Han Per og ho Bergit/4

Fra Wikikilden
P. Omtvedts Forlag (s. 30-41).

Vettren var liden, og Vaar laag i Lufti. Isen var gjengen or Fjorden, og Snjoen av Marki. Brumet spratt upp i Lidom, so det var Hugnad at sjaa, og Soli smaug seg so varm og mjuk inn millom Greinom og skulde helsa paa gamle Kjenningar. Vinden strauk lengtande burtyver Sjoen og saag etter Fuglarne, um dei inkje kom snart; for upp i Skogen var alt lagat Hus til deim. Der var stelt og flitt til at taka imot Sumarsgjesterne, Vinden hadde sjølv voret Sopemeister; han hadde boret Rusk og Tros langt ut paa Sjoen, so det kunde sigla til Havs. Trei hadde tveget seg paa Roti med Snjovatn og i Kruna med Regn, so dei stod skinande og glimande, og Vinden hadde turkat deim attpaa. Sjølv foor han ikring og kviskrad og log, strauk upp imillom Greiner og Kvister og fortalde slike Reglor og Rispor, at dei alle opnad Munnen sin og skratlog. „No sprett det lystigt i Lidom,“ sagde Folk, som gjekk paa Bygdarvegen. Og so kom Fuglarne ein etter ein. Steindolpen og Sysvorta og Buskskvetten og Gauken, og snart vart heile Skogen ein einaste Song. Og so kom ogso andre Fuglar reikande, men av eit større Slag, for det var Engelskmennerne, maa vita. Aat deim var ogso lagat Hus, stelt og flitt, og Arne Bjørnstad hadde endaa sett nytt Glas i Vinoaugat i andre Høgdi, for no skulde han og taka imot ein slik stor Fugl, som heitte Mr. Smith.

Mr. Smith var vel kjend i Bygdi. Han hadde voret der ein Gong fyrr, og Folk hadde likat honom vel. Han kunde røda same Maalet som Bygdarfolket rødde; berre ein og annan Gong, naar han vart vreid, elder naar han skulde vera snøgg, byrjad han ralla paa slikt eit snodigt Maal, at ingen kunde skyna honom. Denne Fuglen, som Arne tok imot, var striputt heilt igjenom, striputt Kjole og striputt Vest, striputt Brok og striputte Sokkar. Broki gjekk inkje lenger ned enn til Knei men laag der i ein stor Ball, og Skoerne var snorde til Foten og jarnslegne under, so det dunde, naar Smith’en gjekk gjenom Stova. Men det snaalaste Plagget var daa Hatten lel. Han var rund og graa af Lit, men so var det klistrat elder saumat, ataat, rundt ikring Korkmolar og Hekte og myket annat slikt. Dei skulde han bruka, naar han var ute paa Fiske, for daa stod heile Hatten full av Krokar. Han kunde daa triva ein og røyra honom, naar han sjølv vilde. Folk smaalog seg imillom, naar dei saag Smith’en koma reikande i heile Stasen sin: „han er nog inkje rett i Hovudet,“ sagde dei, „men snild er han lel Stakkar.“ Mr. Smith let deim røda, han stod med Hatten sin han og Troda i Hondi midt ute i Elvi og fiskad. Stundom foor han og kleiv verre enn Gjeiti upp dei brattaste Stup og høgaste Fjell, som inkje Mannafot hadde voret paa fyrr. „Eg heve voret der,“ sagde Smith og skreiv i Boki si. Stundom hadde ogso Folk møttest med honom annanstad, og det paa Bjørnstadsætri hjaa Bergit. Det vart nog ogso funnet dei, som sagde, at det snaudt nog kunde vera fyre inkjevetta, at Smith hadde teket inn til honom Arne denne Gongen. Per kunde slett inkje lika honom. „Eg kann inkje skyna, kvat den Stripefanten vil her. Pengar heve han som Gras.“ Og so hadde han nog høyrt gjetet ein slik burt i Grendi, som hadde gift seg med ei Bondegjenta. Var det no enn so, at Engelskmannen stundom vitjad henne Bergit, var han inkje den einaste. Ein fin Dag hadde ogso Klokkar Nils Torgerson lettat paa seg og hadde gjenget stilt uppetter. Han vilde no inkje sleppa Taket lel, — og kunde han enn inkje syna seg fyre Arne, var det inkje nokot ilt at halda Vinskap med Gjenta sjølv. Og Nils gjekk der ein, og han gjekk der tvo og tri Gonger men stendigt so stilt, at ingen skulde vita nokot um det.

