Hopp til innhold

Ferdaminni fraa Sumaren 1860/1

Fra Wikikilden

som eg vil kalla Olaf og Hans, toko det paa kver sin Maate og vaaro berre samtykte i den eine Ting, og det var at liva i Ufred med kver andre baadi heime til Gards og for Retten, og gjera kverandre dei største Meingjerd, som dei kunde baadi med Gjærdi og Ledgrindar og Driving og Beiting paa ein annans Eign med Buskap og Svin og Høns og alt det, som drivande er. Det var ikki tenkjande paa at beinka seg etter kverandre i slikt. Det hadde saksøkt burt mangein god Skilling um Sanka-Vegir, Beite-Rett og Vatsrennur, so dei hadde vorit ei god Vinning for mangein gild Sakførare. Det tapade mest Saki kver si Gong, so deira Ære var i den Vegen like stor, og vorde med det eggjade upp til at halda paa, daa dei saago, at Retten ikki helt med den eine framum den andre. Det er liksom med Kortspil slikt, og paa denne Maaten taka ogso Folk det.

Gardarne deira vaaro ogso bytte ut paa den Maaten, at det saag ut som gjort til eit dagstødt Meinspil, endaa der i Odalen ikki er so ille med Sameign og Millom-Teigar som paa mange andre Stadar og det endaa i slike Bygdar som Eidsvoll og Toten f. Ex. Det meste af Vestlandet og Nordanfjølls er det no aldri rødande um, for der er det tidt med Aaker og Eng, som den Eine skulde eiga dei raude, den Andre dei blaae, den Tredje dei kvite og den Fjorde dei svarte Rendarne i ein raandutte Vev elder eit annat slikt Stykke Ty. Og so er der Skidgardar og Ledgrindar mellem kver Stripe. Det er inkje Under, der kann verda Jorddyrkning af! Og so all den daglege Trætte og Banning og Øydelegging af Skogen til Gjærdi! Nei slik Villmannskap i Jordeign var der ikki der i Odalen imindsto ikki millom han Olaf og Hans; men endaa var der meir enn nok at trætta og saksøkja um.

Hans var no ein gudeleg Mann, han, imindsto hengde han og endaa meir hans mange vaksne Born paa Hovudet, og las berre disse Smaabøkerne fraa Gram og Lammers Skrift og alle slike Trudomsbøker; ja Lammers var endaa der paa Garden i Fjor, og gjorde den nyst innreidde vesle Stova til Kyrkje for dei fem og tjuge Saudirne, han hadde til at gjæta i den odalske Kyrkjelyden sin. Dei store Svolkar af vaksne Born, Gutar og Gjentur, som Hans aatte, dei laago late og las um Daapen og Tru, so dei ikki eigong paa Folkevis bergade in dei stakkars Høydottirne og vesle Kornstraai paa den utrekne[1] Garden, som med Hus og alt saag ut lik det argaste Bruk paa Vestlandet og Nordanfjølls og i ei Fjøllbygd. Der fannst knapt ei Beite i den kaldsure Jord, og det var so det urde og krudde af Skjer i kver einaste Aakerleppen, og paa den steinutte Eng var der mest berre sjølvsaatt Gras som i gamle Dagar. Alt laag i Nukken (var forkuet) baadi Aaker og Eng, for Jordi var arm og vatnsjuk. Kvert Hus paa Garden berre ikki denne Kyrkjestova draup og lok og stod skakt og skjeivt med Stødur under.

