Haavamaal

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
A[1]
I.

1.
Augo du bruke
før inn du gjeng,
i kot og i kraaom,
i kot og i krokom.
For d’er uvisst aa vita
kvar uvener sit
fyri din fot.

2.
Sæl den som gjev
Gjest er inn komen,
kvar finn han sess aat seg?
Braa vert den
som paa brandom[2] skal sitja
og føre ærend fram.

3.
Eld han tarv
som inn er komen
og om kne kulsar.
Til mat og klede
den mann hev trong
som hev i fjell fari.

4.
Vatn og handduk
han ventar aa faa,
naar til bords han vert bedin.
Syn godlaget fram,
saa greidleg du kan,
med ord og attbeding.

5.
Vit han tarv
som vidt skal fara;
d’er mangt heime høveleg.
Til bisn han vert
som veit for lite,
naar han sit med kloke folk saman.

6.
Av sin eigen klokskap
kyte ingen,
men ver haavàr i hug.
Naar du gløgg og tagal
i gardane sviv,
du kjem ikkje braatt i beit.


7.
Grannvar mann,
til gjestebod komin,
tegjer med andre talar.
Lyder med øyro
og med augo skodar,
veltenkt og fyri vàr.

10.
Betre byrdi
du ber ’kje i bakken
enn mannavit mykje.
D’er betre enn gull
i framand gard;
vìt er vesalmanns trøyst.

11.
Betre byrdi
du ber ’kje i bakken
enn mannavit mykje.
Med laakare niste
du legg ’kje i veg
enn ovdrykkje med øl.

12.
Inkje so godt
som godt dei segjer
er øl for manna-ætt.
Di meir du drikk,
di mindre vit
mun du i hausen hava.

13.
Gløymsle-hegren
yvir gildet sit,
han magt-stel mange.
I fjørine hans
eg fjetra vart
i garden hjaa Gunnlòd.

14.
Ørin vart eg
og ovdrukkin
hjaa den frode Fjalar.
Best er gilde,
gjeng du ut att
heil i sinn og sans.

17.
Kópen[3] glanar
naar til gilde han kjem,
fumlar faamin og mullar.
Saa snart han ein slurk
av skjenken fær,
daa utan stans han sullar.

19.
Spar ikkje mjøden,
men med maate du drikk;
seg det som tarvst eller teg!
Inkje nokon
neise deg kann
for du tidleg vil kvile om kveld.

20.
Ov-ètar, um han
inkje seg sansar,
èt seg sin bane-beig.[4]
Mang ein tull
vert for magen sin
til laatt millom kloke karar.

21.
Bølingen veit
naar fraa beite han skal
koma heim om kveld.
Men ovnøyta, ho
aldri veit
aa høve mage-maal.


23.
Vitlaus mann
vaker all natti
tenkjer baade upp og ut.
Han er trøytt og mod,
naar morgonen kjem,
og alt er flokut som fyrr.

24.
Vanklok mann
trur vel um alle
som hugblidt mun helse.
Inkje han ser,
at dei snorur legg han,
naar han sit med kloke saman.

25.
Vanklok mann
trur vel um alle
som hugblidt mun helse.
Det ser han fyrst
fram til tings komin,
av frendar eig han faa.

26.
Vanklok mann
veit alt, han trur,
der millom bergi han bur.
Men naar framandfolk
honom finn,
raadlaus røynest han daa.

27.
Vanklok mann
som vankar ute,
det er tryggast han tegjer.
At lite han veit,
det vitrast ingin,
utan for mykje han mæler.

29.
Ovnøgdi mæler
den som aldri tigjer,
burt i hyr og heim.
Ei radmælt tunge
som laakt er tøymd
ofte seg ugodt gjel.

30.
Til narr skal ingin
ein annan hava,
um paa gjesting han gjeng.
Ofte synest klok
den inkje vert spurd,
naar trygt i ro han ruggar.

31.
Tykkjest gjest klok
som tek til sprangs,
naar i gilde han gjest hev hædt.
Han veit inkje fullvel,
den som flirer i laget,
um han inkje range folk raakar.

32.
Mange gode
grannar du finn
som alltid maa antrast i gilde.
Upphav gjerest
til ævleg strid,
naar gjest er rang mot gjest.

33.
Ein dugleg aabit
skal du eta jamleg,
naar du paa gjesting vil gange.
Daa slepp du sitja
svolten og keid,
saa du maktar lite aa mæle.

II.


34.
Umveg er jamt
til utrygg ven,
um midt i bygdi han bur.
Men beinvegir gjeng
til den gode venen,
om han er langt av leid.

35.
Gange skal du,
gjest ei vere
alltid paa einom stad.
Ljuv vert leid
som lengi sit
kyrr paa annans krakk.

36.
Eit lite bu
er betre enn inkje,
heime er kvar mann herre.
Hev du geiter tvo
og ein taugsperra sal,
daa tarv du inkje tigge.

37.
Eit lite bu
er betre enn inkje,
heime er kvar mann herre.
Hjarta bløder
naar beda du skal
um mat til kvart eit maal.

39.
Ingin saa gjevmild
og gjestmild eg fann,
han tok inkje gaavor og takka.
Eller saa gjev-sæl
med godse sitt,
han ei lika med løn du takka.

40.
Eigni di,
som du avla deg hev,
treng du ’kje spara for deg sjølv.
Tidt til leide folk gjeng
det til ljuve var tenkt,
mangt verre gjeng enn ein vonar.

41.
Med vaapn og klæde
skal venir gaavast,
det vert paa deim sjølve synt.
Likt gjevande
lengst er venir,
um elles alt seg lagar.

43.
Venen sin
skal ein vera ven,
honom og hans ven.
Men med uvens ven
venskap halde
høver ’kje fagna folk.

44.
Veit du ein ven
som vel du trur,
og du hjaa han fagnad vil faa:
gjev han heile din hug
og gaava ei spar,
far og finn han ofte.

45.
Veit du ein annan
som ille du trur,
og du fagnad vil likevel faa:
du fagert mæle,
men falsk tenkje,
og ljuging møte med lygn.


47. Ung var eg fordom,
eg einsaman fór,
vegvill daa eg vart.
Rik eg tottest
naar eg raaka einkvar;
mann er manns gaman.

49.
Klædi mine
kasta eg til
tré-menn tvo paa voll.
Kaute karar
med klædi dei vart,
neist vert naken mann.

50.
Turkar toll
som i tunet stend,
det hjelp’ korkje bork eller bar.
Saa er kvar mann
som kjærleik vantar,
kvi skal han lengi leva?

51.
Heitar’ enn eld
brenn hjaa ille venir
fem dags fagnad.
Men det sloknar
naar den sétte kjem,
daa all venskap versnar.

52.
Inkje tarv gaavur
saa gilde vera,
ein ofte fangar lov for lite.
med ein liten braudleiv
og læta i staupe
eg fekk meg ein felage.

53. (57.)
Brand brenn av brand
til brunnin han er,
loge kveikjest av loge.
Ved rødur ein mann
med menn vert kjend,
hen vert dott ved aa dølja seg byrg.

54. (53.)
Maateleg klok
kvar mann vere;
ovklok vere han inkje.
For sjeldan er hugnad
i hjarta aa finne
hjaa honom som ovklok er.

57. (56.)
Maateleg klok
kvar mann vere;
ovklok vere han inkje.
Sin lagnad ingen
øygne fyriaat,
daa er han sælast i sinn.

III.

58. I otta du rise
vil du rikdom taka,
og vil du folk felle.
Sjeldan liggjande ulv
lamme-kjøt fær,
eller sovande mann siger.

59.
I otta du rise
hev du onnfolk faa,
og gange og garden din vitje.
Mangt øyder mann
som om morgonen søv;
rask er halvveges rik.

