Den burtkomne Faderen/IX

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 21-23).
◄  VIII
X  ►

Ein Dag etter ei vond Nott tenkte eg: um du likevel gjekk til Kyrkja.

Skulde du finna Faderen nokon Stad maatte det vera der. Millom dei andre høge Barndomsminne.

Eg gjekk til Kyrkja. Og eg fann min høge Barndomsminne. Og millom dei min Barndoms Gud.

Men han var berre eit Minne. Han levde ikkje. Han var ikkje lenger i Ordi og i Teikni. Dei var fagre som fyrr, men tome. Eg sagde med meg sjølv: Gravøl held dei her yvi Faderen.

Og eg gjekk heim med mi siste Von sløkkt.

Daa vakna det endaa ei Von. Eg tenkte: no skal du gaa til Meisteren.

Eg tok fram Skrifterne og fann Meisteren. Og eg sagde: kva skal eg gjera, at eg kann vinna Live.

Han svara: hald Lovi. Men sidan sagde han: tru.

Eg spurde: kven skal eg tru paa? Han svara: ingen er god utan ein, det er Gud. Men sidan sagde han: meg skal du tru paa.

Eg spurde: er daa du Gud?

Han svara: Herren vaar Gud, Herren er ein. Men sidan: Faderen og eg er eitt; men sidan att: Faderen er større enn eg; eg er berre den, som han utsende.

Ofte tala han herlege Ord; og stundom trudde eg, at eg saag Faderen. Men so vart Faderen Domar. Og rædd las eg um Kongen, som gjorde Bryllaup for Son sin. Gjester var bedne, men kom ikkje. Da sende Kongen Tenarar ut paa Gate og Torg og let dei taka inn kven som helst; for fullt skulde Huse vera. Og Huse vart fullt. Men millom Gjesterne ser Kongen ein, som ikkje er høgtidsklædd. Og han sagde: høyr, Mann minn, korleis er du komen hit og er ikkje høgtidsklædd? Men Mannen tagde. Og han vart utkasta.

Eg lagde Boki fraa meg. Her er tvo Gudar, sagde eg, og tvo Vegar til Live; og tvo Meistrar: Rabbien fraa Nasaret og ein Mystiker fraa her eller der. Dette fær Munkarne slaast um; hald du deg til det som du veit!

Og mi alra siste Von slokna.