So var det ein fin Sumarsdag, at Mr. Smith stod i Døri paa Bjørnstadgarden og ventad paa Arne. Han hadde heile Stasen sin paa i Dag, ein striputt Halsklut attp aa og dei tjukkaste Skoerne sine. Snart saag han paa Skoerne og snart paa Himmelen og so inn i Stova til Arne um han inkje kom snart. Men Arne gav seg god Tid. Kari klinte Lefsor; nokra fekk han til Smakabit, nokra lagde ho ned i Skreppa, for Arne var inkje den Mannen, som vilde fara matlaus paa slik Gapaferd, som idag. Idag skulde Smith upp paa den høgaste Nuten i heile Bygdi, som var so bratt at korkje Gjeit elder Mannafot kunde festa seg. Men Smith’en laut no freista lel, han, og so hadde han gnolet so lenge, at Arne vart kjeid og leid av all denne Suti og hadde sidstpaa lovat at fylgja. „Eg kjem no vel inkje heim fyrr seint i Kveld,“ var dei sidste Ordi, Arne sagde i Døri. So bar det avstad. Engelskmannen var i Godlaget sitt idag. Han slengde Yverplagget paa Ryggen, blistrad ei kaat Visa og kastad eit og annat Ord burt aat Arne, som drog seg baketter med Skreppa paa Ryggen. „A very fine morning, — ah? myket fin Morgon Mr. Arne?“ „Aa jau! det vert no Stridregn, fyrr me koma heim i Kveld,“ murrad Arne. „Stridregn? inkje Stridregn! I have Plaid“[1], og dermed breidde Engelskmannen Kasteplagget sit ut og let det hanga laust yver Akslerna.

Heima paa Bjørnstad gjekk det snodigt til den Dagen. Bergit var komi ned fraa Sætri tidlegt med nokre Kjerald, som skulde lagast til, og ho laut upp atter um Kvelden; men daa ho høyrde, at Far hennar inkje kom heim den Dagen, so vart ho verande, for Kari hadde nog stelt det slik, at han Per kunde faa Snøggærend til Bjørnstad, naar det leid ut paa Dagen. Og Per let inkje lenge venta vaa seg. Han kom, og myket vart daa baade kviskrat og lagt ihop deim imillom. Bergit sagde tilslut, at fekk ho inkje han Per, kunde det vera det same med baade Klokkar og Engelskmann, ho vilde inkje hava nokon slik Villtydsk. Per log og tykte, det var ovlega godt sagt av henne Bergit. So hadde det teket til at skymra. Bergit maatte stad, men Per vilde fylgja. Best som dei stod og svallad um detta, kom ein Mann andsloppen springande nedetter Bakken. Per var snøgg nog til at smetta ut med det same, for det var Arne sjølv. Huva var foki av Hovudet hans, Henderna blodutte, Broki og Trøya full av Jord og Leir. „Korleides heve du boret deg aat?“ sagde Kari, daa Arne slengde seg ned paa ein Krakk og vart sitjande der og skaut Pusten, „og kvar er Felagen din?“ „Aa! han sitt nog uppe i Skardet her norpaa og kann korkje koma att elder fram.“ „Kvat Slag? heve du vunnet Fjellet?“ „Var det likt seg daa; du kann vel skyna det, at Mannafot inkje gjeng betre enn Gjeitafot; men slike Folk er det inkje Vit i sume Tider. Me laut snu paa Halvvegen; men inkje skal eg reika paa lik Ferd tidare, det skal vera vist.“ Og dermed treiv han ei Skaal med Mysa og gav seg til at drikka. „Korleides kom du nedetter daa?“ spurde Kari og strauk Trøya hans. „Aa, ein av oss laut freista, og so vart det eg: eg let skura beint ned, eg trudde mest inkje, eg hadde vunnet fram. Men kvar er Olav Nordistova? er Gunnar heima? ein maa sjaa til at faa hin Stakkaren ned atter, han kann verta reint helselaus skal han liggja paa Fjellet i Nott, det heve alt byrjat smaarigna.“ „Nei Gud betre oss!“ ropad Bergit og slo Henderna ihop, „det vilde vera stor Synd, um han skulde koma til nokot; eg lyt springa eg, og sjaa etter Folket.