Dei tri gamle mennerne

Fra Wikikilden

Men naar de beda so skulo de ikkje remsa upp mange ord som heidningarne, for dei tenkjer aa verta bøynhøyrde for sine mange ord. Difyre skulo de ikkje likast paa deim, for dykkar fader veit kva de hava torv til fyrr en de beda honom.

Math. 6, 7—8.
Paa eit skip som gjekk fraa Archangelsk til

Solôfki[1] var det millom alt ferdafolket ein bisp fraa klosteret. Det var klaart ver, og daa dei hadde medbør gjekk skipet lett over sjøen. Heile dekket var fullt av ferdafolk. Sume sat halvsov, andre aat, elder rødde saman.

Bispen som var komen ut av kahytta for aa trekkja frisk luft, gjekk att og fram paa dekket. Han vart vâr ein bonde som sat i framstamnen med ein heil flokk andre ikring seg og fortalde eitkvart, medan han peikte med handi ut over havet. Bispen stansa og saag dit mannen peikte, men der var ikkje noko aa sjaa anna havet som laag glima i soli. Han gjekk nærmare for aa høyra kva det var bonden fortalde; men denne som hadde fenge auga paa han, braatagna, og skunda seg aa faa huva av seg; dei som stod ikring gjorde slikslag, og bukka vyrdsamt for bispen.

«Haldt berre ved, godt folk,» sa denne, «eg hev og hug til aa høyra kva den gode mannen fortel.»

«Jau, fiskaren her fortel oss um dei tri gamlingarne,» sa ein kjøpmann fraa byen som var snøggare paa det en hine.

«Kva for tri gamle?» spurde bispen, gjekk nærmare og sette seg paa ei kasse som stod utved rekkja. »Lat meg og faa lov aa høyra. Kva var det du synte folket.»

«Jau det ligg ei liti øy der langt burte.» sa fiskaren og peikte med handi tilhøgre ut for framstamnen. «Paa denne øyi bur det tri gamle menn som berre tenkjer paa aa berga sjæli.»

«Kvar er den øyi?» spurde bispen.

«Gjer so væl, høgvyrde bisp, og sjaa der eg no held handi. Der stend ein liten skydott, og ned til vinstre for den kan ein skimte ei stripe.»

Bispen gløste og gløste paa vatnet som laag der og glitra i soli; men daa han var so lite sjøvand kunne han ingenting sjaa. «Nei eg ser ingenting,» sa han. «Men kva er det for folk daa som bur paa den øyi?»

«Det er tri gudelege menn,» svara fiskaren; «eg hev lenge høyrt tale um dei og ikkje set dei; men ifjor sumar fekk eg endeleg sjaa dei.» Og han gav seg no til aa fortelja kor han dreiv inn paa øyi ein kveld han var ute og fiska, og ikkje visste kvar han var komen. So snart det vart dag gjekk han rundt for aa sjaa seg ikring. Han kom daa fram til ei jordhytte. Utanfor sat det ein gamal mann, og sidan kom det tvo andre ut av hytta. Dei gav han mat, turka klædi hans, og hjelpte han med aa faa baaten istand.

«Kor ser dei ut?» spurde bispen.

«Den eine av dei er krokutt av elde. Han gjeng i ei gamal losliti kaape. Han maa visst vera over hundrad aar. Det graa skjegget hans tek jamvael til aa verta grønt. Men han smiler stødt, og er so mild og venleg som ein gudsengel. Den andre er større av vokstr og klædd i ein fillutt kjortel; han med er svært gamal. Skjegget hev ein tim av gult; men han er sterk enno; han vippa baaten rundt som det hadde vore ein stamp, og eg fekk ikkje eingong tid til aa hjelpa han. Han ser i det heile merkjeleg ut. Den tridje er svært høg, med eit skjegg som naar han heilt tilknès og er so kvitt som snø; men sjølv er han so myrk som ei natt, og augnebryni heng heilt nedfor augo. Han er spilder naken, gjeng fraa ei bastmatte som han hev um hofterne.»

«Sa dei noko til deg?» spurde bispen.

«Dei fór so stilt med alt, og rødde berre lite med kvarandre. Naar den eine vilde noko gløste han berre paa den andre, so skyna denne det med det same. Eg spurde den høge, kor lenge dei hadde budt der, men han berre hyrpte paa augne bruni og mumla noko; det var likt til han var sint. Straks tok den minste av dei han i handi og sa smilande: «Sjaa i naade til oss!» Og daa vart han roleg.

Med fiskaren fortalde hadde skipet nærma seg til øyarne.

«No ser me øyi tydeleg,» sa kjøpmannen, «vil høgvyrde bispen gjera væl og sjaa.»

Bispen gav seg til aa sjaa dit dei peika, og timde no ei svart stripe; det var øyi. Daa han hadde stade set ei stund, gjekk han burt til styrmannen og spurde kva denne øyi heitte.

«Ho hev ikkje noko namn, høgvyrde,» svara styrmannen. «Det er so mange av dei.»

«Er det sant kva dei fortel,» spurde bispen, «um dei tri gamlingarne som liver der for aa frelsa sjæli.»

