Evangelium etter Markus

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

Evangelium

etter

Markus.

—————————————

Bjørgvin.

Utgjevet af Vestmannalaget.

Forlagt av Ed. B. Giertsen.

1870.

————————
Prentat hjaa J. D. Beyer.
Denne Utgaava av Markus Evangelium er inkje beint fram ei Umslutning fraa det hjaa oss brukte Nytestamentet, men ho er yversett etter nokre av dei beste nyare Bibelumskrifter, jamførde med den upphavlege elder græske Texti. Yversetjaren heve ogso havt Auga paa dei Upplysningar, som me i den seinare Tidi hava fenget igjenom den grundigare Kjendskapen til dei gamle Handskrifter av den græske Texti. Skulde no denne Umskrifti paa nokre faae Stader i Meiningen brigda litetvetta fraa det, som hjaa oss er vordet kjendt, so kann Avbrigdet berre koma seg av detta. Den sidste Deil av 16de Kapitlet er sett i Klambr, daa han inkje so godt kann skriva seg fraa sjølve Markus, av di han inkje er funnen i dei allra eldste Handskrifter; men Innehaldet er, som det synest, teket fraa dei andre Evangelier.

Det er, etter det eg veit, fyrste Gongen at nokon Deil av den heilage Skrifti er yversett paa det norske Landsmaalet og framlagd fyre Aalmenningen. I di at eg fullt ut vyrder det priselege i at brøyta denne nye Vegen, vil eg ynskja, at Umskrifti maatte verda kjend, og at denne fyrste Freistnaden maatte faa eit velvillegt Mottak. Det lyt gleda alle Bibelviner og kvar ein som elskar vaart ættgode Landsmaal, at ogso det fær Lov at vera med og kunngjera hans Namn, som alle Kne skulo bøygjast i og kvar ei Tunga vedkjenna seg. Fil. 2, 10. 11.

Paa 1ste Sundag i Advent 1870.
J. E. Unger,
Prest.
Kapittel: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Evangelium etter Markus.
1. Kapitel.

Johannes talar til Folket og døyper, 1—8. Jesus verder døypt, 9—11; verder freistad, 12—13; forkynner Evangelium i Galilea; kallar Petrus, Andreas, Jakob og Johannes, 14—20; lærer i Samningsstova i Kapernaum og lækjer der ein forgjord, 21—28; lækjer Vermoder til Petrus og andre sjuke og forgjorde; gjenger burt at bidja; talar til Folket i heile Galilea og driver ut Djevlar, 29—39; lækjer ein spitelsk, 40—45.

1 Detta er Upphavet til Evangelium um Jesus Kristus, Guds Son — 2 so som det er skrivet hjaa Profeten Jesaia: Sjaa, eg sender min Engel fyre deg som skal greida din Veg. 3 Det er ei Røyst fraa den som ropar i Øydemarki: Greide Herrens Veg, jamne hans Stigar — 4 at Johannes Døypar var i Øydemarki og forkynte Umvendings Daupen til Forlatning fyre Synderna. 5 Og det gjekk ut til honom heile Judea Land og alle Jerusalems Ibuar, og dei vordo døypte av honom i Jordans Elv, med di dei vedkjendest sina Synder. 6 Og Johannes var klædd med Kameelhaar og med eit Lederbelte um sina Lender, og han aat Engsprettor og vill Honing. 7 Og han talade til Folket og sagde: „Det kjemer ein etter meg som er sterkare en eg, og eg er ikkje verdug til at luta meg og løysa hans Skotveng. 8 Eg hever døypt dykker med Vatn, men han vil døypa dykker med heilag Ande.“

9 Og det hende seg i dei Dagarne at Jesus kom fraa Nazaret i Galilea og vardt døypt i Jordan av Johannes. 10 Og med det same han steig upp or Vatnet, saag han Himlarne opnast og Anden fara ned paa honom lika som ei Duva. 11 Og det kom ei Røyst av Himmelen: „Du er min elskade Son; til deg hever eg Godvilje.“

12 Og med det same dreiv Anden honom ut i Øydemarki. 13 Og han var i Øydemarki i fyrti Dagar og vardt freistad av Satan og var med Villdyrom, og Englarne teente honom.

14 Og etter at Johannes var sett i Fengsl, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds Evangelium 15 og sagde: „Tidi er fullendad og Guds Rike er komet nær; umvende dykker og true paa Evangelium.“ 16 Og som han gjekk fram med Sjoen i Galilea, saag han Simon og Andreas, Broder til Simon, kasta kringum i Sjoen, for dei vaaro Fiskarar. 17 Og Jesus sagde til deim: „Fylgje meg, og eg skal gjera dykker til Mannfiskarar.“ 18 Og dei forleto paa Staden Nøterna og fylgde honom. 19 Og daa han hadde gjenget nokot litet lenger, saag han Jakob Sebedeusson og Johannes, Broder hans, som ogso vaaro i ein Baat og bøtte Nøterna. 20 Og han kallade deim med det same, og dei forleto Fader sin Sebedeus der i Baaten med Leigefolket og fylgde honom.

21 Og dei gingo til Kapernaum, og strakst paa Kviledagen gjekk Jesus i Samningsstova og lærde. 22 Og dei undradest paa hans Læra, for han lærde deim som den som Magt hadde, og inkje som dei skriftlærde. 23 Og der var i Samningsstova deira ein Mann med ein urein Ande, og han ropade og sagde: 24 „Kvat hava me med deg at gjera, Jesus fraa Nazaret? Er du komen og vil fortjona oss? Eg veit kven du er, Guds heilage.“ 25 Og Jesus trugade honom og sagde: „Teg og kom ut av honom!“ 26 Og den ureine Anden reiv honom og ropade med høg Røyst og foor ut av honom. 27 Og dei vordo alle forfælde, so dei spurde kvarandre og sagde: „Kvat er detta? Det er ei ny Læra med Magt! Han byder jamvel dei ureine Andarne, og dei lyda honom.“ 28 Og Gjetordet av honom gjekk braadlegt ut um heile Grannlaget i Galilea.

29 Og daa dei vaaro komne ut or Samningsstova, gingo dei inn i Huset deira Simon og Andreas, med Jakob og Johannes. 30 Men Vermoder til Simon laag i Sott, og strakst fortalde dei honom um henne. 31 Og han kom og tok henne i Handi og reiste henne upp, og Sotti kvarv fraa henne med det same, og ho teente deim. 32 Og um Kvelden etter Solarglad førde dei til honom alle som vaaro sjuke og forgjorde. 33 Og heile Staden samnadest fyre Dyri. 34 Og han lækte mange, som vaaro klene av ymse Sjukdomar, og dreiv ut mange Djevlar og leet ikkje Djevlarne tala, for dei kjende honom. 35 Og um Morgonen fyre Dagningi reis han upp og gjekk ut og gjekk til ein audsleg Stad og bad der. 36 Og Simon og dei, som med honom vaaro, fylgde etter honom. 37 Og daa dei funno honom, sagde dei til honom: „Dei leita alle etter deg.“ 38 Og han sagde til deim: „Lat oss fara til dei næmnaste Smaabyarne, so eg ogso fær tala til Folket der, for til det er eg utgjengen.“ 39 Og han talade i deira Samningsstovor um heile Galilea og dreiv ut Djevlar.

40 Og det kom ein spitelsk Mann til honom og bad honom og fall ned og sagde til honom: „Um du vil, so kann du reinska meg.“ 41 Og Jesus ynkadest, og han rette ut Handi og tok paa honom og sagde: „Eg vil, ver rein!“ 42 Og braadlegt kvarv Spitelska av honom og han vardt rein. 43 Og Jesus talade strengt til honom og sende honom samstundes burt 44 og sagde til honom: „Sjaa til, at du ikkje segjer det til nokon, men gakk og visa deg fyra Presten og offra fyre di Reinsing det som Moses hever bodet, til Vitnesburd fyre deim.“ 45 Men han gjekk ut og tok til at kunngjera mangt um detta og bar det ut, so at Jesus kunde ikkje meir ganga openberlege inn i Byen, men var utanfyre paa einslege Stader; og dei komo til honom fraa alla Sidor.

2. Kapitel.

Jesus lækjer ein verkbroten i Kapernaum. Dei skriftlærde laata illa, 1—12. Jesus lærer paa Strandi ved Kapernaum; kallar Matteus; eter med Tollarar og Syndarar, 13—17; segjer kvi hans Læresveinar ikkje fasta, 18—22; segjer kvi hans Læresveinar kunna plukka Aks paa Kviledagen, 23—28.

1 Og daa han gjekk inn atter i Kapernaum etter nokre Dagar, spurdest det at han var heima. 2 Og det samnadest braadt so mange at det var ikkje Rom fyre deim, jamvel ikkje i Utdyri; og han talade Ordet til deim. 3 Og dei komo og førde til honom ein verkbroten som vardt boren av fjore Menner. 4 Og daa dei ikkje kunde koma fram til honom fyre Manntrongen, opnade dei Taket der han var, og daa dei hadde rivet det upp, leto dei ned Baara om den verkbrotne laag paa. 5 Men daa Jesus saag deira Tru, sagde han til den verkbrotne: „Son min, dina Synder ero forlatne.“ 6 Men der vaaro nokre av dei skriftlærde som saato og tenkte i sine Hjarto: 7 „Kvi talar denne Mannen slikt? Han hæder (Gud). Kven kann forlata Synder utan Gud aaleine?“ 8 Og med det same kjende Jesus i sin Ande at dei tenkte so med seg, og han sagde til deim: „Kvi tenkja de slikt i dykkar Hjarto? 9 Kvat er lettare at segja til den verkbrotne: dina Synder ero forlatne, elder segja: statt upp og tak di Baara og gakk? 10 Men at de skulo vita at Menneskje-Sonen hever Magt paa Jordi til at forlata Synder,“ — han talar til den verkbrotne — 11 „statt upp, segjer eg deg, og tak di Baara og gakk heim.“ 12 Og han stod upp med det same og tok Baara og gjekk ut i Syni paa deim alle, so at dei vordo alle reint yvertekne og lovade Gud og sagde: „Slikt hava me aldri seet.“

13 Og han gjekk ut til Sjoen atter, og alt Folket kom til honom, og han lærde deim. 14 Og som han gjekk fram det, saag han Levi Alfeusson sitja i Tollbudi og sagde til honom: „Fylg meg!“ Og han stod upp og fylgde honom. 15 Og det hende seg, daa han sat til Bords i sitt Hus, at det sat mange Tollarar og Syndarar i Lag med Jesus og hans Læresveinar, for dei vaaro mange og dei fylgde honom. 16 Og daa dei skriftlærde og Farisearne saago at han aat med Tollarar og Syndarar, sagde dei til hans Læresveinar: „Kor kjemer det seg at han eter med Tollarar og Syndarar?“ 17 Daa Jesus høyrde detta, sagde han til deim: „Dei heilsuge turva ingen Lækjar, men dei som sjuke ero. Eg er ikkje komen til at kalla dei rettferdige, men Syndarar.“

18 Og Læresveinarne til Johannes og Farisearne fastade. Og dei komo og sagde til honom: „Kvi fasta Læresveinarne til Johannes og til Farisearne, men dine Læresveinar fasta inkje?“ 19 Og Jesus sagde til deim: „Kann Brudlaupsfolket fasta, medan Brudgumen er med deim? So lenge som dei hava Brudgumen med seg, kunna dei ikkje fasta. 20 Men dei Dagar skulo koma, daa Brudgumen verder fraa deim teken, og daa skulo dei fasta paa den Dagen. 21 Ingen legger ei Bot av nytt Klæde paa ein gamall Klædnad; annars river det nye Stykket burt av det gamle, og Holet verder verre. 22 Og ingen læter nytt Vin i gamla Skinnhitar; annars sprengjer Vinet deim og spillest, og Hitarne tynast; men nytt Vin skal ein lata i nya Hitar.“

23 Og det hende seg at han gjekk yver ein Aaker paa Kviledagen, og hans Læresveinar toko til at plukka Aks, medan dei gingo. 24 Og Farisearne sagde til honom: „Sjaa, kvi gjera dei paa Kviledagen det, som ikkje rett er?“ 25 Og han sagde til deim: „Hava de aldri leset kvat David gjorde, daa han hadde Trong fyre det og han hungrade, han og dei, som med honom vaaro? 26 kor han gjekk inn i Guds Hus i dei Dagarne, daa Abjatar var Øvsteprest, og aat Skodebraudi, som ingen hever Lov til at eta, utan Prestarne, og gav ogso deim som med honom vaaro?“ 27 Og han sagde til deim: „Kviledagen er lagad fyre Menneskja, og ikkje Menneskja fyre Kviledagen. 28 Difyre er

Menneskje-Sonen Herre ogso yver Kviledagen.“
3. Kapitel.