“ Og dermed sette ho stad utyver Jordet og inn paa Plassen, der Gunnar budde. Gunnar var Husmannen hans Arne. Det var nett so myket, han var komen heim fraa Arbeidet sitt. Trøytt var han, hadde difyre slengt seg paa Sengi og var nær paa at sovna. „Er Gunnar heima?“ spurde Bergit og stakk Hovudet inn gjenom Døri. „Aa jau, han ligg nog inne i Koven.“ Bergit inn i Koven. „Gunnar, Gunnar!“ kviskrad ho og rustad litet vetta i honom. „Ja!“ svarad Gunnar, valt yver paa hi Sida og reiv seg i Augom. „Du fær nog hava deg upp som snøggaste.“ „Kvat er no tids?“ „Aa jau, han, Engelskmannen, heve tullat seg veg og kann inkje koma seg heim atter.“ „Kvar daa?“ „Aa han sit øvst i Skardet her nordpaa.“ „I Skardet? og du vil, eg skal ganga etter honom der?“ „Ja nett der.“ „Du er daa inkje gali, Vækja, eg skulde halda paa ein annan, der eg snaudt kann halda paa sjølve meg.“ „Du kjem inkje at gjera det fyre inkje maa tru, han heve Pengar den Guten.“ „Inkje vilde eg ganga, um dei baud meg tjugo Dalar i Hondi, trøytt som eg er.“ „Eg visste inkje du var rædd Gunnar!“ „Rædd? du heve vel inkje Hug til at brjota av deg baade Armar og Bein du helder, veit eg.“ „Men Gunnar daa!“ „Inkje um du var Syster mi,“ og dermed snudde Gunnar seg paa hi Sida og raut. „Gunnar — kann du høyra,“ og Bergit ruskad i honom. Gunnar svarad inkje, røyvde seg inkje, berre sette i med ei høgare Rjoting. „Nei Herregud! kvat skal eg gjera,“ sagde Bergit og var reint utor det, „eg lyt upp til Olav Nordistova.“ Og Bergit paa Spranget atter. Olav sat med Nottverden sin, daa det dunkad paa Hurdi, og inn smatt Bergit, raud i Andletet sitt og reint andsloppi. Og ho var inkje snarare komi inn, fyrr ho byrjad leggja ut. Olav bisnad paa henne og byrjad snu Skeidi i Grauten, og daa han hadde snutt hende fjorde Gongen tagnad Bergit. Daa tok Olav til at eta atter. „Men Olav, naar eg no bed deg so fint,“ sagde Bergit og treiv honom i Armen. „Inkje um du var Drotningi sjølv, vilde eg gjera det.“ Det var inkje fritt, at Bergit snipte ein Graat og stundimillom heldt Fyrklædet fyre Augom, der ho sprang heimetter, og daa ho kom i Stova, hadde ho Graatmaal. „No?“ sagde Arne seinlega, daa det gjekk i Døri. „Eg hever inkje set slike Folk,“ sagde Bergit, „eg var inkje god til at faa nokon at ganga, endaa eg sagde baade det eine og det andre; dei vart reint som hugstolne, daa eg nemnde Skardet.“ „Eg veit inkje rettare, enn att du fær freista ein Gong til eg Arne,“ sagde Kari og saag upp aa honom. „Eg? du trur daa vel inkje, at eg kann orka slikt attpaa alt hitt Strævet, men er det inkje fleir Folk i Grendi?“ „Det skulde vera“ — sagde Kari og drog paa det. „Eg saag han Preste-Per nede paa Vegen istad,“ sagde Bergit laagt, og vart raudt i det same. „Nei — sjaa etter du Bergit, du lyt faa Tak i honom paa eikor Vis, men han maa skunda seg, ellest vert det for myrkt.“ Han Per hadde smitet seg veg bak Fjoset, og der stod han eit Bil, for han var forviten etter at høyra, kvat det hadde paa seg alt detta Staaket. Men daa han tykte, det drygde for lenge, drog han seg seint heimetter, slo eine Foten i Kross yver den hin og saag seg bak alt i eit. Best som det var, høyrde han eit ropa attanfyre: „Per! Per?“ Han snudde seg. Det var Bergit. „No? kjem du etter meg? kvat skulde det tyda alt detta du?“ „Du skal faa høyra det alt ihop ein annan Gong, men no maa du fylgja strakst.“ „Skal eg?“ „Jau, ser du, han Snaalingen, Engelskmannen, heve gjenget seg fast i Skardet, og no fær du hjelpa honom ned atter.