Blaine Pascal

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

Der er folk som so aa seie vert martyra for si eia aand. Dei jagas som av ville dyr jenom tankeheimen. Kvart nyt sanningsglimt som lyner forbi sjæleauga, hissa heilen til meir aa meir arbei, som daa avla nye glimt aa hissa heilen endaa meir. — Kvar uret dei ser, kvart smertesuk dei høyrer, kvar rangtenkt tanke dei møter paa sin veg, — det riv i dei slitne nervane som eld-tang i brandsaar.

Det er vist ingen som kan lie meir enn desse.

For naar tankeelden vert so sterk, at lekame ikkje lenger magta aa skaffe nok brensel, so tek han paa tære paa sjølve nervane, aa menneskja kjem ut av jamvegt. Det sunne vite misser si magt, aa mannen vert fomlande millom sine øgjelege tanka som skomdotten paa ville have. Istaenfor glee over sit arbei, fylles han med angst aa otte aa misser alt fotfeste. For tanken er der i grunnen ikkje fotfeste, ingen fast grunn. Det er onnorleis med kjensla; ho gjer seg grunna der ho treng dei. Men for tanken er alt svevande millom endelause djuv. Der er kje det kryp til so hjelpelaust som den skarpe, eldfulle, sanningssøkjande, overspente, utkjøyrde tenkjaren. Jussom han trur aa ha funne ei rift i floge der han kan kløne seg fast aa kvile si trøytte svimrande sjæl, so ramla grunnen unda han paa nyt, aa han fomla der like raavill aa søkjande som før. Han veit av inga sanning. Tomt, meiningslaust, verdlaust vert det altsaman. Aa mest verdlaus han sjøl. — Heilen vert sistpaa som ein sundbrend skorstein, der elden loga alt villare aa villare aa stryk ut jenom sprekkene for alle vinda, — til heile skorsteinen er utbrend aa elden slokna.

Pascal kan reknas til desse. Han va martyr, men martyr for sin eigen tankeeld aa sit kjensleneme hjarte.

Han er fød i Frankrike 1623. Han hadde ingen annan lærar enn far sin, som va formann i heradsretten, ein svert lærd mann aa go matematiker. — Alt i baaneaara synte Pascal eit makelaust vit Han va so gløgg aa letnem, aa ga slike fine svar, aa kunne døme so vitugt, at alle vart forbina som høyrde han.

Han va berre 11 aar daa han ved bore la merke til, at naar nokon slo paa ein steintalerken, so slutta klangen sosnart nokon kom borti med handa. Han ga seg til aa grunde paa kor dette skulde ha seg, aa kom derved in paa mangt anna som han samla i ei gild avhandling.

Matematik lærde han seg sjøl. Far hans torde nemleg ikkje sleppe han in paa matematiken; han va ræd guten skulde forlese seg, eller i det minste forsøme aa lære framande maal. Han passa seg for aa snakke om matematiken tesmeir, so Blaine høyrde. Men kva geometri va, laut guten faa viteHan spurde solenge, at far hans sistpaa maatte fortelje han, at geometri er læra om aa gjere figurane regtuge, aa om aa finne forholda millom dei. Men han forbau med det same guten aa snakke meir om slikt.

Men vesle Pascal hadde faat nok. I fristundene sat han med sit stykke kol aa strika op figura paa golve. Han prøvde finne forholda millom dei, aa gjore seg difinisjona, satsa aa bevis. Cirklane kalla han rundinga, aa rette linje kalla han strek. Han va komen so langt som til 32te setning i fyrste bok av Euklid, daa far hans kom over han. Steg for steg hadde han arbeit seg fram, den eine setninga bygd paa hi, uta bok aa uta lærarhjelp.

Tilraad av ein go ven, let far hans no guten faa Euklid, som han skyna med det same, uta aa faa den minste retleiing. Aa snart vart han so pas at han kunne fylje med i dei møta som dei lærde helt i Paris ein gong om veka, der dei la fram sine verk aa gjek jenom andre sine. Pascal vart snart likeso gjæv som nokon av dei lærde, — kom likeso ofte med nye ting, — aa fann stundom feil i dei andre sine verk som ingen annan merka. Aa endaa brukte han berre fristundene sine aat matematiken. Meste tia gjek med til aa lære framande maal.

I 16 aarsalderen skreiv han ei utgreiing om keglesnitta, som skal vere eit av dei største aandsfoster nokon kan tenke seg. Descartes som las det, vilde kje tru at det va gjort av ein gut; han meinte det maatte vere faren som va forfattaren.

19 aar gamal fann han op ei reknemaskin. Det merkjelegaste folk i den ti hadde set. I heile tvo aar stræva han so hart med denne maskina, at han ga seg helseknek for heile live. — Leibnitz som vart so oprømd over denne merkjelege greia som reint mekanisk kunne gjere alleslags reknestykkje, prøvde seinare aa gjere maskina endaa fullkomnare.

Det meste av det Pascal fann paa, va slikt som skulde kome arbeismannen til nytte. Handkjerra aa trillebaara, — kor mangt eit tungt tak hev dei kje liivt menneskja!

