Den burtkomne Faderen/XI

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 25-28).
◄  X
XII  ►

Men Bror min gav meg mykje aa tenkja paa.

Han kom ein Dag fegen og fjaag og baud seg til, at um eg vilde kjøpa att Haave, Farsgarden vaar, so skulde han vera Dreng hjaa meg og driva Garden for meg. «For eg og lengtar heim att,» sagde han og smilte.

Eg saa paa han og svara: «det skulde du ha tenkt paa fyrr.» Og han fekk endaa ein Gong høyra mi Hjartans Meining.

«Det er ikkje for det,» sagde han; «eg kann godt sitja i Kvernhusheidi. Men i Nott kom det for meg, at naar du er send heim paa denne Maaten, so maa det vera Meiningi, at eg skal faa koma til Haave att. Og naar eg fekk vera Dreng, var det ingen Vaagnad i det.»

Han lagde ut for meg, at det var Tenar ein skulde vera; at ein aldri var so fri som daa, at ein aldri kunde gjera so mykje godt som daa, og kva det no var alt. Løn vilde han ikkje hava, men «Mat og Klæde og ein fast Heim, og so mykje fritt som eg treng til mitt Arbeid for Fanten min.»

«Og til aa fara um aa halda Bønemøte kanskje?»

Han svara: «eg held ikkje Møte lenger.»

«Nei det er sant. Kor kann det ha seg, tru?»

«Du veit dette vonde som hende meg. Daa fekk eg sjaa, at eg ikkje var vaksen til aa vera Lærar for andre.

Og so hev eg lært noko. Det er ikkje me som skal tala for Folk. Live vaart skal tala. Dei skal kje høyra vaare fagre Ord; dei skal sjaa vaare gode Gjerningar. Daa lærer dei Takk og Tru og Glede.»

Han lo. «Altid skal me ut og preika for andre! Straks me hev lært noko, so skal me upp paa Stolar og Bord og forkynna det for andre! Men naar dei andre hev lært det, gjer kje dei det helder; for dei skal og ut og forkynna det for andre. So vert det Snakk alt. Nei; den som vil gjera noko godt no, han skal halda sin Munn og lata Gjerningar tala.»

Eg saag paa Bror min; eg hadde kje tenkt han hadde so mykje Vit. Men eg sagde:

«Korleis talar dine Gjerningar um deg? Sùme held deg for galen og andre for det som verre er.»

«Det hev eg nok fortent, Gunnar; men det skal eg fortelja deg ein annan Gong. I Dag vil eg berre vita um du vil ha meg til Gardsdreng.»

Eg hadde stor Hug til aa segja ja, men torde ikkje. «Kva skal eg kjøpa Gard etter,» svara eg. «Ein gamal krank Mann; og ingen Erving. Ætti vaar er nok dømd, som han Far sa.»

Han tagna og gjekk.

Underleg er han. Og eg veit ikkje kor langt han er sætande. Men han kann stundom vera so lik han Far.