Giordano Bruno

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

er fød i Italia.

15 aar gamal gjek han i kloster aa grov seg alt djupare aa djupare ne i bøker aa lærdom. 27 aar gamal laut han ta flugta, daa dei mistenkte han for kjettarskap. Sia for han omkring i Frankrike, England, Sweits aa Tyskland, aa preika alsta om det han ha lese aa tenkt seg til.

Men i 1598 kom han i hendene paa inkvisisjonen. Bunden vart han førd til Rom aa kasta i fengsel. I tvo lange aar sat han der, men nekta framleies aa ta i seg lærdomane sine. Dei førde han for inkvisisjonen att, aa paa sine kne maatte han der høyre domen over seg verte lesen op. Han vart dømd til aa brennas levande. Men sjøl tok han domen med ro. — »De som les domen, skjelv meir enn eg som høyrer paa«, sa han til domarane.

8 dage etter, den 17. februar 1600, vart han lagd paa baale aa brend levande. Før han døe ropte han til ein go ven, Greve di Ventimiglia, som sto tet ved baale, at han maatte fylje i fotefare aa strie mannelegt mot fordom aa rangsyn. Retsfolke høyrde dette aa va tenkt aa knipe greven same kvelden; men han va alt rymd. Seinare vart han likevæl fakka aa sett fast. Han døe i fangehole.

Bruno med sin lærdom aa sit frisyn, aa gløgtenkt som han va, va faarleg nok for si ti, endaa me kan synes han va spak. Han trudde at himmelrome va endelaust aa umaalelegt. Han lærde at der va fleire kloter likeso digre som jora, aa han meinte med Kopernikus, at jora gjeng runt omkring sola. Dette va kjettarskapen hans. Kvart skulebaan lærer det no i aalmueskulen; men Bruno kom paa baale!

————————

»Fedrene dykka steina profetane; de bygger grave aat dei«. —

Paa den same flekken der folkehopen i 1600 sto bisnande paa elden som slikka om Bruno sit nakne lekam aa litt om sen gjore fridomskjempa til kol, der møtte ein langt større skare i aar 1889 daa minnestytta over Giordano Bruno vart avsløra. 500 faner bugta seg over det folkehave som drog mot ærestytta over ein mann som kyrkja hadde brent! — Eit laakt syn for paven. Han stengde seg inne paa sit paveslot, harm over den brodd han ikkje lenger kan trampe ne.

Det va ein fest for tankefridomen den folkefesten som no vart halden i Italia over Giordano Bruno.