Jesus lækjer paa Kviledagen ein Mann med ei visnad Hand, 1—6. Det kjemer myket Folk til Jesus og verder lækt. Ureine Ander falla ned fyre honom, 7—12. Jesus veler sine tolv Læresveinar, 13—19. Dei skriftlærde skulda honom fyre at driva Djevlar ut med Beelzebul. Jesus talar um Synd mot den heilage Ande, 20—30; visar kven som ero hans rette Skyldfolk, 31—35.

1 Og han gjekk inn atter i Samningsstova, og der var ein Mann som hadde ei visnad Hand. 2 Og dei vaktade paa honom, um han vilde lækja honom paa Kviledagen, so dei kunde klaga honom. 3 Og han sagde til Mannden som hadde den visne Handi: „Gakk fram!“ 4 Og han sagde til deim: „Er det rett at gjera godt paa Kviledagen elder at gjera ilt? at berga eit Liv elder døyda det?“ Men dei tagde. 5 Og han saag kringum paa deim med Vreide, sorgfull yver deira harde Hjarta, og sagde til Mannen: „Rett fram Handi!“ Og han rette henne fram, og hans Hand vardt heil atter. 6 Og Farisearne gingo ut og lagde med det same Raad mot honom saman med Folket til Herodes, kor dei kunde føra honom i Ulukka.

7 Men Jesus drog seg undan med sine Læresveinar til Sjøen, og det fylgde honom myket Folk fraa Galilea og fraa Judea 8 og fraa Jerusalem og fraa Idumea og fraa hi Sida aat Jordan; og dei, som budde i Kring um Tyrus og Sidon, komo til honom, ein stor Hop som høyrde um hans Gjerningar. 9 Og han sagde til sine Læresveinar at ein Baat skulde vera tilbudd aat honom fyre Folkehopen, so at dei ikkje skulde trengja honom; 10 for han lækte mange, so at dei follo yver honom og vilde taka paa honom, so mange som Plaagor hadde. 11 Og naar dei ureine Andarne saago honom, follo dei ned fyre honom og ropade og sagde: „Du er Guds Son.“ 12 Og han baud deim strengt at dei skulde ikkje gjera honom kjend.

13 Og han gjekk upp aa Berget og kallade til seg deim som han vilde, og dei komo til honom. 14 Og han tilsette tolv, at dei skulde vera med honom og at han kunde senda deim ut og tala til Folket 15 og hava Magt til at lækja Sjukdomar og driva ut Djevlar. 16 Og han gav Simon Namnet Petrus; 17 og Jakob Sebedeusson og Johannes, Broder til Jakob, og han kallade deim Boanerges, det er Toreduns-Søner; 18 og Andreas og Filippus og Bartolomeus og Matteus og Tomas og Jakob Alfeusson og Taddeus og Simon Kananit 19 og Judas Iskariot som og forraadde honom.

20 Og dei komo i Huset, og Aalmugen samnadest paa nytt, so at dei kunde ikkje eingong faa seg Mat. 21 Og daa Folket hans høyrde det, gingo dei ut og vilde gripa honom, for dei sagde: „Han er fraa seg.“ 22 Og dei skriftlærde, som vaaro komne ned fraa Jerusalem, sagde: „Han hever Beelzebul og driver ut Djevlar med Djevlahovdingen.“ 23 Og han kallade deim til seg og talade til deim i Likningar: „Kor kann Satan driva Satan ut? 24 Og um eit Rike verder usams med seg sjølvt, so kann det Riket ikkje standa. 25 Og um ett Hus verder usams med seg sjølvt, so kann det Huset ikkje standa. 26 Og um Satan riser upp mot seg sjølv og er usams med seg sjølv, so kann han ikkje standa, men det er ute med honom. 27 Men det kann ingen fara inn i Huset til ein sterk Mann og rana hans Bunad, utan han vil fyrst binda den sterke Mannen, og daa kann han rana hans Hus. 28 Sannlege segjer eg dykker, alla Synder skulo vera Menneskje-Bornom forlatne, og alle Hædningsord, som dei muno hæda med; 29 men den, som hæder den heilage Ande, han hever ævelege ingen Forlatning, men er skyldig i æveleg Synd.“ 30 For dei sagde: „Han hever ein urein Ande.“

31 Og Moder hans kom og Brøder hans, og dei stodo utanfyre og sende honom Bod at koma. 32 Og Folket sat i Kring um honom, og dei sagde til honom: „Sjaa, Moder di og Brøder Dine og Syster der ute spyrja etter deg.“ 33 Og han svarade deim og sagde: „Kven er Moder mi og Brøder mine?“ 34 Og han saag kringum paa deim, som saato i Kring um honom, og sagde: „Sjaa, det er mi Moder og mine Brøder! 35 Den, som gjerer

Guds Vilje, han er min Broder og mi Syster og Moder.“
4. Kapitel.

Jesus lærer fraa Baaten; forteler og tyder Likningen um Sædemannen, 1—20; talar um Ljoset og den rette Høyrsla, 21—25; liknar Guds Rike med det veksande Sædet, 26—29; liknar Guds Rike med Senapskornet, 30—34; ser yver Sjøen og stiller Stormen, 35—41.

1 Og han tok til at læra ved Sjoen atter, og det flokkadest ein stor Folkehop til honom, so at han steig i ein Baat og sat paa Sjoen; og alt Folket var paa Landet fram med Sjoen. 2 Og han lærde deim mangt i Likningar og sagde til deim, medan han lærde: 3 „Lyde aat! Sjaa, det gjekk ein Sædamann ut og skulde saa. 4 Og det hende seg, daa han var aat og saadde, at sumt fall ved Vegen, og Fuglarne komo og aato det upp. 5 Og sumt fall i steinutt Mark, der det ikkje hadde myket Jord, og det rann snøgt upp, av di det hadde ikkje djup Jord; 6 men daa Soli var upp, tornade det og visnade, av di det hadde ikkje Rot. 7 Og sumt fall imillom Tyrnar, og Tyrnarne vokso upp og kjøvde det, og det gav ingi Frukt. 8 Og sumt fall i god Jord og gav Frukt, som rann upp og voks; og sumt gave trettifald, sumt sekstifald og sumt hundradflad.“ 9 Og han sagde: „Den som hever Øyro til at høyra, han høyre.“ 10 Og daa han var einsaman, spurde dei, som vaaro med honom med dei tolv, um Likningarne. 11 Og han sagde til deim: „Dykker er gjevet Løyndomen i Guds Rike; men deim, som utanfyre ero, verder allting gjevet i Likningar, 12 so at dei sjaaande skulo sjaa og ikkje merka, og dei høyrande høyra og ikkje skyna, so at dei ikkje nokor Tid skulo verda umvende og faa Forlatning.“ 13 Og han sagde til deim: „Skyna de ikkje denne Likningen? Og kor vilja de daa skyna alle Likningarne? 14 Sædemannen saar Ordet. 15 Og desse ero dei ved Vegen, der som Ordet verder saatt, og naar dei hava høyrt det, kjemer Satan med det same og teker burt Ordet som var saatt i deim. 16 Og desse ero sameleides dei som ero saadde i steinutt Mark, som, naar dei hava høyrt Ordet, mottaka det med det same med Gleda, 17 og dei hava ikkje Rot i seg og standa berre fyre ei Tid; sidan, naar det kjeme Trengsla og Forfylgning paa fyre Ordet Skuld, verda dei snart forførde. 18 Og desse ero dei som ero saadde imillom Tyrnar, slike som hava høyrt Ordet; 19 og Suterna i Verdi og Forlokkingarne av Rikdomen og Lostarne til andre Ting ganga inn og kjøva Ordet, og det verder utan Frukt. 20 Og desse ero dei som ero saadde i god Jord, slike som høyra Ordet og mottaka det og giva Frukt, sume trettifald, sume sekstifald og sume hundradfald.“

21 Og han sagde til deim: „Bera dei Ljos inn til at setja det under ei Skjeppa elder under Benken? Er det ikkje til at setja det i Ljosstaken? 22 For der er inkje løynt som ikkje skal verda openert, og der er inkje dult utan det kjemer i Dagen. 23 Um nokon hever Øyro til at høyra, han høyre.“ 24 Og han sagde til deim: „Agte paa det som de høyra. Med det same Maal, som de mæla, skal dykker verda mælt, og det skal verda gjevet dykker endaa meir. 25 For den som hever, honom skal verda gjevet, og den som ikkje hever, fraa honom skal verda teket ogso det som han hever.“

26 Og han sagde: „So er Guds Rike, som naar ein Mann kastar Sædet i Jordi 27 og søver og riser upp, Naatt og Dag, og Sædet renner upp og vekser, utan at han veit korleides. 28 Jordi ber Frukt av seg sjølv, fyrst Brodd, sidan Aks, og sidstpaa fullgjort Korn i Akset. 29 Men so snart som Frukti er gjord, sender han Sigden, for daa er Skurden komen.“

30 Og han sagde: „Kvat skulo me likna Guds Rike med? Elder kvat Likning skulo me teikna det med? 31 Det er likt Senapskornet som, naar det verder saatt i Jordi, er mindre en alt Frækorn som er paa Jordi. 32 Og naar det er saatt, vekser det upp og verder større en alla Urter og skyter stora Greiner, so at Fuglarne under Himmelen kunna byggja i Skuggen av det.“ 33 Og i mange slike Likningar talade han Ordet til deim so som dei vaaro føre til at høyra det. 34 Men utan Likning talade han ikkje til deim, men naar dei vaaro eine saman, lagde han allting ut fyre sine Læresveinar.

35 Og same Dagen, daa Kvelden var komen, sagde han til deim: „Lat oss fara burt paa hi Sida.“ 36 Og daa dei hadde sendt Aalmugen burt, toko dei honom, som han var, inn i Baaten; og der var ogso andre Baatar med honom. 37 Og det vardt eit Rokveder, og Bylgjorna slogo inn i Baaten, so at han alt fylltest. 38 Og han var i Bakskuten paa Baaten og sov paa eit Høgjende. Og dei vakte honom og sagde til honom: „Meister, ansar du ikkje at me forgangast?“ 39 Og han reis upp og trugade Vinden og sagde til Sjoen: „Teg og ver still!“ Og Vinden spaknade og det vardt ei stor Stilla. 40 Og han sagde til deim: „Kvi ero de so rædde? Hava de endaa ikkje Tru?“ 41 Og dei vaaro hardla rædde og sagde til kvarandre: „Kvat Slags Mann er detta, at jamvel Vedret og Sjoen lyda honom?“

5. Kapitel.

Jesus kjemer til Gadara; driver Djevlar ut av den sjuke og læter deim fara i Svini, 1—20; fer tilbaka yver Sjoen; lækjer ei Kvinna som hadde Blodflødor, og vekkjer upp Dotteri til Jairus, 21—43.

1 Og dei komo paa hi Sida aat Sjoen i Landet til Gadara-Folket. 2 Og daa han var stigen av Baaten, kom det mot honom ut or Gravom ein Mann med ein urein Ande 3 som hadde sitt Tilhald i Gravom, og det kunde ingen meir binda honom, ikkje eingong med Lekkjor; 4 for han hadde voret ofta bunden med Band og Lekkjor, og han hadde slitet av seg Lekkjorna og brotet i sunder Bandi, og det kunde ingen raada med honom. 5 Og han var alltid Dag og Naatt i Gravom og paa Bergom, skreik og slo seg sjølv med Stein. 6 Men daa han saag Jesus langt burte, sprang han og fall ned fyre honom og ropade med høg Røyst og sagde: 7 „Kvat hever eg med deg at gjera, Jesus, Son til Gud den høgste? Eg sver deg ved Gud at du ikkje piner meg!“ 8 For han sagde til honom: „Kom ut av Mannen, du ureine Ande!“ 9 Og han spurde honom: „Kvat er ditt Namn?“ Og han sagde til honom: „Legio er mitt Namn, for me ero mange.“ 10 Og han bad honom myket at han skulde ikkje driva deim ut or det Landskapet. 11 Men der var ved Berget ein stor Svineflokk paa Beite. 12 Og Djevlarne baado honom og sagde: „Send oss i Svini, at me maa fara inn i deim.“ 13 Og han gav deim Lov til det. Og dei ureine Andarne foro ut og foro inn i Svini, og Flokken sprang ut fyre Bratta og i Sjoen, nær tvau Tusund, og druknade i Sjoen. 14 Og dei, som gjætte deim, flydde og kunngjorde det i Byen og paa Landsbygdi. Og dei gingo og vilde sjaa det som hendt hadde. 15 Og dei komo til Jesus og saago den forgjorde, som hadde havt Djevlaflokken, sitjande klædd og med sitt Vit, og dei vaaro rædde. 16 Og dei, som hadde seet det, fortalde deim kor det hadde gjenget fyre den forgjorde, og um Svini. 17 Og dei baado honom at han vilde fara burt fraa deira Landemerke. 18 Og daa han steig i Baaten, bad den, som hadde voret forgjord, honom um Lov at vera med honom. 19 Og han gav honom ikkje Lov til detta, men sagde til honom: „Gakk heim til Folket ditt og kunngjer deim kvat store Ting Herren hever gjort fyre deg og kor han hever miskunnat seg yver deg.“ 20 Og han gjekk burt og kunngjorde i Dekapolis kvat store Ting Jesus hadde gjort fyre honom; og dei undradest alle.

