August Spies

Fra Wikikilden

er fød 1855 i Friedewald (no Hessen-Nassau) i Tyskland. Far hans va forstmann. August hadde huslærar fraa fyrst av som skulde lære han op i politeknisk vitenskap. Seinare studera han skogdyrkingskunsten. Han va letnem, aa vart vispurd for sin kunskap. Alt i 14-aars alderen hadde han lese dei eldre tyske klassikerne aa jamvæl store stykker av Kant aa Hegel. Aa endaa tilegare tok han til aa tvile paa religionen. Hans givna for filosofi aa grubling va so stor, at far hans kalla han berre drøymaren.

Hjartelage hans stak seg tileg fram. Baaneheimen laag nær ei gamal riddarborg. Paa tuftene der fann han resta av slike gamle torturgreier som dei brukte i millomaldren til aa pine folk med; men kvar gong han saag desse molane vart han harm so det kokte i han, naar han tenkte paa al den skam aa smerte dei ha veldt. Aa i ei berghole fann han menneskjebein, leivninga av unge jenter som riddarane hadde røva aa forført aa drepe aa slengt ne-i der. — Aa naar han las meldinga i bla om kor arbeisfolke hadde det paa mange staer, so vart han so harm aa opelda, at han ynskte berre aa verte stor, so han kunne faa gjere noko for dei, aa syntes han gjerne skulde gaa i døen, berre han kunne hjelpe.

I 17-aarsaldren døe far hans, aa daa laut han slutte med studeringa, aa drog til Amerika til nokre slegtninga. — Endaa so varmhuga som han va, so va han ingen radikalar i denne ti. Tvertimot. Han ha høyrt so mykje gildt om Bismarck, at han no herre drøymde om han aa saag op til han som til ein gud. Han viste kje anna om sosialisme aa slikt enn det han las i bla-a om parisarkomunen, nemleg, at det va det same som aa plundre eigedomane fraa folk, — ein tanke so fæl, at det ikkje va umaken verd aa setje seg in i han.

Slegtningane i New-York raadde han til aa lære eit hantverk, aa han valde møbelsnikkararbeie. Han va kje lenge i New-York, men drog vest til Chicago, kom dit i 1872. Eit aar arbeidde han paa ein farm, aa tenkte paa aa bli jordbrukar. Men daa han saag kor smaabrukarane, iser leileningane, vart utplundra av pantelaanara, jarnvegskonga aa andre snyltedyr, aa at dei mang ein gong vart drivne fraa farmane som dei med tungt stræv hadde forvandla fraa prærie til aakra, — so reiste han attende til byen aa tok paa med snikkararbei. Men fyrst tok han seg ein rundtur jenom norstatane aa sudstatane for aa sjaa aa studere land aa folk. Fyrst i 1876 vart han kjend med sosialistisk literatur. Aa hendingane i 77 gjore han til fullblos sosialist. Han studera dei største tyske franske aa engelske statsøkonomane (t. eks. Karl Marx aa Proudhon, aa sogeskrivarane Buckle aa Morgan). I 1878 gjek han in i det sosialistiske arbeiarpartie. I 1880 vart han styrar av Arbeiter Zeitung, som daa sto paa kant til aa gaa in, men som han berga, aa styrde aa ga det ut til han vart fengsla i 1886. — I 1879—80 va han ein av arbeiarkandidatane paa kongressen. Men snart saag han at politiken va det lita von med. Paa den økonomiske slagmarka maatte kampen staa millom utsugar aa lønslave. — Han vart anarkist.

————————

»Sosialismen kan ein seie er ein vitenskap om den sosiale organisasjonen, med’ anarkismen (avskaffing av paatvunge autoritet) er traaen som renn jenom heile den menneskjelege aa sociale utvikling, strien for individualiteten, sjølstyre. Med’ eg teoretisk er anarkist, so er eg praktisk aa i det serskilde sosialist — Vert kje ræd. Eg ynskjer ikkje eigedomen dykka. Helder ikkje vil eg byte han sund. Nei, — det er ingen ting slikt eg vil. Det forslær kje det. Eg ynskjer jora! Eg ynskjer at du aa alle skal eige jora. — Latterlegt? Ja, det tenkte eg daa eg va liten aa folk fortalde meg, at kvar av dei seks brørene mine hadde ei syster, endaa der va berre ei syster.

Samfunde er i opløysing, i ein overgangstilstand. Det held paa aule seg op fraa den eine organisasjonsforma til den andre. Aa dette andre er kje bugta av ein cirkel, helder ikkje teori om drauma som ikkje læt seg jenomføre. Den nye organisasjonen er den naturlege avkomlingen av den noverande. Det er kje metafysisk snik-snak, men ein slags Herkulus som drap ormen endaa han va berre baane. Ja, det kapitalistiske systeme er far aat socialismen! Kapitalismen syner, at sosialismen kan praktiseras, aa skaffa alt som trengs til eit aalment sambruk. Den tenkjande sosialisten ser paa alt det som hender som eit natuiiegt resultat av tilstande som er eller hev vore. Han ber ikkje personlegt hat til kapitalisten; veit forvæl, at ein handling skjer ikkje ved hans eller henna frie val aa vilje, men etter aalmenne sosiale love: vilkaara si magt.

Sosialismen lærer at maskinene, samferdsmidlane o. s. v. er resultat av heile samfundsstræve, det framfarne aa det noverande, aa at dei derfor med rette maa vere samfundseigedom; aa paa same vis jora, gruvene aa alle natur-lunnende. Derav fyl, at dei som hev lagt dette under seg med urette, om enn lovmedhaldigt, dei maa verte ekspropriera av samfunde. Monopolistane er komne so langt med aa ekspropriere massen, at ekspropriasjon av ekspropritørane hev vorte ei absolut nødvendigheit, ein handling som samfunde si sjølophaldingsdrift vil drive ijenom. — Samfunde vil krevje sit, om De so set ein galge for kvar gatehynne.