60.
Maal paa turr-ved
og tekkje-næver
lyt mang-mannen vita;

kor stor ein ved-kost
som vara kann
heile halve aaret.

6.
Tvegen og mett
ride mannen til tings,
om han òg klent er klædd.
Korkje brok eller skor
skjemmer nokon,
og heller ikkje hesten,
om han er laak.

62.
Kurer og sturer,
til sjøen komen,
ørn ved utgamle hav.
Slik er den mann
mellom mange folk
som eig frendar faae.

64.
Makti si maa
ein mann med vit
hovsamt og høveleg bruke.
Jamt han det finn
naar hjaa frøkne han kjem,
at ingen er aller best.

65.
(Aktsam og gløgg
ein alltid skal vera
og varsam i venelag.)
Dei ordi som du
til andre seier,
fær tidt du trega saart.

68.
Eld paa aaren
og sol paa eng
gjer mannen fegin og fjaag.
Og so aa hava
helsa god
naar ein kann lytelaust liva.

69.
Endaa ver 'kje vesall,
um hu veiknar helsa;
sume av sonir fær sæle,
sume av frendar,
sume av velgjort verk.

70.
Betre aa liva
enn livlaus vera,
kvik[5] fær alltid ku.
Baal for rikmannen
brenne eg saag,
lik fyri døri laag.

71.
Er du halt, kan du ride,
handlaus gjæte,
er du dauv, kan du duga i strid.
Blind er betre
enn brend aa vera;
daud mun ein lite duga.

72.
Son er kjærfengd,
om seint komin,
etter faren fòr.
Sjeldan bautasteinar
nær brauti[6] stend,
utan frendar fekk deim reist.


76.
Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Men ordet om deg
aldri døyr
vinn du eit gjetord gjævt.

77.
Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Eg veit eitt
som aldri døyr,
dom om daudan kvar.

B.


I.


84.
Paa møyar-ord
er uvisst aa lite
og paa det som kvendi kved.
For paa kvervande hjul
deira hjarto var skjapte,
brigd i brjose lagd.

91.
No berrleg eg mæler,
for baae eg kjenner,
bragd hjaa gutom òg bur.
Fagraste talen
hev falskaste meining,
og klokaste drosi vert daara.

93.
For elskhugen din
ingen mann skal
gjeva deg last og lyte.
Ofte klok mann fell,
der faamingen stend,
for eit ovfagert andlit.

96. (102).
Mang ei god møy,
det merke du kann,
sviksam er imot sveinar.
Eg røyne det fekk,
daa den raadkloke drosi
eg freista løynsk aa lokke.
Hardt meg hædde
den hugstore møyi,
og inkje det vive eg vann.

Det eg røynde,
daa i røyri[7] eg sat
og drosi hugen drog.
Liv og lyst
var den ljuve møy meg,
endaa eg aldri ho fekk.

98. (97).
Paa bolster-kvile
Billings møy
eg solbjart fann i svevn.
Jarls vyrdnad
lite verd meg tottest,
skulle eg møyi misse.


99 (98).
„Heller mot kveld
du kome, Odin,
om du vil med møyi mæle.
Ille det vart
om andre munde
slik skam faa sjaa.“

100. (99).
Attende eg gjekk
med elskhugs vonir,
var reint fraa samling og sans.
Trudde eg daa
saa tryggleg eige
heile hugen til møyi.

101 (100).
Andre gongen
gjekk eg til ho,
daa var vaktfolki vakne.
Med brennande ljos
og borne kyndlar
dei vintervegen meg viste.

102 (101).
Ut mot morgon
att eg kom,
daa var sals-vakti sovna.
Paa lega, der før
den fagre sov,
laag no ei bikkje i band.

II.

103.
Vær gjæv imot gjest
og glad ver heime,
alltid vis og varsam;
minnug og maalvis,
vil du mangklok heite;
ber gode gjetord[8] fram.
Ein faaming me kallar
den som faatt[9] kan tala,
slikt er vesallmanns vit.

104.
Jøtungubben eg fann,
er no attende komen,
vann vesalt tegjande der.
Med mange ord
eg mykje til gagn
vann meg i Suttungs salar.

106.
Rata-tonni
rudde meg eg,
hardt grjot[10] ho gnog.
Over og under
gjekk jøtun-vegir,
daa var det hætt um mitt hovud.

107.
Vegen eeg fann
eg vel hev nòti,
faatt for den vise er vandt,
di at no Odrere
opp er komen
midt i Midgards heim.

C.
I.

111.
„Tid er aa tala
fraa tule-stolen
attmed Urde-brunnen.
Eg raad gjev deg Loddfaavne,
raad du take,
nyttig om du nèm,
god om du gaumar:“[11]

112.
Saag eg og tagde,
saag eg og tenkte,
lydde paa manna maal.
Um runir dei tala
og um tyding dømde
attmed Haava-halli,
i Haava-halli
eg høyrde segja so:

113 (131).
„Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god om du gaumar:
vàr du vere,
men vàr med maate
várast ver med øl.[12]

114 (130).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
vil du gjævt kvende
faa i gamans tale,
og fagnad av ho faa,
fagert du love,
og fast det stande,
og velfengd er god gaave.

115 (113).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
hjaa trollkunnigt kvende
kvilde du aldri,
so ho i famn deg fær.

116 (114).
Ho det evlar
at du inkje haattar
tings eller konungs krav.
Mat gjev deg mothug
og menns gaman,
du legg deg sorgfull te sova.

117 (115).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttig um du nèm,
god om du gaumar:
annan manns kone
aldri du skal
deg føre til frilleviv.


118 (118).
Hovude misse
ein mann eg saag,
ved ord av illt kvende.
Svikfull tunge
tok honom live
og ikkje for sann sak.

119 (122).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
ord skift
aldri du skal
med ein uvitug ape.

121 (117).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
eit illmenne du
aldri late
di vanheppe vita.
Av ille menn
aldri like
du vinn for godhug du viste.

122 (123).
Av ille menn
aldri du fær
løn for godt du deim gjer.
Men god mann
millom grannar gjer deg
vyrd med venskaps ord.

123.
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
god mann finn deg
til gamans tale
og lærdom den tidi du liver.

124.
Samd er venskap,
naar segja ein kann
den andre all sin hug.
Vinglut vera
er verst av alt
all-rosar er inkje ven.

125 (119).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaum gjev:
hev du ein ven
som vel du trur,
far daa og finn han tidt;
for med ris gror til
og med høgt gras
ein veg der ingin vankar.

126 (121).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,

god um du gaumar:
med venen din
ver du aldri
den fyrste til lag aa løyse.
Sorg èt hjarta,
om ingen du hev
som du seia kan heile din hug.

127.
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
merkar du vondt,
vondt du det kalle,
gjev ikkje din fiende fred.

128 (135).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
gøy inkje mot gjest
som hund ved grind,
tak imot trengjande mann.

130 (136).
Det lyt sterke tappar
som skal svinge døri
til upplating for alle;
men gjev din skillin
at inkje skade
vert ynskt deg paa liv og lem.

131 (132).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
til haad og laatt
hav du aldri
gjest eller gangande mann.

132 (133).
Ofte veit dei
som inne sit
lite kva folk som kann fara.
D’er ingen saa god
at gall han vantar,
eller saa arm at til inkje han duger.

133 (134).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
med graahærd tul
gantast du aldri;
d’er ofte godt som dei gamle talar.
Tidt or skrukkut skinn
kjem skillege ord,
om klædi dei heng,
og hudskorne sleng,
og han studrar som ein stakkar.

II.

138.
Eg veit at eg hekk
paa vindalt tre
nætar heile nie,
med geir-odd saara
og gjeven Odin,
gjeven sjølv til meg sjølv

uppaa det tree
som ingin veit
kvar det av rotom renn.

139.
Inkje braud dei bar meg
og brygg inkje;
ned eg nidstirde,
tok upp runir,
ropande tok deim,
ned att der fraa eg fall.

