Den burtkomne Faderen/XXVII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 61-65).
◄  XXVI
XXVIII  ►

Sterke er vonde Tankar; der er ikkje Raad for dei.

Rædsla ringar meg inne. Der er ingen Veg ut. Eg kjenner det store Myrkre, at det kjem sigande, sigande, som Skodda inn av Have, og sveiper meg inn, og fører eg burt, dit, der ingen frelsande Arm naar lenger.

Hjelp! Aa, kvi ropar eg paa Hjelp, naar der er ingen som høyrer.

Kvi er du ikkje,
at eg kunde knefalla for deg,
og ropa av mi Naud,
av mi djupe Naud,
og du vilde svara,
og døma meg,
og lata dine Toreslag
brulta;
og eg fekk gjera Bot,
og forklaara deg alt,
og du vilde skyna det,
og hjelpa meg,
og taka Rædsla fraa meg.

Kvi er du ikkje?
Kor vart du av?

Vart du lei oss;
kunde du ikkje bu her meir?
Vart me for ureine for deg,
for smaae;
vart det for laagt under Lofte
i Hjarto vaare,
for trongt, for kvævt;
fekk du ikkje Rom i Sjæler,
som vart til Pengetaskur,
og Reknestykke;
og i Himmelen vart det kje verande
for all den Eim av Blod,
og all den Os av ule Tankar;
og du drog deg burt,
og gav Verdi fraa deg?

Sandeleg,
eg er ikkje den burtkomne Son;
men du er ein burtkomen Fâr;
og ingen vaagar lenger aa veta deg att;
men av alle dine smaae er du saart sakna.

Men du er.
Eg kjenner deg.

Du er Lovi,
Livslovi,
den ubrigdelege,
i Gaar, i Dag,
i alle Ævur den same.
Du er ikkje mild,
du er ikkje harm;
du er det nakne Fjell,
kald, høg, bratt;
og du ser ikkje,
og høyrer ikkje;
og ditt Hjarta er Malm;
og der er Is um ditt Hovud.

Difor er eg dømd.
Og der er ikkje Raad.
Der er ingen aa ropa til,
og ingen som kann gjeva meg ei Hand,
naar Stundi kjem,
og Svartdjuve lèt upp sin Svelg
og gaper.

Og Rædsla ringar seg
um mitt sjuke Hjarta

som ein kald Orm;
og mine Rop
og min skjelvande Sukk
døyr i Notti.