Ei naki grein med blodraud bær

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei naki grein med blodraud bær av Forfatter:Olav Aukrust

Ei naki grein med blodraud bær
og ei som bladrik blømer,
på kvar sin måte fagre er
for den som kjærleg dømer.
Den eine gjev sin ange, ho,
der ljuv ho ligg og blømer.
Den andre gjev sitt hjarteblod
når lauv og haustvind rømer.
Den eine skin og strålar, ho,
den andre brenn og mognar
og gjev til sist sitt hjarteblod;
der tung av bær ho bognar.
Eg gav deg den med blomar på.
Eg gjev deg den med bæri.
Kven rikast er vil du få sjå
litt lenger fram på ferdi.