulsta va Le’smann, va de tvo Brør i Bygden som va saa aagaalouse te aa stela, at døm va te den verste Bygda-Plaage. Kaar døm aatte heime i Bygden ha Folk gløymt burt, men de ha vore gjete paa Nord-Sell og døm ha Skjyld-Folk i Nørdre-Kleiven. Les’mann og Fout og Bygdafolke sjøl gjorde kaa døm kunna, for aa fakle dessa tvo og faa døm i Bolt og Jønn, men døm va baade saa vare og saa vørdes-louse, naar de galdt paa, at de va ikje Bugt aa faa me døm. Og Folk la se kaar Kvell me Otte for aa misse ’taa sine. Um Daagaane heldt desse Stor-Tjuvann te i Skog og Maark men um Neet’n va døm framme i Gardom der, døm minst va venta, og stal Mat og Klæde og kaa døm fann, i donge-vis. Ja de va ikje berre de i-kome[4], at døm stal Etande og Slitande, hell – paa Nord-Sell ha døm etla se te aa stole ei Jente, tessmeir. De va han Nils, som ha faatt Ouga paa Jenta og tykte, ho va saa vakker, at ho lout bli hans, og saa ha han sport ut, at Ongdommen skulde haa Dans uppi Rosten, ein Kvell. Der visste han Von te, at Jenta kom og saa raa’-la han me Bror sine, at døm skulde gaa aat Danse i Skugg og Skjyle og faa Tak i Jentun og struke me henne. Og um Kvell’n da Springleiken gjekk som best og ingen ha nugun Otte paa se, sto dessa tvo ute og gjynte gjønom Glase og gjætte ette Tak. Men da de drygdes før Fellna’n[5] bou se, vilde han Nils renne inn aa taakaa Jenta, lell – han steig allt te aat Dørahellun, men da greip han Tjøstol i Klædann hans og rykte han att-ende. Antell han no tykte de va eit forr-stort Vaag-Spel, hell han ikje unnte Brore Jenta, de vart no ikje meire ’taa di.

Ein a’an Gong laag døm ut-paa Bakke-Broon i Skaarsbrekkun og saag ut-ivi Lalms-Grennde; de va um Eftan og te Natten ha døm etla se te, aa stela paa ein ’taa Gardom. „Oss held oss dit, de er kvitaste Peis-Pipunn,“ sa den eine, og um Natte brout døm se inn paa ei Høgstugu paa Toulsta og stal Sylv i eit Skaap. Men ette di Ogjerd’n tordes døm ikje helde Lag lenger, for no, døm ha stole paa Le’smanns-Garde, va døm redde døm skulde bli enno hardare ette-sett. Kaar han Nils gjorde ’taa se, er ikje spord, men han Tjøstol rymde av uppi Tjøstol-Hole i Hovdas-Piggje og sia ha Hole bore Namn ette ’om. Der heldt han se ein heil Saamaar og i Nørdre Kleiven beinka døm ’om me Mat og Drikke, naar de trongdes. Inna-paa Hovdas-Piggje ligg de ein liten Sæterstul, som kallas Hovdas-Sætrinn og dit-upp va de ikje mange Føte[6] for ’om Tjøstol. Og da han baade va ong og va ein vakker Kar att-aat, fekk han godt Stell paa Budeiom saa de kom te aa vanke baade Mjolk og Rumme og de, som godt va, aat ’om Tjøstol um Saamaar’n. Han Tjuv-Tjøstol va Skreddar og for aa haa naagaa trøyte Ti’e me, ha han forr se Skreddar-Arbei’ uppi Hole sine og Kjeringje i Kleiven hjelpte ’om me di. Bygdafolke fekk snart sjaa, kaar Kar’n heldt se, for han va ikje skvettin ’taa aa haa Varme uppe, rett som de va, og da saag døm Røyken uppi Hovdas-Piggje. Men aa taakaa han der, va ikje aa tenkje paa, for døm visste ’taa, at han ha lødd Børse liggjande ferdog, um naagaa skulde kaamaa paa. No fekk Folk ein Tymt um, at han va paa Hovdas-Sætrom sume Ti’e, og de samla se nogre, som freista paa aa gjæte han upp; men han va forr-sløg te gaa i Fella. Han vart no likevæl lei aa vera i Tjøstol-Hole og tok te Rymmings um ei Ti’.

