Hopp til innhold

Gamel-Hougjin

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 150-153).

Gamel-Hougjin.

Han va upp-alin i Ei’e[1] og difor va de mange, som kalla han Ei’e-Busin, for han va mest som ein Buse aa sjaa paa; rette Namne hans va no elles Knut Svarvarhougje. Meir hell medels høg va han ikje, men du, for vælvuksne Kar! Stutt te-knees, lang i Laarom og brei i Ryggje som ei Bakst-Fjøl; Hals aatte han aa kalle for ikje og difor sat Hugue reint ne-i Ækslom paa ’om. Anlete va ou breitt og grov-sli’i – han va saa grovt brei millom Ougom og Ougbryne laag som tvæ klurote Ein-Kjørre[2] upp-ivi Ougom hans. Attaat va han grov i Maale – de va ikje saa ohøvele Namn aat ’om, naar han vart kalla Ei’e-Busin. Eg tykjys sjaa han forr me enno, naar han sat fram-me Omne: lubnare og tett-gjordare Kar, hell han Knut va, veit eg ikje eg har seett.

Da han Knut va væl vaksin, tente han eit Aar paa ein ’taa Holbøs-Gardom i Sjaardale. Jul-Eftan, ette de lei’ saa langt paa Dagen, at døm ha gjort fraa se allt Ut-Arbei’e i Gardom umkring, kom Mann og ba han Knut kjøre te-gards eit Lass me Hoggje-Louv, te Helgen. Detta vart han Knut grættin for, men han gjekk burti Stall’n og tok ei Merr og la Sela paa. Merre va lei aa beksle upp stødt, og no va ho enno verre. Best de va, ha han Knut upp Hande og ga Merr’n ein Dask i Skallin saa ho datt ne-paa Føt’n sine. Mann sjøl sto og saag paa, men da han skjøna kaa Møle han Knut va paa, skonda han se inn-att. Merre reiste se upp-att um lite og paa lite Grann kom han Knut att me eit Louv-Lass, som ikje foor i Ærends-Løyse[3].

I Sylater-Aarom let han Knut se kverve og sto Gardison i Trondem. Mea’ han sto i Tenest’n va de eingong han ba um Heimlov som snøggast og da gjekk han fraa Trondem og heim paa ein Sylater-Stomp og 6 Skjilling.

Da han gjifta se fløtte han aat Svarvarhougje, ein liten Heim-Sta som han kalle for baade rødde og byggde. Han va ein ein-traa og hardsett Arbei’s-Kar og lite um Senn veelte han um Heimen baade me Hus og Jord saa han berga se godt. Han ha 5 Kjy’ som va feite som eit Svell, naar døm kom ut um Vaarann, og dessa Kjy’nn hans Knut va namn-sporde i heile Ottdale. Da Offsin va, kom han Knut att fraa Lalm fyste Skriu-Dagen, den 21de Juli, han ha vore i Arbei’ hjaa Verte sine paa Sygard-Snele. No tordes han ikje gaa Stigen sø-igjønom Ottdal’n, men gjekk upp Skaars-Brekka, uppi Rinddal’n for aa kaamaa uppaa Fjelle og ne-att i Ottdals-Li’n. Men da han skulde over Rinda, ha ho vukse saa grovt, at han vaadde te Haare hans flout, før han kom over. Da han kom heim va den gamle Stugo hans full ’taa Folk fraa Grend’n umkring, døm ha samla se hjaa honom, for de va tryggt for Skriu paa Svavarhougje. „De va ei laak Stugu-Hytte eg ha enda,“ sa han Knut, „men den Gongen va de mange, som va gla’e døm fann ho.“

Verten hans Knut, han Hans Sygard-Snele, va fæl te aa drikke og naar han va drukkjin, va han baade lei og ostyrle; han kom summe Gongo heim-att i slik Skapna, at Kjeringje litte ikje paa Liv. Men naar ho ha han Knut paa Garde sto de ikje paa, for galdt de paa, saa tok han og sette Kar’n ihop, han, og Ei’e-Busin va han Hans redd.

Han Knut va ei fre’ele Menneskje og slost gjorde han alder, men henda de, at han vart nødd te aa bruke Magte, hell han vart saa upp-arga, at han ikje styrde se sjøl, saa va de som de skulde vore morkje[4], kaa han tok i. I ein Aksion va de ei stygg Slaast-Bikkje, ein grov Furk te Kar va de, ou, som sette se paa ein Son hans Knut som han miss-kjende for ein, han va Ovini me. Son hans Knut ha se onda og freista paa alle Gjerde aa faa han te aa skjøna, at han tok imiss, men de hjolpte ikje og Hogg skulde han faa. Men da kom han Knut sjøl fram-i: „der er Son og her ser du Far’n,“ sa han, „og eg ska Dj. annamme meg, forsvaaraa Gut’n, eg!“ og me di greip han denna Rengja og sette han inn-i ei Ro i Stugun saa Blo’e sto utu ’om.

Kjeringje hans Knut va ei grov Sinna-Tero og saa arg, at ho alder kunde gje se; ho kunde skaapaa se saa skjell-lous[5], at ho gouv kav paa han imillom. Eingong døm fløtte ne ’taa Sæter’n, fekk ho ei Stygge-Ri’ og skapte se rang og sinnt aat Manne, døm va no gamle vorte, ou, baae tvoug. Han Knut vilde bera me se ei stor Mysu-Flaske og den ha han lagt paa Ryggen og va kome paa Vegen me; da rende ho ette og va go-te aa faa han ikoll fram-me ei Skjigards-Ha’felle. „Jou, einn Gong ska eg bli Mester, eg ou!“ skreik ho. „Ska du bli Mester, er de F. saa rart!“ sa han Knut, greip att-me se og fekk i den galne Kjeringe og la ho te aat Skjigarde saa han brotna aat Marken ein lang Stubb.

De va han Knut som reiste ette Akslesonne, da Hesten hans vart sta ve Snel-Hougen, men han vart ikje redd da hell, hann, um døkk kjøm ihog de. Han va ein gudele Mann og las Tekste utu Møller-Postille kaar Helge-Dag; og da lout de ou vera stilt i Stugun – va de nugun, som gjorde den minste Støy hell Oro, vart han senda paa Gard’n forutta Drygjings-Mon. Me Hus-Stelle og Krytyr-Stelle laag han i, seint og ti’le og leit alder paa, at Kjeringje gjorde de væl nok. Naar han skulde leggje se, va de visen hans aa ut-ly’e ho, um de ikje va inkort ho ha gløymt ’taa: „ha du gjeve Katte? – ha du pumma[6] onde Ku’n?“

  1. Ei’e: Gard’n Ei(d)e.
  2. Ein-Kjørr: Briske-Kjørr.
  3. Ærends-Løyse: forutta Ærend, her: som ikje foor attende me ogjord Ærend.
  4. morkje: upp-tærd ’taa Alder hell Ve’r.
  5. skjell-lous (skil-lous): som ikje kan halde Skjel paa se, ikje styre se.
  6. pumma, aa pumme: laagaa te eit mjukt Bol („Leie“) aa liggje paa; eit Pum: Bol, Lego-Sta’.