Hopp til innhold

Eldjønn-Ækte paa Valbjør

Fra Wikikilden

Eldjønn-Ækte paa Valbjør.

Ette de toulte Hondrede-Aare livde de Folk ’taa Adel paa Valbjør, døm bar Namne Eldjønn og de er go Von te, at de va ei Lendmanns-Ækt som Gjæslingann paa Sambu. Um denne Ækte er de elles berre lite aa finne; i di gamle Skjinn-Brevom raakaa ein ikje Eldjønn-Namne meir hell einn Gong og de er i 1280. Baade ette gomolt Sejan og ette di Vetle, som finnst att i Skjinn-Brevom, vart de ti’le i Leikje Gjifting imillom Eldjønnom og Gjæslingom, som Von kunde vera, ette di døm va di tvæ magtogaste Æktinn i heile Dale. Og i 1336 og 37 ser de ut te aa vera ein ’taa Eldjønnom, Sigurd Ellendsson, som eig Sambu og Heimdals-Vatne (sjaa Gjæsling-Ækte). Aa rekkje Ækten paa Valbjør i desse Ti’om, let se ikje gjera, men de er mest ikje aa tvile paa, at ho ha helde se paa Garde fraa uppi di toulte Hondrede-Aare te i vore Daagaa. Saa langt att-ende som de finnst naagaa Minne um de, ha Folke paa Valbjør rekna se for aa vera ’taa Eldjønn-Ækten. Lars Tronnsson Valbjør som va fødd i 1670 rekna se for aa vera baade ’taa Eldjønnom og Brattom ette som Bispen Dorf skriv i 1749, og di Gamle gløymde ikje lett Ækt-Ra’n[1] sine.

Ette de lei’ paa va Kar-Namne Tronn mykjy brukt i Valbjørs-Ækten paa saamaa Gjerde som Iva paa Sambu og Tord paa Bjølsta. I tvo hell tri Manns-Aldre ha Namne Baard vore brukt jemn-si’es me Tronn og i Ti’n millom 1355 og 1397 finnst jemnan Namne aat ein som kallast Baard Tronnsson. Han va ein rik Mann som aatte Jord fleire Sta’ann i Nordhera’, i Lom og i Heidale, her aatte han Søre Bjølsta; um han aatte Valbjør kan ein ikje sjaa te Visse, men at han va ’taa Eldjønn-Ækten er de ikje Tvil um. Tvo Le’e lenger ne er de ein Mann, heite Baard Petersson, som visst ou er ’taa Ækten, kanhende Sone-Son hans Baard Tronnsson; um han ha aatt Valbjør er ikje avgjort, men han va buande i Nordhera’ og aatte Jord-Eigo der paa fleire Stelle.

I 1495 heite Eigar’n for Valbjør Ellan Tronnsson og me Ja-Minne aat „Frugun“ sine sel han de saamaa Aare Søre Valbjør og Krok-Ekra i Nørdre Valbjør aat ’om Lasse Munk[2]. Han Ellan Tronnsson ha ette desse vore Adelsmann me di, han kalla Kjeringje si Fruge; han ha ei Syster som heitte Gonhil Tronsdotter og, ette eit gomolt Brev, ga ho i di saamaa Ti’om burt halve Nørdre Valbjør aat Bispe Herman og Catrine-Altare paa Storhaamaar te Sjælehjolp for se og Foreldr’om sine. Me di lyt Valbjør umkring 1500 vera kome utu Ækten ei Ti’; um saa er ha ho halde se antell paa inkun ’taa di andre Gardom i Nordhera’ hell uppi Lom, for ho ha Jord-Eigo paa mange Stelle. I 1528 er de ein Mann paa Valbjør som heite Baard, og de kan vera tenkjande, at han er ’taa Ækten, men han sat nok te Leige paa Garde. Han svaaraa mindre i Skatt hell Takste va paa fulle Garde, og ette Sakfalls-Listun for saamaa Aare ha han bøtt for Slagsmaal me eitt Sengje-Klæ’e. I desse Ti’om har de livt ein ’taa Ækten som heitte Tronn (Petersson?) og va gjift me ei Syster hans Tord Bratt paa Bjølstad (S. 317); kaar Mann ha havt Busta’n sin er ikje funne, men Ein kan gjeta baade paa San’nes i Nordhera’ hell Oukrust i Lom. Um de no er Syninn hans, hell Bror-Syninn, som i 1558 søkje paa Odelsretten aat Valbjør, er vandt aa veta. Ette ein Herredags-Dom i Oslo Jønsuku-Eftan 1558 vart Valbjør te-dømt Eirik og Jon Tronnssyni naar døm betalte attende aat ’om Henning Munk saa mykjy, som „6 skjønsomme Mænd kan mæte forskrevne Gaard værd være“. Eirik Tronnsson la fram for Herredagje „baade gamble og nytagne Breve med hvilke han beviste forskrevne Valberg deris rette Odal at være og soldt i fremede Ettlæg og ikke efter Lagen til Kjøbs opbodet“. Me desse Tvo er saales Ækte kome paa Garden att og er de Far deres som va gjift me „Tord Brattis Søster“ (S. 317) saa va ho Barbro Tronnsdotter, som Absalon Pedersøn skriv um i Kapitels-Boken, Syster deres. Um ho Barbro finnst de lite meir hell de, som staar i Kapitels-Boken; ho vart nok ti’le Enkje og gjifta se att me Morten Nilsøn som va Lagmann i Stavanger. Men i 1603 va ho Enkje att da ho de Aare er kalla for „Morten Nilsøns Efterleverske“ og leigde ein Gard som høyrde te Stavanger-Domkjørkjun; i Leige-Breve er ho kalla „hæderlig Kvinde, Hustru Barbara Trondsdotter“ og ette di va ho rekna for aa vera ’taa adele Blo’. Paa desse Garde livde ho si Ti’ men i 1610 heldt ho paa aa skulde bli brennd for Trolldom for di, ei Trollkjering paa Pinebenkje ha namngjeve ho Barbro for, aa faaraa me Troll-Konste. Denna Skuldingje ha Kjeringje tikji att-i se da ho slap lous, men de va berre me Nø ho Barbro ikje kom onde Te-Tal. Ho er dø i 1634 for Aare ette fær Byskrivar’n i Stavanger Avkall for Vergjemaale fraa Ervingom henne; døm er namngjeve og er desse: Per Tronnsson paa Valbjør, Sjugurd Tronnsson paa Tynnøl (Tynnvoll, Lesja), Tord Tordsson paa Bjølsta og Mogens Antonisen paa Eide, Skrivar i Lyster. Seinar vart de Ogreie millom Ervingom paa Valbjør um Arven ette henne Barbro.