Fraa Hovdas-Piggje rymde han te Høgfjells og mura se ei Steinhytte i Grinningsdals-Kampe, midt for Grinningsdals-Sætrom. Da lei’ de saa langt paa Housten, at Folk va heim-fløtte ’taa Sætrom; men i alle Sætre brukte døm den Ti’e paa, aa setja att naagaa Mat, paa ei Von um de kunde kaamaa Folk faaraande langvegjes, som ha gaatt se vill i Skodde og Uve’r og kunde nø’ast te, aa brote se inn for aa berge Liv. Detta ha vorte te ei Kaar-Manns Pligt og de va helde for ei Ogjerd aa reinske Sæterstugo nærar, naar Folk gjorde Bufaare, hell de sto att tri gjilde Mat-Maal. Og ofte kunde de staa att Mat ’taa alle Slag, som døm etla se te aa øyde, naar døm kom att paa Vinter-Lego[7] me Krytyrom. Saales va de ikje vandt um nokk aa leva ’taa for ’om Tjøstol uppi Hyttun hans. Han brout se inn i Grinningsdals-Sætrom, i Stutt-Gongen[8] og i Nysætrom og han va radt sø-i Kvikne- og Skaabu-Sætrom og raadde se te Mat og kaa Anna, han trongde. Og att-aat skout han Rupe og Hara[9], saa han livde som ein Gauve. Men lengje vaaraa ikje detta, førr de spordes heim-i Bygde, at de ha vorte stole i Sætrom paa Langmaarken og nugun ha faatt visst ’taa, at no ha han Tjuv-Tjøstol bygt aat se i Grinningsdals-Kampe. Og trast tok sjoug Kare ivegen og vilde freiste fakle han, eingong, og døm fekk enda me se ein Halvbror hans, for at han snart kunde faa han Tjøstol te aa gjeva se me Godt og Go’o. Da døm kom uppi Grinningsdal’n, va de snøggt gjort aa finne Hytta hans og da døm kom saa nære, saag døm, at de va Glas-Hol paa eine Veggje og ei Luke i Dør’n; fram-me Dør’n hekk de tvæ blo’ote Rupo. Detta va ikje naagaa godt Merkje og døm tordes ikje gaa paa hell kaamaa midt for Dør hell Glas-Hol. Men Halvbror hans vilde vaage se inn han; di andre raadde han fraa og sa, de va ikje aa lite paa. „Aa oss ha vore saa go Venne stødt eg og han Tjøstol, Bror, at han skjyt ikje meg,“ sa han og gjekk fram-te mot Dør’n. Da han ha gaatt nogre Føt small de, og Guten datt dou ne-paa Fjelle. No tordes ikje di andre gjera meir ’taa di og saales saa greidde han Tjøstol se, denne Gongen, ou.

Men han tykte no de va vissast for se aa fløtja Rum og dime sette han ivi Valdersflye og kom burti Valders. Der fekk han Skreddar-Arbei’ hjaa Le’smanne i Oustre Slidre og va der paa Garde i mange Viku. Han va go Skreddar og heldt se baade sømle og snodig, saa Le’smann likte han væl.

Nei, saa va de ein Dag Le’smann fekk eit Brev; han brout de og gjekk att-og-fram paa Golve og las de i Stugun, der han Tjøstol sat paa Borde og arbeidde. De saag ut te, at Le’smann vart hand-fallin paa de, som i Breve sto, og rett som de va kasta han eit kvast Ouga paa han Tjøstol, imillom. Detta saag han Tjøstol og førr Le’smann ha fare Breve igjønom foor han Tjøstol ut igjønom Glase, saa Rutunn singla. Og Le’smann sto att der som Turu sleikt me Breve i Haann, for no, da han Tjøstol ha faatt Verde og Vidde for se att, va han nok ikje grei aa taakaa att.

Kaar han Tjøstol no lennda for de fyste er okjenndt, men te Slutt skulde han kaamaa ne-i Fjordann; der stal han og rana paa saamaa Visen og att-paa han ha me Voll og Magt tikji eit Kvinnfolk, han ha me se. Saa va de ein Dag, han ha stole ein Baat og rodt døm ivi ein Fjord og sett se ut-ve Stronnde aa kvile i Sol-Skjene. Best de va rann Sømn paa han Tjøstol og i saamaa Stonn skout Jenta Baaten ut og sette paa Fjord’n. Han Tjøstol sette ette og fekk att-i Baat-Barde me eine Haann, men Jenta slo han me ei Aar, te han lout sleppe Tak og me di bleiv han Tjuv-Tjøstol.

