Hopp til innhold

Balders draumar

Fra Wikikilden
(Vegtams-kvida).

1.
Alle i senn
var æsir paa tinge
og aasynjur
alle til stades.
Raadlag heldo
trauste gudar,
kvi Balder møddest
med myrke draumar.

2.
Upp reis Odin,
utgamle gaut,
og han paa Sleipne
sàlen lagde;
derfraa ned
til Nivlheim reid han,
møtte hunden
or Helheim kom.

3.
Blodut var han
um bringa framme,
paa Galder-fader
gøydde han lengi.
Fram reid Odin,
farvegen dunde;
til høge halli
aat Hel kom han.

4.
Daa reid Odin
austan um dør,
der han visste
ei volve-grav.
Han val-galder kvad
for den vise kvinna,
til ho naudig reis upp
og naa-ord mælte.

5.
„Kva er du for mann,
for meg inkje kjend,
som hev meg valda
vegen so tung?
Eg var snjova med snø
og slegi med regn
og drivi med dogg,
daud var eg lengi.“

Odin kvad:
6.
„Vegtam eg heiter,
er son aat Valtam.
Seg meg tidend fraa Hel;
fraa heimen tel eg.
Aat kven er her benkir
med baugar[1] prydde,
og pallen fagert
flolagd med gull?“

Volva kvad:
7.
„Her for Balder
stend bryggja mjød,
yvir drykken skire
ligg skjolden kvelvd.
Æsir alle
er ottesame;
naudig eg tala,
no mun eg tegja.“

Odin kvad:
8.
„Teg inkje, volve,
tala du skal,
til eg aalkunnig vert,
enn vil eg vita:
kven skal Balder
bane valde
og alder øyde
for Odins-sonen?“

Volva kvad:
9.
„Hòd ber høge
ættingen hit;
han skal Balder
bane valde
og alder øyde
for Odins-sonen;
naudig eg tala,
no mun eg tegja.“

Odin kvad:
10.
„Teg inkje, volve,
tala du skal,
til eg aalkunnig vert,
enn vil eg vita:
kven hemnar skal verte
paa Hòd for illverk
og Balders bane
paa baal føre?“

Volva kvad:
11.
„Rind fær Vaale
i vester-salom,
natti gamall
den guten din slær:
han hand inkje tvær
hell hovud kjember,
fyrr paa baal han ber
Balders draapsmann;
naudig eg tala,
no mun eg tegja.“

Odin kvad:
12.
„Teg inkje, volve,
tala du skal,
til eg aalunnig vert,
enn vil eg vita:
kva heiter dei møyar
som heitt mun graate
og til himils kastar
halse-skauti?“

Volva kvad:
13.
„Du er inkje Vegtam,
som eg det meinte,
men Odin er du,
utgamle gaut.“
Odin kvad:
„Du er inkje volva
den vise kvinna,
men til tussar
tri er du mor.“

Volva kvad:
14.
„Heim rid du Odin
med heilan hug,
og velkomin att
paa vitjing hit,
naar Loke leikar
laus or bandom
og i ragna-rok
ransmenn er ute.“

————————

1. Balder. S. Bugge trur at sogo um Balder helst er komi upp i vikingtidi ved paaverkning fraa kristindomen. — A. Olrik meiner: „Balder i engelske og tyske digt betyder blot „herre“, i det hedenske Merseburger-digt om Vodan (= Odin) eller en anden af guderne. Dog maa vi, ud fra nordiske kilder, formode at navnet Balder i en forhistorisk tid har været fæstet særlig ved en enkelt gud (jfr. Frey, der ogsaa betyder „herre“). Denne gud har da været solgud (rettere: et af navnene eller en af formerne for solguden), og mythen om hans død har udtrykt lysets undergang for mørket. Til den oprindelige gudemythe hører vel ogsaa sagnet om den til vaaben omdannede urt misteltén, til denne plante knyttes hos germanske folk forestillingen om overnaturlig kraft, uden at vi dog ere i stand til klart at paavise sammenhængen. Men som solgud er Balder tidlig stillet i skygge af Frey for de nordiske folks vedkommende. Mythen om hans død er dog af digterne uddannet paa eiendommelig maade og ført ind i den ved hedenskabets slutning saa rige Odins-digtning.“

Ein finn ogso gamle minne um Balder i namn paa gardar m. m.: Baldrshol (Nes Heidm.), Ballasholm (Heidm.) (?), Baldsberg (Slagen Vestf.), Baldeseim (Fuse Hordl.), Balsnes[2] (Nordf., Nordm., Hevne og Ørlande S. T. og Trums), Baldsvaag (Hitra S. T.), Baldersgrov og Baldersvoll (Syrstrand Sogn).[3] Ballersberg i Sverige (Småland), Ballerslef i Danmark (Sønderjylland). Namn paa -lef i Danmark og -heim i Norig er haldne for dei eldste gardsnamn (kanskje heilt fraa bronsealderen).