21 Og da Jesus hadde atter i Baaten faret yver Sjoen, samnadest myket Folk til honom, og han var ved Sjoen. 22 Og der kom ein av Raadsherrarne fyre Samningsstova som heitte Jairus, og daa han saag honom, fall han ned fyre hans Føter 23 og bad honom myket og sagde: „Dotter mi ligger i Andblaatom; kom og legg Henderna paa henne, at ho kann verda frelst og faa liva.“ 24 Og han gjekk med honom; og det fylgde honom myket Folk og dei trengde honom. 25 Og der var ei Kvinna som hadde havt Blodflødor i tolv Aar 26 og hadde lidet myket av mange Lækjarar og latet til alt sitt Gods, og ho hadde inkje batnat, men helder vordet verre. 27 Daa ho høyrde um Jesus, kom ho i Manntrongen attantil og tok paa Klædi hans; 28 for ho sagde: „Um eg fær berre taka paa Klædi hans, so verder eg heil.“ 29 Og med det same tornade Kjelda til Flødorna, og ho kjende det i Likamen at ho var lækt fyre si Plaaga. 30 Og Jesus kjende med det same den Kraft som gjekk ut ifraa honom, og han snudde seg i Manntrongen og sagde: „Kven tok paa Klædi mine?“ 31 Og hans Læresveinar sagde til honom: „Du seer at Folket trengjer deg, og du segjer: kven tok paa meg?“ 32 Og han saag i Kring um seg og vilde sjaa henne som hadde gjort detta. 33 Men Kvinna var rædd og skjelvande, av di ho visste kvat som var gjort henne, og ho kom og fall ned fyre honom og sagde honom heile Sanningi. 34 Men han sagde til henne: „Dotter, di Tru hever hjelpt deg; far i Fred og ver heil fyre di Plaaga.“ 35 Medan han endaa talade, kom det nokre fraa Huset til Raadsherren fyre Samningsstova og sagde: „Dotter di er andad; kvi vil du umaka Meisteren meir?“ 36 Men daa Jesus fekk høyra det Ord, som vardt talat, sagde han til Raadsherren fyre Samningsstova: „Ver urædd; tru berre!“ 37 Og han leet ingen fylgja seg, utan Petrus og Jakob og Johannes, Broder til Jakob. 38 Og dei komo i Huset til Raadsherren fyre Samningsstova, og han saag Uppstyret og deim som greto og baaro seg illa. 39 Og daa han var innkomen, sagde han til deim: „Kvi staaka de og graata? Gjenta er ikkje andad, en ho søver.“ 40 Og dei logo aat honom. Men han dreiv deim ut alle og tok med seg Fader og Moder til Gjenta og deim, som med honom vaaro, og gjekk inn der som Gjenta var. 41 Og han tok Gjenta i Handi og sagde til henne: „Talita kumi!“ det er utlagt: Gjenta, eg segjer deg, ris upp. 42 Og med det same reis Gjenta upp og gjekk, for ho var tolv Aar gamall. Og dei vordo ovlege forfælde. 43 Og han baud deim strengt at ingen skulde faa vita det, og sagde at dei skulde

giva henne nokot at eta.
6. Kapitel.

Jesus lærer i Nazaret og verder vanvyrd, 1—6; sender ut dei tolv, 7—13. Ymse Meiningar um Jesus. Johannes Døyparen verder halshoggen, 14—29. Apostlarne koma tilbaka. Jesus fer yver Sjoen; lærer paa ein audsleg Stad; mettar fem tusund Mann, 30—44; gjenger paa Sjoen, 45—53; kjemer tilbaka til Galilea; lækjer sjuke, 53—56.

1 Og han gjekk ut derifraa og kom til sin Faderstad; og hans Læresveinar fylgde honom. 2 Og daa Kviledagen kom, tok han til at læra i Samningsstova; og mange, som høyrde paa, undradest storlege og sagde: „Kvarifraa hever denne Mannen slikt? Og kvat er detta fyre ein Visdom som er honom gjeven? Og slike kraftuge Gjerningar som han gjerer! 3 Er det ikkje Timbermannen, Son til henne Maria, og Broder til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og ero ikkje Syster hans her med oss?“ Og dei argadest yver honom. 4 Men Jesus sagde til deim: „Ein Profeet er ikkje vanvyrd utan i sin Faderstad og imillom sine Frendar og i sitt eiget Hus.“ 5 Og han kunde ikkje gjera nokor kraftug Gjerning der, utan det at han lagde Henderna paa nokre faae sjuke og lækte deim. 6 Og han undradest paa deira Vantru.

7 Og han gjekk ut i Byarne der i Kring og lærde. Og han kallade dei tolv til seg og tok til at senda deim ut tvo og tvo saman og gav deim Magt yver dei ureine Andarne. 8 Og han baud dem at dei skulde ikkje taka nokot med seg paa Vegen, utan einaste ein Stav, ikkje Skreppa, ikkje Braud, ikkje Peningar i Beltet, 9 men hava Solar bundne paa seg og ikkje vera iførde tvo Kjolar. 10 Og han sagde til deim: „Kvarhelst de ganga inn i eit Hus, so verde der verande, til dess de fara burt fraa den Staden. 11 Og der dei inkje vilja mottaka dykker elder høyra dykker, so gange derifraa og riste Sorpet av dykkar Føter til Vitne mot deim.“ 12 Og dei gingo ut og talade til Folket at dei skulde umvenda seg. 13 Og dei drivo ut mange Djevlar og smurde mange sjuke med Olje og lækte deim.

14 Og Kong Herodes høyrde um Jesus, for hans Namn hadde vordet kunnigt, og dei sagde: „Johannes Døypar er staden upp fraa dei daude, og difyre syna seg kraftuge Gjerningar i honom.“ 15 Men andre sagde: „Det er Elias;“ andre sagde: „Det er ein Profeet, so som ein av hine Profetom.“ 16 Men daa Herodes høyrde det, sagde han: „Johannes som eg leet halshogga, han er staden upp fraa dei daude.“ 17 For Herodes hadde sjølv sendt av og latet gripa Johannes og sett honom i Fengsl fyre Herodias Skuld, Kona til Filippus, Broder hans; for han hadde gift seg med henne. 18 For Johannes sagde til Herodes: „Det er ikkje rett at du hever di Broderkona.“ 19 Men Herodias stod etter honom og vilde døyda honom, men fekk det ikkje. 20 For Herodes ræddadest fyre Johannes, med di han viste at han var ein rettferdig og heilag Mann, og han tok Vare paa honom og gjorde mange Ting etter hans Raad og høyrde honom gjerna. 21 Og daa det kom ein høveleg Dag, daa Herodes hadde Gjestebod paa sin Fødsledag fyre sine Hovdingar og Herstyrarne og dei mætaste Menner i Galilea, 22 daa kom Dotter til Herodias inn og dansade og tekktest vel honom Herodes og deim som saato med honom. Daa sagde Konungen til Gjenta: „Bed meg um kvat du vil, og eg skal giva deg det.“ 23 Og han svor henne til: „Kvathelst du vil bidja meg um, skal eg giva deg, um det so var Helfti av mitt Kongerike.“ 24 Og ho gjekk ut og sagde til Moder si: „Kvat skal eg bidja um?“ Og ho sagde: „Hovudet av Johannes Døypar.“ 25 Og daa gjekk ho skundelege inn til Konungen og bad og sagde: „Eg vil at du giver meg no paa Timen Hovudet av Johannes Døypar paa eit Fat.“ 26 Og Konungen vardt myket sorgfull; men fyre Eidarne og fyre deira Skuld, som saato med honom, vilde han ikkje visa henne av. 27 Og med det same sende Konungen ein Vaktar av og baud honom at henta hans Hovud. 28 Og han gjekk og halshogg honom i Fengslet og bar hans Hovud fram paa eit Fat og gav det til Gjenta, og Gjenta gav det til Moder si. 29 Og daa hans Læresveinar høyrde detta, komo dei og toko hans Lik og lagde det i ei Grav.

30 Og Apostlarne samnadest til Jesus og fortalde honom alt, baade det som dei hadde gjort og det som dei hadde lært. 31 Og han sagde til deim: „Kome med meg avsides til ein audsleg Stad og kvile der ei Stund.“ For det var so mange som komo og gingo, og dei hadde ikkje eingong Matfred. 32 Og dei foro fyre seg sjølve i ein Baat til ein audsleg Stad. 33 Og Folket saag deim fara burt, og mange kjende deim og sprungo Landvegen dit or alle Byom og komo fram fyrr en dei. 34 Og daa Jesus steig ut, saag han myket Folk, og han ynkadest yver deim, for dei vaaro som Sauder som ikkje hava nokon Hyrding; og han tok til at lære deim mangt. 35 Og daa det var langt daglidet, gingo hans Læresveinar til honom og sagde: „Detta er ein audsleg Stad, og det er langt framlidet; 36 lat deim fraa deg, at dei kunna ganga i Bygdi og i Smaabyarne her umkring og kaupa seg Braud, for dei hava ikkje nokot at eta.“ 37 Han svarade og sagde til deim: „Give de deim at eta.“ Og dei sagde til honom: „Skulo me ganga og kaupa Braud fyre tvo hundrad Peningar og giva deim at eta?“ 38 Han sagde til deim: „Kor mange Braud hava de? Gange og sjaae etter.“ Og daa dei hadde seet etter, sagde dei: „Fem, og tvo Fiskar.“ 39 Og han baud deim at lata alle setja seg ned saman i ymse Matlag i det grøne Graset. 40 Og dei sette seg ned i Hopar paa hundrad og paa femti. 41 Og han tok dei fem Braudi og dei tvo Fiskarne, saag up mot Himmelen og velsignade og braut Braudi og gav Læresveinarne til at leggja fyre deim; og dei tvo Fiskarne skifte han imillom deim alle. 42 Og dei aato alle og vordo mette. 43 Og dei toko upp tolv Korger fulle med Molar, og av Fiskarne. 44 Og dei, som hadde etet, vaaro umkring fem tusund Mann.

45 Og med det same nøydde han sine Læresveinar til at stiga i Baaten og fara fyre honom burt um Vatnet til Betsaida, medan han leet Folket fara burt. 46 Og daa han hadde latet deim fraa seg, gjekk han upp aa Berget og vilde bidja. 47 Og daa Kvelden var komen, var Baaten midt paa Vatnet, og han var einsaman paa Land. 48 Og han saag at Rodren vardt tung fyre deim, av di dei hadde Motveder. Og paa fjorde Naattvakti kom han til deim, gangande paa Vatnet, og vilde ganga fram um deim. 49 Men daa dei saago honom ganga paa Vatnet, meinte dei det var ein Dauding, og dei skriko, 50 for dei saago honom alle og fældest. Og med det same talade han til deim og sagde: „Vere urædde, det er eg, ottest ikkje.“ 51 Og han steig inn i Baaten til deim, og Vedret spaknade. Og dei undradest storlege, 52 for dei hadde ikkje vordet skynsamare av det som hende med Braudi, for deira Hjarta var hardnat.

53 Og daa dei vaaro yverfarne, komo dei til Landskapet Genesaret og lende der 54 Og daa dei vaaro stigne av Baaten, kjende dei honom med det same 55 og sprungo um heile Bygdarlaget og toko til at føra dei sjuke i Kring i Sengjer dit som dei høyrde han var. 56 Og kvarhelst han gjekk inn i Byar elder Stader elder paa Landet, so lagde dei dei sjuke paa Torgi og baado honom at dei maatte berre faa taka paa hans Klædefald; og alle dei, som toko paa honom, vordo lækte.

7. Kapitel.

Jesus refser dei skriftlærde fyre deira Skrymt; talar um det ytre og det indre, 1—23; fer til Fønikia; lækjer Dotteri til den fyrofønikiske Kona fyre ein urein Ande, 24—30; fer til Peræa; lækjer ein dauv og maallaus, 31—37.

