Allvismaal
Allvis kvad:
1.
„Benkir er breidde,
bruri ho skal
heim fylgje meg faa.
Hastverk i slike
høve det trengst;
fyrst heime trygd ein hev.“
Tor kvad:
2.
„Sjaa for ein bengil
so bleik um nasar,
var du i Naaheim i natt?
Tusse-gjerd du
tykkjest hava,
bruri er deg inkje bòri.“
Allvis kvad;
3.
„Allvis eg heiter,
under jordi eg bur,
under stein min heim stend.
Løn for vaapni
vilde eg faa;
ingin bryt gjevi ord.“
Tor kvad:
4.
„Orde eg bryt;
kven bruri skal faa,
det fulla er faren si sak
Eg var langt av leid,
daa du lovnaden fekk;
for henne raar einast eg.“
Allvis kvad:
5.
„Kva er det for ein rekar,
som raade vil
yvir bjartfagre brur?
Slik faraflein,[1]
som faae kjenner;
av kven reknast du for kar?“
Tor kvad:
6.
„Vingtor eg heiter,
hev vide reika,
eg son er til Sidgrane[2]
Aldri eg deg
til unge drosi
mitt gjav-yrde[3] gjev.“
Allvis kvad:
7.
„Sætte[4] me skal
snarleg verte, —
gjavyrde du meg gjev.
Vesall eg vert,
um i von eg skal maa[5]
den mjell-kvite møyi.“
Tor kvad:
8.
„Aldri mismùn[6] eg gjer;
møyi ho skal
di, vise gjest, vera,
um fraa kvar ein heim
du kann meg segja
alt som eg vil no vita.
9.
Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
seg kva jordi,
som ut seg breider,
heiter i kvar heim?“
Allvis kvad:
10.
„Jord i Mannheim,
hjaa æsir fold,[7]
vegir segjer vanir,
i-grøn jøtnar,
alvar groande,
aur uppheims gudar.“
Tor kvad:
11.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
seg kva himilen,
av hav runnin,
heiter i kvar heim?“
Allvis kvad:
12.
„Himil i Mannheim,
høgkvelv hjaa gudar,
vind-vevar hjaa vanir;
segjer uppheim jøtnar,
alvar fagerloft,
dvergar drjupande sal.“
Tor kvad:
13.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun maanen,
som menneskja ser,
heite i kvar heim?“
Allvis kvad:
14.
„Maane i Mannheim,
mule[8] hjaa gudar,
kvervande kvel[9] i Hel,
skundar hjaa jøtnar,
skin hjaa dvergar,
segjer alvar aarmaal.“
Tor kvad:
15.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun soli,
synt for alle,
heite i kvar heim?“
Allvis kvad:
16.
„Sol i Mannheim,
sunne[10] hjaa gudar,
hjaa dvergar Dvalins svik,
segjer glodheit jøtnar,
alvar fagerhjul,
aalskir aasa sønir.“
Tor kvad:
17.
Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun skyir
med skur og uvèr
heite i kvar heim?"
Allvis kvad:
18.
„Sky i Mannheim,
skur-von hjaa gudar,
vindflot segjer vanir,
ur-von[11] jøtnar,
alvar vêr-kraft,
hylje-hjelm i Hel.“
Tor kvad:
19.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun vinden
som vidt fær ikring
heite i kvar heim?“
Allvis kvad:
20.
„Vind i Mannheim,
vavrar hjaa gudar,
kneggjar stormagtir segjer,
ylar hjaa jøtnar,
hjaa alvar dùn-fare,[12]
kvinar han kallast i Hel.“
21.
Tor kvad:
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva den lygna
som liggje skal
heiter i kvar heim?“
Allvis kvad:
22.
„Logn i Mannheim,
lògje[13] hjaa gudar,
vind-dòv[14] segjer vanir,
òv-ly jøtnar,
alvar dag-dus,
dvergar dagsfred segjer.“
Tor kvad:
23.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun sjøen,
der sveinane ror,
heite i kvar heim?“
Allvis kvad:
24.
„Sjø segjer menn,
skipsveg gudar,
vaag segjer vanir,
aalheim jøtnar,
alvar øl-vyrke,
dvergar djup-have segjer.“
Tor kvad:
25.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
vonar eg, dverg, du veit:
kva mun elden,
som for alle brenn,
heite i kvar heim?“
Allvis kvad:
26.
„Eld i Mannheim,
hjaa æsir lòge,
glod-vaag hjaa vanir,
frèke hjaa jøtnar,
øydar hjaa dvergar,
hastar dei segjer i Hel.“
Tor kvad:
27.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun skogen,
synt for alle,
heite i kvar heim?“
Allvis kvad:
28.
„Ved hjaa menn,
vollfaks hjaa gudar,
dei heid-tang segjer i Hel,
eldvyrke jøtnar,
alvar fager-grein,
vònd segjer vanir.“
Tor kvad:
29.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun natt,
Nor si dotter,
heite i kvar heim?“
Allvis kvad:
30.