Baldersbraa[4] er namn paa ein blom (anthemis catula og matricaria inodora) paa Island, Færøyane, i Norig, Sudsverige, Danmark og Nord-England.

Likt sogo um Balder er det som hellenane fortalde um Adonis. Ved høgsumars-leite vart han saara av eit villsvin og døydde braatt. Afrodite syrgde. Han er i underverdi til um vaaren, daa kjem han att. Denne sogo hev komi austanfraa til Hellas. — „Till Adonisritualen hörde också s. k. Adonisträdgården eller ett slags blomkrukor, i hvilka växterna genom sol hetta och bevattning drefvas til en forcerad vegetation. När blommorna vissnat, borjade den bekanta Adonisklagan, och därefter kastades blomkrukan i vattnet.“ (H. Schück).

Um Herakles, som vonleg ei tid var solgud i Tarsos, er det fortalt at dei brende bilæte hans paa eit baal, med mange folk var til stades. I det fyrste aarh. etter Kr. brukte dei slik brenning kvart 5te aar, men det er grunn til aa tru, meiner O. Montelius, at guden i eldre tid vart brend kvart aar, og at dei, naar baale slokna, høgtidde fødsli aat ein ny gud. — Det er meint at jonsok-brisingane heng saman med slike gamle skikkar, og dei skulde daa vera ei maning til soli um aa skine.

Balders-sogo hans Saxo er paa ein annan maate enn i eddakvædi. A. Olrik segjer at ho „synes at være enmiddelalderlig elskovssaga, en omdigtning fra 12. aarh. af den gamle gudedigtning; Saxo har i dette væsentlig norske digterværk indflettet enkelte danske steds-sagn.“

H. Schuck hev den meiningi at Balder sjølv aldri hev vori nokon retteleg gud, han hadde „icke någon kult, dyrkades aldrig, utan tilhörde skaldesagan och diktningen. Uti denne diktning steg han val slutligen till rangen af gud — —. Men . . just då han naatt till den hedniska Olympens tröskel, afbröts utvecklingen plötsligt, och kristendommens segertåg började. For denna nya rörelse blef Balder blott den Johannes Döpare, som bådade den större, som komma skulle.“

2 Odin. Ikring aar 100 e. Kr. fortel Tacitus at folki ytst i Rin-dalen dyrka Merkur (Hermes), som nok var Odin.[5] Merkur-dagen vart til Odins-dagen (onsdag). I det 2dre aarh. dyrka batavane Odin. I det 4de aarh. var Odin himilgud aat langbardane. I det 5te aarh., daa angelsaksane kom til Bretland, var Odin hovudguden deira. I det 8de aarh. var det Odin saksane laut sverja seg ifraa, naar dei tok kristindomen. — E. Mogk meiner at Odin fraa fyrst berre var vindgud i nordlandi, soleis som han endaa liver i folkesegni. H. Schuck meiner at „hans första hem har varit det gamla dödsriket.“ Naar han i edda-kvædi er yvirgud, er vel dette komi ved paaverknad fraa Bretland eller Nordtyskland (saksa gud vert han kalla; Snorre fortel og um ferdi hans sunnanfraa), fraa kristindomen og fraa skaldane. Folke i Norig heldt seg mest til Tor og Njørd og Frøy. Fraa Danmark kom Odin upp til Norig som øvste guden og trengde til side Tor og vanine (um vanekrigen fortel kvæde og segnir). — I gudekvædi vaare er Odin gudekongen, all-faren, daudegud (for deim som fell i strid), krigsgud, gud for visdom og skaldskap. — A. Olrik segjer at O. optræder i vikingetidens norske kilder mindre som folkeguden end som enkeltmands særlige „ven“.

Namn fraa gomol tid samansett med Odin finst paa austlande og nordanfjells. Odinsøy (Austfold og Bynese), Odinsaaker (Austf., Gran og Hole), Odinshov (Ullensaaker), Odinsvin (Trondheim 2 stadir), Odinssal (Austf. og Gauldalen), Onsberge (Gran). Fraa seinare tid: Odinsland (Osland i Kinn i Fjordane). Odin tykkjest etter dette aa ha vori dyrka fraa utgomol tid i aust og nord for Viki og i Trondheim.