140.
Nie tryllesongar fekk eg
av den fræge son til
Boltorn, far til Bestla;
og drikke eg fekk
av den dyre mjøden,
aust opp av Odrere.

141.
Daa fór eg te fremjast
og frod verte
og vekse og finne meg vel.
Ord meg av ord
ord avla,
verk meg av verk
verk avla.

142.
Du runir finn teikna
og tydde stavar,
mykje store stavar,
mykje sterke stavar,
som fimbul-tul farga
og høge magtir maksla
og Ragna-Ropt skar.

143.
For æser Odin,
for alvar Daain,
Dvalin for dvergar.
Allsvinn deim
for jøtnar skar,
eg riste sjølv sume.

144.
Veit du aa riste deim?
veit du aa raade deim?
veit du aa farge deim?
veit du aa freiste dei?
veit du til bøn deim?
veit du til blót deim?
veit du aa sende deim?
veit du aa stogge deim?

145.
Betre enn ov-blót
ubedi er,
gaave krev gjeving att;
betre u-sendt
enn avstogga.
So Tund det sette,
før tidi rann,
daa upp han reis,
daa att han kom.

III.

Mine kvæde ei kan
kongen si fruge,
korkje mann eller møy.
Hjelp heiter eitt,
og det hjelpe deg vil
mot sakir og sorgir
og sutir alle.

147.
Det andre eg kann,
ovgjævt for deim
som vil læking lære.
— — — — — — —
— — — — — — —
— — — — — — —


148.
Det tridje kann eg,
om turvast kann
mot fiendar rame raadir
eggjar eg døyver
for uvenir mine,
saa det bit korkje vaapen eller velur.

149.
Det fjorde kan eg,
um folk meg vil
leggje band um lemer:
so eg galdrar
at gange eg kann,
fjetrune spring meg av fot
og av hendar hapt.

150.
Det femte eg kann,
ser eg fiends pil skoti
fram gjenom her haste:
eg stoggar ho nok,
kor sterkt ho enn flyg,
saa sant eg med syni naar ho.

151.
Det sétte eg kann,
skader meg einkvar
med runir paa frisk rot skorne,
den som upp til argskap
eggje meg vil,
mein fær han meir enn eg.

152.
Det sjuande kan eg,
um salen eg ser
loga om sovande sellar:
kor breidt det so brenn,
eg bergar halli,
den galder kan eg gala.

153.
Det aattande kan eg,
som for alle mun vera
nyttelegt aa nemne:
um hat veks opp
mellom hovding-sønir,
det kan eg bøte braatt.

154.
Det niande kan eg,
naar naud stend paa,
aa berge baaten paa hav.
Vinden eg daa
paa vaagen stiller
og svæver sjøen all.

155.
Det tiande kann eg,
um tuntroll eg ser
i lufti leike fram:
eg saa det vender
at ville dei fer
heim utan hamar,
heim utan hugar.

156.
Det ellevte kan eg,
naar ut i strid
eg lang-venir[13] skal leie:
under skjoldrand gjel eg,
daa gjeng dei veldugt
striden heile til,
striden heile fraa,
heile dei heim att kjem.

<poem>

157. Det tolvte kann eg, um i treet uppe eg ser ein daud mann dingle: saa eg runir rister og maalar, at han som der hekk gjeng og med meg mæler.

158. Det trettande kan eg, naar tegnen[14] unge eg auser med vatn og vigjer: inkje han fell, um i ufred han kjem, den hausen[15] ryk inkje for hogg.

159. Det fjortande kan eg, um for folk eg skal gudane nemne ved namn: alle æser og alvar veit eg: der stend meg ingin styving.

160. Det femtande kan eg, som han kvad Tjodrøyre, dvergen fyri Dellings dør. Han aasom gol avle, alvom dugleik, Ropta-ty hugs i haus.

161. Det sekstande kann eg, um hjaa kloke møy eg hugnad vil hava og gaman: hugen eg kverver paa kvitarma viv og snur hennar heile sinn.

162. Det syttande kan eg, at seint fraa meg gjeng ei ung daam-ven dros. - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

163. Lengi du skal, Loddfaavne, visst songane desse sakne. Godt, om du gaumar, nyttigt, om du nèm, turvande, um du tek deim.

164. Det attande kan eg, som ikkje eg seier til møy eller manns kone, - alt er best som ein berre kan; det er slutten paa songen

165. No er Haavamaal kvedi i Haava-halli til magn for manna-sønir, til ugagn for jøtun-sønir; heil den som kvad! heil den som kann! njote den som nam! heile dei som høyrde.

</ref>
Innskot.
A.
I.

8.
Sæl er den
som seg mun vinne
fagre ord av folk.
Endaa det er
ymist med det
du eig i annan manns barm.

9.
Sæl er den
som sjølv mun eige
livsens hugnad og heider.
For ofte hev menn
ille raadir
aust or barmen hjaa andre.

15.
Klok og tagall
skal kongsson vera,
frøklegt gange han fram .
Gladvær og fjaag
kvar gut skal svive
til sin døyande dag.

16.
Ein stakar tykkjest
han stødt maa liva,
naar han strid mun sky.
Man alderdomen
gjev ingin mann fred,
um sverd honom sparde.

18.
Han eine veit,
som vide reiser
og um millom folk hev fari,
kor vel sin hug
han held i taum
kvar som veit kva vit er.

22.
Vesall-mannen
og mein-kroken
alltid lastar og lær.
Inkje han veit
det han vita turfte,
han sjølv hev last og lyte.

28. Frod den tykkjest,
som frega kann
og sjølv eitkvart segja.
Inkje nokon
av løyner det,
som ut er ført millom folk.

II.


38.
Vaapni sine
skal mann paa vollen
inkje gange eit fet[16] ifraa.
Uvisst er aa vita
naar paa vegom ute
det spyrjast kann etter spjot.

42.
Venen sin
skal ein vera ven

og løne gaave med gaave.
Til laatt skal mann
med laatt svara
og møte ljuging med
lygn.

46.
Eit ord til um den
som ille du trur
og inkje kann lit til leggje:
læ skal du med han
og laast vera ven;
lik vere gaave og løn.

48.
Milde, modige
menn liver best
dei èl seg sjeldan sut.
For alt ottast
udjerv dreng,
girug gryler naar han fær.

111.


63.
Frega og tala
den frode skal,
um vis han heite vil.
Det ein veit
er utrygt hjaa tvo;
det tri veit um, det veit alle.

66.
Mykje for snart
mang-stad kom eg,
sum-stad kom eg for seint.
Øl var drukki,
ubrygt sum-stad,
sjeldan kjem leid til
lags.

67.
Stundom til bords
dei bedi meg hadde,
um eg inkje trong mat
til maals.
Eller tvo kjøtlaar hekk
hjaa den trugne venen,
der eg eitt hadde eti.

73.
Av tvo i ein her
er tunga hovuds bane.
Fram or kvar ei kufte
kann det krjupe ei hand.

74.
Den prisar natti
som nista si trur,
stutte er skips ræar;
hustri er haustnatti;
paa fem dagar snart
skifter vère,
men paa ein maanad meir.

75.
Aldri han trur det,
som inkje det veit,
kor folk vert galne for gull.
Ein er rik
og ein annan fatig,
legg det ’kje honom til last.

78.
Eg saag fulle grindar[17]
hjaa Fitjung-sonom,
no ber dei sekk og stav.
So er gulle
som glir i augo,
veslast av alle venir.

<poem>

79. Hjaa faavis mann, um han fe seg vinn og ynde og elsk hjaa kvende, byrgskapen veks men vite hans inkje, og ovmode aukar drjugt.

80. Sant det røynest som i runir er sagt, dei fraa høgdi runne, som gudemagtir gav, og som stor-tul skar, trygt hev det han som kann tegja.