 Daa samnadest til honom Farisearne og nokre av dei skriftlærde som vaaro komne fraa Jerusalem. 2 Og daa dei saago nokre av hans Læresveinar eta Braud med vanheilage, det er utvegne Hender, lastade dei paa det. 3 For Farisearne og alle Jødar eta ikkje, utan dei tvaa Henderna vel, og halda i detta Fyreskrifti til dei gamle; 4 og naar dei koma av Torget, eta dei ikkje, utan dei tvaa seg fyrst; og mangt annat er det som dei hava vedteket at halda, so som Tvætting paa Drykkjekjerold og Kannor, Koparkjerold og Benkjer. 5 Og Farisearne og dei skriftlærde spurde honom: „Kvi fylgja ikkje dine Læresveinar Fyreskrifti til dei gamle, men eta Braud med vanheilage Hender?“ 6 Men han svarade og sagde til deim: „Rettelege hever Jesaia spaatt um dykker, Skrymtararne! so som skrivet er: Dette Folket heidrar meg med Lepom, men deira Hjarta er langt ifraa meg; 7 faafengt dyrka dei meg, med di dei læra slika Læror, som ero Menneskjebod. 8 De lata Guds Bog fara og halda Menneskje-Fyreskrifter, so som Tvætting paa Kannor og Drykkjekjerold; og mangt slikt gjera de.“ 9 Og han sagde til deim: „Snildt gjera de Guds Bod til inkjes, so de kunna halda dykkar eigne Fyreskrifter. 10 For Moses hever sagt: Heidra din Fader og di Moder, og: Den, som forbannar Fader elder Moder, skal Dauden døya. 11 Men de segja: Um nokon segjer til sin Fader elder si Moder: Det som du kunde verda hjelpt med av meg, det er Korban (ei Offergaava), 12 so giva de honom ikkje lenger Lov til at gjera nokon Ting fyre sin Fader elder si Moder, 13 og de gjera so Guds Bod til inkjes med dykkar Fyreskrifter som de sjølve hava sett; og mangt annat slikt gjera de.“ 14 Og han kallade Folket til seg atter og sagde til deim: „Lyde paa meg alle, og skyne! 15 Det finst ingen Ting utanfyre Mannen som kann vanhelga honom, naar det gjenger inn i honom; men det som gjenger ut av honom, det er det som vanhelgar Mannen. 16 Um nokon hever Øyro til at høyra, han høyre.“ 17 Og daa han hadde gjenget fraa Folket inn i eit Hus, spurde hans Læresveinar honom um denne Likningen. 18 Og han sagde til deim: „Ero de og so skynlause? Merka de ikkje at alt det, som utanfraa kjemer inn i Mannen, kann ikkje vanhelga honom? 19 For det gjenger ikkje inn i hans Hjarta, men i Magen, og hever sin naturlege Gang som reinsar all Føda.“ 20 Og han sagde: „Det som gjenger ut av Mannen, det vanhelgar honom; 21 for innanfraa av Mannsens Hjarta gjenger det ut vonde Tankar, Hor, Lauslivnad, Mandraap, 22 Tjuvskap, Girugskap, Vondskap, Svik, Utugt, vondt Auga, Spottord, Ovmod, Vitløysa. 23 Alle desse vonde Ting koma innanfraa og vanhelga Mannen.“

24 Og han stod upp og foor derifraa til Landemerki ved Thyrus og Sidon og gjekk inn i eit Hus og vilde at ingen skulde vita det, og han kunde daa ikkje vera duld, 25 men ei Kona, som aatte ei Dotter, som hadde ein urein Ande, fekk med det same høyra um honom og kom og fall ned fyre hans Føter. 26 Men Kona var av Heidnefolket, fyrofønikisk av Ætt. Og ho bad honom at han vilde drive Djevelen ut av Dotter hennar. 27 Og han sagde til henne: „Lat Borni fyrst verda mette, for det er ikkje vænt at taka Braudet til Bornom og kasta det fyre Hundarne.“ 28 Og ho svarade og sagde til honom: „Ja, Herre, men ogso Hundarne eta under Bordet av Molarne etter Bornom.“ 29 Og han sagde til henne: „Fyre dette Ordet Skuld, so gakk; Djevelen er utfaren av Dotter di.“ 30 Og daa ho kom hjem, fann ho Dotter si liggjande paa Sengi og Djevelen utfaren.

31 Og daa han gjekk ut atter fraa Landemerki ved Tyrus, kom han um Sidon til Sjoen i Galilea midt igjenom Dekapolis Landemerke. 32 Og dei førde til honom ein som var dauv og knapt kunde tala, og dei baado honom leggja si Hand paa honom. 33 Og han tok honom avsides fraa Folket og stakk sine Fingrar i hans Øyro, og han sputtade og tok paa hans Tunga, 34 og han saag upp mot Himmelen, sukkade og sagde til honom: „Effata!“ det er: opna deg. 35 Og med det same opnadest hans Øyro og hans Tungeband losnade og han talade greidt. 36 Og han forbaud deim at segja det til nokon; men di meir han forbaud deim detta, di meir kunngjorde dei det. 37 Og dei undradest storlege og sagde: „Han hever gjort alle Ting vel; dei dauve gjerer han høyrande og dei maallause talande.“

8. Kapitel.

Jesus mettar fjore tusund Mann, 1—10; neittar at giva Farisearne eit Teikn; fer tilbaka til Galilea; talar um Surdeigi til Farisearne og til Herodes, 11—21; giver ein blind Syni i Betsaida, 22—26; fer til Cæsarea Filippi. Petrus vitnar um honom at han er Kristus. Jesus talar um si Liding og Daude og Uppstanding; talar honom Petrus til rettes, 27—33; lærer um Sjølvavseging og Vedkjenning av honom, 34—38.

1 I dei Dagarne, daa det atter var myket Folk og dei inkje hadde at eta, kallade han sine Læresveinar til seg og sagde til deim: 2 „Eg ynkast yver Folket, for dei hava no voret med meg i tri Dagar og hava inkje at eta, 3 og um eg læter deim ganga fastande heim, vilja dei ormegta paa Vegen, og sume av deim ero langfarande.“ 4 Og hans Læresveinar svarade honom: „Kvar kann ein taka Braud her i Øydemarki og metta deim med?“ 5 Og han spurde deim: „Kor mange Braud hava de?“ Dei svarade: „Sjau.“ 6 Og han baud Folket at setja seg ned paa Marki, og han tok dei sjau Braudi og takkade og braut deim og gave sine Læresveinar til at leggja deim fram; og dei lagde deim fram fyre Folket. 7 Og dei hadde nokre Smaafiskar; og han velsignade og sagde at ogso dei skulde verda framlagde. 8 Men dei aaato og vordo mette, og dei toko upp sjau Korger med leivde Molar. 9 Men dei, som hadde etet, vaaro umkring fjore Tusund; og so leet han deim fara fraa seg. 10 Og med det same steig han i Baaaten med sine Læresveinar og kom i Bygdi ved Dalmanuta.

11 Og Farisearne gingo ut og toko til at ordast med honom og kravde av honom eit Teikn av Himmelen til at freista honom. 12 Og han sukkade tungt i sin Ande og sagde: „Kvifyre leitar denne Ætti etter eit Teikn? Sannlege segjer eg dykker, denne Ætti skal inkje Teikn verda gjevet.“ 13 Og han skildest fraa deim og steig i Baaten atter og foor burt paa hi Sida. 14 Og dei hadde gløymt at taka Braud med og hadde ikkje meir en eitt Braud med seg i Baaten. 15 Og han baud deim og sagde: „Sjaae til og vakte dykker fyre Surdeigi til Farisearne og Surdeige til Herodes.“ 16 Og dei raadlagde seg imillom, av di dei hadde inkje Braud. 17 Og Jesus merkade det og sagde til deim: „Kvi raadleggja de, fyre di de ikkje hava Braud? Merka de endaa inkje og skyna ikkje helder? Hava de endaa dykkar Hjarta hardnat? 18 Hava de Augo og sjaa ikkje? Hava de Øyro og høyra ikkje? Og minnast de inkje? 19 Daa eg skifte dei fem Braudi imillom dei fem Tusund, kor mange Korger fulle med Molar toko de upp?“ Dei sagde til honom: „Tolv.“ 20 „Og daa eg Skifte dei sjau Braudi imillom dei fjore Tusund, kor mange Korger fulle med Molar toko de upp?“ Og dei sagde: „Sjau.“ 21 Og han sagde til deim: „Skyna de endaa ikkje?“

22 Og dei komo til Betsaida; og dei førde til honom ein blind Mann og baado at han vilda taka paa honom. 23 Og han tok den blinde i Handi og leidde honom ut fyre Byen og sputtade i hans Augo, lagde Henderne paa honom og spurde honom, um han saag nokot. 24 Og han saag upp og sagde: „Eg seer Menneskjorna, for eg seer deim lika som Tre gangande kringum.“ 25 So lagde han atter Henderna paa hans Augo; og han saag og vardt lækt og saag alle Ting skilet. 26 Og han sende honom heim og sagde: „Gakk ikkje inn i Byen og seg det helder ikkje til nokon i Byen.“

27 Og Jesus gjekk ut og hans Læresveinar til Byarne ved Cæsarea Filippi. Og paa Vegen spurde han sine Læresveinar og sagde til deim: „Kven segja Folk at eg er?“ 28 Og dei svarade honom og sagde: „Johannes Døypar; meir sume, Elias; og andre, ein av Profetom.“ 29 Og han spurde deim: „Men kven segja de at eg er?“ Og Petrus svarade og sagde til honom: „Du er Kristus.“ 30 Og han trugade deim at dei skulde ikkje segja til nokon um honom. 31 Og han tok til at læra deim at Menneskje-Sonon skulde mangt lida og verda forkastad av dei eldste og Øvsteprestane og dei skriftlærde og verda ihelslegen og standa upp etter tri Dagar. Og han sagde deim detta med greide Ord. 32 Og Petrus tok honom avsides og tok til at tala honom til rettes. 33 Men han snudde seg og saag paa sine Læresveinar og talade Petrus til rettes og sagde: „Gakk fraa meg Satan, for du skynar ikkje det som er av Gud, men det som er av Menneskja.“

34 Og han kallade til seg Folket og sine Læresveinar og sagde til deim: „Den som vil fylgja meg, han avsegje seg sjølv og take upp sin Kross og fylgje meg. 35 For den som vil berga sitt Liv, han skal missa det; men den som misser sitt Liv fyre mi Skuld og Evangelium Skuld, han skal berga det. 36 For kvat gagnar det Menneskja, um ho vann all Verdi, men tok Skade paa si eigi Saal? 37 For kvat kann Menneskja giva til Løysing fyre si Saal? 38 For den som blygjest ved meg og mine Ord hjaa denne fraafallne og syndige Ætti, ved honom skal ogso Menneskje-Sonen blygjast, naar han kjemer i Æreglansen aat sin Fader med dei heilage Englom.

9. Kapitel.

Jesus verder umskapad paa Berget; talar um Elias, 2—13; driver ut ein maallaus og dauv Ande, 14—29; talar atter um sin Daude og Uppstanding, 30—32; lærer kven som er den fremste, 33—37; byder sine Læresveinar, ikkje at forbjoda den, som ikkje er imot deim, at driva ut Djevlar i hans Namn; byder deim, ikkje at forføra dei truande, 38—50.