“ „Han Stripafanten? - det er daa vel inkje Aalvoret ditt Bergit, — du veit.“ „Han er daa ei Menneskja han liksovel som me andre,“ tok Bergit frami, „og kom han til ei Ulukka, — ja eg vilde aldri gløyma det, og det kom at liggja som ei Tyngsla paa deg og Per.“ „Eg meiner, du heve Rett eg Bergit,“ sagde Per, og tok seg att um Øyrat. „Det vilde no vera Synd, um han kom seg til Skades.“ — „Synd? — ja stor Synd og.“ „Og det er no inkje so greidt med framandt Folk, ser du. At sitja der Notti yver, kaldt og ufyset, som det er.“ „Du segjer sant, — ned skal han strakst, um det so var Nils Torgerson sjølv so — —“ „Ja vaaga deg inkje for myket Per, du veit, Skardet er faarlegt“ „Det skal nog laga seg, du tarv inkje ottast fyre det inkje.“ „Ja agta deg, agta deg Per, eg veit, du er ein Villstyring sume Tider og tenk um, — nei slikt eit Saar kunde inkje gro att heile Livet igjenom.“ „Um det no hende det verste, so veit du det, at eg berre hever gjort mi Skylda, og so“ lagde han aalvorsleg til og slo Armen kring Midja hennar, „veit du no og, at der er ein, som heiter Vaarherre, og den Mannen slepper inkje deim, som inkje slepper seg sjølv. Det er no han, som fær halda paa oss tvau Bergit, skal me nokortid koma ihop. Men eg fær nog skunda meg, um det inkje skal verta for seint.“ „Ja Reip er heima paa Garden.“ Bergit var inkje sein, og Per var inkje sein, og ei Stund etter var baade Arne og Per paa Vegen uppimot Skardet, for Arne maatte gjeva nokor Rettleiding fyrst. Det store mjuke Reipet, som Per hadde teket med, batt han um Midja, so han kunde vera dess snøggare til at smjuga. Skardet var inkje meir enn ein halv Fjordung fraa Bjørnstadgarden. Der igjenom var skjotaste Vegen upp til Høgfjellet, men sakta so ful, at Ingen plagad ganga honom, for Skardet var fullt av Smaastein, laus Jord og Stup, og ein liten Foss fossad paa den eine Sida, so byrjad ein fyrst gletta, var det ei Guds Lukka, um ein inkje stupte beint ut i Fossen. Per hadde alt byrjat kliva upp gjenom Skardet, Arne stod og saag paa. Og det var nog verdt at sjaa honom Per kliva Fjellet. Han sprang so lett som ei Gjeit fraa Stein til Stein, yver Stup og Bergknattar, han hekk som ei Fluga upp til Fjellsidorna, klemde Knei tett inn mot Steinen, tok so Tak med Armom, sveiv i Lufti, medan han hov seg upp, men gjorde so eit Snøggkast med eine Foten, og uppfyre Knatten var han. Han kraup og han smaug, halvande seg i Kjørr og Stein, snart stod han rak og saag seg um etter nytt Fotafeste, snart bøygde han seg ikring som ei Vidja, men fram gjekk han, høgare og høgare, og vesle Huva daskad um Øyro fyre kvart Stig. Arne stod nedanfyre og saag: „det var Troll til Gut til at ganga i Fjell,“ sagde han og stirte etter Per, han saag ut som ein stor, svart Prikk langt uppe. Men no vart han burte i det same; Arne berre høyrde eit Steinrap, som dunde og rullad nedyver. Det skaut Skjelk i Bringa hans. Men sjaa der kom Per atter fram; han hadde inkje viljat vera med den Gongen, um han enn hadde teket til at gletta. „Detta var tungt Arbeid,“ sagde Per, sette seg paa ein Stein og turkad Skallen sin. „Han kann vel inkje vera so langt herifraa no,“ tenkte han, reiste seg og saag ikring, men han kunde inkje skilja nokot. „Holloi!