Bernard Pallissy

Fra Wikikilden

„Armoa møter goe
aander fraa aa kome fram“.

Det va ortøke hans Pallissy. Han hadde sjøl røynt det. Aa nok er der av dei som hev røynt det same. Benjamin Franklin sa eingong: »Fatigdomen tek ofte baade kraft aa dygd fraa eit menneskje; det er vanskelegt for ein tom sek aa staa«.

Kva kunne kje vinnas for vitenskap, for kunst, for kultur aa menneskjelegheit, om alle dei evner kom til sin ret som no gjeng tilgrunne i armo aa matkrig! Flogvit aa næringsvit høver sjeldan saman. Mange av vaare største menn er slike som ved eit tref hev vorte dregne etter haare op or folkedjupe.

Naturen er øtsel. — Tre som kunne bli dronninga i skogen fell i sumpa aa forkjems. — Fisken gyt si rogn, det ædlaste han kan avle; — etterpaa sluker han rogna til føe.

Menneskja leg slegters enersji i nokre faae. Samfunde er stelt slik, at størsteparten av desse faae maa forkome paa vegen til sit maal Aa dei som naar fram riv dei augo ut paa.

Men ein aa annan er der som slumpehøve hjelper til aa faa eit fotfeste, eller som er laga slik at dei med si seige kraft kan bryte seg jenom alt som møter. — Ein slik va Pallissy.

Han er fød i Frankrike i midten av det sekstande aarhundrae. Om opvokstren hans veit ingen aa nemne. Me treffer han fyrst som vaksen kar paa ein glasmeisterverksta. Omfram glasmeisterarbei dreiv han landmaaling au. Han hadde nemleg forlite ro i seg til aa staa al dagen paa ein verksta. Han traska omkring i Holland aa Belgia, i Pyrenæerne aa Rinlanda. Aa der det va eit steinbrot, ei gruve eller ei jorhole laut han av aa sjaa.

Daa han kom attende til Frankrike gifta han seg. Baaneflokken vaks fort; aa mangein gong va det nær paa dei skulde omkomas av svolt. Men han ga seg ikkje; ideen helt mote oppe; han va nemleg komen paa den tanke, at det maatte gaa an aa gjere emalje av leir.

Uta aa kjenne det minste til leirartene ga han seg paa maa faa til aa leite etter emaljen »som ein mann som trivla seg fram i myrkre«.

Han prøvde med mange slags emner; men vanheppa va alti ute. Al dagen dreiv han paa med aa stampe leir aa knuse nye emner, bygge nye omna aa kaste penge burt til ve aa anna tilfang. Men like faafengt va det. I 2 aar dreiv han med aa gaa millom dei glashytter som laag eit stykke i fraa der han budde. For aa spare ti fann han daa paa aa gjere seg ein smelteomn sjøl. Men aa leige arbeisfolk hadde han ikkje raa til. Sjøl maatte han bere stein, mure, læske kalk aa bere vatn. — Endeleg vert omnen ferug, aa emaljen skal tillagas aa smeltas. I 6 dage aa 6 næter stend han fram for elden, som han jamt maa nøre paa. Aa jussom smeltinga skal gaa for seg, er han lens for ve. I si nau tek han hagegjerde sit, aa bord aa benkjer, ja endaatil stovegolve sender han i varmen. — Folke som budde ikring hjelpte han i hans nau som folk pla naar det gjeld fatigmann som vil freiste noko nyt: dei log aat aa meinte at mannen maatte vere gal. »Han brenner daa sit eige hus!« — Aa ikkje nok med det. Dei skulda han jamvæl for aa gjere falske penge. Netyngd av skuld aa av sut for familja si snork han om i gatene som ein halgalen.