81. Um kveld skal du dagen rose, kona naar ho brend er, gjenta naar ho gift er, geiren[18] naar han røynd er, is naar du yvir kjem, øl naar det drukki er.

82. I stilla skal du sjøen ro, skog i vind felle, med møy i myrker svalle; mange er dagsens augo. Skip skal fram skrida, skjold skal live,[19] sverd gjev kvasse hogg, kyssar gjev møyi.

83. Ved elden øl du drikke, og paa is du skride, merri mager kjøpe og myrke sverd, hesten heime feite, og hunden i bui.

B.
I.

85 [Aldri ein tru:] Brestande boge, brennande loge, gapande ulv, galande kraake, rjotande svin, rotlaust tre, svellande vaag, sjodande kjêle,

86. Fljugande flein,[20] fallande baare, ein-nætt is, orm ringlagd, brur-ord paa blæja, brotne sverd, leikande bjørn eller barne til ein konge.

87. Sjukan kalv, sjølvraadin træl, volve som hugstèl,

val nyleg felld.


88.
Tru inkje aaker,
som tidleg er saadd,
og inkje son for snart.
For aakren raader vèr,
og for sonen vit;
det uvisst med baae er.

89.
Broder-bane,
um og burte møtt,
halvbrunni hus,
hesten spræke
— faafengd er fole,
um fot brotnar, —
at han desse ting trur,
so trygg vere ingin.

90.
So er dros i hugen,
ho som dulram leikar,
som ut skal øyk køyre
paa isen haale
— tidig tvivetring,
tamd med maate —
eller i stormen stride
styrelaust beite,
eller som um halten paa høgfjell
skulde hente reinen.
 
92.
Fint du tale
og fagert gjeve,
vil gjerne ei gjente du vinne,
og fegre[21] lova
hjaa ljose møy;
han fær som kann fri.

94.
Aldri du leggje
andre til last
det som mang ein mann hender.
Kor klok ein er
han kann verte daara
naar kjærleik kjem og magtstèl.

95.
Hugen veit berre
kva som bur hjarta nær,
sjølv fær ein kjenne det svid.
D’er hugsotti verste
for ein høgtenkt mann,
naar inkje med noko han unar.

II.


105.
Gunnlod meg gav
paa gull-stolen
drykk av den mæte mjød.
Vesall løn
lét eg ho faa;
ho gav meg trygt si tru,
ho gav meg heile sin hug.

108.
Uvisst aa vita
um eg endaa var komin
or jøtun-garden ut,
um inkje Gunnlod,
det gode kvende,
hadde vorti min sæle ven.

109.
Andre dagen
av gjekk rimtussar
til aa spyrja raad av Haar

i Halli til Haar;
etter Bolverk dei spurde,
um han var berga hjaa gudom
eller Suttung hadde slegi han ned.

110.
Ein eid daa svor
Odin paa ringen,
kven kann hans trygdemaal tru?
Suttung han sveik
for skalde-drykken,
og Gunnlod saart han grøtte.

C.


I.


(112).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
ris inkje um natt,
utan paa njosn du er,
eller ut for deg sjølv
du skal.

(116).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar :
um paa fjell eller fjord
aa fara deg lyster,
hav niste med deg til nøgjes.

(126).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar :
gjer inkje sko
eller skaft aat andre;
ver glad du greider deg sjølv.
Um skoen vart stygg
eller skafte vart rangt,
daa er ulukka ute.

(129).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
stend du i strid,
sjaa daa ’kje upp
— som galtar kvekk
karar daa tidt —
for at fjetring inkje deg fange.

137.
Eg raad gjev deg,
Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar.
der øl du drikk,
søk avl av jordi,
for jord stend mot øl;
eld stend mot sottir,
eik mot hardt liv,

men aks øyder trollskap,
samliv i hall mot hus-strid,
mot hat hjelp maanen,
beite mot bitsott,
fast jord mot flaum.


Haavamaal, songen hans Haar. den høge, d. e. Odin Sjaa v. 111.

I handskrifti er det inkje nokor avbolking.

1. Det stend i handskrifti at ein skal skygne vel i alle „gaattir“ fyrr ein gjeng fram. Snorre lèt Gylve segja dette verse, naar han er komin inn i halli til gudane. Sume meiner daa orde tyder utgangsdørar.

2. Paa brandom. Han sit paa brandom = paa peishella (Ø. Slidre). Han sit i braandin = i skorsteinen (Kvitseid) — i vedroi (Evje). „Han sit som han saate paa brandom“ (= paa glonom), segjer dei paa Voss, naar ein hev lite stundir og er utolig. Frikar til aa tala var den, som sat i peisen etter eit gamalt ord fraa Valdres: „Den som paa peisfoten sit kann segja det han hugast.“ Sjaa Vavtr. 9, 11, 19.

5. Sml. ordtaki: „Han tarv vit, som vida skal fara.“

„D’er mangt heime høvelegt og inkje i utferdom.“ Dette er eit halvt ljodahaattvers:

Mangt mun heime
høvelegt vera
og inkje i utferdom.

Fyrste halv-verse er sett ihop av norske ordtak som endaa finst. Soleis ymse gongir sidan òg.

10. Ordtak: „Lærdomen er inkje tung aa bera“ (Vald.)

12. Ordtak: „Naar øle gjeng inn, gjeng vite ut.“

13. Det er Odin som talar i songen, og her fortel han kva ein gong hev hendt han sjølv.

Gløymsle-hegren. Det var gomol tru at fuglar kunde føre sjukdomar paa folk, hovudverk og hugsløyse, Ordtake segjer „D’er betre aa sjaa ein hegre enn ingin fugl.“

Gunnlod (ho som byd til kamp) var vel dotter til Fjalar (han sum dyl). Sjaa v. 105, der ein annan skald hev sett ho saman med Suttung. Fjalar er namn paa ein hane i Voluspaa og paa ein dverg hjaa Snorre. Sume meiner at Fjalar er den same som Suttung og at her er meint paa Odrere, livsdrykken.

17. Her er det enderim millom 3dje og 6te lina (þrumirguma). Det er vel eit slumpehøve, som hev ført dette fram, daa det inkje er vanleg bruk. Men likevel kann det vera gjort inkje reint uviljes. Ein finn det same i v. 39 (þegit — þegi) og halvrim i v. 28, 30, 38. Slike vers vert daa det fyrste upphave me kjenner til versemaale i dei eldste stevi (frødestevi), som stundom endaa kann hava heilt ljodahaatt-lag, ja ofte i halve verse. Einskilde høye hev vorti ein fast skikk, so ljodahaatt-versi i ei millomtid kann hende hev havt baade bokstavrim og enderim; sidan hev krave til bokstavrime inkje vorti so strengt, og enderime vart fast skikk, ny rytme kom. Innverknad fraa latinske vers hev kann hende gjort sitt. Alt i Haavamaal (v. 80) og Grimnesmaal (27) og Haarbardsljod (6, 13) og sidan i Heidriks gaatur finn me eit mindre strengt krav til bokstav-rime: tri linur hev same rim-bokstaven, ein i kvar line, sameleis som det er i mange stev. Baade i innhald og form svipar desse frødestevi attpaa vers i Haavamaal. Draumkvæde fraa fyrst i det 13de aarh. hev ei yngre versform enn sume av desse stevi, som soleis er ei bru millom eddakvædi og folkevisune.

19. Sml. frødesteve:

Eg helde det
for eit mismenne,
som sparar paa øl i jolom.

Ordtak: „D’er betre tegja enn tarvlaust tala.“ „Det er betre leggje seg i tidlegast lag enn vera for tidleg uppe um morgonen.“ (Vald.)

23. Sml. nysteve:

Um dagan gjenge dei bleik’ og sturer,
dei tykkj’ for gaman um nætan ture.
Um dagan gjenge dei blaa og bleik,
d’ er nattevoka som armar dei.