“ skreik han, so det durad i Fjelsidorna; men Fossen durad endaa sterkare, skummad og fossad nedetter. „Berre han inkje er stupt utfyre,“ og Per tok reint Fæla. Han gjekk endaa nokre Stig og saag seg ikring alt i eit. Han haukad ein Gong til so kvast, han kunde, og — var det inkje liksom nokot striputt kravlad der burt paa Steinen. Per var inkje sein, han foor upp. Der laag Mr. Smith ballad in i Kasteplagget sitt, og var nær paa at sovna. Klokka si hadde han dreget upp og stelt alt til fyre Notti. Den eine Armen hadde han krøkt kringum ein Seljerunn, til at liggja dess stødare, den andre laag uppunder Hovudet. Daa han høyrde nokot tusla attmed seg, trullad han um paa hi Sida og glande paa Per. So var det nett, som han hugsad seg litetvetta. Han sette Hatten ende tilvedrs, reiv seg i Augom og sagde med det mjukaste Maalet sitt: „how are you Mr. Per? can you help me down?“[2] Per visste infje, kvat han skulde tenkja, slik snodig Kar hadde han inkje voret i Kast med fyrr; men han kunde paa Handlaget sjaa, kvat det var, Smith’en meinte. „Eg lyt freista,“ sagde han og snudde Reipet av seg. „Skal du binde meg? — very well!“[3] og Mr. Smith rettleide paa Plagget sit og strauk det, at det inkje skulde ballast for myket ihop. „Eg lyt nog binda deg, um du inkje skal stupa,“ sagde Per, og tok Reipet, slengde det um Midja, paa Engelskmannen, og tullad det tvo, tri Gonger rundt og vreidt det so fast, han kunde magta. Mr. Smith stod so tolug som eit Lamb, let Per stella med seg, som ha sjølv vilde og saag paa Utsynet: „a splendid view! — — ah — — you are ready? — am I to go on?“[4] „Lat skura,“ svarad Per, og so sette Engelskmannen seg paa Huk, studde seg med Hondom og let siga nedetter, so Jord og Smaastein rapad kring honom, medan Per hadde fenget seg eit godt Fotafeste, lagt seg aa Bak og stridde imot alt det, han vann. Hadde so Engelskmannen fast Stein til at standa paa maatte han bida, og no laut Per freista aaleine. „Det er godt at hava Skinnbrok imillom,“ tenkte Per, han skurad nedetter. Var daa Per komen vel ned, byrjad dei atter paa same Leiken. Engelskmannen gjekk fyrst, heldt seg i Reipet, naar det var paa det verste, stod ei Stund og drog Pusten, fyrr han vaagad seg vidare, og kjende seg fyre med Foten, for det var inkje greidt, maa tru, at skilja no i Skymringi, naar den eine bratte Fjellsida endaa til kastad Skygge. Per’en spende Sinarne, heldt seg fast, som galdt det Livet og tok Stig fyre Stig. Men det var inkje fritt, at Hjartat hamrad litet imillom, naar han kom paa Gletten. Det kunde nog vera trøysamt at skoda desse tvo siga og krjupa og byksa; men ingen av deim mælte Ordet. Den einaste Ljod var Fossen, som durad, og Steinen, som rapad, so det skrall i Fjellet. Ingen kunde vita, um inkje Fossen fekk syngja Liksalmen yver honom fyre Kveld. Men der stod Engelskmannen paa Vegen. Det var nett, som ein tung Stein var fallen or Hjartat hans Per, daa han gjorde det sidste Bykset og kjende fast Grunn uppunder Foten. Han viste inkje, korleides det gjekk til, han hadde vortet so glad og lett, at han gjerna skulde taka i med ein Song; so saag han upp, og der stod Engelskmannen med det lognaste Andlet av Verdi, saag paa Klædnaden sin og turkad og turkad. „Have you a Kost? I am very skiten.“[5] Per glodda paa honom: „heve du set ein slik Vimring fyrr.“ Men endaa snaalare vart han, for daa han hadde byst seg eit Bil, stod han braadt still og saag lenge aalvorsamt uppgjenom Skardet; so strauk han Hatten av, kom burt aat Per og rette Hondi fram: „thank you Mr. Per!“[6] sagde han, og det var liksom Maalet skalv litet i det same; daa stod Taaror i Augo hans. Men meir sagde han helder inkje heile Vegen heimetter til Bjørnstadgarden.

