Den burtkomne Faderen/XIV

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 32-33).
◄  XIII
XV  ►

Gjev eg hadde ein aa beda til um Næterne.

For Notti er lang og myrk. Og naar eg ligg her vaken og vrid meg under framand Manns Tak, er eg rædd, for eg er aaleine.

Og Sjukdomen brenn og Hjarta skjelv. Og ute er det stengt, og Vinden bryt, og Havskodde og Regndrìv piskar mot Glassi.

Men paa myrke Loft og under morkne Golv gneg det med Tonn og tassar med Labb; eg høyrer Sukking og Brest og døyd Smell, og kann kje skilja klaart millom Draum og Sanning.

Men naar eg ligg slik aaleine, og ingen vakjer, og Vanvit lurer, og Hjarta i Bringa flaksar av Angest som Fugl i Bur og vil ut, ut, men alt er stengt,

da sit det nede ved Sengjefoten ein kvit Mann; og det stend Rædsle av den kvite Mannen.

Eg veit kven det er, at det er min Vén og mi Von. Men naar han kjem meg so nære, geispar eg og vert stiv; og Kaldsveiten slær ut og legg seg yvi Hudi som Mygl.