Hopp til innhold

Bræe-Ækte

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 395-398).

Bræe-Ækte.

Bræe ha fraa ollgamle Ti’e vore Kongsgard, som han kallast, me di han va Krongods og der-te er de attaat Bræe kome ein Gard, som i Haakon Haakonsons Ti’ va Kongsgard. Han heitte Hov hell Hove og der sette Haakon upp ein Gjestbo’s-Sal. Garden er nemnt siste Gongen i 1449 og da let han Gunna Gjæsling 4 Menn halde Takst paa Innbu og Gards-Vaaning paa „Hove Kongsgard ve Breiden“. Takste va helde ette Paalegg ’taa ’om Paal Gjæsling som visst va Ombo’smann i Gullbransdale og de er Von te, at Hove da vart ne-lagt for Kongsgard og kom onde Bræe. Paa Kongsgarde sto ei Kjørkje hell eit Kapel men ho lyt ha vore ne-rotin firi 1550; Folk veit enno kaar ho ha staatt.

I Ti’om umkring 1560 vart Bræe „Frigard“ og me di er de meint, at Bygslar’n ha Garden „kvitt og fritt“ forutta aa leggje Bygsel hell Lannskjyld, imot aa helde Hus og Skjuss aat alle, som foor i Kongens Ærendo og andre faaraandes Folk. I 1610 fekk „Olaf Olafssøn“ Brev paa Bræe hjaa Kr. IV.; han skulde ha Garden saales, som han sjøl og Firimennann hans ha havt „indtil nu paa nogen kort Tid hannem paa des Tilliggelse er skeet Forhindring“. Bræe me Laate og Lunne fekk han kvitt og fritt for den store „Besværing“ han lout ha me „saavel vore egne Bud til Nødtørft, naar de enten til Fjelds eller fra Fjelds udi vores Hverv foraarsages at forreise, med Mad og Øl at forsørge, som andre Veifarende at betjene, desligeste Øl og Mad at forskaffe dennem paa Veien over Fjeldet – – –“. Dette Breve go’-kjennde Fr. III. att i 1648 saales, at da skulde Son hans Olaf sitja si Ti’ paa Garde ette ’om paa saamaa Vilkaarom. Men elles va de 2 Uppsitjare paa Garde i desse Ti’om, for de Aare Slage sto i Kringom bøtte han Olaf Olafsson 6{brøk|1|2}} Dale 10 Skill. 2 Alb. „for han sad en Rigens Stevning overhørig“ og Jakup Friksson Bræe bøtte saamaa Peningann „for en Knivstyng paa Jon Selsjord“.

Han Jakup Friksson ha visst fraa Fysten brukt den Parten ’taa Bræe, som no kallast Ekkra og i gomol Ti’ heitte Bispe-Ekkra, ’taa di ho i di katolske Ti’n laag onde Bispestole paa Storhaamaar. Men han Jakup ha faatt Bygsle ivi heile Garden trast ette 1648 me di han Olaf ikje er nemnt seinar. Han Jakup Friksson dø 1665; i Skjifte ette ’om syne de se ikje, at de er kosta naagaa serle Innbu for Gjæste og faaraandes Folk, allt er som paa ein a’an medels Gard, enno finnst de ikje ein Kakelomn hell ein Stol paa Garde og ikje eit Skaap hell de Slag ’taa Leir-Ty. De einaste som peika paa, at de va Skjuss-Skjifte paa Garde va de, at de va saa mykjy ’taa Bryggje-Koppe og Øltynno.

Son heitte Hans Jakupsson og ha Bræe te han dø paa Lag 1690. Han va gjift me henne Ymbjør Olsdotter Øver-Dale, Dotter-Dotter hans Galn-Anders paa Bjønnsta, saales saa va ho ’taa List-Ækten paa Kleppe. Mea’ han Hans brukte, skjifta Bræe Lannherrom fleire Gongo. Den rike Kristians-Gouvin, han Nils Toller[1] ha antell kjøpt hell tikji Garden i Pant ’taa Kronun, saa kjøpte Kaftin Ole Bruun paa Ner-Gy Garden ’taa honom og han selde Bræe att aat ’om Hans Jakupsson i 1684 for 300 Riksdale. Me di vart han Hans Eigar ’taa Frigarde og sia’ ha Ækte helde se paa Sta’e. Han Hans Jakupsson va visst ein go-te se og framkjømd Mann, i 1637 bygsla han Fiskevatne Øyangen i Fronsfjelle ’taa Foute i Gullbransdale, Jakob Eggertssøn (Stokfleth) og sia’ fekk han Bygsle go-kjennd ’taa Statholdarom, Kristofer Urne og Gjyll-Løvun, han skulde no elles vera væl te-vens me Gjyll-Løvun og Frøningann saag vindt paa den Venskapen deres for Øyangje Skuld. Skjifte ette ’om Hans syne hell-ikje, at de ha vore kosta paa naagaa o’framt for di Reisandes.

