Guttenberg

Fra Wikikilden

Haltrie hundra aar etter Bacons ti kom der ein heil flok gilde menn som tok arbeie op etter han. Men før me nemner desse lyt me høyre litt om han som meir enn alle hine hev hjelpt kulturen fram, — ikkje med sin store lærdom, men med si store opfinning.

Mannen er Guttenberg. Det han fann op va boktrykkarkunsten. Boktrykkarkunsten vart brua som hev bore vite aa kunskapen fraa dei lærde aa ut i det store folkehav.

»Av alt det goe me hev i det 19de hundraaare, er det ingen ting me burde vere so taksame for som denne lette tilgang til bøker«, skriv Johan Lubbock i Contemporary Review. — »Bøkene er læremeistra som lærer os uta ris, uta vonde or, aa mest uta betaling; spør du, so løyner dei ingen ting; mistyer du dei, so murra dei aldri; om du er dum, so lær dei kje aat deg«, skreiv bispen av Durham for tvo hundra aar sia. — »Den som elska bøker, vil ikkje sakne ein trufast ven, ein go raadgjevar, ein rik trøystar«, seier Isak Barrow. — »Bøker er til rettesnor for ungdomen aa til hugna i alder domen«, seier Jereny Collier. — »Boka aat ein. vismann er meir verd enn live aat ein daare; vismannen sit blek er kostelegare enn bloe aat ein martyr«. (Arabisk ortøke).

Den engelske sogeskrivaren Macauly som va rik aa hadde alt han ynskte seg, viste kje av noko so hugnalegt som bøker.

Bøkene hev nok hittil vore luksusvare for rikinga aa overklassefolk. Men likevæl kan me for største delen takke bøkene for det som er gjort for aa hjelpe dei netrykte op. Aa meir aa meir vert bøkene tilgjengeleg for alle samfundslag, aa kan skaffe alle herlege stunder. — Me gle os kvar gong her kjem ei ny bok fraa ein Garborg, ein Ibsen, ein Bjørnson ein Lie o.s.v., der dei aapna nye tankevidder aat os aa læt nye kjensler krisle jenom nervane vaare. — Me kan tale med dei avlidne. Me kan høyre Sokrates sine visdomsor, Buddha sin avgrunsdjupe livsfilosofi. Me kan fylje Jesus paa hans vandring millom sjuke aa syndeslitne med helsebot aa von til alle søkjande. Me kan fylje Vinje paa hans kaate ferd i tankeheim aa jordheim, — lauge os med han i fossande elva, graate med han naar hans mjuke strenger skjelv. Me kan vere med Newton i hans svimrande utrekninga. Steg for steg kan me fylje Darwin jenom alle hans prov paa den utvikling der er i planteheimen aa dyreheimen. Tankane aat ein Herbert Spencer, ein Stuart Mill, ein Kant, ein Karl Marx o.s.v. er tilgjengelege. Colombus kan. me fylje aa finne Amerika, aa me kan reise med Nansen paa hans grønlandsferd.

Men alt dette kunne me kje, hadde me kje bøker. Aa bøker kunne kje me, folk flest, naa i, dersom ikkje boktrykkarkunsten va. — —

For 450 aar sia fans det inga trykt bok. Men folk va komne langt i skriving aa utskjering. Dei hadde handskrivne bibla med mange gilde tekninga i (berre rikfolk hadde raa aa kjøpe ein slik). Desse tekningane va skorne i tre aa kunne altso brukas aat fleire bibla ved aa ta avtryk. Litt om sen tok dei til aa skjere ut bokstava og, til tekst under kvar tekning om kva bilæte skulle bety. Men desse bokstavane va utskorne i eit aa same stykke, so dei kunne kje brukas til andre tekster. For kvar ny tekst laut der nye utskjeringa til. Det som rast va aa faa bokstavane lause, so dei kunne setjas om kvarandre aa altso brukas opatt til nye tekster. — Her va det Guttenberg tok fat.

Han er fød i Mainz ved Rihnen for væl halfemte hundra aar sia. Han va av adelsæt aa laut ryme fraa føebyen sin, daa der vart trætte stenderne imillom om hædersplassen paa landsens aarlege festa. Han reiste fraa by til by aa vitja framifraa folk. Sistpaa kom han til Holland. Der fødde han tanken om boktrykking. — Han reiste attende til Strasburg, aa med mykje stræv aa møe fek han her istand typer av tre aa sette dei saman til or, som han tok avtryk av. — Kunsten va funnen.

Guttenberg skyna væl kva vidd aa vigt arbeie hans vilde faa. Men sjøl va han pengelens aa maatte trygle andre om hjelp skulde det bli til noko. Men sjølve kunsten prøvde han aa løyne i lengste lage, daa han va ræd nokon vilde ta æra fraa han. Men adelsfolke i Strasburg va for fine paa det til aa vilje hjelpe. Han laut ta paa med grovarbei for aa livnære seg, aa gjore sia samlag med tvo rike borgara. Dei studde han med penge, aa dei fek til ein verksta for kunstarbei. Men opfinninga fek dei ikkje hold i. I løyndom streva aa møddes han med sine tre-bokstava aa ei pressegreie til aa trykke med. For aa vere sikker mura han seg in i eit gamalt kloster, aa nøytte alle fristunder aa ofte halve nætene paa kunsten sin. Folk fek hold i dette aa tok til aa skulde han for trollskap. Men han vyrde kje folkesnak; han dreiv paa, dag aa nat, til fyrste trykkene va ferigt. — Han tok til aa trykke bibelen. Men langt kom han ikkje, før han va pengelens. I si nau laut han openbaare kunsten for kameratane sine. Dei vilde ha full lot i ære aa vinning; aa det laut han love dei. Men snart kom namne hans burt fraa firmastempelen, aa han vart berre som ein arbeistræl under dei. Sistpaa nekta dei, at det va han som va opfinnaren. Det vart søksmaal, aa daa saka kom til doms, aa Guttenberg kvidde seg for aa fortelje høgmælt om kunsten, daa han va ræd at det heile va sett igang einast for aa lure kunsten av han, — so vart han dømd, aa miste al sin midel.

Seinare ga han seg ilag med tvo andre aa gjore eit nyt trykkeri. Men daa det væl va igang, tok dei æra for alt saman, aa Guttenberg sto paa berr bakke. Alle vonde magter slo lag mot han no. Han miste kona si aa baana sine. Einsam aa utsliten aa langt tilaars sto han att, naken aa snytt, aa utlædd. Det ha vore ute med han no, dersom ikkje ein folkeleg kurfyrste ha gjort sælebot paa han aa hjelpt han med penge til aa halde fram med kunsten sin.

Men kort etter døe han. Han let ingen ting etter seg, anna den opfinning som literaturen i vaare dage ikkje vilde greie seg foruta. — Aa nær paa kunne namne hans ha drukna i den store gløymebok der so mange av dei beste vert negrevne.