Hopp til innhold

Haarbardsljod

Fra Wikikilden

Tor var paa ferd fraa austerveg og kom til eit sund; paa andre sida av sunde var ferjumannen med skipe.[1]

<poem>

Tor ropa:

1. „Kva er det for ein svein-selle; som stend for sunde dera?“

Ferjumannen svara:

2. „Kva er det for ein kar-kall, som kallar yvir vaagen?“

Tor kvad:

3. „Før meg yvir sunde, so fær du ein aabit; meis hev eg paa rygg, det finst ’kje maten betre. Fyrr eg fraa garde fór fekk eg meg mat, havrebraud og sild, eg hungrar inkje endaa.“

Ferjumannen kvad:

4. „Du stor-éting reknar for storverk, men sjaa vel fyri deg, dauvlegt er heime hjaa deg, daud ligg mor di, trur eg.“

Tor kvad:

5. „Slikt du no segjer som synest kvar mann dauvlegt aa høyre, at daud ligg ho mor.“

Ferjumannen kvad:

6. „Inkje ser du ut som du aatte tri gardar; berrbeint du stend, du hev bragd[2] som ein strjukar, d’ er snaudt at du broki di eig.“ <poem>

Tor kvad:

7. „Styr hit eikja, eg stødi viser deg; eller kven eig skipe som ved strandi du held?“

Ferjumannen kvad:

8. „Hildolv han heiter som bad meg halde baat, raadvis er mannen i Raadsøyarsunde; inge farkar og øykje-tjuvar, berre kjende og fagna folk skal eg ferja; seg meg namne ditt, vil yvir sund du fara.“

Tor kvad:

9. „Namne segjer eg, endaa ufredt her er, og ætti mi all. Eg er Odins son og bror til Meile og Magne sin far, trauste gude-drotnen; med Tor du no talar. No deg vil eg spyrja kva du heiter.“

Ferjumannen kvad:

10. „Haarbard eg heiter, eg held sjeldan namn dult.“

Tor kvad:

11. „Kvi skulde du dyljast, utan drengen hev i Ilt gjort?“

Haarbard kvad:

12. „Kva illgjort eg hadde, aldri eg skulde fæle for slik fark, utan feig eg var.“

Tor kvad:

13. „Lite møda verdt aa vasse yvir vaagen til deg og væte mine tølur; eg skulde umagen[3] løne for eglingi si, um yvir sund eg kom.“

Haarbard kvad:

14. „Her mun eg stande, hera eg bidar deg; du fann inkje ramare mann, sidan Rungne stupte.“

Tor kvad:

15. „Du minner um det daa eg møtte Rungne, jøtun-sluggen med stein-hovude, likevel laut han lukt aat marki. Kva dreiv du med daa du Haarbard?“ <poem> 16. „I fulle fem vintrar med Fjølvar eg sveiv paa øyi den som Aalgrøn heiter; vega me gjorde og val fellde, mangt me freista, møyar me fann. Kva dreiv du med daa, du Tor?“

Tor kvad:

19. „Eg drap Tjasse, den traa-søkne risen, upp heiv eg augo til Allvalde-sonen høgt paa himilen klaar, dei beste merke paa mine storverk, og audsynte er dei enn. Kva dreiv du med daa du Haarbard?“

Haarbard kvad:

20. Mangt eit spel eg med myrkridur hadde, mana deim fraa sine menn; so leidt eit troll tottest Lebard vera, gav han meg gambantein, men eg vélte han fraa vite. Kva dreiv du med daa, du Tor?"

Tor kvad:

23. „Eg var aust i Jøtunheimen, drap illkynde gygrar som gjekk i berg; stor vart jøtun-ætt, fekk alle liva, daa munde ’kje mann i Midgard vera. Kva dreiv du med daa du Haarbard?“

Haarbard kvad:

24. „Var eg i Valland og vigferd[4] fylgde, eggja upp hermenn, men aldri deim samde. Odin eig jarlar som jarn feller, men Tor eig træleslage.“

Tor kvad:

25. „Ujamt du folk millom æsir skifte, um du hadde vald som du vilde.“

Haarbard kvad:

26. „Tor med magti si vantar mod i hjarta; kaut var ’kje karen, daa han kraup i hansken.“

Tor kvad:

29. „Eg var aust og aai varde <poem> daa Svaarangs sønine sette paa meg; dei grytte med stein, men gagn fekk dei lite, dei laut fulla um fred meg beda. Kva dreiv du med daa, du Haarbard?“

Haarbard kvad :

30. „Eg var aust, med ei einherju skjemta, leika i løyn-ting med linkvite møy, gledde den gullbjarte, gaman ho fekk. Kva dreiv du med daa, du Tor?“

Tor kvad:

37. „Berserk-brurir eg banka paa Lesøy, øgne var dei, øste upp alt folk.“

Haarbard kvad;

38. „Vesalt fór du daa, Tor, at du vog kvende.“

Tor kvad:

39. „Varulvar var det, og visst inkje kvende; dei støytte ned skipe som eg skorda[5] hadde, dei truga med jarnlurken og elte Tjalve. Kva dreiv du med daa, du Haarbard?“

Haarbard kvad:

40. „I heren eg var som hit stemnde med reist stormfane til aa rjode spjot.“

Tor kvad:

47. „Skrøytingi di du saart skal trega, um eg legg til og vassar vaag ; høgre enn ulven yle skal du, fær du av hamaren hogg.“

Haarbard kvad:

48. „Ein elskar hev Siv, sjaa til finn honom, med honom aa haldast det høver deg betre.“

Tor kvad:

49. „Du mæler som tunga deg tèl, det meg tykkjest det verste, din livrædde larv; du lyg, meiner eg.“

Haarbard kvad:

50. Sant trur eg aa segja det, du sein er paa foten; <poem> no langt var du farin, Tor um ferjo du hadde.“[6]

Tor kvad:

53. „Ei raad eg no gjev deg: ro hit med baaten, trætta trjote,[7] tak Magnes far med!“

Haarbard kvad:

54. „Far du fraa sunde! du fær ingin baat.“

Tor kvad:

55. „Vis meg daa leidi, naar du vil meg inkje ro.“

Haarbard kvad:

56. „Lite skal eg krangle, det langt er aa fara: ei stund til stokken, til steinen den næste; hald so til vinstre din veg, til du Verland hitter. Der mun Fjørgyn finne Tor son sin og syne ættingen veg til Odins-landi.“

Tor kvad:

59. „Stutt vil me svalle, naar du spottar meg berre; eg skal løne din umak, um eit anna sinn me raakast.“

Haarbard kvad :

60. „Far troll i vald, all dei take deg!“


Innskot:
Haarbard kvad:

18. „Spræke var gjentune, berre dei spakna; gilde var gjentune, berre dei vart gjølte; dei or sanden snudde reip, grov ut grunnen til djupe dalar; eg aaleine med alle raadde, kvilde med systrane sjau og hadde deira hugnad og gaman.“