Og frødesteve (sjaa ogso Haavamaal 12):

Drukkin manns ord
er draumom likt,
det føre dei ingin for øyro.
Han mæler[22] so mykje um eftan,
han vil ’kje um morgonen høyre.

Dette steve hev same malm og klang og versemaal som eit vers i Haavamaal, og kunde godt vera fraa same tidi.

27. Sml. ordtake fra Setesdalen: „Det visste ingin kvar narre var, hadde det vit til aa tegje seg“

Upphavlegt vonleg forma soleis:

Kvar narre var
visste ingin,
hadde det vit til aa tegja.

„Han kann tala seg stuvin og tegja seg klok.“

26. Ordtak: „Heime alin er burte galin.“ „Det som er i fjellom ali er i bygdom gali“.

29. Sml. frødesteve:

Ingin ormen
sting saa saart
som falske manna-tunga. [23]

Ordtak: „D’er ill tunge som ein aldri kann temja.“

33. Meiningslaust tykkjest det vera som stend i handskrifti, at ein skal eta aabit so nær som naar (nema) ein skal i gjesting. Her er umsett som um det stod nær i staden for nema.

Fyrste stykke 1—33. Samanhengen er slik (etter F. Jonsson): Ein framand mann kjem til gards langvegjes ifraa. Han gjeng inn (v. 1) og helsar paa folk (v. 2 .), fær det han treng, og byrjar (v. 3) talen sin, og tenkjer daa fyrst paa seg sjølv. Han nemner kva ein gjest treng, naar han kjem til gards. Han tarv vit (v. 5), men utan aa kyte (v. 6 .); han er varsam, men gjev gaum paa alt (v. 7). Det beste ein skal føre med seg paa ferd er vit (v. 10), og det verste er aa drikke for mykje (v. 11—14). So fortel han korleis ein inkje skal fara aat, som ein tull (v. 17—29). Til slutt 4 vers (30—33) um framferd i gilde.

34. Ordtak: „D’ er lett veg til vene-hus.“

35. Ordtak: „Nykomin gjest er jamnan best.“

36. Ordtak: „Eit fatigt bu er betre enn inkje.“ „Ein fatig heim er betre enn ingin.“ „Eige bu er alltid best.“ „Heime er kvar mann herre.“ Det fyrste halv-verse er sett ihop av norske ordtak som endaa liver.

Taagsperra sal. Paa vindalle stelle paa vestlande og paa Orknøyane og Shetland hev det vori skikk aa byggje hus av stein og torv og bruke taug til sperrur.

40. Ordtak: „Det gjeng stundom aat hundom som inkje var etla.“ „Det ein sparer for eigin munn, det nyt baade katt og hund.“

41. Meiningi er, at naar ein ber gaavur paa seg, vitnar ein for alle um sine venir.

43. Ordtak: „Han er inkje min ven, som hjelper min uven.“

46. Siste lina er vel eit gamalt ordtak. Og paa dette hev verse bygt seg upp.

47. Ordtak: „Det er fagnad aa finne folk i øydemarki.“

48. Tré-menn, menneskje av tre. Voluspaa 17—18 fortel um dei fyrste menneskje. Ask og Embla, som tykkjest ha vori tre fyrst.

50. Ei toll som stend aaleine fær vinden snart magt med, og paa eit tun vert det for mykje trakk og væte aat ho. Eit heilt holt med tre hev lettare um aa verja seg i striden for tilvære.

51. Fem dagar rekna dei i gomol tid for ei viku. Ordtak: „Stor fagnad er sjeldan lang“

52. Ordtak: „Ei gaave er god um ho inkje er stor.“ Fraa Danmark: „Man fanger ofte lov for lidet.“

53. Ordtak: „Den eine branden kveikjer den andre.“ „Ein einsleg brand kann inkje brenne.“ „Kraaka tykkjer ho flyg fort naar ho flyg for seg sjølv.“

54. Meiningi er inkje greid. Her og i v. 62, og sidan ofte i visur og stev, byrjar verse med eit bilæte fraa naturen. Det same bilæte vert stundom brukt i fleire vers, ogso der det er lite samanheng millom bilæte og tanken i verse.

55. Ordtak: „Maaten er best laatin.“ „Maateleg er all tid best.“ „For mykin klokskap er daarskap.“ „Altfor vis fær ingin pris.“ „Stor klokskap gjev mykje bry.“

58. Ordtak: „Den som er ute i otta fær ein lang dag.“ „Han skal tidleg upp som langt skal fara.“ „Liggjande ulv fær inkje lambe-kjøt.“ „Sovande mann vinn ingin siger.“

59. Ordtak: „Morgonstund er beste mund.“

63. Ordtak: „Den som inkje fregar og spør. han vert inkje klokare enn han var fyrr."

65. Ordtak: „Eit ord for mykje set mannen fast.“ „Der er inkje noko som hemner verre enn ordi.“ „Det er inkje mangt som gjer verre enn eit haadlegt ord.“

68. Ordtak: „Den som hev helsa, hev meir godt enn han veit av.“ „Ei god helse er betre enn rikdom.“

70. Ordtak: „So lengi som det er liv er det von.“ „Den som hev klave fær alltid ku.“

Endaa um ein inkje eig nokon ting anna, er live verdt aa eige; ein vert alltid berga paa eikor vis. Her og i næste versi er det tale um likbrenning. Andre tek meiningi so: rikdom hjelper inkje mot dauden.

72. Bautasteinar (anten: merke- eller minne- eller veg [braut]stein) vart reiste paa stelle der dei fall i augo.

76. Ordtak: „Orde varer lenger en mannen.“ (Vald.)

77. Dom, vanleg tydd: folkedom. V. Rydberg tenkjer paa ein dom i daudeheimen.

84. Sml. steve:

Den gjente-hugen han er so slengin.
Dei aldri huglegg’e nokon drengen;
nei dei hev ingin i hjarta kjær.
men ein slarve-huge til nokon kver.

98. Billings møy. Sume tenkjer paa Rind, mor til Vaale (Rinda, som Saxo fortel um), og held Billing for ein rise eller dverg, far til møyi. Billing tyder tvilling. I ei gaate er soli kalla «eit tre i Billingsberge". H. Schuck meiner at „møyi til tvilingen“ er „en beteckning, som i eminent grad passar før den kvinna som tilhørt de baada dioskur-brøderne.“ Rind og Nanna (og Hild) held han for namn paa den same. Upphavleg skulde det vel vori Frigg, sol-gydja, som Ull og Odin aatte skiftevis. — Bellingfjelli (og tvo Bellingsjøar) ligg millom Holtaalen og Selbu, Bellingen (fjell) millom Tylldalen og Reindalen. Sml. namn paa Eidskogen og i Vermeland.

Sogo v. 96—102 minner um ei sogu som er fortald um Audun, den eldste hirdskalden hans Harald Haarfagre. Kongen var paa vitjing hjaa ei rik og fager enkje paa Nordmøre. Ho gav Audun eit horn. Han var ørin, tok handi hennar med det same og sa: „du er eit fagert kvende; eg vil gjeva deg denne gullringen, maa eg vera hjaa deg i natt.“ Ho tok mot ringen og sa at han skulde koma til skjemma hennar, naar tridjeluten av natti var gjengin. Det same lova ho skaldane Torbjørn og Olve, berre at dei skulde koma til kvar si tid. Daa skaldane kom til huse, vart dei stengde inn i kvar si trø. Der stod dei og fraus den kalde natti.

Er denne sogo upphave til dette kvæde um same slag hending i segn um Odin? Det laut daa kann-hende vera Audun som var diktaren.