Men han ga seg ikkje, endaa han hadde alle magter imot seg. »Hite aa frost, vind aa regn øyela størstedelen av arbeie mit, før det vart ferugt, so eg maatte laane trevirke, bandstumpa, takstein aa spikar til aa faa det istand med... Eg reiv ne det eg hadde gjort aa bygde større op att, aa dette gjore, at sokkevevara, skomakara, bytenara, notara aa gamle kjeringa som ikkje skyna at arbeie mit ikkje kunne drivas medmindre eg hadde stort rom, sa, at eg ikkje gjore anna rive ne aa bygge opatt, aa dei log aat meg aa lasta meg for det som helder burde fyllt dei med medynk, daa eg va nøyd aa bruke det eg skulde leve av for aa faa til dei rom som trengdes for kunsten min ... I fleire aar hadde eg ikkje tak over omnane, aa om nætene sat eg i regn aa vind uta aa faa hjelp, raa eller trøst av nokon, men berre mjauande katta som remja paa den eine kanten, med’ hundane hylte paa ein annan. Stundom vart det slik storm aa uver, at varmen sløktes, so eg laut gaa fraa altsaman, aa alt mit arbei va spilt. Mang ein gong gjek eg derifraa so tildengd av regn at ikkje turr traa fans paa meg, aa maatte legge meg midnattes eller ved daggry, so tilrakka, at eg saag ut som va eg dregen jenom alle rennesteina. Aa naar eg soleis tilsøla aa trøyt skulde gaa heim for aa kvile, gjek eg slingrande uta ljos, aa tomla fraa den eine kanten til hin som ein mann drukken av vin«, — skriv han sjøl seinare.

Dette er opfinnaren av den franske porcelænkunsten. Men den dag kom, daa hans gilde pottemakarvare vart landskjend aa ettertraadd av alle.

Men Pallissy va ikkje berre fabrikant. I den tia han ferdas, sanka han mykje visdom om naturen, iser om bergslag aa jorarter. Det er med go grunn han er halden for den fyrste professor i naturkunne, aa geologien sin grunnleggjar. — I berg aa kalkstein hadde han funne ei heil samling av slike avtryk av skjelja aa smaadyr som dei lærde kalla fosilier. Med sin praktiske tenkjemaate kom han til den slutning, at disse fosilierne virkeleg va skjelja som have i eldre tier ha lagt etter seg, aa at dyr aa fiska som paa ein eller annan maate hadde vorte liggjande i dyngja uta aa gaa i rot, hadde forsteina aa paa den maaten laga desse formene med dyreskap aa fiskeskap. Vitenskapen hev seinare funne, at Pallissy hadde ret aa dei lærde uret. Dei lærde trudde nemleg, at desse fosilierne va naturens spel, som ikkje hadde meir grunn for seg enn dei rosene du ser skape seg til paa glasruta, naar det frys.

Den fatige pottemakaren som ikkje kunne korkje latin eller græsk sanka fleire aa fleire lærde menn om seg. Alle sine fund, krystala aa forsteininga, som han hadde samla paa, ordna han paa vitenskapleg maate, i ra aa rekkje, i bur med namn aa paaskrift neunder, so einkvar sjøl kunne lese seg kjenskapen til. I 1575 tok han paa halde fyrelesinga. Fleire aa fleire kom for aa høyre aa sjaa. Aa med dei prov han sjøl helt i handa, kjende han seg so sterk aa uryggjeleg i sine meininga, at han kunne trosse baade dei ovundsjuke sin spott, dei uvitande sit raseri, aa dei lærde sin beiske kritik. Med handa peikande paa si rike samling kunne han rope til den lærde: »Gaa no aa hent dei latinske professorane dine, aa la dei kome med motprov!« 

Pallissy skreiv fleire bøker. Han bruka for det meste samtaleform. Den eine personen heiter Teoretikus, den andre Praktikus. Teoretikus skal halde fram dei gamle synsmaatane; han er pædagog, uviting, tek aldri mot fornuft, aa gje dumme svar. Praktikus er hans eigen talsmann, riv sund dei gamle skolastiske lærdomane aa held fram dei nye med eldfull kraft aa skarp logik. Her ei prøve:

Teoretikus: »I kva for eit skrift hev du funne den meiningen der; eller sei meg, kva skule hev du gaat i aa lært det du seier«.

Praktikus: »Eg hev inga anna bok havt enn himmelen aa jora, som alle kjenner; aa alle kan forstaa aa lese i denne herlege boka. Aa daa eg hadde lese lenge i ho, tenkte eg over dei jordiske ting; for eg hadde ikkje studera astrologi for aa kunne skoe himmellekema«.

