Albert Parsons

Fra Wikikilden

Han va av got folk. Forfedrene hadde vore med i alle sosiale, politiske, aa religiøse rørsler i Amerika — som kapteina aa offisera. Far hans, Samuel Parsons, sette seg ne i Montgomery aa grunla garveri aa skofabrik der. — Mor hans va av ei megtig slegt i Ny-Jersey, aa va vikjend som ei klok aa go kone med sterke aandelege hugmaal; ho va ein streng metodist. Ho døe 2 aar etter at Parsons kom til verda. Han va den niande i tal, aa er fød 1848.

Eldste bror hans, general Parsons, som va gift aa budde i Texas, tok den vesle guten til seg. Her lærde Albert tileg aa rie, bruke børsa, aa gaa paa jagt. I 1859 reiste han til Texas til syster si som va gift med ein major Bøyd, aa aare etter ga han seg i boktrykkarlære. Aa daa slavekrigen braut laus i 1861 tok han avgare endaa han va berre 13 aar, aa gjek in i eit kompani av friviljuge.

Han hadde lyst aa vere med i hovuheren; men bror hans log han ut, aa stelte han tilfreds med at krigen snart vilde bli slut. Albert gjek daa in i eit lokalt artilleri-kompani. Der sto han eit aar aa tente seg op, so han sia kom under bror sin i Texas kavaleribrigade. Major-general Parsons komandera heile kavalerie paa vestsia aat Mississippi, fraa Helena til Red River. Seinare kom Albert med i den vispurde Mc Moly troppa. — Daa krigen slutta, reiste han attende til Texas aa gjek paa universitete der eit kort bil, aa ga seg so i boktrykkarlære att. I 1868 tok han til med eit vikebla, Spectator.

Fraa fyrst av va han for ung til aa skyne kva krigen hadde paa seg. Han va begeistra for sit eie land aa folke sit, aa vilde vere med aa sla norkarane; derfor gjek han i krig mot dei som vilde rydje ut slaverie. Men daa han kom heimatt aa skyna, at det galt aa gjere negerslavane fri, daa vart han republikanar aa figta i blae sit for at sudstatane maatte gi seg over. Men derved paadrog han seg hat baade av krigskameratane sine aa grannane. Aa lenge kunne han ikkje halde liv i blae i denne eimen. Det gjek in. I 1869 vart han reisande brevskrivar aa agent for Daily Telegrafh.

Det va paa ei reis jenom Johson distrikte at han fyrst møtte den vakre jenta (av spansk-indianske foreldre) som han vart so gla i aa som seinare hev vorte verdenskjend. Ho budde i ei vakker egn nær Buffalo Creek, aa Parsons vart so hugteken i ho at han slo seg ne der for aa bli kjend med ho, aa drygde der so lenge som det berre kunne gaa an. — I 1870 vart han assessor assistent under general Grant. Aare etter vart han vald til sekretær i senate for Texas, aa kort etter hovukasserar for republiken sine skatteintekter i Texas, aa hadde den posten til 1873. Daa vart han send som representant for blae Agriculturist saman med ein del andre blafolk ut over lande for aa skoe jarnvegsstelle aa granske folks vilkaar. Dei reiste jenom Texas, indianstammene, Missouri, Jova, Illinois, Ohio, Pensylvania aa andre stata som gjestene aat eit stort jarn vegsselskap. Derpaa gifte han seg med Lucy aa slo seg ne i Chicago.

I 1874 kom han op i det stræve, Chicago arbeiarane hadde med aa faa til eit samlag som skulde dele ut alle dei pengane som va komne in fraa alle verdens kanta til dei husville etter chicagobranden i 71. Aa fraa daa av vart arbeiarspørsmaale hans livssak.

Alle penge som kom in gjek til »rædningsselskape«, eit selskap av rikmenn aa spekulanta. Men arbeiarane trudde kje desse karane forvæl; dei paasto at spekulantane stak det meste i eien pung, so fatigfolke fek inkje, aa dei kravde, at arbeiarsamlage skulde valte over det som kom in. — Avisene derimot tok »rædningsselskape« i forsvar aa skjelte arbeisfolke ut for komunista, røvara, pøbel o. m. s. — Det synte seg seinare, at arbeiarane hadde ret.