103

Haarbards-ljod. Songen um Haarbard. Ljod tyder i ein tal vers, i fleirtal samling av vers, kvæde. Haarbard tyder graaskjegg, er etter Grimnesmaal namn paa Odin; namne i Grimn. hev vel komi fraa Haarbards-ljod, som forfattaren maa ha kjent. Men det er uvisst um namne der høyrer til det upphavlege kvæde eller er seinare innskot. I stykke um Dauden til Sinfjøtle er det ein kar med baat som tek like og fører det yvir ein fjord. Og dei meiner at dette ogso var Odin, som daa etter gomol tru fører dei daude yvir vatn til helheimen, sameleis som Karon hjaa hellenane. Naar Tor kjem fraa Jøtunheimen, maa han yvir denne clvi. 1-2. Svein-selle. Kar-kall. I Rigstula, som diktaren tykkjest kjenne, er Svein son til Jarl, og Karl er far til bonde-ætti. Tor vert daa kalla bonde (sml. Tore-kall) og dermed sett laagare i rang enn ferjumannen. 8. Hildolv (kamp-ulv), hjaa Snorre namn paa ein av sønine til Odin. Fraa fyrsto er det vel namn paa Odin sjølv. Raadsøyarsund liknar paa namne Raadøysund i Lindaas Nordhordland Dette namne karm vel skalden ha kjent. Steindalen (sjaa vers 56) er ogso i nærmunom. Uvisst er det likevel um skalden vil hava lagt hendingi hit. 16. Fjølvar, han som er mykje var. Aalgrøn, jordi maa det vera meint. 20. Murkridur, trollkjeringar som rid i myrkre. Lebard er elles hjaa Snorre namn baade paa ulv og bjørn, vel av leopard. Gambantein, sjaa Skirn. 23. Midgard er vonleg tenkt som eit gjerde, eller ein voll kringum mannheimen til verjing mot risane. 24. Valland, Nord-Frankrike, der valir, keltar, budde. Jarlar, hovdingar. Med trælar er her hatefullt meint bøndar. Egils saga fortel at i Fjordane vart det klaga at Harald trælka bøndane og gjorde deim til trælar. Det tykkjest som daude ogso kom til Tor. Ei runeskrift paa ein stein i Flatdal i Telemark er tydd soleis: Artug bed Tor den aalmegtige gud at han tek sjæli i større glede." 39. Tjalve var fylgjesmannen til Tor. 40. Med heren som hit stemnde" karm ein tenkje paa einherjar. Moglegt er det at skalden ogso tenkjer paa land vinnar-heren til kong Harald. 56. Stokken og steinen karm anten vera namn eller merke, vardar av tre eller stein paa vegen. Verland, mannheim, maa kanskje her vera jordi, som Haarbard kallar Odins-landi. Innskot v. 18. Kvendi som her vert nemnde maa vera elve-troll. Elvar grev ut dalar og legg liksom lange reip av sand. Gygrane hev ofte elve-namn. Folk trudde vel at kvar elv hadde sin rise Elles er det ofte nemnt som eit raadlaust verk aa spinne reip av sand. 104 Finnur Jonsson segjer: «Det er den aandelige overlegenhed som her mødes med den legemlige styrke. Det er naturligvis den første som gaar af med seiren. Naar Odin repræsenterer det lette seirrige vid, veltalenhed i forbindelse med mod og kold blodighed, er Tor en repræsentant for den jævne, lidet bereg nende gennemsnits-forstand, som i sleden for at lede den übændige naturkraft, lader sig viljeløs lede af denne, og farer hovedkuls frem, indtil den støder mod en uovervindelig hindring — og da staar den der uden at vide sit arme raad. — Ikke et øieblik er Tor sig selv ulig, ikke et øieblik glemmer Odin den overlegne, drillende, satiriske rolle, han spiller. Digtet er et lille mesterstykke." R. Keyser segjer: Man maa merke sig, at Tor som jøtnernes bekjæmper, som Midgaards helliggjører eller renser (véorr), i det hele som menneskelivets og menneskeverdenens verger mod alle forstyrrende og ødelæggende magter i naturen - — egentlig var det fredelige bondelivs, den fredelige næringsdrifts op holder og beskytter. Odin derimod tænktes fortrinsvis som stridens gud, som den der eggede folk mod folk og fyrster mod fyrster for selv i de faldne at vinde einherjer for sin Valhal; han tænktes som den, der kaldte menneskene til herjen og drab; han kunde altsaa, idetmindste i denne egenskab, ikke tænkes som det stræbsomme landbrugerlivs verner og fremmer, men maatte snarere fremstilles som dets fiende. Lægger man nu endvidere merke til, at i nærværende kvads 23de og 24de vers netop denne modsætning mellem Tor og Odin kraftigen fremhæyes : Tor kjæmper mod jøtnerne, for at mennesker kunne bo i verden, medens Odin vækker strid mellem konger og færdes i slagene, — Odin tilegner sig de faldne jarler, d. e. krigere, medens han med foragt anviser Tor trælenes slægt", hvilket udentvivl i Haarbards eller Odins mund intet andet vil sige end de med landbruget an strængt syslende (trællende) bønder, — lægger man, siger jeg, merke hertil, saa bliver det vel høist rimelegt, at det egentlig er modsætningen mellem bondeliuet og krigerlivet, hvilken den gamle skald i dette kvad billedlig har villet skildre." Samhugen tykkjest ved fyrste blinken aa fylgje Haarbard (Odin) som meistrar og sneider Tor og held han for narr. Men gjev ein gaum,, vil ein finne at det som vert fortalt um Tor er berre store og gode tak til gagn for menneski, medan Odin eggjar til unyttig strid, daarar kvende og fer med svik. Skalden hev i røyndi vilja halde fram Tor, men han hev havt grunnar til inkje aa gjera dette beintfram. Og desse grunnar karm ha vori umsyne til folk som serleg dyrka Odin, politiske grunnar, kunde ein mest vaage aa segja. Det er haldi for at Haarbards-ljod, Loketrætta og Skirnesmaal skriv seg fraa same mannen, og ein hev sett at denne godt karm ha vori Olve fraa Fjordane. Daa kong Harald var paa ferde, raadde, den meining hjaa Kveldulv, at Harald hadde slik lukke med 105 seg, at det lite kunde nytte aa stande honom imot, endaa med god vilje kunde ingin gjeva seg under han. Daa vart Tor naturleg bøndane sin framsynar, og Odin kong Haralds merkesmann. Bakum kvæde skulde ein daa kunne sjaa kong Harald paa den eine sida og bøndane paa den andre sida. Skalden hev hjarta sitt paa bondesida, men vite raader han til aa løyne dette. Og det gjer han paa den maaten, at han lét Odin vera den som er ovanpaa. Formi er lovpris yvir Odin og hans menn, innhalde derimot syner Tor og hans menn som dei trauste styttune i lande. I Fjordane kom Odins yvirtak seinast fram, etter namne-samansetningar aa døme; tungt laut det difor søkke i folk, naar det fraa den andre sida vart truga so stygt imot Tor, og hans menn vart kalla trælar. Ei eggjing laag det i dette til alle trauste bøndar um aa traasse ein slik vaae, som berre tenkte paa strid og svik og kvende-daaring, og hædde all gamall vyrdnad. Men det er ingin politisk førar som talar i kvæde, anna ein skald, som magtar aa føre alle hugdrag fram, men sjølv held seg utanfor og ventar til aa sjaa korleis allting lagar seg. Haarbards-ljod tykkjest vise kjennskap til Rigstula, og det maa vera eldre enn dei form-plente og rike kvædi Loketrætta (som tek upp att og utvidar emne i Haarb.) og Skirnesmaal. Ein skulde helst tru at det skriv seg fraa tidi fyrr Olve hadde slegi seg til kong Harald, eller fraa aari 866—869. Emne til dette kvæde tykkjest ha vori ei gomol vise fraa vestlande um bjørnen som skulde yvir eit sund. Og med bjørnen var vel meint Tor. Bjørn var namn paa Tor, segjer Snorre. I den tidi daa Odin var ramn eller ulv, og Frøy galte, var det rimelegt at bjørnen høvde Tor best. For bjørneleg tykkjest han vera laga, allvist i dette kvæde. Bjørne-versi gjeng endaa som inngangsvers i visa um Ramnabrudlaup i Kraakelund", som fyrst vart uppskrivi og trykt paa Nordhordlands maal ikr. 1640. Bjørnen sat uti bakkom nord, mangt so munde han hugsa: skal eg symja den breide fjord, vaat daa verle mi buksa. Seti heve eg den heile natt med graat og ille laat; søte Hallvard*) laan meg skuta di meg ber slett ingin baat.

