Etienne Dolet

Fra Wikikilden

Ogso Etienne Dolet hev iaar [1889] faat si minnestytte.

Han levde i same aarhundrae som Bruno. Han er fød i Orleans 1509, studera i Paris, vart sekretær i Venedig aa slo seg paa diktekunsten. I Venedig vart han kjend med ei ung jente som han kom slik til aa halde av, at han gjek mest fraa vite. Pennen hans vart som lødd med elektrisitet i den tia, aa sjøl levde han som i ein rus. Men so døe jenta, aa daa vart det for han som naar ljose slokna i myrke stova. Verda miste sin glans aa live vart verdlaust. Han helt det kje ut i Venedig der kvar gate aa kvart menneskje vekte minne om ho som aldri meir kom att. — Han reiste attende til Paris aa slo seg paa vitenskapen med al si kraft for aa drukne si sorg i gamle skrifter.

Men helder ikkje det ga lise. Om ei ti reiste han til Toulouse for aa studere lovkunne.

Her fek han snart dei unge studentane paa si sie. Han hadde ei skarp tunge aa tok paa styringa der, som forbau studentane aa skipe lag. Han vart snart kasta i fengsel, men slåp fri att, daa bispen la seg imillom. —

Fraa daa av kom han paa alle tunger.

Some gledde seg, andre va harme. Aa so braut eit uver laus med nidor aa lygn mot han. Dei avheira han aa spotta han aa leivde kje ei dygd eller ein rein tanke att i han. — Men Etienne sto fast, forsvara seg med eld aa kraft aa ga motmennene tunge hogg. Det toldes ikkje. Autoritetane maatte verjas om. Han vart vist burt fraa Toulouse.

Derifraa reiste han til Lyon aa ga seg iferd med aa trykkje skriftene sine. Aa ikkje berre sine, men fleire av dei beste eldre skrifter han kjende — «Dialoger av Platon«, skreiv han ei inleiing til som byrja med desse manande or: »Lenge nok hev me livt i myrke«. — Paa bøkene sine sette han som vignet ei øks som ei hand fraa himmelen helt aa truga med aa hogge i leggen av eit rote tre. Men dette vart for stridt for dei myndige. Han vart sett fast som kjettar. Men daa han hadde sete 1 aar aa 3 maana i fengsle, kom han seg paa rymda. Aare etter vart 13 av bøkene hans dømde til aa brennas som kjettarbøker, aa sjøl vart han ettesøkt. Han kunne ha rymt or lande; men vilde kje. Han dreiv paa som før, fikta aa slos aa trykte bøker. Men i ei bok omsett etter Platos sette han som fyreor den setninga av Sokrates:

»Etter døen er du ingen ting«.

Dermed hadde dei prov nok. Han vart dømd fritenkjar aa vere, skulde hengas aa attpaa kastas paa baale.

Tru mot seg sjøl va han til det siste. Han gjek til rettarstaen med got mot. — Saart vart han sakna av sine trugne vener.


Me hev no nemnt nokre av dei som va med dei fyrste til aa bryte hol paa den aandsmuren som presteskap aa statsmagt hadde murt om folke etter at den gamle romskulturen va gaat tilgrunne. Det va store menn aa modige menn, som ofra alt, endaa til live, for dei nye tankane som i denne ti braut seg fram.

Her som so ofte va det naturvitenskapen som vart grunnlage for det nye. For dei greiaste hovu sto det klaart alt daa, at ingen veg kunne ein kome berre jenom tankeslutning aa filosofering. Ein laut ha noko fast aa halde seg til.

Tanken kan ikkje naa den minste sanning ved aa bygge ut fraa seg sjøl. Han treng noko utafor seg sjøl aa bygge paa aa bygge av. Han treng fakta; men for aa finne fakta maa ein røyne seg fram.

Ein kan nok fraa det kjende delvis dra slutninga om det ukjende. Naar du hiver 90 steina i have aa dei søkk, so kan du derav slutte, at han søkk den 91de au. Naar den eine tyriflisa brenn, kan du derav slutte at ei anna tyriflis au maa brenne. Men ingen kunne tenkje ut, at stein søkk aa turt tre brenn; folk maatte røyne seg det til.[1] Ein kan (som i matematiken) bygge den eine slutning paa den andre til ein hev eit heilt system. Men for det fyrste maa sjøl der vere eit grunnlag aa gaa ut fraa. Aa for det andre er dei slutninga ein kjem til berre abstrakte (tenkte) sanninga, som er uta verd medmindre dei vert sett saman med fakta som paa erfarings maate maa finnas ut. Etter trigonometriske regla aa formler som den reine tanke hev funne ut kan lengda fraa jor til sol reknas ut; men attaat trengs opmaaling millom faste kjende punkter. — Newton laut fyrst vite (røyne seg det til eller lære det av andre som hadde røynt det), at der er ei kraft (tyngdekrafta) som dreg lekema aat kvarandre. Dernæst laut han vite, at jor aa andre himmellekam sviv runt, dei mindre om dei større, før han kunne kome paa den svere tanken som løyste gaata om runddansen i himmelrome. — Utviklingslæra hadde aldri kome op, om ikkje naturkunnige folk hadde git agt paa al denne likskap dyr aa dyr imillom o.s.v.

Alt det me virkeleg veit er bygd paa røynsle aa agtpaagiving paa det som hender i naturens endelause rike, alt det andre me trur aa vite er tankespinn, nær eller langt fraa sanninga.

Daa dette vart klaart for renaissance-mennene, — daa dei skyna, at det som i denne ti vart opdaga om jorskap aa solgang vart liksom beingrinda i den nye tankebygnaen, daa va det sjølsagt at dei maatte flokke seg om menn som Kopernikus aa Galilei. Aa likeso sjølsagt va det, at dei som sto paa hi sia, vektarane om autoritet aa faakunne aa vanetru, dei maatte vende seg med hat aa harm mot desse naturgranskarane som med sine opdaginga aa opfinninga kom med vatn i slok aat fritankens strisfolk aa ga dei vaapen i hende til aa sprenge dei gamle hyvaksne murane.


  1. Dersom du kjende vegta paa stein aa vegta paa vatn, aa dertil viste at vatne er flytande, so det kan sleppe eit tyngre lekam ijenom seg (ne-imillom seg), so kunne du tenkje ut, rekne ut, at steinen vilde søkke. Men slutninga vart like fullt grunna paa røynsle, — berre meir omveges.