Namne gaut vert tydt: talar. I N. Øystrd. tyder gaut ein som vil raade yvir andre og hava rett til aa gaute or seg byrge ord. Den Gapt som Jordanes fortel var ættfar til amalane maa vera Gaut. Den angelsaksiske elskhugssjuke Géat 29 maa vera den same. Sume: guden til gautane. Gaut er elve naran fleire stadir i Norig, av gjota. Karm hende: som til sine tider strømmer over bredderne." (S. Bugge). Sleipne (laupar) het hesten til Odin. Han hadde aatte føtar. Snorre forlel at far hans var jøtunhesten Svadilfare, og mor hans var Loke. I Nivlhel (skodde-hel), dit vegen gjekk nord og ned", budde Hel, som styrde yvir dei daude. Hel var dotter til Loke og Angerboda. Fraa fyrst av tyder hel daude (slåa i hel), sidan, som i v. 6, helheimen, den dulde heimen, der dei daude er. — Ett naturfolk tanker sig icke doden såsom en forintelse. utan snarast såsom en ofvergång till ett nytt li f, och endast under forutsiittning af en. dylik tro forklaras en mångd ur åldriga grafbruk — — . Åldst lefde individen detta nya lif i sjalfva grafven, men redan tidigt — — — skaffade man sig ått- och stammgrafvar, och denna gemensamma stora graf var det forstå uppslaget til et dodsrike." (H. Schiick). Etter den eldre trui kom alle som døydde, jamvel Balder, til Hel. Seinare skilde Valhall seg ut til ein serskild daude heim. Helhunden heitte Garm (Voluspaa). 4. Vohnine var vise kvende, som spaadde ura framtidi. Dei var høgt vyrde. — Galder var trylle-song (av gala). Sjaa Haavamaal 153. 6. Vegtam, vegkunnig. — Valtam, kunnig med aa felle folk. 9. Håd (krig) 1) er vinteren manngjord, som øyder Balders freden (Gering). Snorre fortel at han var blind og bror aat Balder. S. Bugge finn her att sogo um den blinde Longinus som stakk spjote i Jesus. 11. Rina er i folkemaale no (Valdres) det same som rinde, rande, ein jordrygg, og kunde vel tenkjast vera eit anna namn paa disi Jord, som var kona til Odin. Bind er ogso elvenamn fleire stadir i Norig. S. Bugge trur at det er namne Bene (mor til Ajax), som er umvridi. Vaale (eller Aale segjer Snorre). S. Bugge: mannen fraa Valland, etter Oleus (Ajax), banemannen til Paris. Andre trur at Vaale kjem av Vonli, Vanula, og heng saman med vanir, som etter Loketrætta hadde heimstaden sin i vest for æsine. Det vert ogso tydt : uphavleg Vale av valr, dreparen, eller selt i samanheng med valin (kald). — Vaale den sterke het ein av hirdmennane til Harald haarfagre. Namne finst seinare baade paa Island og i Norig. 2) — Det var utgamall germansk skikk at ein inkje klypte håar og skjegg, fyrr ein hadde fullført ein lovnad. — Fraa andre stadir høyrer ein og at dagsgamle gutar gjer mannsverk: Hermes, Herakles, Apollo, solguden, som drap vinterdraken Pyton. 12. Møyane som græt. S. Bugge meiner at halse-skaut" her vil segja v de skjødreb, som ere fæstede i halsene" eller 1) Same roti i folkenamne hadar (paa Hadeland). 2) I gardsnamn paa austl ., Nordm., i Trondh. 30 seilenes forreste hjørner." Han tenkjer daa paa møer som vække storm paa havet, havfruer. Ægers døtre." Desse græder ret af hjærtens lyst over den døde Balder og slynge seilskjødene til himmels." — Annarleis kanii ein taka det, um ein med skaut (firkanta klæde) meiner halsduk. I den heite graaten kastar kvendi halsplaggi av seg. — Framsyne til Odin er vel tenkt paa den maaten, at han ser bilæte fyri seg, men veit inkje sjølv klaart kva dei tyder. Naar han no skygner graatande møyar, bind han det ihop med Balders lagnad, men vil faa nærmare visse hjaa volva. Han vonar i lengste lage at han her ser ein utveg til aa berge sonen. Det var den trui at ein kunde graate fram att dei daude. Det vert fortalt at Hel sa at Balder skulde faa koma att, der som alle vilde graate. Daa var det einast eit kvende som inkje gret, ho kalla seg Tokk, det var Loke. Han