For Hal’thondre Aar sia va de tvo Kare uppi Hovdas-Piggje som sleppte se ne-i Tjøstol-Hole, og der fann døm baade ein Naal-Pong og ein Gaataa-Pinne[10] ette ’om Tjøstol. Han Nils, Bror hans Tjøstol, vart te-sist tikjin og dømt te aa hengjast. De vart reist ein Galgje i Rosten og her vart han hengd. Trast ette, mea’ han Nils enno hekk i Galga, foor Gjyll-Løva gjønom Dalen og skulde ivi Dovrfjelle. Da han foor ve Galgjin sa han: „Døkk bruka de likeeins her, som a’an Sta’ann: hengje di smaae Tjuvann og let di store gaa.“

Merkna. De meste ’taa di, som her er fortald um han Tjuv-Tjøstol er slikt som de ha henda, berre eitt og anna smaatt er burtgløymt og lite att-aat lagt. Men allt um han Nils, Bror hans, er antell heilt upp-dikta, hell kanhende gjort paa eit anna Stelle, men ’taa di saamaa Hende, for Orde um han Tjøstol ha fare vidt. I Skaabu heitte han Tjøstol Lasse-Kampe og der gaar Orde, at han va ein bra og skjikkele Gut, som kom te aa rymme fraa Kongens Tenesten.

Ette Retts-Bøkom for Aare 1751, 52 og 53 er Livs-Soga hans Tjøstol slik

Han Tjøstol Eilevson er fødd 1729; Foreldre hans heitte Eilev Kristensson og Beret Tostinsdotter og va Leiglennings-Folk i Nørdre Kleiven. Mor hans ha eit leitt Ord paa se og ho ha sute paa Tugthuse for ho ha dølt me ein Tjuv. Atten Aar gomol let han Tjøstol se kverve i 1747 og sto Gardison paa Vinger-Skandse. Fyst paa Saamaare i 1750 ha han stole naagaa fraa Lutnan’e sine og saa rymde han hit i Bygde att, men vart att-tikji paa ei Vaagaa-Sæter, kaa de va for ei Sæter, er ikje ’taa-sagt. Ein lyt helst tenkje paa Hovdas-Sætrin, for der ha Nørder-Kleive Sæter. Ein Sylater skulde følgje ’om Tjølstol att-ende aat Vinger, men da døm kom saa langt som aat Elvrom, saag han Tjøstol se Tak te aa rymme fraa ’om og no foor han radt heim att og heldt se uppi Hovdas-Piggje te um Housten. Da de vart kaldt um Neet’n reiste han ne-i Romsdal’n og var i Arbei’ paa ein Gard heile Vinter’n og Vaar’n, te Vaaronne va gjord. Førr han rymde ne-i Romsdal’n ha ein yngre Bror hans, Kristen heitte han, kjøpt eit Pass hjaa ein Tenestgut i Veggjem som heitte Sjugur Jehansson, og me di Namne kalla han se baade i Romsdale og andre Stelle, han va. Ette Vaaronne i 1751 bar de te aa bli Sporna ette ein Gjevaarning[11] som va rymd, og da tordes ikje han Tjøstol vera lenger i Romsdale, han tok Vegen heim att og heldt se i 8 Viku uppi Tjøstol-Hole att. Denne Gongen va han elles ikje saa var um se, og fleire ’taa Grannom aat Foreldrom hans saag han nogre Gongo i Kleiven, raaka han i Skogje og uppi Fjelle. Folk visste saales um, at han Tjøstol va i Grend’n men døm gjorde ikje naagaa for aa fakle han og hell-ikje er de likt te, at han gjorde naagaa Gale. Paa Houst-Lei’e er han saa tikji paa Vidde att, kaar de no va; Far hans fortalde ein Mann paa Lalm i godt Trumaal[12], at han fylgde ’om Tjøstol paa Lærdalsøyre og der steig han paa ei Jægt som segla aat Bern. Sjøl fortalde han, at han va i Arbei’ i Valders hjaa ein Mann heitte Iva Asgrimson Oppdal, dette er helst de rette. Men her kom de ou Ette-Ly’ing ette di rymde Gjevaarningje og difor tok han ivi Fjelle att sist i Skuronn, da va de han bygde Hytta i Grinningsdals-Kampe.