104. Suttung. A. Noreen tyder namne Suð-þungr, han som er tung av det som er sòdi, kokt; høvelegt namn paa den som eig livsdrykken eller skaldemjøden. Suttung skulde daa vera den same som Mime. Suttungs sønir er nemnde i Skirn. 34 og i Alvismaal 34, Mims sønir (elvane?) i Voluspaa. Øyvind Skaldespillar held Surt for den same som Suttung.

Kann-hende Grimn. 50 (Midvitne, mjød-risen?) leikar fram paa same hendingi som er fortald her. Jjøtun-gubben er nemnd der ogso.

Skulde ein tru at Vavtrudne er eit anna namn paa den same vise jøtunen? I Vavtr. 8 bed Odin um drykk, som han inkje fær. Og det var med mange ord han vann seg gagn hjaa honom og, sameleis som her.

106. Rale er ein navar, fortel Snorre. Orde er, meiner S. Bugge, laant fraa angelsaksisk, og tyder „rotte“. Sml. namne Ratatosk i Grimn. 32. „Rotte-rumpe" kallar dei i Ryf. og Sunnhordl. „en mindre sag, der i den yderste spids er formet som et bor." Rotta hev komi til Europa i folkevandringstidi.

107. Odrere tyder S. Bugge livsdrykken. „Odrerer er altsaa ikke blot en digterdrik, en inspirationens kilde, men ogsaa en livsens kilde, der skjænker eller vedligeholder ungdom og livskraft. Forestillingen om en saadan livsens kilde er navnlig fra Johannes’s aabenbaring bleven vidt udbredt i middelalderen." „Navnet Óðrerir betegner i Haav. 140 Mimers kilde eller den i Mimers kilde værende vædske, derimod i Haav. 107 Suttungs mjød, og i Snorres Edda den kjedel, hvori skaldemjøden er. Afvigelsen mellem Haav. 140 og fortællingen i Haav. 104—110 godtgjør at det sidstnævnte afsnit er forfattet af en anden digter end Haav. 140 og de stropher, hvormed 140 hører sammen."