raader for at Balder inkje kjem att, segjer Loketrætta. — Meiningi med spursmaale kunde daa vera dette: kven vil graate Balder heim att? Svare skulde vera: det vil alle, so nær som Tokk, Loke. Men svare kjem inkje fyrr iv. 14, og daa paa denne maaten: so langt er det ifraa at Loke vil hjelpe Balder heim att, at han tvertimot vil slite dei bandi som han vert bundin med og koma i lag med deim som skal tyne Odin og alle gudar i ragnarok. Men ho svarar inkje so tydelegt at Odin skynar heile samanhenge strakst. Den løynde talen hennar set berre støkken hardare i han. 13. Ved spursmaale i v. 12 syner Odin seg so framvis, at volva skynar kven det er. Volva som er mor til tri tussar maa vel vera Angerboda, kona til Loke; dei hadde borni: Hel, fenresulven og midgards ormen, som nett skal koma i ragnarok. Ei stutt uppreisning er det Odin hev ved at han fær ein son som skal hemne Balder. Ulukka, som dei vonde draumane varslar um, stansar inkje fyrr alle gudar fell. Og Loke, som var upphavsmannen til Balders bane, kann inge band halde. Han vert meister yvir dei alle. 14. Ragnarok-, laak lagnad for gudar, gudedaude, enden paa verdi, eit ord som det stend støkk av for sjølve Odin. Merkeleg er denne trui at gudane skal døy, falle for sine fiendar, Odin for fenresulven, og Tor for midgardsormen. Andre ransmennar som fer ute, er Surt og Muspells sønir og Loke. — Irane r) hadde ogso gamle sogur um ragnarok". Den store kamp, hvor gudernes og jætternes ypperste fineler døden, maa betragtes som en for nordboer og kelter fælles forestilling." (A. Olrik). — Tanken um at Loke ligg bundin til ragnarok, trur Bugge hev upphave sitt fraa Johannes-evangelie og Nikodemus-evangelie og den engelske diktaren Cvnevulf (Bde aarh.?) ') .Ligheden er ret haandgribelig imellem nordboernes Loke og irernes Eochaid Bress, den fagre jættebaarne svend, der tidlig er optagen i gude- kresen. men bringer ulykker og endelig henter jætteskarerne til den store kamp." (A. Olrik). 31 V. 1 i B.dr. er det same som v. 14 i Trymskv. F. Jons son trur difor at same skalden hev dikta baae. V. 3, 5 — 6 liknar Trk. 5, I—2; mange andre likskapar er det. Ein finn same sans for drykk, klæde, prydnad, hest og hund som i Trk. og Rigst. Det er inkje urimelegt anna same mannen karm ha dikta alle tri kvædi. Men ei lang livsrøynsle ligg daa imillom det fyrste hugheile kvæde um Rig og Balders draumar med so myrke syn paa framtidi. Kor som er, er det ein stor diktar som hev skapt desse verki. Sjeldan finst det eit kvæde som med so faae ord karm fortelja so mykje og skildre so vel som Balders draumar. Nokre av Snorres forteljingar um Balder tykkjest vera umgiorde kvæde. Dei gamle versi syner seg mange stadir. Og desse hev eg freista stelle upp att. Det er greidt at mykje er mist og hev veikna av. Men det vert daa noko att korso. Eg kallar eit kvæde Balders-kvida, og det andre Hermods ferdi. Det fyrste tykkjest ha byrja med same inngangsversi som Balders draumar, og karm daa hava same upphavsmannen. Brot av Balders-kvida. i. (Raadlag heldo rauste gudar,) kor dei skulde Balder berge for feigd. Daa tok Frigg alle ting i eid: 2. Grid for Balder gjeve eld og vatn, jarn og jordi og alle malmar, steinar og ved, sottir, dy ri, eiter-ormar og [alle] fuglar!" 3. Skjemt vart haldi. Skulde paa tinge Balder stande skotfri for alle. Sume dei skaut, sume hogde, [store] steinar sume hivde. 4. Lika Loke, Lauvøy-sonen, ille at Balder ingin ting saka. Kvende-ham han kasta paa seg, og so til Frigg i Fensal gjekk han. Frigg spurde kva æsine gjorde paa tinge. Loke : 5. [ Stande skal Balder skotfri paa tinge.] Alle dei skyt, men inkje det saka r." Frigg: «Korkje vaapn hell verju karm vega Balder. Eid hev eg teki av alle ting." Loke : 6. Hev alle dei ting [som tenkjast karm] lova med eid