1 Og han sagde til deim: „Sannlege segjer eg dykker, at det er nokre av deim, som her standa, som ikkje skulo smaka Dauden, fyrr en dei hava seet Guds Rike koma med Kraft.“

2 Og etter seks Dagar tok Jesus Petrus og Jakob og Johannes med seg og førde deim eine saman avsides upp aa eit høgt Berg; og han vardt umskapad fyre deira Augo. 3 Og hans Klæde vordo skinande og ovlege kvite som Snjo, so at ingen Bleikjar paa Jordi kann gjera deim so kvite. 4 Og der synte Elias med Moses seg fyre deim, og dei talade med Jesus. 5 Og Petrus tok til Ords og sagde til Jesus: „Meister, her er det godt fyre oss at vera, og me vilja gjera tri Stovor, ei aat deg, ei aat Moses, og ei aat Elias.“ 6 For han visste ikkje kvat han skulde segja, av di dei vaaro ovlege rædde. 7 Og det kom ei Sky og skygge yver deim, og or Skyi kom det ei Røyst som sagde: „Denne er min elskade Son; høyre honom!“ 8 Og rett som dei skodade kringum seg, saago dei ingen meir utan Jesus einsaman med deim. 9 Og daa dei gingo ned etter Berget, baud han deim at dei ikkje skulde segja nokon kvat dei hadde seet, fyrr en Menneskje-Sonen var uppstaden fraa dei daude. 10 Og dei lagde dette Ordet paa Minne og spurde kvarandre kvat Uppstandingi fraa dei daude var. 11 Og dei spurde honom og sagde: „Kvi segja dei skriftlærde at Elias maa fyrst koma?“ 12 Og han sagde til deim: „Elias kjemer fulla fyrst og skipar i Lag atter. Og korso er det skrivet um Menneskje-Sonen? at han skal mangt lida og verda forsmaadd. 13 Men eg segjer dykker at Elias er ogso komen, og dei hava gjort med honom det som dei vilde, so som der er skrivet um honom.“

14 Og daa han kom til Læresveinarne, saag han myket Folk med deim, og skriftlærde som ordadest med deim. 15 Og det kom myken Otte yver alt Folket, so snart som dei saago honom, og dei sprungo til og helsade honom. 16 Og han spurde deim: „Kvat ordast de um med deim?“ 17 Og ein av Folket svarade: „Meister, eg hever ført Son min hit til deg; han hever ein maallaus Ande. 18 Og naar han griper honom, river han honom, og han frodar og gnister med Tennerna og turkast upp. Og eg talade med dine Læresveinar at dei skulde driva honom ut, og dei kunde ikkje.“ 19 Han svarade deim og sagde: „Aa, du vantruande Ætt, kor længe skal eg vera hjaa dykker? Kor lenge skal eg tola dykker? Føre honom til meg.“ 20 Og dei førde honom til honom. Og so snart som Anden saag honom, rykte han honom; og han fall til Jordi og velte seg og frodade. 21 Og han spurde Fader hans: „Kor lenge er det sidan detta timdest honom?“ Men han svarade: „Fraa han var Barn. 22 Og mange Gonger hever han kastat honom paa Elden og i Vatnet til at døyda honom; men um du kann gjera nokot, so ynkast yver oss og hjelp oss.“ 23 Jesus sagde til honom: „Um du kann? Allting er moglegt aat den, som trur.“ 24 Og med det same ropade Fader til Barnet og sagde: „Eg trur, hjelp mi Vantru!“ 25 Daa Jesus saag at Folket strøymde til, trugade han den ureine Anden og sagde til honom: „Du maallause og dauve Ande, eg byder deg, far ut av honom og far ikkje meir inn i honom!“ 26 Da skreik han og rykte honom myket og foor ut av honom; og han vardt som daud, so at mange sagde: „han er daaen.“ 27 men Jesus tok honom i Handi og reiste honom upp, og han stod upp. 28 Og daa han var heimkomen og dei vaaro eine saman, spurde hans Læresveinar honom: „Kvi kunde ikkje me driva honom ut?“ 29 Og han sagde til deim: „Dette Slaget kann ikkje fara ut med annat en Bøn og Fasta.“

30 Og dei foro derifraa og gingo igjenom Galilea; og han vilde ikkje at nokon skulde vita det. 31 For han lærde sine Læresveinar og sagde til deim: „Menneskje-Sonen verder yvergjeven i Manna Hender, og dei skula døyda honom, og etter at han er døydd, skal han standa upp paa tridje Dagen.“ 32 Men dei skynade ikkje det Talet og vaaro rædde fyre at spyrja honom.

33 Og dei komo til Kapernaum, og daa han var heima, spurde han deim: „Kvat talade de um paa Vegen?“ 34 Men dei tagde, for dei hadde ordast med kvarandre paa Vegen um kven som var den største. 35 Og han sette seg og kallade dei tolv og sagde til deim: „Um nokon vil vera den fremste, so vere han sidst av alle og Tenar til alle.“ 36 Og han tok eit Barn og sette det imillom deim, og daa han hadde teket det i Fanget, sagde han til deim: 37 „Den som motteker eit slikt Barn i mitt Namn, han motteker meg; og den som motteker meg, han motteker ikkje meg, men den som hever sendt meg.“

38 Men Johannes talade til honom og sagde: „Meister, me saago ein Mann driva ut Djevlar i ditt Namn, og han fylgjer oss ikkje; og me forbudo honom dei, av di han ikkje fylgjer oss.“ 39 Men Jesus sagde: „Forbjode honom ikkje; for ingen, som gjerer ei kraftug Gjerning i mitt Namn, kann snart tala illa um meg. 44 For den som ikkje er imot oss, han er med oss. 41 For den som giver dykker ei Skaal Vatn i mitt Namn, fyre di de høyra Kristus til, sannlege segjer eg dykker, han skal ikkje missa si Løn. 42 Og den som forfører ein av desse smaae som tru paa meg, honom var det betre at det vardt hengt ein Kvernstein um hans Hals og han vardt kastad i Havet. 43 Og um di Hand forfører deg, so hogg henne av; det er betre fyre deg at ganga vanfør inn til Livet, en at hava tvo Hender og fara til Helvites i den usløkkjande Elden. [ 44 ] 45 Og um din Fot forfører deg, so hogg honom av; det er betre fyre deg at ganga halt inn til Livet, en at hava tvo Føter og verda kastad i Helvite. [ 46 ] 47 Og um ditt Auga forfører deg, so riv det ut; det er betre fyre deg at ganga einøygd inn i Guds Rike, en at hava tvau Augo og verda kastad i Helvite, 48 der som deira Orm ikkje døyr og Elden ikkje sloknar. 49 For kvar ein skal verda saltad med Eld, og kvart Offer skal verda saltat med Salt. 50 Saltet er godt, men um Saltet misser si Kraft, kvat vilja de so krydda det med? Have Salt i dykker sjølve og halde Fred med kvarandre.“

10. Kapitel.

Jesus fer til Judea; lærer um Ægteskapet, 1—12; velsignar Smaaborni, 13—16; lærer ein rik Mann Vegen til det ævelege Livet; talar til Læresveinarne um Faaren av Rikdomen; lovar Løn til deim, som forlata nokot fyre hans Skuld, 17—31; talar atter um si Liding og Daude og Uppstanding, 31—34; teler fyre Jakob og Johannes og visar Skilnaden paa sitt Rike og der verdslede Riket, 35—45; giver den blinde Bartimeus Syni paa Vegen ved Jeriko, 46—52.

1 Og han stod upp derifraa og kom til Landemerki av Judea paa hi Sida aat Jordan. Og Folket samnadest til honom atter, og han lærde deim atter, so som han var van. 2 Og det kom Farisear til og spurde honom, um ein Mann hadde Rett til at skiljast fraa Kona si, og freistade honom. 3 Men han svarade og sagde til deim: „Kvat hever Moses bodet dykker?“ 4 Dei sagde: „Moses gav Lov til at skriva Skilsmaalsbrev og skiljast fraa henne.“ 5 Og Jesus svarade og sagde til deim: „Fyre dykkar harde Hjarta skreiv han dykker dette Bodet. 6 Men fraa Upphavet av Skapnaden gjorde Gud deim Mann og Kvinna. 7 Difyre skal ein Mann forlata sin Fader og si Moder og halda seg til si Kona, 8 og dei tvau skulo vera eitt Kjøt, so dei ero ikkje meir tvau, men eitt Kjøt. 9 Kvat no Gud hever samanbundet, skal Menneskja inkje skilja.“ 10 Og heima spurde Læresveinarne honom aa nyo um detta. 11 Og han sagde til deim: „Den som skilst fraa Kona si og gifter seg med ei onnor, han gjerer Ægteskapsbrot mot henne. 12 Og um ei Kona skilst fraa Mann sin og gifter seg med ein annan, so gjerer ho Ægteskapsbrot.“

13 Og dei førde Smaaborn til honom, at han skulde taka paa deim; og Læresveinarne trugade deim som baaro deim. 14 Men daa Jesus saag detta, likade han det illa og sagde til deim: „Late Smaaborni koma til meg og meinke deim inkje, for Guds Rike høyrer slike til. 15 Sannlege segjer eg dykker, den som ikkje motteker Guds Rike so som eit litet Barn, han kjemer inkje inn i det.“ 16 Og han tok deim i Fanget og lagde Henderna paa deim og velsignade deim.

17 Og daa han gjekk paa Vegen, kom det ein Mann springande og fall paa Kne fyre honom og spurde honom: „Gode Meister, kvat skal eg gjera, at eg maa erva det ævelege Livet?“ 18 Men Jesus sagde til honom: „Kvi kallar du meg god? Ingen er god, utan ein, og det er Gud. 19 Du veit Bodordi: du skal ikkje slaa i Hel; du skal ikkje gjera Hor; du skal ikkje stela; du skal ikkje bera falsk Vitnesburd; du skal ikkje gjera Urett; heidra din Fader og di Moder.“ 20 Men han svarade og sagde til honom: „Meister, alt detta hever eg haldet fraa Ungdomen.“ 21 Men Jesus saag paa honom og lagde Elsk til honom og sagde: „Eitt vantar deg; gakk og sel alt det, som du eiger, og giv dei fatige, og du skal hava ein Skatt i Himmelen, og kom og fylg meg og tak upp Krossen.“ 22 Men han vardt modfallen ved det Ordet og gjekk sorgfull burt, for han hadde manga Eigner. 23 Og Jesus saag kringum seg og sagde til sine Læresveinar: „Kor vandslegt skal det ikkje vera fyre deim, som hava Eigner, at koma inn i Guds Rike.“ 24 Men Læresveinarne vordo rædde ved desse Ordi. Men Jesus svarade atter og sagde til deim: „Born, kor vandslegt er det ikkje fyre deim, som trøysta seg paa Rikdomen, at koma inn i Guds Rike. 25 Det er lettare fyre ein Kameel at ganga igjenom eit Naalauga, en fyre ein Rik Mann at ganga inn i Guds Rike.“ 26 Men dei vordo ovlege forfælde og sagde til kvarandre: „Kven kann da verda frelst?“ 27 Men Jesus saag paa deim og sagde: „Fyre Menneskja er det umoglegt, men ikkje fyre Gud, for allting er moglegt fyre Gud.“ 28 Og Petrus tok til Ords og sagde til honom: „Sjaa, me hava forlatet allting og fylgt deg.“ 29 Jesus sagde: „Sannlege segjer eg dykker, det er ingen som hever forlatet Hus elder Brøder elder Syster elder Fader elder Moder elder Kona elder Born elder Eigner fyre mi Skuld og Evangelium Skuld, 30 utan han skal faa hundradfaldt atter no i denne Tidi, Hus og Brøder og Syster og Møder og Born og Eigner saman med Forfylgningar, og i den komande Verdi det ævelege Livet. 31 Men mange, som ero dei fyrste, skulo verda dei sidste, og dei sidste dei fyrste.“

32 Men dei vaaro paa Vegen og gingo upp til Jerusalem, og Jesus gjekk fyre deim, og dei vaaro otteslegne og fylgde honom med Ræddhug. Og han tok dei tolv til seg atter og tok til at segja deim kvat som skulde timast honom: 33 „Sjaa, me ganga upp til Jerusalem, og Menneskje-Sonen skal verda yvergjeven til Øvsteprestarne og dei skriftlærde, og dei skulo døma honom til Dauden og yvergiva honom til Heidningarne; 34 og dei skulo spotta honom og hudflengja honom og sputta paa honom og døyda honom; og paa tridje Dagen skal han standa upp atte.“

35 Og Jakob og Johannes Sebedeussøner gingo til honom og sagde: „Meister, me vilde at du skulde gjera oss det som me vilja bidja deg um.“ 36 Og han sagde til deim: „Kvat vilja de at eg skal gjera dykker?“ 37 Dei sagde til honom: „Giv oss det at me faa sitja den eine paa høgre Sida og den andre paa vinstre Sida aat deg i ditt Ærerike.“ 38 Men Jesus sagde til deim: „De vita ikkje kvat de bidja um. Kunna de drikka den Skaal som eg drikker, elder verda døypte med den Daup som eg verder døypt med?“ 39 Og dei sagde til honom: „Det kunna me.“ Men Jesus sagde til deim: „Den Skaal, som eg drikker, skulo de drikka, og verda døypte med den Daup som eg verder døypt med; 40 men at sitja paa høgre Sida elder paa vinstre Sida aat meg stender ikkje til meg at giva, men det verder gjevet deim som det er tillagat fyre.“ 41 Og daa dei tio høyrde detta, vordo dei tykkne paa Jakob og Johannes. 42 Og Jesus kallade deim til seg og sagde til deim; „De vita at dei, som gjelda fyre Hovdingar yver Landslydarne, raada yver deim, og at deira Herremenner bruka Magti yver deim. 43 Men so er det ikkje med dykker; men den som vil vera stor imillom dykker, han skal vera dykkar Tenar, 44 og den som vil vera den fremste imillom dykker, han skal vera Tenar til alle. 45 For helder ikkje Menneskje-Sonen er komen til at lata seg tena, men til sjølv at tena og lata sitt Liv til ein Løysepening fyre mange.“

46 Og dei komo til Jeriko. Og daa han gjekk ut fraa Jeriko med sine Lærsveinar og ein stor Folkehop, daa sat han Bartimeus Timeusson ved Vegen; han var blind og Tiggar. 47 Og da han høyrde at det var Jesus fra Nazaret, tok han til at ropa og segja: „Jesus, Davids Son, miskunna deg yver meg!“ 48 Og mange trugade honom, at han skulde tegja, men han ropade myket dess meir: „Davids Son, miskunna deg yver meg!“ 49 Og Jesus stadnade og bad deim kalla honom fram. Og dei kallade paa den blinde og sagde til honom: „Ver trøystig, statt upp, han kallar paa deg.“ 50 Og han kastade si Kappa, sprang upp og kom til Jesus. 51 Og Jesus svarade og sagde til honom: „Kvat vil du at eg skal gjera deg?“ Men den blinde sagde til honom: „Herre, at eg maatte faa mi Syn.“ 52 Og Jesus sagde til honom: „Gakk, di Tru hever hjelpt deg.“ Og med det same fekk han si Syn atter og fylgde honom paa Vegen.