Ette ’om Hans fekk eldste Son hans, han Frik Hansson Garden. Kjeringje hans heitte Kari Justsdotter og lyt vera Dotter aat ein „Fendrik“ Just Mogensøn som aatte Olsta paa Sell. Fendriken ha tvæ Døtt’ te, den eine va ho Janniken Olsta (S. 329) og den hi va gjift me ein Lutnan Isak Besche. Han Frik og Kjeringje ga fraa se Garden i 1717 aat ’om Hans Friksson; Garden vart da sett i 700 Rd. og heile Bue va paa 1345 Rd., paa Lag 16 000 Krono no. Hans va gjift me henne Anne Semonsdotter Tofte fraa Dovre, Sone-Dotter aat Kaftine paa Toulsta. Imillom 1722 og 28 ha han Hans ei langvurug Sak me Fron um Øyangen. Skrivaren i Sør-Dale og Lagmann dømde paa Aasta’e Øyangen aa høyre te Fron, men Oberhofretten gjorde Dommann deres te-inkjes og sia’ ha Øyangen liggji o-anka te Bræe som full Eigedom.

Paa Skjifte ette ’om Hans og henne Anne i 1751 vise de se, at de er vorte Umbrøyte paa Ti’n og at faaraandes Folk ikje lenger nøgde se me di gamle Stelle. No ha de vorte mykjy Sylvty, Krusty og Leirty i Huse, 1 gomolt Urverk me Kasse, 10 „overtrukne“ Stole og Sengje me Umheng forr, men enno fannst de ikje Kakelomn paa Garde. Paa Skjifte vart Bræe no sett i 1200 Rd.

Han Frik Hansson som tok Garden i 1751 dø 1784; Son, han Hans Friksson, va gjift me Dotter aat ein Lutnan Bay fraa Forr paa Fron. Denne Lutnan Bay som enno har Ækte ette se paa Forr og paa mange andre Stor-Garde i Dale, kjøpte Forr i 1743; han va Son aat ein Offeser som fall i Kri’e mot Svenskom, han ha ein Gard ve den svenske Grensa, heitte Magnor, og den vart uppbrennt og øy’lagd ’taa Fiendom. Knut Bay paa Forr vart gjift me ei fraa Vaalen i Gousdal, ’taa di gamle og vidt utbreidde Vaalen-Ækten. Døm fekk 6 Bon og eitt ’taa døm va ho Pernille Bræe; ein Bror henne va Lytnan men tok Live ’taa se paa Ner-Bjønnsta paa Lalm, han va der i Gjest hjaa Kaftin Grønner. De skulde vera ’taa Kjærleheits-Sorg han korta se; døm høyrde han gjekk ut-i Garde paa Bjønnsta og song eit Salme-Vers – trast ette small de eit Skot paa søre Høgstugun og Grønner sprang sta skulde sjaa, kaa som va paa-ferd. Me di saamaa han glytta paa Døri ropte han: „Aa, fy Fa’n, han har skudt sig!“ Han Hans Bræe vart ikje gomol og ette han fall av sette Enkja, ho Pernille, upp fleire ’taa di store, gjilde Husom paa Garde. Son deres, heitte Frik Hansson, va gjift me henne Marit Formo; døm ha 24 Bon te Kristnan og 5 dø førr, 20 ’taa desse Flokkje vart Live lagje. Han Frik va ein magtug Kar og ein Døl ’taa di go’e gamle Slagje, men baade han og Far’n va saa døm drakk; de va no eit Lyte, som vilde hengje ve Ti’e døm livde i. Da han vart gomol, bytte han Gard’n imillom 3 ’taa Syn’om sine, den eine ’taa døm samla han att si Ti’, men bytte han i di saamaa 3 Laatann att millom sine Syni og no sit saales Ækte paa alle tri Gardom.

  1. Nils Nilssøn Toller, Assessor i Oberhoffretten o. M, ein grunnrik Mann som aatte mange gjilde Garde her i Bygden og i hine Bygdom i Dale.