aa live Balder?"

Frigg:
7.
„Det veks ein ved-tein
vestan for hall,
som tottest for ung
til eid aa krevja.
Var han vaksin
høgt yvir voll
mjuke, fagre
mistil-teinen.“

Loke sleit upp mistilteinen og gjekk til tinge. Hòd stod ytst i manngarden. Han var blind. Loke spurde kvi han inkje skaut paa Balder.

Hòd:
8.
„Inkje eg ser
kvar Balder er,
og eitt er det,
eg er vaapnlaus.“
Loke:
„Sømd du vise!
syne mun eg
kvar Balder stend;
skjot med teinen.“

9.
Vart av teinen,
som tottest so grann,
skadeskot stygt.
Hòd han skaut.
Skote det flaug,
og fall han til jord
[Balder bjarte,
best av alle.]

10.
Tyngste trege
som tenkjast kunde
for megtuge gudar
og mannaheimen.
Ingin eit ord
evide segja
um [heite] harme
[og hugverk store].

(V 7, 2 etter Bugge Stud. I V. 7, 4—0 og 9, 1—4 etter Voluspaa).

Brot av Hermods-ferdi.

Frigg:
1.
„Kven er med aasom
som eignast vil
aast[6] og ære hjaa meg?
Freiste fær han
aa fara hel-veg
og bjode for Balder løysing.“

2.
Hermod er nemnd
den hæve sveinen,
han steig paa Sleipne upp.
I nie nætar
no reid han fram
yvir døkke dalar og djupe.

3.
Gjallar-bru lyser,
med gull er ho tekt,
henne gjæter Modgunn møy.

Modgunn:
4.
„Fylke fem reid
fyrre dagen
med daude drengir yvir bru.
Under deg aaleine
dyn ho det same.
Kvi rid du her paa helveg?“

Hermod:
5.
Hev du Balder
paa helvegen sét?
[du dyl inkje det for meg.]

Modgunn:
„Eg heve Balder
paa hel-vegen sét.
Ned og nord er leidi.“


6.
Hermod han reid
til hel-grindi fram,
hardt laup hesten yvir grind.
Heim reid han lenger
til halli fram;
saag der Balder sitja.

7.
Bad han at Hel
vilde Balder lata
heim med honom ride.

Hel:
„Um alt det som bid
for Balder vil graate.
attende til æsir han fare
Men er det einkvar
som inkje det gjer,
med Hel han skal haldast.“

9.
Baugen[7] Draupne
Balder sende
Odin til eige.
Nanna ho gav
gaavur til Frigg,
til Fulla finger-gull.

10.
Um allan heim æsir
ærends-menn sende
aa beda Balder fraa Hel.

11.
Alle gret dei:
[elden og vatne,]
jord og malmen all.
Daa heim dei fór
dei fann i ein heller
ei gyger sat, ho svara:

12.
„Turre taarir
Tokk mun graate
yvir Balders baalferd.
Korkje kvik[8] hell daud
Karls[9] son meg bata.
Halde Hel det ho hev!“

13.
Og menn det meiner
at det var [meinslege]
Loke Lauvøy-sonen.
Ilt hev han jamt
mot æsine gjort,
[atall var all hans ferd.]

Paa grunnlag av dette kvæde er det von at dei hev runni upp, folkevisune um Hermod unge (Aasmund og andre) som fór til Trollebotnen, og um at alle ting gret (i visa um Bendik og Aarolilja). Draumkvæde og hev sumt fraa denne Hermods-ferdi.

Det tykkjest ogso ha vori ei Loke-kvida um korleis Loke vart fanga og bundin, men det er inkje so mykje att hjaa Snorre, so ein kann gjera nokor uppatt-stelling av versi.


  1. Baug, ring.
  2. „At saa mange næs har faaet navn efter Balder, er maaske at forklare deraf, at Balder blev brændt ved havets strand“ (S. Bugge).
  3. Sogo um Fridtjov fraa ikr. 1300 (med vers fraa 12. aarh.) er kann hende bygd paa gamle segnir fraa Sogn.
  4. A. Noreen meiner at namne inkje heng ihop med nokon gud Balder. Det tyder berre „furste-bräm“ og vart sidan avløyst av „munkkrona“ og „prestekrage“ med um lag same tyding.
  5. Hermes var vindgud og daudirigferar og hadde stav og hatt som Odin.
  6. Aast, kjærleik.
  7. Baug, ring.
  8. Kvik, livande.
  9. Karl, Odin.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.