11. Kapitel.

Jesus rider til Jerusalem, 1—10; han bannstøyter Fiktreet, 11—14; reinsar Templet, 15—19; aaminner Læresveinarne at hava Tru og forlata, 20—26; vil ikkje segja, av kvat Magt han verkade, 27—33.

1 Og da dei komo nær ved Jerusalem til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende han tvo av sine Læresveinar av 2 og sagde til deim: „Gange inn i Byen som ligger framfyre dykker, og so snart som de koma inn i honom, skulo de finna ein Fole bunden som endaa aldri nokon Mann hever setet paa; løyse honom og føre honom hit. 3 Og um nokon segjer til dykker: Kvi gjera de detta? so segje: Herren trenger um honom; og han skal med det same senda honom hit.“ 4 Og dei gingo burt og funno Folen bunden fyre Dyri ute paa Gata og løyste honom. 5 Og nokre av deim, som der stodo, sagde til deim: „Kvat gjera de, at de løysa Folen?“ 6 Men dei sagde til deim so som Jesus hadde sagt, og dei leto deim fara. 7 Og dei førde Folen til Jesus og lagde Klædi sine paa honom, og han sette sig paa honom. 8 Og mange breidde Klædi sine paa Vegen, andre straadde Greiner, som dei hadde hogget i Marki. 9 Og dei som gingo fyre, og dei som fylgde etter, ropade: „Hosianna, velsignad vere den som kjemer i Herrens Namn! 10 Velsignat vere det komande Riket til vaar Fader David! Hosianna i Høgdi!“

11 Og han gjekk inn i Jerusalem i Templet. Og da han hadde skodat kringum paa alle Ting og det leid til Kvelds, gjekk han ut til Betania med dei tolv. 12 Dagen etter, da dei gingo fraa Betania, hungrade han. 13 Og daa han saag eit Fiktre langt burte som hadde Lauv, gjekk han dit, um det kunde henda at han fann nokot paa det; og daa han kom til det, fann han ikkje annat en Lauv, for det var ikkje Frukttid. 14 Og han tok til Ords og sagde til det: „Heretter skal ingen eta Frukt av deg til æveleg Tid.“ Og hans Læresveinar høyrde det.

15 Og dei komo til Jerusalem. Og han gjekk i Templet og tok til at driva ut deim som selde og køypte i Templet, og velte Bordi til deim som vekslade Pengar, og Stolarne til deim som selde Duvor, 16 og gav ikkje Lov til at nokon bar Kjerold igjenom Templet. 17 Og han lærde og sagde: „Er det ikkje skrivet: Mitt Hus skal kallast eit Bønahus fyre alle Folk? Men de hava gjort eit Røvarbøle av det.“ 18 Og Øvsteprestarne og det skriftlærde frette detta og dei søkte kor dei kunde døyda honom; for dei ottadest fyre honom, av di at alt Folket undradest paa hans Læra. 19 Og daa Kvelden var komen, gjekk han ut or Byen.

20 Og um Morgonen, daa dei gingo framum, saago dei Fiktreet visnat fraa Rotom. 21 Og Petrus mintest det og sagde til honom: „Rabbi, sjaa, Fiktreet, som du bannstøytte, er visnat.“ 22 Og Jesus svarade og sagde til deim: „Have Tru paa Gud. 23 For sannlege segjer eg dykker, den som vilde segja til dette Berget: Lyft deg upp og kasta deg i Havet, og ikkje tvilade i sitt Hjarta, men trudde at det skulde verda so som han segjer, fyre honom skal det verda. 24 Difyre segjer eg dykker, kvat som helst de bidja um i Bøni, so true at de faa det, og de skulo hava det. 25 Og naar de standa og bidja, so forlate, um de hava nokot imot einkvar, so at ogso dykkar Fader, som er i Himlom, maa forlata dykker dykkar Misgjerningar. 26 Men um de inkje forlata, so skal ikkje helder dykkar Fader, som er i Himlom, forlata dykkar Misgjerningar.“

27 Og dei komo atter Til Jerusalem. Og daa han gjekk umkring i Templet, komo til honom Øvsteprestarne, dei skriftlærde og dei eldste 28 og sagde til honom: „Av kvat Magt gjerer du detta? Elder kven hever gjevet deg Magti til at gjera detta?“ 19 Men han sagde til deim: „Eg vil ogso spyrja dykker um nokot; svare de meg, og eg skal segja dykker av kvat Magt eg gjerer detta. 30 Johannes Daup, var han av Himmelen elder av Menneskja? Svare meg.“ 31 Og dei tenkte med seg og sagde: „Um me segja av Himmelen, so vil han segja: Kvi trudde de honom daa ikkje? 32 Men skulo me segja han var av Menneskja?“ Daa ottadest dei fyre Folket, for alle heldo fyre at Johannes var i Vissa ein Profeet. 33 Og dei svarade og sagde til Jesus: „Me vita det ikkje.“ Og Jesus sagde til deim: „Daa segjer eg dykker ikkje helder av kvat Magt eg gjerer detta.“

12. Kapitel.

Jesus forteler Likningen um Vingadsmennerne, 1—12; svarar Farisearne og Folket til Herodes um Skatteveningen, 13—17; svarar Saddusearne um Uppstandingi, 17—27; svarar den skriftlærde um det fremste Bodord, 28—34; talar mot den Meining som dei skriftlærde hadde um Kristus, 35—37; varar fyre dei skriftlærde, 38—40; talar um Gaava av Enkja, 41—44.

1 Og han tok til at tala til deim i Likningar: „Ein Mann plantade ein Vingard og sette Gard i Kring og grov ei Vinpersa og bygde eit Torn og leigde honom ut til Vingardsmenner og foor i framandt Land. 2 Og daa Tidi var til, sende han ein Tenar til Vingardsmennerne, at han skulde heimta av deim Vingardssrukti. 3 Og dei toko honom og slogo honom og sende honom tomhendt burt. 4 Og atter sende han ein annan Tenar til deim; og dei saarade honom i Hovudet og svivyrde honom. 5 Og han sende ein annan, og honom slogo dei i Hel; og likaso med mange andre; sume slogo dei, sum draapo dei. 6 Men endaa hadde han ein einaste Son som han elskade myket; honom sende han sidstpaa til deim og sagde: Dei vilja skjemmast fyre Son min. 7 Men desse Vingardsmennerne sagde seg imillom: Dette er Ervingen; kom, lat oss drepa honom, so verder Arven vaar. 8 Og dei toko honom og draapo honom og kasstade honom ut fyre Vingarden. 9 Kvat skal so vingardsherren gjera? Han skal koma og døyda Vingardsmennerne og giva Vingarden til andre. 10 Hava de ikkje leset denne Skrifti: 11 Den Sten, som Bygningsmennerne kastade burt, han er vorden ein Hyrnestein; av Herren er han so vorden og er underfull i vaare Augo?“ 12 Og dei søkte at gripa honom, men ottadest fyre Folket, for dei skynade at han hadde sagt denne Likningen mot deim. Og dei forleto honom og gingo burt.

13 Og dei sende til honom nokre av Farisearne og av Folket til Herodes, at dei skulde fanga honom i Ord. 14 Og daa dei komo, sagde dei til honom: „Meister, me vita at du er sannmælt og skøyter ikkje um nokon, for du vyrder ikkje Maans Aasyn, men lærer Guds Veg i Sanning. Er det rett at giva Keisaren Skatt elder ei? Skulo me giva elder inkje giva?“ 15 Men han saag deira Skrymt og sagde til deim: „Kvi freista de meg? Faa meg ein Pening, at eg fær sjaa honom.“ 16 Og dei fingo honom Peningen. Daa sagde han til deim: „Kven si Likneskja og Innskrift er detta?“ Dei sagde til honom: „Keisaren si.“ 17 Og Jesus sagde til deim: „Give Keisaren kvat Keisaren tilhøyrer, og Gud kvat Gud tilhøyrer.“ Og dei undradest paa honom.

18 So komo Saddusearne til honom som segja at det er ingi Uppstanding til. Dei spurde honom og sagde: 19 „Meister, Moses hever skrivet oss, at um Broder til nokon døyr og læter etter seg Kona og inkje læter etter seg Born, so skal Broder hans taka Kona hans og uppreisa Avkoma aat Broder sin. 20 Det var sjau Brøder; og den fyrste tok ein Kona, og daa han døydde, leet han ingi Avkoma etter seg. 21 Og den andre tok henne og døydde og leet helder ingi Avkoma etter seg; og den tridje likaeins. 22 Og alle sjau leto ingi Avkoma etter seg; men seinaste av alle døydde ogso Kona. 23 I Uppstandingi, naar dei ero uppstadne, kven skal ho daa vera Kona til? for alle sjau hadde henne til Kona.“ 24 Jesus sagde til deim: „Er det ikkje so at de fara i Villa, av di de korkje kjenna Skrifterna elder Guds Magt? 25 For naar dei ero uppstadne fraa dei daude, so korkje gifta dei seg elder verda burtgifte, men dei ero som Englar i Himlom. 26 Men kvat som vedkjenner Uppstandingi av dei daude, hava de ikkje leset i Moses Bok, ved Tyrnerunnen, korleides Gud talade til honom og sagde: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud? 27 Gud er ikkje Gud til dei daude, men til dei livande. De fara myket i Villa.“

28 Og det kom til honom ein av dei skriftlærde som hadde høyrt korleides dei ordadest og skynade at han hadde svarat deim vel og spurde honom: „Kvat er det fremste Bodord av alle?“ 29 Jesus svarade: „Det fremste er: Høyr, Israel, Herren vaar Gud, Herren er ein; 29 og du skal elska Herren din Gud av alt ditt Hjarta, av all di Saal, av all din Hug og av all di Kraft. Detta er det fremste Bodord. 31 Og det andre er detta: Du skal elska din Næste som deg sjølv. Det er inkje annat Bodord større en desse.“ 32 Og den skriftlærde sagde til honom: „Sannlege, Meister, rett talar du, for han er ein, og der er ingen annan utan han; 33 og at elska honom av alt Hjarta, av all Hug og av all Kraft og elska Næsten som seg sjølv, det er meir en alle Brenneoffer og Slagtoffer.“ 34 Og da Jesus saag at han svarage skynsamlege, sagde han til honom: „Du er ikkje langt fraa Guds Rike.“ Og sidan torde ingen spyrja honom.

35 Og Jesus tok til Ords og sagde, daa han lærde i Templet: „Kvi segja dei skriftlærde at Kristus er Davdis Son? 36 David sjølv sagde i den heilage Ande: Herren sagde til min Herre: Sit du paa høgre Sida aat meg, til dess eg legger dine Fiendar under dine Føter. 37 David sjølv kallar honom Herre; korleides er han daa Son hans?“ Og den store Aalmugen høyrde honom gjerna.

38 Og han sagde til dem, medan han lærde: „Vakte dykker fyre dei skriftlærde som gjerna vilja ganga i side Klæde og lata helsa seg paa Torgom 39 og gjerna sitja i fremste Sætom i Samningsstovom og i Høgsætom i Gjestebodom; 40 dei som eta upp Husi til Enkjom og halda langa Bøner fyre Syn Skuld. Dei skulo faa dess hardare Dom.“

41 Og Jesus sette seg midt imot Offerkista og saag kor Folket lagde Peningar i Offerkista; og mange rike lagde myket i. 42 Og det kom ei fatig Enkja og lagde i tvo Skjervar, det er so myket som ein Kvitt. 43 Og han kallade sine Læresveinar og sagde til deim: „Sannlege segjer eg dykker, denne fatige Enkja hever lagt meir i en alle som hava lagt i Offerkista; 44 for dei hava alle lagt i av sin Rikdom, men ho lagde i av si Armod alt det som ho aatte, alt sitt Livsupphelde.“

13. Kapitel.

Jesus talar um Øydeleggingi av Jerusalem og um si Tilkoma, 1—37.