„Natt i Mannheim,
naudsvart hjaa gudar,
grime, veit eg, hjaa vanir,
u-ljos hjaa jøtnar,
hjaa alvar svevngaman,
draume-hildr hjaa dvergar.“
Tor kvad:
31.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva det sæde
dei saar i verdi
heiter i kvar heim?“
Allvis kvad:
32.
„Bygg i Mannheim,
bar[15] hjaa gudar,
vokster segjer vanir,
etande jøtnar,
alvar ølvyrke,
nipin[16] det heiter i Hel.“
Tor kvad:
33.
„Seg meg daa, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva det øl
som alle mann drikk
heiter i kvar heim?“
Allvis kvad:
34.
„Øl i Mannheim,
hjaa æsir bjor,
væte segjer vanir,
reint mauk jøtnar,
mjød i Hel,
sumbl[17] hjaa Suttungs sønir.“
Tor kvad:
35.
„So mykje forn-frøde[18]
eg fyrr i eitt brjost
aldri sanka saag.
Men stygt er du svikin,
eg segjer deg no:
sjaa dagen kjem yvir deg, dverg!
no skin det sol i salen.“[19]
Dersom ein kann gange ut ifraa at tvo folkenamn inkje er nemnde i same verse, so finn ein at Allvis er kjend i nie heimar, der det bur: 1. menn, 2. gudar, 3. æsir eller aasa sønir eller uppheims-magtir, 4. vanir eller stormagtir, 5. jøtnar, 6. alvar, 7. dvergar, 8. Helheims menn, 9. Suttungs sønir.
„Hvad de enkelte navne angaar,“ skriv F. Jonsson, „er menneskenes navne de almindelige fra det daglige sprog kendte betegnelser (jord, himmel, maane, sky o.s.v.); gudernes er derimod enten saadanne, der kun findes anvendte i poesi og høiere stil, eller ligefremme omskrivninger fold, sunna, „markens manke“ o.s.v.); vanernes betegnelser antyder væsener, der er optagne af det praktiske liv, handel og reiser til lands og til søs (veie: jorden, vaand: de til skibe tjænlige bøielige træarter?; jfr. det forhold til vinden, som fremtræder i 3 af navnene: vindvæveren ɔ: himlen, vindseilerne ɔ: skyerne, vindophør ɔ: blikstille). Alfernes navne er prægede af indtagende ynde og skøn naturopfattelse (groende ɔ: jorden, fagretag ɔ: himlen, fagrehjul ɔ: solen, den fagert grenede ɔ: skoven, søvnfryd ɔ: natten o.s.v.). I modsætning til disse staar jætternes navne; de er prægede af noget groft, af en materiel opfattelse, og udtaler en ærgrelse over det skønne og gode i naturen: jorden er ‘stærkgrøn’, solen ‘evigglødende’, vindstille ‘’lummerhede’, vinden ‘hyleren’ [alfernes dønfareren, ‘den susende’, er adskillige trin høiere og ædlere], ilden ‘den graadige’, træ ‘ildføde’, byg ‘æde’; derimod hedder øl ‘den rene væske’ (tænkte digteren paa skjaldemjøden?). Dværgenes og ‘i helju’s betegnelser er ikke særlig karakteristiske (undtagen for saa vidt som maanen særlig hos dem er ‘skin’, det eneste de kan taale; solen er derimod den, som ‘bedrager dværgen’, byg ‘den ludende’ o.s.v.).“
Han meiner at Allvismaal er eit norskt[20] kvæde fraa fyrste helfti av 10. aarh. (millom Trymskvæde og Hymeskvæde). Andre set det seinare, sist i det 10. eller i det 11. aarh.
- ↑ Faraflein (Trondh.), lauslynd selle.
- ↑ Sidgrane, Sidskjegg, Odin.
- ↑ Gjav-yrde, samtykke.
- ↑ Sætte, forlikte.
- ↑ Maa i von, undvera.
- ↑ Mismùn, „partiskhed“.
- ↑ Fold, slett (Vest-fold).
- ↑ Mule, rundvori nes.
- ↑ Kvel, hjul.
- ↑ Sunne, sol (tysk: sonne).
- ↑ Ur, regnsky.
- ↑ Dùnfare, som fèr med dùn og brak.
- ↑ Lògje, stillt bil i storm.
- ↑ Vind-dòv, at vinden dovnar.
- ↑ Bar, korn (bar-lòg).
- ↑ Nipin, bljug, hugtung (upph. lutin).
- ↑ Sumbl, drykk, lag (angels, symbel, lat. symbolum, græsk symbolon).
- ↑ Forn-frøde, kunnskap um gamalt attende.
- ↑ I salen, paa jordi.
- ↑ Orde faraflein finst berre i Trondheim og i norske og svenske lovir.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan. |