Hopp til innhold

Gamle Moder

Fra Wikikilden

Du gamle Mo’r! du sliter arm,
so Sveitten er som Blod,
men endaa i dit Hjarta varm.
Og du meg gav min sterke Arm,
og dette ville Mod.

Du turkad’ Taarer af mit Kinn
somangein Herrens Gong,
og kyste meg som Guten din
og bles meg uti Barmen in
min sigerfulle Song.

Og gamle du, du gav til meg
mi mjuke Hjarterot,
og derfor maa eg elska deg,
hvorhelst eg vankar paa min Veg
om so vaa villan Fot.