Denne Hytta mura han ’taa Stein; Tak-Aase, Tro’[13] og Næver tok han i Grinningsdals-Sætrom og den Amboe, han trongde, Økse og Grev, Høvl og Sag, Gryto og Fat, fann han Nøgde ’taa, somt i Grasviken og somt i Grinningsdals-Sætrom. I Grasviken tok han Mjøl, Brø’, 212 Skjør-Ost[14], Kjøt og Flesk og naagaa Fisk i ei Bytte; i Grinningsdale tok han 2 Ryo og 1 Aaklæ’ og da Skone hans va sol-slitne, tok han einn Sela i Kvarbergs-Sæter’n og einn i Helle-Sæter’n, skar døm sonn og lappa Skone sine me. Saa brout han se inn-i Valbjørs-Noustre, drog ut Baaten og tok Gaan og fiska me paa Vatne; i Svea-Sæter’n, i Stuttgongen, tok han 1 Rifle me Krut og Kulo, Fisk, Kjøt og Flesk og ei Steikje-Hanne. Da han fekk Hytta ferdog, vanta de Glas og saa gjekk han sø-i Nysætrinn, skout sonn Laase paa Sels-Dørn i Haggro-Sæter’n og tok utu eit Glas me 6 Ruto i.

Vitne i Straff-Saken hans Tjøstol fortel saales. Paa-Lag Otte-Daagaa firi Helgumess[15] spordes de heim-i Bygde, at de va stole paa Sætrom. 8 Kare tok da te-fjells og skulde freiste faa gripi Tjuven. Fraa Stuttgongen ha døm Ferde[16] ette ’om like uppi Hytta hans, og da døm fekk sjaa ho, gjekk døm og taalaas ve, kaales døm skulde bera se aat. Døm tordes ikje helde se midt for Glase hell for Dørn, men døm gjekk innaat Hyttun fraa bakan-te og ein ’taa døm gjekk enda uppaa Take. Best de va smell de inne og ein ’taa Karom, han Jo Dovre, stupte dou, saa han ikje røyvde ein Le’ meir, han berre opna Ougo tvo Gongo. Skote køm gjønom Glase og han Jo ha kome te gaatt saa langt fraa Hyttun, at han Tjøstol fekk han berr. Alle sjoug som att va, tok Sprange og tordes ikje gaa paa han ette desse, men tok te-bygda me di saamaa og let han Jo Dovre liggje att. Dette va ein Tyrsdag, Lourda’n sette 10 Kare me 4 Heste te-fjells att – da va han Tjøstol strokje sin Veg, men han Jo Dovre laag paa saamaa Flekkje. No foor døm over Hytta hans; ho va ein Famn paa kaar Vegg me ein liten Skaarstein i eine Ro’n og ei Seng paa ein ’taa Veggjom. I ei Mat-Bu han ha mura upp for se sjøl, fann døm att 1 Tynne Mjøl, 112 Vog Flatbrø’, Kjøt og Flesk, Fisk, Smør og Ost.

For Rette sto han Tjøstol te alle sine Miss-Gjerde, men han sa, at han angra paa, han kom te aa skjote han Jo Dovre. Da Karann va reiste sin Veg fraa Hyttun hans, sette han burt-ivi Fjelle og sta’na ikje førr han kom aat Lærdal og han va tri Neet paa Vegje, førr han naadde Maristugun paa Filefjell. I Lærdal vart han i tri Viku hjaa ein Post-Bonde, Jon Herager, da kom Le’smann, han Ola Kvamme, me fem-seks Kare og tok han.

Han Tjuv-Tjøstol vart dømt te aa misse Live og vart retta i 1755; Far hans, som ha dølt me ’om og den Tenestguten, som

selde om Passe sitt, fekk Festnings-Arbei’ i 2 Aar og Mor hans og ein yngre Bror kom paa Tugthuse.

  1. Klovo: Revo, Gjel.
  2. Eit Klov: Kløyv, Kluft.
  3. aa øre: svimre.
  4. ikje berre de i-kome: va ikje Slutt me di.
  5. Fellna’n, Fellna, her: Høve, godt Tak.
  6. Føte, ’taa Føt: Steg.
  7. Vinter-Lego: Den Bolken døm laag i Sæter’n og ga upp Fore um Vinter’n, jemnast fraa i November te ut i Februar.
  8. Stuttgongje er tvo Sætre paa Bak-Siun aat Sjø’n midt for Hinnsætrom.
  9. Hara, utt. Hæra.
  10. Gaataa-Pinne: Jønnpinne, som Skreddaran stakk Hol paa Tye me naar døm sette i Knappe i Klæ’e.
  11. Gjevaarning: „gevorben“, leigd, kverva Sylater.
  12. godt Trumaal: „i fuld Fortrolighed“.
  13. Tro’: Tak-Fjølinn som Nævre og Torve ligg paa.
  14. Skjør-Ost: Gomol-Ost, som enno ikje er gjord nokk.
  15. Hilgumess: „Alle-Helgen“.
  16. Ferde, ’taa Ferd: Slag, Spaar, „Spor“.