Ein kunde daa likevel tenkje seg at med Odrere paa baae stadine i Haav. var meint det same, her heile drykken, der ein slurk av drykken. Suttung kann vel godt vera den same som Mime. Det er so mange ting som tyder paa at versi 103. 104, 106, 107. hev same upphav som Haavamaal elles. Men v. 105, 108, 109, 110 maa skrive seg fraa ein annan mann, han som hev yrkt Skirn., Loketr., og Haarb. Odin vert her dømd 132 paa ein annan maate enn i Haav. elles. Det maa ha vori ein song um Gunnlod som hev vorti blanda saman med versi um Odrere. I Haav. 13, 14 er Gunnlod nemnd saman med Fjalar, inkje med Suttung. Det ser ut som Haavamaal tenkjer seg at livsdrykken var ei kjelde som Mime (Suttung) aatte djupt inni berge. Daa Odin hadde hangi 9 nætar paa galgen, fekk han smaka drykken og vakna til liv att. Han vart huga paa aa eige meir av drykken, so han kunde liva stendigt. So borar han seg med nava ren Rate eit hol gjenom berge inn til kjelda, so Odrere sprutar fram i dagen. Men endaa maa Odin (etter andre segnir)^gjeva Mime eine auga sitt for at han karm faa drikke. Tanken um livsdrykken er gamall. I India het han soma og vart vakta av ein rise i eit berg. Guden Indra trengde inn i berge og flaug burt med drykken i ørneham. Folke i Iran hadde ogso ei tru um ein hage paa eit berg med livsens vatn. Moses slo med staven paa berge, so ei kjelde kom fram. Hellenane kalla den drykken som gav gudane kraft og evigt liv, for nektar. Tanken um livsdrykken karm soleis hava eldre rot i norsk tru enn sogur fraa Johannes's opinberring. Snorre hev ei lang forteljing med mange vendingar um livsdrykken. Ymse slag sogur tykkjest her vera samanblanda. B. 111. Innføring til alle tri songane i andre bolken. Manna maal, anten tale av menn, d. v. s. gudar, eller tale um men neski, sigtar til fyrste songen. Kiinir sigtar til andre songen, og tyding til den tridje. Tid er aa tala u . pylja stend det, og det karm tyde, segjer S. Bugge, at fremsige paa en ensformig maade, især at frem sige vers, særlig tryllevers eller formularer, som er knyttede til mystiske religiøse forestillinger og magisk virkning." Tnle stolen; den som tala skulde helst sitja. Sjaa Haav. 2 og Vavtr. 9 og 19. Urdc-brunnen, brunnen til Urd, er ogso nemnd i Voluspaa 19-20. Urd er den hævaste og truleg den eldste av nornine. Gudane held ting ved YggdrasiTs ask, fortel Grimn. 30, og ved Urde-brunnen, segjer Snorre. Ei av røtane til asken er hjaa rim tussane. Sml. Vavtr. 49. S Bugge meiner at det er sogur um Jordan-elvi som ligg til grunn for orde Urde-brunnen. Haaua-halli, halli til Håar (Odin), Valhall. Skalden segjer at desse tri songane, som vel er det rette lege, eldste Haavamaale, hev upphave sitt fraa Odin sjølv, som liksom talar gjenom skalden til menneski. Odin er tenkt som ein gamall tul, talar, songar, lærar; sml. v. 136. 111—112. I handskrifti er v. 111 og 112 skrivi som eitt vers. Andre helvti av 111 hev eg sett inn fraa vers som kjem sidan. 133 Det karm inkje vera den same som" talar heile vegen i 111 og 112. Den som talar ved Urde-brunnen maa vera Odin sjølv, han som talar sidan i songen til Loddfaavne. Men den som lyer karm inkje vera den som talar ved Urde-brunnen; dette maa vera Loddfaavne, som her fortel korleis han hev høyrt dette kvæde. Han er i Haava-halli, og høyrer gudane talar og tyder løyndomar, og Odin ber fram for han det som han serleg vil han skal minnast. Det er berre ei stutt tid han hev den æra aa høyre slike guddoms ord. Lengi vil han sakne deim, segjer Odin (v. 162), difor lyt han gjeva gaum paa det som vert sagt, og gjera det til nyttes baadé for seg og menneski. Loddfaavne karm soleis inkje vera ein som er daain og komin til Valhall; han maa vera eit menneskje som hev fengi den naade aa koma til aa høyre visdomsordi av den høge — Haavamaal. Og etter ymse av raadine aa døme, maa han vera ein ung mann av store folk, hermann og ein som stend kongen nær. Sogur ura menneskje som hev vori av og fengi raad og lærdom av Odin er inkje reint sjeldfengde i gamletidi. Grimnesmaal fortel at Geirrod vart fostra og upplærd av ein mann som var Odin. Ansgars liv fortel um ein svenske paa Ansgar si tid som heldt ein tale til det svenske folke og sa at han hadde vori i gudane sitt ting og der hadde fengi paalegg um aa reise motstand mot kristindomen. Gautreks saga fortel at Starkad vart fostra hjaa Ross haarsgrane (Hestehaarsgrane) eller Odin i nie aar paa garden Ask paa øyi Fenring i Hordaland. Femtan aar etter kom Rosshaarsgrane ved midnattsleite og tok Starkad med seg paa ei øy millom Agdir og Hordaland. I ei snøyde i skogen fann dei folk samla til tings. Elleve mann sat paa kvar sin stol, men den tolvte stolen var tom. Paa den sette Rosshaars grane seg, og alle helsa han som Odin. Der sette dei livs lagnad for Starkad. Snorre fortel um kong Gylve fraa Svitjod at han for til Aasgard og inn i Haava-halli, og der fekk han kunnskap um heilage ting av Odin. Seinare sogur um slike som var av i uteksti" og høyrde guddoms ord hev me i visjons-bøkane og i Draumkvæde. Snorre fortel um Harald Haarfagre, med han var heime hjaa far sin, at han fylgde ein trollkunnig finn. Dei kom fa rande til ein stad der ein hovding heldt eit stort gjestebod, og der vart dei godt mottekne. Daa dei hadde vori der til vaaren, tala hovdingen til Harald og meldte honom tidendir. (Sjaa Grimnesmaal s. 63). Flatøyboki fortel at Harald var hjaa risen Dovre i fem aar i ein stor heller. v Dovre gjorde honom klok paa mangt og mykje som inkje, vanlegt folk visste, og lærde honom upp i alle slag it rott ir. " 134 Baade finnen og hovdingen og Dovre er ingin annan enn Odin, meiner S. Bugge. Ein kunde helst tru at det var denne segni um Harald som ligg til grunn for kvæde her. Rigstula tykkjest byggje paa det same. Loddfaavne karm anten vera skalden sjølv, som Odin talar aat, eller den som skalden ber Odins ord fram til; eller skalden berre melder kva Odin i eitt eller anna høve hev tala til ein som het eller vert kalla Loddfaavne. I siste fall vert det daa ei forteljing, sameleis som i Grimnesmaal. Med Grimnesmaal hev kvæde so store likskapar, at ein maa segja dei høyrer til same ringen. Ja ein kunde mest vaage seg til aa tru at den mannen som hev dikta Grimnesmaal (og Vavtrudnes maal) ogso hev dikta denne bolken av Haavamaal, som daa vilde falle som andre vendingi til Grimnesmaal. I fyrste luten, Grimn. v. 3, lovar Odin at han skal faa lagleg like for hjelpi. Men heile talen der gjeng nærmast ut paa aa vele venen" Geirrod. Det vilde inkje vera underlegt, um Odin, sidan han hadde hemnt seg paa faren, gav sonen lærdom til takk og vigde honom inn i dei djupaste guddomlege løyndomar. Agnar hadde kann-hende løyst Odin og med sterke hender bori han burt der han sat millom eldane. For dette take kunde det vera høvelegt at han vart kalla Loddfaavne, som tyder han som femner fast". Den stillingi som Odin hadde havt i halli hjaa Geirrod i aatte nætar er det som fører tanken inn paa den tidi han hekk i nie nætar paa himil-tree, og fær han til aa fortelja løyndomen um dauden og uppattlivningi si. Og var det daa Harald Haarfagre som det i røyndi var meint paa med Agnar i Grimnesmaal, laut det ogso vera honom det var meint med namne Loddfaavne. 113. Ver vår, men vår med maate! tykkjest vera grunn tanken som er utførd i fyrste songen, som hev fem stykke: 1) v. 113—115 ymse raadir. 2) v. 116—120 um gode og ille menneskje. 3) v. 121—125 um kjærleik. 4) v. 126—131 um venir og uvenir. 5) v. 132—136. Ordtak: B Det er godt vera var; det er leidt vera altfor vår. Betre fyri vår enn etter snar." Altfor vår kjem ingin veg." 123. Ordtak: Ein vert aldri for gamall til aa lære" 125. Sume linur her gjeng att i v. 44, sume i Grimn. 17. 128. Ordtak: Han er ill, som inkje godt vil sjaa." 132. Ordtak: Det er gall i alle." 133. Ordtak: D'er ofte godt som dei gamle kved." Ein skal inkje sjaa fanten paa fillune." Stev fraa Telemark: Lat han studre med sinom stave, han ber inkje skarlaks klæde. Det sømer seg lite ungan bengilen ein gamall mann aa hæde. Dette verse (133) vilde høve godt med fyrimælingi til 135 < Grimnesmaal og sogo um Odin hjaa Halvdan Svarte. Det vart ulukka der for kongen, at han inkje tok vel imot farande mann som saag stakarsleg ut. Det er tidt med vesall ham at dei store kjem. 138. Vindalt tre, galgen. Med tree som ingin veit um røtane til maa elles vera meint himil-tree, Grimn. 31. — Nie meiar. So lengi hekk ogso oiTri ved temple i Uppsala. S. Bugge meiner at myten um Odin som vart hengd og saara med geir og gjevin seg sjølv hev upphave sitt fraa sogo um Kristus paa krossen. Eies. 5, 2 vert umsett i den islendske bibelen gaf sig sjålfan ut Gudi." H. Schiick meiner at gomol heidne-tru ligg til grunn. Han segjer at det er en falsk forestållning, som vi hafva från Snorres teologiske mytologi, att forntidens gudar aldrig dogo eller dogo åtminstone forst vid ragnarok. Tvårtom: de dogo ståndigt, men endast for att på nytt stå upp. Hår beråttas, hurv Odin — liksom Odinsoffren — hiingde i tråd, stucken med spjut och skriande a f smårta, och detta parti slutar dår med att han faller dod ned från trådet. Men så kommer uppståndelsen. Ett mystisk vasen, Boltorn, lår honom nio kraftiga trollsångar och gifver honom att dricka af Odrerir e ll er _____ a f lifvets kalla, och då borjar det nya lifvet. Guden betraktar sig såsom ett ekollon. som fallit ned från trådet och skjuter fro, han våxer till och trifves — med ett ord: han år pånyttfodd." 138 og 139 minner um fyrstning, paa Grimnesmaal. 140. liestla var mor til Odin, og Boltorn (mein-torn) godfar hans. V. Rydberg meiner at denne bror til Bestla som her er nemnd, morbror til Odin, maa veraMime. SjaaSigerdrivumaalls. Namni Boltorn og Bestla, meiner S. Bugge, staa ikke i oprindelig mythisk forbindelse med navnet Mimir. De høre fra først af sammen med flere mystiske navne, som vedrøre Odens æt" og hev kann-hende framandt upphav. Denne strophe," segjer han, synes at staa i forbindelse med Odins opregning i det følgende af de tryllevers (ljofi), som han kan. Naar Odin i str. 140 siger, at han har lært ni vers, men i det følgende at han kan atten, synes dette at finde sin forklaring ved udtalelsen i str. 141 1. 4—5: Ord skabte mig af ord nyt ord." Man synes heraf at kunne slutte, at de vers Odin har lært, der var ni i tallet (ligesom han ni nætter hang i galgen), i kraft af hans aandelige frugtbarhed og skaber ævne er hos ham blevne til atten." 142 Fimbul-tul (stor-tul), Odin. Farga raude vart runine ofte, stundom med blod. — Ragna-Ropt. S. Bugge: Rognes (d. e. Odins) son Roft (d. e. Kristus)." Gering: Gud yvir gudar" d. e. Odin. 143. Daain og Dvalin er i Grimn. (innskot) 33 namn paa hjortar som gneg av Yggdrasils ask; ogso namn paa dvergar. Daain, han som er daud; Dvalin, han som hev fordrygt seg. Allsvinn (fullvis, ovklok) vert Vavtrudne kalla, v. 1 og il. st., so det er vel meint honom her. — Eg sjølv, d. e. Odin, riste 136 145. Ordtak: Den eine æra er den andre verd." Mei ningi i dei tri fyrste linune tykkjest vera den, at ein skal inkje gjera for stor ære paa gudane; for daa vert dei nøydde til aa gjera meir att, og dei karm snart verte vreide, um ein gjeng paa deim for tidt. At ein skal vera varsam og gjera alt med maate, krevst her og; ein skal inkje plaage gudane som ein tiggar, men greide seg sjølv so langt ein karm. 7"umZ— Odin, Grimn. 54. AU han kom. Det var vel tenkt at kvart aar kom det att ein ny Odin med eit nytt namn, sameleis som ein ny Balder. Odin, var det vel tenkt, døydde um vaaren og kom til liv att um hausten; Balder døydde um hausten og livna upp att um vaaren. 147. Saxo fortel at Rostarus (Odin) er lækjar. 148. I Sverike finst ein slik vess : Vår herre Jesus red i herrefard, då dofvade han alla sviird. och alla våpen han såg dem tog han egg och udd ifrå. 149. Det tyske Merseborg-kvæde fraa det 10. aarh. hev ein slik vess til aa løyse band, haptband" stend det. I Eng land var det paa Beda si tid den trui at runir kunde løyse lekkjur. 151. Grettes saga k. 41 fortel um at ein karm saare folk naar ein skjer runir i ei rot og galdrar yvir det. 154. Daa Sigurd Faavnesbane sigler i storm og lær Odin paa skipe, stillnar vere. Namne hans Odin Svidre tyder den som stiller vatn (og eld). 155. Ein vess fraa Bergen (fraa 1594) talar um at Jesus møter ei vond kvinne som skal til Mannheim og brjote lem fraa lem, rygg fraa rygg. Jesus manar henne burt i bergi blaa. 158. Galenos nemner, i det 2. aarh. e. Kr., at germanar brukte aa dukke nyfødde born ned i kaldt rennande vatn. S. Bugge meiner likevel at skikken med aa verpe vatn" yvir born skriv seg fraa kristindomen, der ein ogso finn upphave til ymse andre av desse vessane. 160. Belling, sjaa Vavtr. 25. 161. Sml. Haarb. 18. C. er kanskje eldste luten av heile samlingi. Innføringane til Loddfaavne er, meiner S. Bugge, sette ihop etter B. Men sjølve raadine, som stundom er heile, stundom halve vers, karm me tydeleg sjaa er bygde yvir gamle ordtak, som ein endaa karm skilja ut or kvart eit vers. Ordtaki høyrer til den eldste diktning me kjenner; dei hev vel alt fyri vikingtidi havt poetisk form, snart som tvo linur i fornyrdes-lag, snart som langlina i ljodahaatt, og ved samansetningar av tvo slike ordtak med lange linur var versemaale i ljodahaatt skapt. Sidan voks det andre halvverse til. mime; det karm ein tyde so, at Odin ogso riste runir i Jøtun- heimen. 137 C. tykkjest so aa yera grunnlage for A. Det er von til at den same mannen sidan hev bygt ut verke sitt, daa han hadde lært meir. Same emne og tankar, ofte ogso same ord og ordelag, finn me att i A. som i C. (Same ord i vers um venskap. Lina um øl hev vorti til mange vers. Same emne: varsemd, venskap og fiendskap, gjesting; C. um aa taka imot gjest, A. um den som sjølv er gjest.) C. tykkjest vera dikta til ein som bur fast, A til ein som sviv paa viddi. C. er meir trugi og einfengt, A. meir kringmælt og vidtenkt og eit heilrent kunstverk. Fem linur i Rigstula (42—43) svarar til fem vers i Haava maal (146, 148, 149, 152, 154). Innskot. 16. Ordtak: „ Alderen gløymer inkje mannen." 28. Meiningi er vel denne: Det gjeld um aa tala vitugt. Det som er uvislegt sagt kjem snøgt ut paa folketunga. 63. Ordtak: Den som inkje fregar og spør, han vert inkje klokare enn han var fyrr." B Det tri veit, veit alle." 73. Liksom tunge og hovud høyrer til same menneskje, og tunga likevel karm valde hovudet bane, spleis karm ein inkje vera trygg for felagen i same heren som ein er sjølv, anna ei svikhand karm koma fram or kufta der ein minst venta det. 74. Meiningi er ugreid. Kann-hende fyrste helvti er um ein som er ettersett paa sjøen, og den andre helvti um ein som forfylgjer. Sume tyder 3dje lina so: stutte er skipsromi, der ein skal sova. 78. Um Fitjungs sønir hev def vel vori segnir som me inkje kjenner. 81. Ordtak: Ein skal inkje rose dagen fyrr kvelden er komin." «Ein skal inkje rose isen fyrr ein er yvir komin." Ein skal inkje skreppe av øle udrukki." (Tel.) 83. Mijrke Sverd; myrke av rust. Ein karm lett verte narra, naar ein kjøper sverd som er for blanke. Innskott er vel komne litt etter kvart, lause stev, mange bygde paa ordtak, og som hev svivi einslungne, til dess ein samlar hev funni ein krok han kunde smette deim inn i songen paa og hekte deim attaat eitkvart. Sameleis hev det i Draumkvæde sprengt seg inn mange stev og visestubbar. Stor likskap finn ein millom sume vers i Haayamaal og frødestev i Litauen. Dei fortel at det ei tid var ein gamall mann i Litauen som het Ismintas (vit). Han lærde folk aa skjote med boge og fortalde um all gude-visdom. Han lærde soleis: Ros dagen um kvelden, kvinna naar ho er daud, sverde naar du hev brukt det, gjenta di morgonen etter brudlaupe." (Sml. Haavamaal 81, I—4). „Tru inkje gjentune ; hjarto deira er inkje gode, tunga full av svik, stødt er dei reide til heilagbrot“ (Sml. Haav. 84).