Der var Lammers[2] i mange Dager paa denne Armodsgarden, og her maatte det taka somykit betre at tala um Rikdomen, som hans Trubrigd[3] vilde gjeva deim. Det rann honom vist aldri i Hug, at desse sterke unge Folk skulde dyrka og husa upp Garden sin i denne væne og gode Bygd; og naar han gjekk yvir Olafs Gard, so sukkade han yvir denne synduge Mannen, som gjorde Narr af dette heile Stell paa Grannegarden sin, og meinte, at det var betre at lesa mindre og gjera større Gagnverk. Han las vel Olaf ogsaa, men det var mest Tidender og Jordbruksbøker og slikt nokot, og so las han Bibelen men beint fram utan alle desse sjølvgjorde haardregne Tydningar, som alle desse Trudomsfolk setja hægre enn sjølve Bibelen. Det er desse Handgrip og Fotslag (Tempo) i Trui, som for deim er Hovudsaki. Olaf kjærde seg inkje um alt slikt, men meinte, at den sanne Tru er greid, og at det var sanne Ord, at der ikki skulde byggjast Tempel korkje i Jerusalem elder paa Garizim, men i Aand og Sanning; og likeins meinte han, at den, som skal vera ein god Mann for Himilen, fyrst maa vera ein god og gagnleg Mann for Jordi, og at Mannen fyrst skal læra seg sjølv, fyrr han lærer Andre. Paa sama Maaten meinte han um jordiske Ting, at all Tale om Landsens Fridom og Framvokster er Daarens Tale, naar han ikki sjølv fyrst skaper Fridom og Framvokster i sin eigen Heim. Derfor helt han heller ikki med Thrane i Riksstelling, likesolitit som med alle desse Thrane’r i Trudomen.

Olaf dyrkade Garden sin upp, so der saag ut som i ein Hagi. Han grov Veitur og braut Stein og bygde Hus og gjorde Treskeverk og alt det gildaste, som til er paa ein Gard. “Garden,“ sagde han, “er stor nok for tvo tri, og endaa vil kver Lut verda betre enn heile Garden, daa eg fekk honom.

Det var hugsamt at fara ikring paa Olafs Gard og sjaa, kvat der eigong kann verda af desse fagre Smaadalar, der Aaker og Eng og Lundar alt no lysa ned paa desse speglande svarte Votn[4]. Og um det enn maa verda sagt um desse Bygdarne, at dei ero langt framkomne, so liggja enno dei fleste Myrar og Jordi kaldsure og sukka etter den dyrkande Mannahand. “Det er ei Synd om slike Myrar“ sagde Olaf, “dei liksom beda os um Ljos og Luft og vilde so gjerne gjera os mette og rike.“

Hans derimot las i Trudomsbøker og let den sure Myr graata si Dogg so kald, at ho frøyste burt Vokstren ikring seg. Naar han so sat med si svarte slitne Trudomsboki desse sine drjupande og fallefærduge syndersigande Hus med froset Mjøl og rotnat Høy ikring seg, daa saag han liksom fyrst i Sanning dette Jordlivs Armodsdom og vardt best kveikt uppi Hugen sin til at syngja: „Far Verdi, Farvel!“ Livsens Griseskap og Stakkarsdom er liksom ei Uppelding af Hugen for slike Folk, eit Slags andlegt Rus likt Tyrkens Opium; og naar dei daa verda sjuke af alt dette svarte og late og armodslege Liv, so verdt Hugen endaa meir uppeldad. Eg hever altid lagt Merke til, at det er slik Armodsdom eller Sjukdom og Motgang, som skaper alle desse Trubrigd, og at gamle Syndarar ogso mest er med etter dei gamle Ord: „Naar Djevelen eldest, so verdt han Munk; og “naar Mannen hever slitit ut si Ungdomsmagt i Verdsens Teneste, so tener han utsliten vaar Herre paa Slutten.“

Olaf syrgde for at faa rumsame Kyrkjur og lagde paa den laglegaste Staden for Aalmugen. Baadi for dette og for han vilde faa gode Vegir, fekk han Uvenskap med mange fleire Folk enn Hans. Bygdi var for alt slikt deild i tvo Serlag (Partier), som attaat skreiv i Tidenderne mot kverandre. Eg hjælpte endaa han Olaf til at skriva ein slik Avisartikel, som var fraa „ein Bonde i Odalen.“ „Det er Synd,“ sagde Olaf, daa eg skreiv, at ikki eg og skulde hava lært meir i Ungdomen min. Men so fær eg taka det atter paa Borne mine, som eg sender sume af inn paa Byskulen. Det gjenger ikki godt etter denne Dag at eiga ein so god Gard og sitja lik meg som ein Staur i Selskap og Formannskap og alt det. Og sume af Smaagjenturne mine sender eg ogso inn til Byen for at læra Matlaging og Folkeskikk og skriva somykit som eit folkelegt Brev, um Gud lagar det so, at dei eigong faa seg ein Kjæraste.“