  • ) Sml. Hildolv i Haarbl 106

Bjørnen hev vel og fraa fyrsto sagt dei ordi som visa lege i munnen paa ulven: Gjeva vilde eg eitkvart godt, eg var tvert yvir ei mil Etterslengen er ulik ved kvart vers Bjørnen han er yppaste kar uti skogen. Bjørnen visste seg ingi raad uti skogen. Eg er bedin til brudlaupsgard uti skogen. Eg er bedin til køyremeister i skogen. Var Tor ein bjørn, er det vel rimelegt at Odin var fugl, ramn eller ørn, so fuglevengen var skuta som Tor vilde laant. Karm hende at den upphavlege visa um brudlaupe ogso var grunnlage for kvæde um Loke-trætta i gilde hjaa Æge. Tor kunde ein daa tenkje seg vart heft av Odin,' so han soleis fyrst kom langt uti leiken. Liksom i Loke-trætta heiter det endaa i visa: Miljom kvorjom gjeste yppast stor skitlæte. Bjørnen kom seint til lage, og han stoggar daa ulven, sameleis som Tor gjer med Loke i Loke-trætta, etter han vart skjenkt av Siv (her skjori). Ulven drakk utor sylverskaal, slo han henne mot golv ; inn so kom han bamse-bonne: koss ber du deg her, ditt troll?" Sporven var munngaats-mann" og skulde daa svara til Byggve, gaasi kanskje til Bøyla; og reven skulde ein vente var Loke. ( Reven var den treiskaste kar uti skogen.") Det er fortalt i ei avskrift av visa, at ein prest paa Nordhordland Anfind (vonleg Anfind Breder) skal ha kompon eret" ho. Um so er, hev han vel daa av utgamle verse stubbar sett ihop ei skildring av bonde-brudlaup, med mat sendingar, fraa si eigi tid. Det eldste grunnlage i visa tykkjest vera dikta i ljoda haatt-vers, og skulde i so fall vera noko av det eldste me 107 kjenner av slik dikting. Tvo gongir skulde so vise-^mne vera nytta og vendt; fyrste gongen vart dyrehamen burt-tekin av edda-skalden, andre gongen gjorde presten ei brudlaupsvise av emne, med skildring fraa bondelive. Um Herakles er det fortalt sameleis at han tvinga Karon til aa føre seg yvir Styx. Ein annan gong skulde han paa vegen til Eryteia (Raadsøy?) yvir have, og tvinga daa Helios (Hildolv?) til aa ferja seg paa solbaaten. Det var paa den ferdi han tynte Eryx, som minner um Rungne. Med amazonune drogst han sameleis som Tor med gygrane. I Normandi finst eit kvæde av trubaduren Rutbeuf: Le pont cassé", som skildrar korleis ein ferdamann og ein sund mann trættar med kvarandre.


  1. Alle seinare innskot er inkje tekne med i umsetningi; berre v 18, som kjem sist.
  2. Bragd, gjerd.
  3. Umage, unge, stakar.
  4. Vigferd, herferd.
  5. Skorde, feste med styttur
  6. 50, 4 vert ogso tydt soleis: „um i løynd du fór."
  7. Trjote, slutte.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.

[[[en:Poetic Edda/Hárbarðsljóð]]