Aa luft-trykke, — kva vinning va det ikkje for vitenskapen aa for menneskja at han fann samanhengen med det. — Galilei va den fyrste som sette fram tanken om at lufta hev tyngde, som trykkjer mot hav aa land. Aa Toricelli greidde dette betre ut jenom mange prøver, aa trudde, at det maatte vere lufttrykke som jore at vatne steig op i ei røyr, naar ein pumpa lufta ut or den enden som sto over vatne. Han hadde nemleg funne, at ein ikkje kunne pumpe vatn meir enn til ei viss høgd. Aa daa han freista med kviksylv synte det seg, at ein helder ikkje kunne faa det til aa stige høgre enn at vegta av kviksylvsøyla vart lik vegta av vassøyla. — Den gamle læra derimot sa, at naturen hadde slik rædsel for tomt rom, at naar lufta vart pumpa ut or ei røyr, so vilde vatne prøve aa fylle rome ut i staen, berre det kunne kome til. — Daa Pascal fek høyre kva Galilei aa Toricelli hadde sagt, skyna han trast, at dei maatte ha ret. Han vilde prøve fleire gonger om dag med same røyr aa same kviksylv, snart ved foten aa snart paa toppen av eit høgt fjell, aa so sjaa om kviksylve sto like høgt paa baae staer. »Dersom kviksylve stend høgre ved foten enn paa toppen, so maa derav sluttas, at det er lufttyngda eller lufttrykke — aa ikkje rædsla for tomrome — som er aarsak i at kviksylve stig op. For det er sikkert at lufta er tyngre ved foten enn oppaa toppen av fjelle. Men ingen kan tenkje seg at naturen er meir ræd tomrome ved foten enn ho er ved toppen«. — Det synte seg naar han tok til aa prøve, at denne slutninga va ret.

Men alt det han granska ut i vitenskapen, aa alt det han fann paa til aa lette arbeie for dei menneskjelege trældyr, — det kunne daa ikkje gi hans jagande leitande sjæl ro, aa helder ikkje mette hans smegtande torste etter aa lindre den nau han saag ikring seg. — Han va so aa seie baade aandeleg aa lekamleg sprengd. Fraa han va 17 aar hadde han ikkje ein smertefri dag. Det maura aa reiv i heilen seint aa tileg. Des meir han tenkte aa granska, des verre vart det. Meir aa meir hjelpelaus vart han. Han kjende seg som ein liten vesal, ussel tenkjande krume »i dette endelause rome som fyllte han med rædsel ved si ævelege stille«. — Vitenskapen, kva va det vel, — kva kunne han gagne. »Ein kan finne stjerner paa himmelen aa mæle lufttrykke; men kva gagna det, dersom ein ikkje finn den ævelege stjerna som kikaren aldri naar, aa kan mæle djupe aat hans kjærleik som va til før verdens grunnvol vart lagd. Me brenn av atraa etter aa grunde ut alt, aa bygge eit taarn som naar op i endeløysa. Men heile bygninga brest, aa jora opna sine djup.« — Faafengd, idel faafengd er det altsaman.

Vitenskapen la han burt aa brukte al si ti med bøn aa lesna i bibelen, for aa finne det som Jesus kalla det eine vigtuge. Opfinninga slutta han med, aa brukte al si opfinningsevne til aa lindre den nau han saag nærast ikring seg. Det gnog aa aat i hans saare heile nat aa dag den tanken at han hadde mat aa andre inkje. Han ga burt alt han aatte, nekta seg al glee, al luksus for aa kunne hjelpe fatigfolk. Ja han selde endaatil møblane ut or rome sit. »Eg er gla i fatigdom fordi Jesus va fatig. Eg elska rikdom fordi den gjer meg istand til aa hjelpe dei som treng«, skreiv han.

Men helder ikkje bibel aa bøn aa denne grenselause velgjerdsle kunne rædde hans utbrende sjæl. Han kjende seg alt uslare aa uslare, aa syntes til kvar ti sjaa eit gapande sluk framfor føtene sine. — Han verkte aa pintes. Men det va kje nok. Han trudde endaa, at han hadde det for got. Han maatte faa meir pine, meir smerte; smerta va det einaste som kunne hugge han. Han fek seg eit jarnbelte med kvasse pigga paa som skulde stinge han i skinne Aa so snart han kjende ein livleg tanke kome, eller merka, at han vart gla, so slo han med aalbogane i belte forat piggane skulde gaa endaa djupare in i kjøte aa minne han om hans pligt.

Verre aa verre vart hovuverken; men han helt ut med tolmo. Paa sit siste ba han om alterens sakramente som han naut med stor andagt. Aa han ba om aa verte førd paa fatig-sjukehuse, for at han kunne faa døy blant dei fatige. Men det kunne dei daa ikkje føye han i.

Men kvile fann ho daa tilslut ogso denne jagande aand, — ei av dei største, ei av dei ædlaste soga veit aa nemne.

Met av pine slokna han, 39 aar gamal.