„Men,“ spurgte eg, “korleides lærer Hans upp sine Born?“

Aa du veit korleides slike Folk læra: dei tru at Kunskapen er syndug, og derfor læra dei, som dei driva Garden sin. Det seer likeins ut inn i Hovudet deira som ute i Garden; derfor verda mange ogso galne; her er tvo sende fraa denne Bygdi inn paa Gautstad. Men no skal eg fortelja deg ei logleg Rispe. Her var ei Gjente trulovad, men so gjekk ho inn i Lammersdomen, og so slog Kjærasten upp med hena. So gingo dei eit Aars Tid og liksom saago paa kverandre; tilslutt sagde Guten: „ja enno kann du gjera det, du vil, anten du vil gjeva upp denne nye Tru og faa meg til Mann, elder du vil tru og ganga som ei Møykjering.“ Det drog paa baade Sidur, men sterkast der, som Guten var, og so slog ho upp med han Lammers.

Ja det gjorde Gjenta rett i, sagde eg. “Ja, det maa du segja.“


I Odalen er utrulig mykit atter af det gamle Maal, og han Olaf var ein af dei beste i dette Stykket; men der er tidt ei rang Udtale af Ljodstavarne (Vocaler), soleides segja dei i for y f. Ex. Bien for Byen. Dette er ellers liksom paa Island i dei seinare Tider. Men paa sama Tid, som der er mykit godt og gamalt i Maalet, so hava dei gode Odøler tekjet upp mykit af det nyare og betre Husstell og Gardsdrift, so der er ein hugsam og klok Framgang i Upplysning og Folkeskikk. Det er so nær Byen, at Folket maa læra nokot, og der er baadi Timberskog og god Jord, so det er Bygdar, som hava ei stor Framtid baadi med Land og Folk. Det er liksom ei Fjøllbygd midt i det store og rike Uppland med det beste Vatsføre i ein Sidedal fraa Glauma upp til nordre Odalen og paa baade Sidur af Glauma i søndre. Men Jordi er betre i nordre Odalen, og Skogen rikare og laglegt liggjande fram mot den fagre vesle Sjø Sandungen og den større Odalssjø, som ligger saa laagt, at han aukar med Glauma upp igjenom den stille krokutte djupe Aaa, som er kransad ikring med dei beste Gardarne, som ein Mann kann sitja paa.

Det sokallade Odals Verk i søndre Odalen er ein af Landets fagraste og beste Gardar, og so vel vuksit med Hagar og Lystskogar og Veglundar, at det er eit sannt Herresæte, like hugsamt at liva som døy paa. Verket er nedlagt; men det gamle gjæve Stell paa Hus og Mark af dei gamle Eigarar af tysk Ætt stender atter, og verdt hegnt um; og der er komit Sagbruk og Bryggjarverk, so der enno er Liveveg for Mange; og so er det Sætet for denne store Eigendomsmann J. Bredesen, som paa den beste Maaten sambinder norsk og svensk med alle sine Eignedomar paa baade Sidur af Rigsgrensa og sin Handel langt inn i Sverike og gjenom Vatsdraget fraa Riksgrensa alt ned til Gøtheborg.


  1. at reka ut ein Ting sosom ein Gard er at bruka honom so, han Aar for Aar verdt verre.
  2. Eg burde vel ikki tala nokot um Lammers no, etterat han hever vendt seg um, men han finner vel snart atter paa slikt nokot. Og so er her mange Lammers’ar; og eg maatte her taka dette store Exempel til Upplysning i alle disse Trubrigd, som øsa det arme uvitande Folk upp Landet ikring. I det Throndheimske vil det visa seg fraa ei onnor Side af Livet enn her i Odalen, men likso illt for det.
  3. brigda forandre (litit Gran) Trubrigd, Modificationer i Trui.
  4. Flertal af Vatn. I o’et uttalast med eit Mellemljod af aa og o. Soleides i mange neutra: Vatn, Votn, Fat, Fot, Gras, Gros, Slag, Slog. Lass, Loss. Barn, Born. Kast, Kost. Lag, Log osv.