«Ja, eg hev nok høyrt noko um dei; men eg veit ikkje so plent um det er sant. Fiskarane seier at dei hev set dei; men kanskje er det berre noko snakk.»

«Eg skulde nok ha lyst aa koma over paa øyi og faa sjaa dei,» sa bispen. «Korleis skulde det la seg gjera?»

«Me kan ikkje leggja til med skipet, men ein kan ro inn til med baat,» sa styrmannen. «Det kjem elles an paa kva kapteinen seier.» Bispen gjekk so til kapteinen. «Ja» — sa denne, som nok ikkje var huga paa dette. «Ein kunne nok; men det vil ta mykje tid, og eg kan forsikra bispen um at det ikkje er umaken verdt. Eg hev sjølv høyrt av folk som hev set dei at det er reine tomsingar som ingen verdens ting skynar. Og so er dei so sturne som fisk.

«Naa ja, eg hev likevæl hug til aa sjaa dei,» sa bispen. «Før meg derinn. Eg skal nok betala for umaken.»

Kapteinen hadde ikkje no anna aa gjera en styra inn til øyi. Det vart sett ein stol fram paa dekk til bispen som herifraa gav seg til aa halda utkik saman med det andre ferdafolket. Sume som hadde gode augo saag alt nokre steinar paa øyi og ei jordhytte; ja der var tilmed ein som hadde fenge auga paa dei tri gamlingarne. Kapteinen fekk no fram kikerten, saag i han, og rette han derpaa til bispen med dei ord:

«Jau det er nok so. Til vinstre for den store steinen der paa strandi stend det tri menneskje.»

Bispen med saag no dei tri gamle mennerne som stod paa strandi og heldt kvarandre i henderne.

«No kan me ikkje koma lenger inn med skipet,» sa kapteinen, «men um De so vil, kan me setja Dykk iland med baat. So skal me liggja her og venta imedan.»

Dei tok ned segli, og let ankeret gaa. Dermed stansa farten. Ein baat vart sett paa sjøen. Matrosarne gjorde troppi istand og hjelpte bispen ned i baaten. Manskapet rodde godt, og snart var dei inn ved øyi. Bispen saag no skile dei tri gamle mennerne. Fyrst den høge, nakne, med bastmatta um hofti, so den mindre i den loslitne kjolen, og endeleg den mindste og eldste i den gamle kufta. Der stod dei alle tri, og heldt kvarandre i henderne.

Dei naadde strandi og ein av matrosarne hjelpte bispen paa land.

Gamlingarne bøygde seg djupt for han. Han enno djupare, og tok so signa dei og bøygde seg til ords:

«Eg hev frett kor de Gudsmenn held dykk her og søkjer frelse for sjæli og bed til Gud for dykkar medmenneskje. Daa Herren i si miskunn hev utset meg til aa gjæta lyden sin, so fekk eg hug til aa lydast um dykk med, og læra dykk aa dyrkja Gud, so vidt det stend i mi magt.»

Ingen av dei gamle sa noko, men stod berre og smilte, og saag paa kvarandre.

— «Seg meg no korleis de søkjer frelse for sjæli dykkar og korleis de ber dykk aat med aa tena Gud?» spurde bispen.

Den næsteldste sukka og saag paa den eldste, medan den største av dei berre hyrpte paa augnebryni. Den eldste av dei smilte og sagde: «Du Guds mann, me kan ikkje noko med aa tena Gud; me føder oss sjølve og liver berre for oss sjølve.»

«Men korleis bed de daa til Gud?» spurde bispen.

Den eldste av dei svara: «Me bed soleis: De heilage tri sjaa i naade til oss syndarar tri».

Og just som han hadde sagt dette vende han og dei tvo andre augo mot himmelen og sagde med ei røyst: «Dei heilage tri sjaa i naade til oss syndarar tri.»

«Eg ser nok» sa bispen med ein smil, «at de hev høyrt noko um den heilage trifald; men det er ikkje soleis de skal beda. Eg hev fenge god hug for dykk. Eg ser at de gjerne vil gjera Gud til viljes; men de veit ikkje korleis de skal tena han. Det er ikkje paa den maaten de skal beda. Høyr no etter, so skal eg læra dykk. Eg hev det ikkje fraa meg sjølv; men det er etter Guds heilage ord eg vil læra dykk, korleis han hev bede menneskjens baan at dei skal beda til han.

Og bispen tok no til aa fortelja dei gamle um kor Gud hadde openberra seg for menneskja, fortalde dei um faderen, sonen og den heilage ande og sa:

— Guds son er komen til verdi for aa frelsa menneskja og læra dei kor dei skal be. Høyr no etter og tak uppatt det eg seier:

«Fader vaar,» tok bispen til. «Fader vaar,» tok den eldste uppatt, «fader vaar,» sa den næste, «fader vaar,» sa den tridje. — «Du som er i himmelen.» Dei tri gamlingarne tok det uppatt, «du som er i himmelen.» Men den næsteldste forsnakka seg; den høge kunne kje faa ordi rett fram, daa skjegget var vakse han inn i munen; og den eldste som var tannlaus kunne med naudi lespa ordi fram.