Han skreiv om jorarter, om berglaging, om ophave til mineralane, om kor steinane vert til aa leg paa seg, aa greidde ut om skap, farge, fastleik, vegt aa tetleik. Krystallane, steingjenge tre, fosilierne, mergelen, skjæl-kalken, altsaman skreiv han om, aa let kvar ting kome under sit rette synspunkt.

Han skreiv om korles ein med pumper aa røyrer kan leie vatne fraa ein sta til ein annan. Han granska mineralkjeldene aa meinte at varmen i dei kom av at jora inni er gloande. Han greidde ut om vasdampen kor nyttig han kunne bli, aa den krafta i vasdampen, som folke endaa ikkje kjende til, men som han hadde vorte vis med, ikkje ved aa lese i filosofbøkene, men ved aa koke vatn i ein kjel. Han meinte at aakomene va regnvatn som hadde trengt seg in i jora, aa han sette fram fullt ferig teorien om kor regne vert til, paasto at votna paa landjora »els op ved oceane sit jur«, aa meinte det gjek an aa gjere kunstige springvatn, liksom det i det heile gjek an aa gjere naturen etter i alt, berre ein ga nøie agt paa naturen sine virkemaata. — Det va igrunnen han som fann op aa gjere kunstige brunna idet han skreiv at ein kunne faa vatn op jenom berge, naar ein bora so langt ne, at ein trefte vatn som kom fraa nokon sta høgre enn sjølve brunnen.

I denne tia va alkymien svert aavange. Mange dreiv med aa leite etter dei vise sin stein, aa trudde det let seg gjere aa forvandle bly til sylv aa gull. Pallissy greidde ut om kor rensing av ædle metal gjeng for seg aa synte kor dumt det va aa tru paa alkymistane. Han ba lækjarane studere kjemien aa raadde jorbrukarane til aa gjødsle jora, aa ba dei spare skogen. »Vert skogane nehogne, maa al kunst slutte op, aa handverksfolke lyt ete gras som Nebukadnesar«. — Han hadde raa aa vink aat alle, aa va likeso lærd aa djuptenkt som han va stor som opfinnar aa handverkar: — »Vitenskapen opna seg for alle som søkjer han!« — Aa seinare: »Ingen maa misbruke guds gaaver aa gjøyme sit pund i jora; for det stend skreve, at daaren som skyler sin daarskap er betre, enn den vise som døljer sin visdom«.

Men med al sin lærdom, tankerikdom aa røynsle som han jenom so mykje motgang hadde sanka, aa alt det han hadde gjort til lette aa hugna for menneskja, — so fek han daa likevæl ikkje leve sin alderdom i fre. Religionskrigane va paa det verste i denne ti. Aa Pallissy som gjek med dei reformerte vart fanga aa dregen fraa fengsel til fengsel. Aa det va med nau at Katharina av Medicis fek berge live hans under blobrudlaupe i Paris. Men i 1588 vart han fengsla igjen aa slengt i Bastillen, aa det sto ei ti om at han skulde bli ført fram for folke aa verte netrampa; men hertugen av Mayenne fek hale tia ut so Pallissy slap unna.

Ein dag kom Henrik III aat bastillen for aa snakke med Pallissy.

»Min goe mann, sa kongen, i 45 aar hev du vore i tenest hjaa mor mi aa meg. Me hev tolt, at du hev havt din religion i fre under heile blobae; men no trengjer folke so hart in paa meg, at eg er nøyd aa gi deg til folke; aa imorgo vert du brend dersom du ikkje omvender deg«.

»Dykka majestet, svara gamlingen, eg er reie til aa gi live mit til guds ære. De hev sagt meg fleire gonger at De synes synd i meg; men eg synes synd i Dyk som maa tale slike or: »eg er nøyd!« Slik skulde kje ein konge tale. Aa aldri skal korkje De eller alle Dykka folk faa meg til aa tale slik; for eg skal vite aa døy«.

Kort etter døe han i den forferdelege bastillen.