1 Og daa han gjekk ut or Templet, sagde ein av hans Læresveinar til honom: „Sjaa, Meister, kvat Steinar og kvat Bygningar!“ 2 Og Jesus sagde til honom: „Seer du desse store Bygningar? Der skal ikkje verda liggjande Stein paa Stein som ikkje verder nedriven.“ 3 Og daa han sat paa Oljeberget midt imot Templet, spurde Petrus og Jakob og Johannes og Andreas honom einslege: 4 „Seg oss, naar skal detta verda, og kvat skal vera Teiknet, naar alt detta skal fullkomast?“ 5 Og Jesus tok til Ords og sagde til deim: „Vakt dykker, at ingen forviller dykker. 5 Det skal koma mange i mitt Namn og segja: Det er eg; og dei skulo forvilla mange. 7 Men naar de faa høyra um Ufred og Rødor um Ufred, so ræddest ikkje, for detta lyt so ganga til; men det er endaa ikkje Enden. 8 For Landslyd skal reisa seg mot Landslyd, og Rike mot Rike; det skal vera Jordskjelvar paa ymse Stader; det skal vera Hungersnaud og Uro. 9 Detta er fyrste Ridi av Pinorna. Men vakte dykker, for dei skulo yvergiva dykker til Retten og til Samningsstovorna; de skulo verda hudflengde og førde fyre Hovdingar og Konungar fyre mi Skuld, til Vitnesbyrd fyre deim. 10 Og fyrst lyter Evangelium verda forkynt fyre alle Folk. 11 Og naar dei føra dykker burt og yvergiva dykker, so syte ikkje fyreaat fyre kvat de skulo tala, og grunde helder ikkje paa det, men tale det som verder gjevet dykker i den same Stundi; for det er ikkje de som tala, men den heilage Ande. 12 Og Broderen skal yvergiva Broderen til Dauden, og Faderen Sonen; og Borni skulo risa upp mot Foreldrom og føra Dauden paa deim; 13 og de skulo verda hatade av alle fyre mitt Namn Skuld; men den som verder stødug til Enden, han skal verda frelst. 14 Men naar de faa sjaa Styggja av Øydeleggingi stadna der ho inkje skulde, — kven som leser det, agte paa det! — so flye upp aa Bergi kven som er i Judea; 15 og den, som er paa Taket, gange ikkje ned elder stige inn, til at taka nokot ut or sitt Hus; 16 og den, som er ute i marki, snue ikkje atter til at taka si Kappa. 17 Men ve dei fremmelege og Sogmødrom i dei Dagarne! 18 Men bidje at detta ikkje verder um Vetteren, 19 for i dei Dagarne skal det vera so stor Trengsla, som det ikkje hever voret fraa Upphavet av Skapningen, som Gud hever skapat, og til dessa, og ikkje helder skal verda. 20 Og um Herren ikkje hadde avkortat desse Dagarne, so vardt ingen Mann frelst; men fyre dei utvalde si Skuld, som han hever utvalt, hever han avkortat dei Dagarne. 21 Og um einkvar daa segjer til dykker: Sjaa, her er Kristus, elder: Sjaa, der, so true det ikkje, 22 for det skal koma upp falske Kristar og falske Profetar og gjera Teikn og Under, til at forvilla sjølve dei utvalde, um det var moglegt. 23 Men vakte dykker; sjaa, eg hever fyresagt dykker alt. 24 Men i dei Dagarne, etter denne Trengsla, skal Soli myrkna, og Maanen skal missa sitt Skin, 25 og Stjernorna skulo rapa av Himmelen, og dei Krafter, som ero i Himlom, skulo verda skjekne. 26 Og daa skulo dei sjaa Menneskje-Sonen koma i Skyer med stor Kraft og Æra; 27 og daa skal han senda sine Englar og skal samna sine utvalde fraa dei fjore Vindarne fraa Enden paa Jordi til Enden paa Himmelen. 28 Men lære ein Likning av Fiktreet: Naar det fær Sevja i Greinerna og Lauvet spretter, so vita de at Sumaren er nær; 29 so skulo de ogso vita, naar de sjaa detta bera til, at han er nær fyre Dyri. 30  Sannlege segjer eg dykker, denne Ættliden skal ikkje forganga, fyrr en alt detta ber til. 31 Himmel og Jord skulo forganga, men mine Ord skulo inkje forganga. 32 Men um den Dagen elder den Stundi veit ingen, helder ingen Engel i Himmelen, helder ikkje Sonen, utan Faderen aaleine. 33 Vakte dykker, vake og bidje, for de vita ikkje, naar Tidi er. 34 Lika som ein Mann som foor or Landet og forleet sitt Hus og gave sine Tenarar Umbodet og kvar si Gjerning og baud Durvaktaren at vaka, 25 so vake no de, for de vita ikkje, naar Husbonden kjemer, anten um Kvelden, um Midnætte, um Hanegals Tid elder um Morgonen, 36 so at, naar han kjemer hastelege, han ikkje skal finna dykker sovande. 37 Men det som eg segjer dykker, det segjer eg alle: Vake!“

14. Kapitel.

Øvsteprestarne og dei skriftlærde leggja Raad mot Jesus 1—2. Jesus verder salvad i Betania, 3—9. Judas seler Jesus, 10—11. Jesus eter Paaskalambet og innseter Naattverden, 12—25; fyresegjer Petri Forneitting, 26—31; lider og beder i Getsemane; verder forraadd av Judas; verder gripen. Læresveinarne flya, 32—52. Jesus verder førd til Øvsterpresten og klagad; vitnar um seg at han er Kristus; verder domfeld og spottad og slege, 53—65. Petrus forneittar Jesus, 66-72.

1 Tvo Dagar etter var det Paaske og Høgtidi med dei usyrde Braudom, og Øvsteprestarne og dei skriftlærde søkte kor dei kunde gripa honom med List og døyda honom. 2 For dei sagde: „Ikkje paa Høgtidi, at det ikkje verder Uppstyr imillom Folket.“

3 Og daa han var i Betania i Huset til Simon den spitelske og sat til Bords, kom der ei Kvinna som hadde ei Albasterflaska med Salve av rein og kosteleg Nardusolje; og ho braut Flaska og helte det yver hans Hovud. 4 Men der var det nokre som vordo illnøgde fyre detta med seg sjølve og sagde: „Kvat skal denne Spilla av Salven til? 5 For denne Salven kunde ein hava selt fyre meir en try hundrad Peningar og gjevet dei fatige.“ Og dei leto illa mot henne. 6 Men Jesus sagde: „Late henne i Fred. Kvi gjera de henne Sorg? Ho hever gjort ei god Gjerning mot meg; 7 for de hava alltid dei fatige hjaa dykker, og naar de vilja, kunna de gjera deim godt; men meg hava de ikkje alltid. 8 Ho hever gjort kvat ho kunde; ho hever fyreaat salvat min Likam til Gravsetingi. 9 Sannlege segjer eg dykker, kvarhelst i all Heimen Evangelium verder forkynt, skal ogso det, som ho hever gjort, verda gjetet til Aamining av henne.“

10 Og Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til Øvsteprestarne og vilde forraada honom til deim. 11 Men daa dei høyrde detta, vordo dei glade og lovade at giva honom Peningar. Og han søkte kor han paa laglegaste Maaten kunde forraada honom.

13 Og paa fyrste Dag i Høgtigi med dei usyrde Braudom, daa dei slagtage Paaskalambet, sagde hans Læresveinar til honom: „Kvar vil du at me ganga og laga til, at du fær eta Paaskalambet?“ 13 Og han sende tvo av sine Læresveinar og sagde til deim: „Gange inn i Byen, og der skal det møte dykker ein Mann som ber ei Vatskrukka; fylgje honom, 14 og der han gjenger inn, segje til Husbonden: Meisteren segjer: Kvar er mitt Herbyrge som eg kann eta Paaskalambet i med mine Læresveinar? 15 Og han skal visa dykker ein stor Loftsal, innreidd og tilbudd, og der skulo de laga til aat oss.“ 16 Og Læresveinarne gingo ut og komo inn i Byen og funno det so som han hadde sagt deim, og reidde Paaskalambet til. 17 Og um Kvelden kom han med dei tolv. 18 Og daa dei saato til Bords og aato, sagde Jesus: „Sannlege segjer eg dykker, ein av dykker, som eter med meg, skal forraada meg.“ 19 men dei vordo sorgfulle og sagde til honom ein etter annan: „Er det eg?“ og ein annan: „Er det eg?“ 20 Og han sagde til deim: „Ein av dei tolv, den som duppar med meg i Fatet. 21 Menneskje-Sonen gjenger fulla burt, so som det er skrivet um honom, men ve den Mann som Menneskje-Sonen verder forraadd av! Det var betre fyre den Mannen at han aldri hadde voret fødd.“ 22 Og medan dei aato, tok han Braud, velsignade, braut det og gav deim og sagde: „Take, detta er min Likam.“ 23 Og han tok Kalken, takkade og gav deim, og dei drukko alle av honom. 23 Og han sagde til deim: „Detta er mitt Blod som til ei ny Pakt verder uthellt fyre mange 25 Sannlege segjer eg dykker, eg skal ikkje meir drikka av Frukti paa Vintreet inntil den Dag, daa eg drikker henne ny i Guds Rike.“

26 Og daa dei hadde sunget Lovsongen, gingo dei ut til Oljeberget. 27 Og Jesus sagde til deim: „De skulo alle argast yver meg; for det er skrivet: Eg skal slaa Hyrdingen, og Sauderne skulo spreidast. 28 Men etter at eg er uppstaden, skal eg ganga fyre dykker til Galilea.“ 29 Men Petrus sagde til honom: „Um dei so alle argast, skal daa ikkje eg.“ 30 Og Jesus sagde til honom: „Sannlege segjer eg deg at i Dag, i denne Naatti, fyrr en Hanen gjeler tvo Gonger, skal du forneitta meg tri Gonger.“ 31 Men han sagde endaa ein Gong til: „Um eg so skulde lata Livet med deg, vil eg daa inkje forneitta deg.“ Likaso sagde dei ogso alle.

32 Og dei komo aat ein Hage, som heitte Getsemane. Og han sagde til sine Læresveinar: „Setje dykker her, medan eg beder.“ 33 Og han tok Petrus og Jakob og Johannes med seg og tok til at ræddast og verda modfallen 34 og sagde til deim: „Mi Saal er reint sorgfull alt til Dauden; bide her og vake.“ 35 Og han gjekk nokot litet lenger fram og fall til Jordi og bad at denne Stundi maatte ganga fraa honom, um det var moglegt. 36 Og han sagde: „Abba (Fader), alt er deg moglegt; tak denne Skaali fraa meg; daa inkje som eg vil, men som du vil.“ 37 Og han kom og fann deim sovande og sagde til Petrus: „Simon, søver du? Kunde du ikkje vaka ein Time? 38 Vake og bidje, so de ikkje koma i Freisting. Anden er viljug, men Kjøtet er veikt.“ 39 Og han gjekk burt atter og bad og talade dei same Ordi. 40 Og atter kom han og fann deim sovande, for deira Augo vaaro tyngde, og dei visste ikkje kvat dei svarade honom. 41 Og han kom tridje Gongen og sagde til deim: „Sove no og kvile dykker! Det er nog. Timen er komen; sjaa Menneskje-Sonen verder yvergjeven i Henderna paa Syndarar. 42 Stande upp, lat oss ganga; sjaa, den, som forraader meg, er nær.“ 43 Og med det same han endaa talade, kom Judas, ein av dei tolv, og ein Flok med honom med Sverd og Stavar fraa Øvsteprestarne og dei skriftlærde og eldste. 44 Men den, som forraadde honom, hadde gjevet deim eit Teikn og sagt: „Den som eg kysser, han er det; gripe honom og føre honom trygt burt.“ 45 Og daa han kom, gjekk han med det same til honom og sagde: „Rabbi, Rabbi!“ og kysste honom. 46 Og dei lagde Henderna paa honom og gripo honom. 47 Og ein av deim, som stodo attved, drog Sverdet og slo til Tenaren til Øvstepresten og hogg av honom Øyrat. 48 Og Jesus svarade og sagde til deim: „De ero utgjengne rett som mot ein Røvar med Sverd og Stavar til at taka meg! 49 Daglege var eg hjaa dykker i Templet og lærde, og de gripo meg ikkje; men detta hender med di at Skrifterna skulo uppfyllast.“ 50 Og Læresveinarne forleto honom all og flydde. 51 Og der var eit Ungmenne som fylgde honom og hadde eit Linklæde kastat paa berre Kroppen, og dei gripo honom. 52 Men han sleppte Linklædet og flydde naken fraa deim.