Mange likskapar er det millom Haavamaal og den græske diktaren Hesiod si bok „Verk og dagar“.

Hesiod talar til Perses: „Eg segjer eit ord aat deg, veltenkt og godt, men du det gøyme vel i din hug" (106—7). „Lukke og sæle fylgjer den mann som allting hev lært (826, tridje siste verse i kvæde). Sml. Haav. 111, 165. Ein skal arbeide, so ein slepp aa gange paa grannane etter noko, og faa seg hus og kone, og uksar til plogen, og gjera si ambod sjølv, so ein slepp beda andre um hjelp (398—408). Sml. Haav. 36—37 og (126). Stor bate fær den som gjæter tunga si. — Eit meinord sagt kann valde at du sjølv snart fær høyre ymist ilt (719, 721). Sml. Haav. 29. Agte dei rette grensur; maatehald er alltid best (694). Sml. Haav. 113. Pengane er sjæli hjaa dei vesalle menneski (685). Sml. Haav. 75, 78, 79.

Ver gridug um morgonen. Morgonstundi sparer tridjeparten av arbeide (577—78). Sml. Haav. 59. Du skal elske venen din. Men kjem nokon imot deg med uvenskap, skal du møte honom med ilt Gjev nokon eitkvart aat deg, skal du gjeva att. Men fær du inkje noko, skal du heller inkje gjeva (153-54). Sml. Haav. 42, 127, 145. Lat inkje noko kvende ville hugen din. Han som lit paa eit kvende, gjev si tru aat ein røvar (373, 375). Lygn og smeikjetale og løyndhug vart skapt Pandora i bringa eller i hjarta (67, 77, 78). Sml. Haav. 84, 90.

Hesiod nyttar mange gamle ordtak, sameleis som Haavamal. Hev den norske skalden fengi tanken um Haavamal av det græske kvæde?



  1. Vers som er yvirsprungne kjem etterpaa, daa dei vonleg er seinare innskot.
  2. Paa brandom, paa aare-hella eller i ved-roi, der alle kunde setja seg utan beding.
  3. Kòp, ein styvin glaapar.
  4. Bane-beig, daude-mein.
  5. Kvik, livande.
  6. Braut, veg.
  7. {[sp|Røyr}}, sèv, sjogras/
  8. Gjetord, umtale.
  9. Faatt, faae ting, lite.
  10. Grjot, stein.
  11. Gaume, anse.
  12. Dei tri siste linune er inkje tekne med.
  13. Lang-venir, gamle venir.
  14. Tegn, gut.
  15. Hause, hovud, kar.
  16. Fet, stig.
  17. Grind, kvi til aa hava kretur i (Tel. Nordl.).
  18. Geir, spjot.
  19. Live, gjeva livd.
  20. Flein, pil.
  21. Fegre, fagerleik.
  22. „Talar“ stend det
  23. Upphavleg kanskje so:
    Inkje sting
    so saart ein orm
    som treiske manna-tunga


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.