Aa anarkismen, denne fæle »ismen«, det, at under ei samfellig ordning av samfunde, under økonomisk likestilling aa økonomisk frigjering, vil staten, den politiske staten, kverve saman til ein barbarisk antikvitet. I eit samfund der alle er fri, der det ikkje lenger er herre aa tenar, der vite raar over den raa magta, der vil det ikkje lenger turvas politi eller militære til aa verje om »fre aa orden« dei kalla, — den orden som den russiske generalen tala om daa han telegrafera til Zaren etter aa ha myrda halve Warsaw — »orden raader i Warsaw«.

Anarkismen er kje blobad, røveri, mordbrand, o. s. v. Tvertimot; dette er karaktermerke ved kapitalismen. Anarkisme er fre aa lukke for alle. Anarkisme eller sosialisme vil seie: omlaging av samfunde etter vitenskaplege prinsip aa avskaffing av alle aarsaker som avla vold aa brot. Men kapitalismen avla denne sosiale sjukdomen fyrst, aa søkjer baketter aa læke med straf.

— — — — — — — — — — — — — —

Dette er tankane mine. Dei er eit stykke av meg sjøl. Eg kan kje skilje meg med dei, aa helder ikkje vilde eg, om eg kunne. Aa trur de, at de kan trampe ne desse ideane som aula seg alt fram aa fram kvar dag, trur de at de kan sløkkje dei ved aa sende os i galgen — vil de nok ein gong la folk lie døskvalen for at dei hev sagt sant — aa eg be dyk syne os kvar me hev sagt lygn — so seier eg, er døen straf for aa ha tala sanning, so vil eg stolt aa trossande ofre den dyre pris! Hent bøddelen. Endaa lever sanningsor korsfesta med Sokrates, Kristus, Griordano Bruno, Huss, Galilei, — dei aa tusen andre hev gaat korsgangen fyre os. Me er reie til aa fylje.« 

(Av forsvarstalen hans for retten).

————————

Elsken, denne taumlause fugl som med sine kjælne vengjer flaksa om kvart menneskjens liv aa tvinna os in i sine flokne forførande garn — some til fall aa andre til reising —, her og va han ute aa hengde sine laurbær om høge reine panna hans August Spies.

Spies hadde den lukka el vanlukka mot sin vilje aa daare hugsterke kvende. I New-York vart han kjend med ei jente fraa Tyskland av rike foreldre, aa dei vart gla i kvarandre fraa fyrste stund. Men daa Spies va fatig aa ikkje kunne ha dei beste framtisvoner, sette foreldra seg imot giftarmaale. Spies reiste like aat heimlande, for aa snakke med dei; men det hjelpte ikkje. Aa daa jenta va for veik til aa bryte med foreldra aa røme med Spies, so reiste han fraa byen einsam. Aa ho vart sia gift etter foreldra sin vilje; men Spies gløymde ho ikkje. Det synte daa forhøre vart; ho sende sa mange penge av si rike raa til prosessen.

Ei anna jente fraa Chicago vart og so gla i Spies at ho fria til han; men ærleg som han va i alt, sa han med det same at han ikkje kunne elske ho, aa so reiste ho til vesten for aa gløyme han — om ho kunne. Men ho kunne kje. Daa han va dø, kom ho heilt fraa Californien for aa sjaa like, endaa ho daa va gift.

Men ho som det kom fraasegn om over heile verda for sin sanseville elsk, det va Nina van Zandt. Ho ha lese ein del skrifter om anarkismen, aa no under prosessen fylde ho got med, aa ho fek slik samkjensle med anarkistane at ho gjek op i fengsle for aa faa snakke med dei. Det va som ein electrisk straum gjek jenom baae, daa ho møtte Spies. Ho vilde snakke aa snakke med han aa vart aldri for nøgd. Men snart kom fangevoktaren, aa ho maatte gaa. So fann ho paa at ho vilde gifte seg med Spies. Foreldra som va høgbyrdige vælstandsfolk baade gret aa bar seg. Men ho ga seg ikkje. Ho trossa slegt aa vener, al verdens laatt, aa sunne vit. Fraa jurist til jurist gjek ho aa fek vitnemaal for at inga lov forbyr nokon aa gifte seg med ein døsdømd. Aa daa Spies ikkje fek sleppe ut av fengsle somykje dei kunne vias, so fek ho bror hans til aa møte paa byfutkantore istaen, aa agere brugom. — Ho fek egteskape istand, aa kunne no uta paatale kvar dag staa utafor jarngitre som stengde elskaren inne.

Amerika hev daa kvende!

Kvelden før Spies skulde døy, slap ho in til han. For fyrste aa siste gong fek dei ligge i fange aat kvarandre. — Ein gamal politimann som den korte haltimen sto vakt over dei, gret som eit baan daa han kom utatt. Det va den tyngste stund han hadde levt.

Dei er komne i jor dei 4, aa August Spies. Ei bleik drøymande kvinne sviv om kveldane paa kyrkjegaren, aa vert sitjande bøygd over gravtorva. Aa naar novembernatta knepper ho in i si myrke kaape, so ingre kalde augo kan glire paa ho, daa kasta ho seg ne paa grava for aa fongsle støve etter han som aldri gjeng ho av minne. Aa taarene store aa salte trilla, aa deggjer blomane kring namne hans.