53 Og dei førde Jesus burt til Øvstepresten, og hjaa honom samnadest alle Øvsteprestarne og dei eldste og dei skriftlærde. 54 Og Petrus fylgde honom langt undan alt inn i Borggarden til Øvstepresten; og han sat med Tenararne og vermde seg ved Elden. 55 Og Øvsteprestarne og heile Raadet leitade etter Vitnesburd mot Jesus til at døyda honom og funno inkje; 56 for mange baaro falsk Vitnesburd mot honom, men deira Vitnesburdar vaaro ikkje samstavande. 57 Og nokre stodo upp og baaro falsk Vitnesbud mot honom og sagde: 58 „Me hava høyrt honom segja: Eg skal brjota ned dette Templet som er gjort med Hender, og paa tri Dagar byggja upp eit annat som inkje er gjort med Hender.“ 59 men helder ikkje soleides var deira Vitnesburd samstavande. 60 Og Øvstepresten stod upp midt imillom deim og spurde Jesus og sagde: „Svarar du slett inkje paa det som desse vitna mot deg?“ 61 Men han tagde og svarade inkje. Atter spurde Øvstepresten honom og sagde til honom: „Er du Kristus, Son til den velsignade?“ 62 Og Jesus sagde: „Eg er det; og de skulo sjaa Menneskje-Sonen sitja paa høgre Sida aat Krafti og koma med Himmelskyom.“ 63 Daa reiv Øvstepresten i sunder Klædi sine og sagde: „Kvat turva me lenger Vitne? 64 De høyrde Hædingsordi. Kvat synast de?“ Og dei dømde honom alle vera skyldig til Dauden. 65 Og sume toko til at sputta paa honom og breida yver hans Andlit og slaa honom med Nevarne og segja til honom: „Spaa!“ Og Tenararne slogo honom i Andlitet.

66 Og daa Petrus var nede i Borggarden, kom ei av Tenestegjentorna til Øvstepresten, 67 og daa ho saag Petrus verma seg, saag ho paa honom og sagde: „Du var og med Jesus fraa Nazaret.“ 68 Men han neittade og sagde: „Eg veit ikkje og skynar ikkje kvat du segjer.“ Og han gjekk ut i Forgarden, og Hanen gol. 69 Og Gjenta saag honom atter og sagde til deim som stodo attved: „Denne er ein av deim.“ 70 Men han neittade atter. Og nokot litet deretter sagde dei, som stodo attved, atter til Petrus: „Visst er du ein av deim, for du er ogso ein Galilear.“ 71 Men han tok til at forbanna seg og sverja: „Eg kjenner ikkje denne Mannen som de tala um.“ 72 Og Hanen gol andre Gongen. Og Petrus mintest det Ord som Jesus sagde til honom: „Fyrr en Hanen gjeler tvo Gonger skal du forneitta meg tri Gonger“; og han tenkte paa det og gret.

15. Kapitel.

Jesus verder førd bunden til Pilatus og klagad. Pilatus giver Barabbas laus og yvergiver Jesus til at verda krossfest. Stridsmennerne spotta honom og slaa honom og føra honom ut, 1—20. Jesus verder krossfest. Folket spottar honom. Han andast, 21—42. Jesus verder gravsett av Josef fraa Arimatea, 42—47.

1 Og tidlege um Morgonen hadde Øvsteprestarne Raadgjerd med dei eldste og skriftlærde og heile Raadet, og dei bundo Jesus og førde honom burt og yvergaavo honom til Pilatus. 2 Og Pilatus spurde honom: „Er du Jødakonungen?“ Og han svarade og sagde til honom: „Du segjer det.“ 3 Og Øvsteprestarne baaro mange Klagemaal paa honom. 4 Og Pilatus spurde honom atter og sagde: „Svarar du inkje? Sjaa kor myket dei vitna mot deg.“ 5 Men Jesus svarade inkje vidare, so at Pilatus undradest. 6 Men paa Høgtidi var han van at lata deim laus ein Fange, kven dei ynskte. 7 Og der var ein som heitte Barabbas som var fangad saman med Upprørsfolket, og det hadde gjort eit Draap i Upprøret. 8 Og Folket kom fram og bad um det som han alltid hadde gjort mot deim. 9 Men Pilatus svarade deim og sagde: „Vilja de at eg skal giva dykker laus Jødakonungen?“ 10 For han visste at Øvsteprestarne hadde av Ovund yvergjevet honom. 11 Men Øvsteprestarne øste upp Folket, at han helder skulde giva deim Barabbas laus. 12 Og Pilatus svarade atter og sagde til deim: „Kvat vilja de daa at eg skal gjera med den som de kalla Jødakonungen?“ 13 Og dei ropade atter: „Korssfest honom!“ 14 Daa sagde Pilatus til deim: „Kvat vondt hever han daa gjort?“ Men dei ropade dess meir: „Krossfest honom!“ 15 Og med di at Pilatus vilde gjera Folket til Vils, gav han deim Barabbas laus og yvergav Jesus, daa han hadde hudflengt honom, til at verda krossfest. 16 Og Stridsmennerne førde honom inn paa Borggarden, det er i Raadhuset, og ropade saman heile Stridsskaren. 17 Og dei klædde honom i ei Purpurkaapa og flettade ei Tyrnekrona og sette paa honom. 18 Og dei toko til at helsa honom: „Heil, du Jødakonung!“ 19 Og dei slogo honom paa Hovudet med ei Røyr og sputtade paa honom og follo paa Kne og tilbaado honom. 20 Men daa dei hadde spottat honom, toko dei Purprkaapa av honom og klædde honom i hans eigne Klæde og førde honom ut til at krossfesta honom.

21 Og der var ein Mann som heitte Simon fraa Kyrene som gjekk framum og kom or Marki, Fader til Alexander og Rufus, honom nøydde dei til at bera hans Kross. 22 Og dei førde honom til Golgata-Plassen, det er utlagt Hovudskalle-Plassen. 23 Og dei gaavo honom myrrhablandat Vin, men han tok det ikkje. 24 Og dei krossfeste honom og skifte Klædi hans og kastade Lut um kvat kvar skulde faa. 25 Og det var ved den tridje Timen at dei krossfeste honom. 26 Og uppe yver honom var skrivet hans Daudasak soleides: Jødakonungen. 27 Og dei krossfeste med honom tvo Røvarar, den eine paa høgre Sida aat honom, og hin paa vinstre. [28 ] 29 Og dei, som gingo frammed, hædde honom, skoko Hovudet og sagde: „Æ! Du som bryter ned Templet og byggjer det upp atter paa tri Dagar, 30 frels deg sjølv og stid ned av Krossen.“ 31 Likaeins spottade ogso Øvsteprestarne seg imillom i Lag med dei skriftlærde og sagde: „Han hever frelst andre; seg sjølv kann han inkje frelsa. 32 Kristus, Konung av Israel, han stige no ned av Krossen, so me kunna sjaa og tru.“ Ogso dei, som vaaro krossfeste med honom, speade honom. 33 Og daa den sette Timen var komen, vardt det eit Myrkr yver heile Landet inntil niande Timen. 34 Og i niande Timen ropade Jesus med høg Røyst og sagde: „Eloi, Eloi, lema sabaktani?“ Det er utlagt: Min Gud, min Gud, kvi hever du forlatet meg? 35 Og daa nokre av deim, som stodo attved, høyrde det, sagde dei: „Sjaa, han ropar paa Elias.“ 36 Daa sprang ein og fyllte ein Svamp med Eddike og stakk honom paa ei Røyr og gav honom at drikka og sagde: „Vente, lat oss sjaa um Elias vil koma og taka honom ned.“ 37 Men Jesus ropade med høg Røyst og andadest. 38 Og Fortjeldet i Templet rivnade i tvau ovanfraa og heilt ned. 39 Og daa Hovudsmannen, som stod midt imot honom, saag at han andadest med slikt Rop, sagde han: „Sannlege, denne Mannen var Guds Son.“ 40 Der var ogso Kvinnor som saago paa langt ifraa; imillom deim var Maria fraa Magdala og Maria, Moder til Jakob den yngre og til Joses, og Salome, 41 og dei hadde fylgt med honom, daa han var i Galilea, og teent honom, og mange andre Kvinnor som hadde gjenget upp med honom til Jerusalem.

42 Og daa det alt var vordet Kveld og det var Tilbuningsdag, det er Dagen fyre Kviledagen, 43 so kom Josef fraa Arimatea, ein vyrdeleg Raadsherre som ogso ventade paa Guds Rike, og gjekk urædd inn til Pilatus og bad um Jesu Likam. 44 Men Pilatus undradest paa at han skulde alt vera andad og kallade Hovudsmannen og spurde honom um han var longo daaen; 45 og daa han fekk vita det av Hovudsmannen, gav han Josef Likamen. 46 Og han køypte eit fint Linklæde, tok honom ned og sveipte honom i Linklædet og lagde honom i ei Grav som var uthoggi i eit Berg, og velte ein Stein fyre Dyri til Gravi. 47 Men Maria fraa Magdala og Maria, Moder til Joses, saago kvar han vardt lagd.

16. Kapitel.

Ein Engel kunngjerer Kvinnorna Jesu Uppstanding, 1—8. Jesus visar seg fyre Maria Magdalena, fyre tvo Læresveinar og fyre dei elleve; sender Læresveinarne ut at forkynna Evangelium; fer til Himmels. Læresveinarne ganga ut og tala til Folket, 9—20.

1 Og daa Kviledagen var avliden, køypte Maria fraa Magdala og Maria, Moder til Jakob, og Salome angande Urter, at dei kunde koma og salva honom. 2 Og myket tidlege paa fyrste Dag i Vika komo dei til Gravi, daa Soli rann. 3 Og dei sagde til kvarandre: „Kven skal velta oss Steinen fraa Dyri til Gravi?“ 4 Og daa dei saago aat, vordo dei vare ved at Steinen var burtvelt, for han var hardla stor. 5 Og dei gingo inn i Gravi og saago ein ung Mann sitja paa høgre Sida, klædd i ein kvit og sid Klædnad, og dei vordo ovlege rædde. 6 Og han sagde til deim: „Vere ikkje rædde. De leita etter Jesus fraa Nazaret, den krossfeste; han er uppstaden, han er ikkje her. Sjaa her Staden, der dei lagde honom. 7 Men gange burt og segje hans Læresveinar og Petrus at han gjenger fyre dykker til Galilea; der skulo de sjaa honom, so som han sagde dykker.“ 8 Og dei gingo ut og flydde fraa Gravi, for det var komet Skjelv og Rædsla yver deim, og dei sagde ingen nokot, av di dei vaaro rædde.....

[9 Men daa Jesus var uppstaden tidlege paa fyrste Dag i Vika, visade han seg fyrst fyre Maria fraa Magdala som han hadde drivet sjau Djevlar ut av. 10 Ho gjekk og kunngjorde det fyre deim som hadde voret med honom som no vaaro syrgjande og graatande. 11 Og daa dei høyrde at han livde og ho hadde seet honom, trudde dei ikkje. 12 Etter detta visade han seg i ein annan Skapnad fyre tvo av deim, daa dei vaaro paa Vegen og gingo ut paa Landsbygdi. 13 Og desse gingo ogso og sagde det til dei andre, men dei trudde helder ikkje deim. 14 Sidan visade han seg fyre dei elleve, daa dei saato til Bords, og lastade deira Vantru og harde Hjarta, at dei ikkje hadde trutt deim som hadde seet honom uppstaden. 15 Og han sagde til deim: „Gange ut um all Heimen og forkynne Evangelium fyre all Skapningen. 16 Den som trur og verder døypt, han skal verda frelst, men den som inkje trur, han skal vera fordømd. 17 Og desse Teikn skulo fylgja deim som tru: I mitt Namn skulo dei driva ut Djevlar, tala med nya Tungor, 18 taka upp Ormar, og um dei drikka eitkvart drepande, skal det ikkje skada deim; paa sjuke skulo dei leggja Henderna, og dei skulo batna.“ 19 Daa no Herren Jesus hadde talat til deim, vardt han uppteken i Himmelen og sette seg paa Guds høgre Sida. 20 Men dei gingo ut og talade alle Stader, og Herren verkade med og stadfeste Ordet med dei Tekn som fylgde det.]


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.