Imillom Brørom ’om Eirik og Jon Tronnssyni, som tok att Garden me Odel i 1558, og den neste Mann, de no finnst att naagaa um, maa de ha vore minst ein Le’ um ikje tvo. Han heite Tronn men Fars-Namne staar ikje og i Skatt’-Manntale for 1610 er han skriven for ein ’taa di 7 Odelsbøndom, Bygde den Gongen aatte. Tronn va Eigar for 7 Hu’e Jord te-samen, 4 i Valbjør, 1 i Helle 1 i Sem paa Biri og 1 i Blakar paa Lom. Tolv Aar ette heldt han Skjifte og da ha han ouka Jord-Eigunn sine me 312 Hu’e; ’taa desse laag naagaa i Romedal og naagaa paa Fron. Den eldste Son heitte Per og fekk Valbjør, ei Dotter vart gjift aat Haarelsta i Kvikne me ’om Paal Ivason Gjæsling. Han Per Tronnson va gjift me henne Anne Iva’sdotter Gjæsling og livde te i 1674. Ette som ein kan sjaa, ha han ei einaste Dotter, heitte Eli, og me ’om Per gaar Ækte paa Garde ut paa Kar-Si’a. Dottere vart gjift me ’om Jakup Gunnason fraa Fellese; han va fødd de Aare Slage sto i Kringom og langt att-ende va han nok ’taa Gjæsling-Ækten. Da han dø i 1682 ha han 7 Bon, tvæ ’taa Døtt’om va gjifte aat kaar sin Kvarbergs-Gard og eldste Son, han Tronn Jakupsson, fekk Valbjør. Han va fødd 1641 og va gjift me ei ’taa Gjæsling-Ækten fraa Øver-Øy. Denne Mann løyste inn ein Sys’kjin-Lot i Garde paa 3 Skjinn som fall paa han Anders Kleppe umkring 1540 og som sia’ ha fyl’t Ækten paa Odlo i Ringbu. Me ’om Tronn gjekk de te-atters saa han paa sine gamle Daagaa lout gjeva ein ’taa Gutom paa Norigard-Kleppe Pant i Garde for 642 Rd. Fyst fekk han halve Garden i Bruk, men te-sist vart han ve den heile. Bone hans kom no fraa Garde ei Ti’ te eldste Son, han Lars Tronnsson gjifta se inn-paa att umkring 1740. Son hans, han Tronn Larsson, va gjift me henne Barbro Toulsta fraa Lalm. Ækte sit enno paa Garde men Tronn-Namne er fulle burt.

  1. Ækt-Ra’n, ei Ækt-Ra’: Ætt-Føl’je, „Slægtsrække“.
  2. Lasse Munk va ’taa ei Adels-Ækt som visst ha havt Hugu-Sæte sitt i Lom og Ækte livi full enda der i Bygdom.