Bispen tok det uppatt, og lét dei gamle mennerne nemna det etter seg. Han sette seg ned paa ein stein, med’ dei gamle stod umkring han og fylgde munnen hans, so dei kunne ta ordi uppatt etter han. Heile dagen arbeidde bispen med dei og tok uppatt kvart ord, ikkje ti gonger, men tjuge, ja hundrad gonger; men gamlingarne kom ikkje etter det. Han miste likevæl ikkje tolmodet; men kvar gong ein av dei mistok seg, retta han paa det og lét alle tri taka paa att fraa fyrst av. Han gav seg ikkje fyrr dei hadde lært bøni utor, so dei kunne lesa ho baade isaman og kvar for seg. Den eldste var den som fyrst lærde ho, og daa han var ferdig, gav bispen seg til med dei tvo andre, til dei med kunne heile bøni.

Det tok til aa skymest, og maanen hadde alt vist seg over havflata fyrr bispen reiste seg og tok umbord. Daa dei skildest, fall gamlingarne paa kne for han; men han lyfte dei kjærlegt upp og kyste kvar iser, og mana dei til aa beda som han hadde lært dei. Sette han seg so i baaten og siglde ut til skipet.

Paa vegen dit ut høyrde han kor dei tri gamlingarne las Herrens bøn med høgt maal. Daa han kom ut til skipet høyrde han nok ikkje meir til dei, men ein kunne enno i maaneskinet sjaa kor dei stod paa same flekken. Daa bispen var komen umbord, vart ankeret letta og skipet siglde vidare. Bispen sette seg i bakstamnen og sat der stirde mot øyi. I fyrstningi saag han enno dei tri gamlingarne, men med kvart kom dei or syne, og han saag berre øyi; tilsist timde han ikkje den helder, og einast havet laag glitra i maaneglansen.

Pilgrimarne hadde lagt seg til ro og det hadde vorte stilt umbord; men bispen hadde kje hug til aa sova. Han sat der i bakstamnen og skoda attover havet der øyi hadde kome or syne, og han tenkte paa dei gode gamle mennerne han hadde lært aa kjenna. Han kom ihug kor glade dei vart av at dei fekk læra aa beda til Gud, og takka Herren di han hadde fenge hjelpt dei og lært dei Guds ord.

Med’ han sat soleis i tankar og skoda attover havet som laag vogga seg i lange diningar og sume stader vart som forsylva av maaneglansen, tok det til aa svimre for han. Best det er ser han, at i den stripen av havet der maaneglansen er sterkast viser der seg noko kvitt og skinande, som ein maase elder eit segl. «Det maa vera ein seglbaat,» tenkjer han, «som styrer etter oss og halar inn paa oss. Fyrst var det knapt so vidt ein saag han, og no er han alt nær ved. Men er det ein baat? Det kvite der er ikkje likt til segl helder. Kva det so er, so er det noko som halar inn paa oss.»

Det var uraad for bispen aa avgjera nm det han saag var ein baat, ein fugl elder ein fisk. Det var for stort til aa vera eit menneskje, og eit menneskje kan desutan ikkje gaa her ute paa havet. I desse tankar reiste han seg og gjekk fram til styrmannen.

— Sjaa eingong gode ven! sa han. Kva kan det vera ?

Men i det same saag han sjølv kva det var. Det var dei tri gamle mennerne som vart borne over havet, og det kvite som lyste var det lange kvite skjegget deira. Dei var no nær ved skipet.

Styrmannen som hadde snudt seg, vart so rædd at han slepte roret og ropte av full hals :

— Gud hjelpe oss! Dei gamle kjem etter oss paa vatnet, plent som gjekk dei paa den turre jord!

Pilgrimarne som høyrde ropet, sprang upp og atti bakstamnen paa skipet der dei kunne sjaa gamlingarne som kom etter like i kylvatnet, heldt kvarandre i henderne og gjorde teikn til skipet at det skulde stansa. Alle tri kom dei over vatnet som paa den turre jord, endaa ingen av dei rørde ein fot.

Folka hadde enno ikkje fenge tid til aa ta segli ned, fyrr dei gamle alt var like ved skipssida. Dei kom inn til rekkja, og daa dei fekk auga paa bispen, ropte dei paa han:

— Du Guds mann! Me hev reint gløymt det du lærde oss. So lenge me tok det uppatt hugsa me det, men berre me stansa ei stund, gløymde me det eine ordet, og so gjekk det heile i surr. No minnest me ingen ting; lær oss det aanyo.

Bispen slo kross for seg, bøygde seg utover rekkja og sa:

— Bøni dykkar hev funne veg til Gud. Det er ikkje eg som skal læra dykk. Bed de for oss syndarar!

Med desse ord fall bispen paa kne for gamlingarne. Desse stod litt; so snudde dei og gav seg attende over havet.

Og like til det dagdest, viste der seg ein ljosglans fraa den kanten der dei gamle mennerne kom ut av syne.


  1. eit kloster paa ei øy i Kvite-havet, vidgjeti for sine mange helga-luter.