Arne stod i Døri og ventad, hadde lagat Kveldsmat til og hentat upp Øl i den store Krusi. Per hadde inkje Tid til at bida, han maatte heim til Prestgarden strakst, ellest visste dei inkje, kvar han var avkomen; men Arne stivnøydde honom. „Du kann sagta vera tyrst, slik du heve strævat“, sagde han, og dermed tok han Per i Armen og inn i Stova maatte han. „Tru Bergit er her endaa?“ tenkte Per, han saag seg ikring; men Bergit var gjengi til Sætri fyre lengesidan. Og Per sette seg inn paa Benken. „Her er godt at sitja her“, tenkte Per. Og Per fekk Rjomagraut i ei stor Skaal. Kari sjølv auste upp aat honom. „Eg fær inkje slik god Graut i Prestgarden“, tenkte Per. Og Per fekk ei Krus med Øl, og han fekk tvo, Arne sjølv kom med henne i Hondi. So rødde dei isaman. Per’en laut fortelja, og Arne lydde, saag imillom ned i Krusi, um ho var tom og baud meir fram. „Tru det lagar seg no“, tenkte Per, „so blid heve han aldri voret.“ Per reiste seg og takkad fyre Skjænken og takkad fyre Maten, og so gjekk han; men i det same han smatt ut av Døri, var det eit, som ropad paa honom. Det var Engelskmannen, som kom ned fraa Stova, der han hadde tytt seg og flitt seg paa nytt. Han held ei Setlabok i Hondi. „Here Mr. Per!“ sagde han kort og tok nokre Setlar or Boki. Per vilde inkje taka imot, han var inkje god til at tyda alt dette. „I will — thank you,“ sagde Smith, og dermed stakk han Pengarne i Hondi hans Per og gjekk inn i Stova. Per stod som fjettrad; no var det han, som hadde Taaror i Augo. Han saag paa Setlarne: „sju hundrad — og eit hundrad heve eg fyrr — sju og eit er aatta!“ So log han, so saag han paa Setlarne atter, so saag han paa seg og so saag ahn paa Døri, um han skulde ganga inn atter. Men best som det var gjorde han eit Byks: „no er, fulla, Gjenta mi, og Gud velsigne baade Stripafanten og Skardet og alle ihop,“ og dermed strauk han i fullt Laup uppetter mot Sætri og svingad Setlarne i Hondi. Snart var han av Syni millom Kjørr og Tre. „Kvat var, som stakk i Guten?“ sagde Arne, han stod i Vindaugat og saag ut, „er det komet ny Veg til Prestegarden paa det sidste, — det er daa Troll til Gut at vera snøgg paa Foten.“


  1. Eg heve Kasteplagg.
  2. Korleides liver du Hr. Per? kan du hjelpa meg ned?
  3. Myket vel.
  4. Eit opfint Utsyn — aa — du er buen? — skal eg byrja paa?
  5. Heve du ein, Kost? — eg er ovlega skiten.
  6. Eg takkar deg, Hr. Per!