I 1876 slutta Parsons seg heilt til »arbeispartie«, aa vart snart ein av dei mest tiltrudde.

I 1877 fek han tet paa 8,000 stemmer som arbeiarane sin kandidat til kongressen. Tvo gonger vart han vald til »county clerk« (ein slags sekretær) aa tri gonger til aldermann. I 1878 vart han vald til utsending fraa arbeiarpartie til nasjonal-kenvente. I 79 sende det sosialistiske arbeiarpartie han til nasjonal-konvente, aa der vart han opstelt som arbeiarpartie sin kandidat til presidentvalje. Men han nekta aa ta mot val; han va helder ikkje gamal nok.

Daa vikeblae »The socialist« tok til aa kome ut i 1876 vart Parsons vald til medstyrar. I millomtia helt han augo med arbeiarorganisasjonen aa den økonomiske utvikling i Amerika. Arbeiarpartie gjek med svere plana; dei væpna aa budde seg til ei reising. Men so kom lovboe fraa 1878 om at alle lønarbeiara skulde avvæpnas. Denne skammelege loven som va eit neveslag i ansigte paa arbeisfolke prøvde dei for domstolen. Dei tenkte at domstolen maatte underkjenne ein lov som slik paa skinhelleg maate reiv ut ein av grunsteinane i konstitusjonen —: kvar mans ret til sjølforsvar. Men overretten for sambandstatane gokjende den nye loven aa let grunloven sove.

Daa denne loven kom, aa daa det liberale folkepartie (demokratane) gjore komedien med »ballet boxen« (lov om aa stemme med kuler), daa miste Parsons trua paa politiken. Han skyna at heile regjeringsmaskinerie sto i pengefolks sold, aa hadde dei alle, baade republikanara aa demokrata, til fyremaal aa halde arbeisfolke so laagt at dei til kvar ti med magt kunne døyvas. Han saag kor den lange arbeistia i drivande jag aat tankekrafta utor arbeismannen, aa kor arbeisløyse aa svolt gjore han til viljelaust reiskap for politiske agenta. »Stemmekjøp, skremsle, narreri, forderving aa prestesnak veks ut av desse vilkaar som gjer arbeisfolke fatige aa dei dovne rike«. — Politiken er snik-snak; »folkeviljen« humbug. Pengefolke raarvalja; arbeismannen sel seg. — Han saag dette aa vart motlaus aa drog seg utor strien.

Men lenge va det ikkje før han med al si kraft kasta seg i agitasjonen for kortare arbeisti. Paa arbeiarkongressen i Washington i 1880 sette han fram resolusjon om 8 timars arbeisdag. Resolusjonen vart vedteken, aa vart, som før nemnt, fanemerke for alle parta inna arbeiarpartie.

I 1884 grunla dei internasjonale eit vikebla, The Alarm, som Parsons vart styrar for, aa det til mai 1886.

Fraa daa av va han i rettens hender

Hans brot va at han ikkje tolde sjaa paa arbeisfolks nedervall, aa at han med profetisk eldhug spaadde om ljosare tie, om eit komande anarki.

»Enten me lever eller døyr, den sosiale revolusjonen vil kome. Grensa for menneskjens fridom maa utvias. Det 17de aarhundrae va ein stri for religiøs fridom; det 18de for politisk fridom. Det 19de krev økonomisk fridom. Frukta af denne strien vert ein sosial revolusjon. Me ser han kome; me preika om han; me helsa han med glee. Er me brotsmennfordet?« — — — — — — — —

»Me er anarkista aa nekta aa respektere loven, seier de. Ja, dersom nokre rovdyr tek al jora fraa menneskja, jaga arbeismannen fraa hus aa heim, gjer han til slave aa tiggar, aa frys aa svelter han ihel, aa hegna om si magt med lov, — skal me halde denne lov hellig? Med lovboka si hjelp kan den eine klassen trampe under seg retten aat den andre. Loven er for den rike. Ret kan kjøpas for penge. For den fatige er der berre ei lov: ly dei rike. Kvar skreven lov vert alti brukt til aa trø ne naturens lov. Jus er den store vitenskap som einast gjer dei faa istand til aa trakke paa dei mange. Der er naturlege love, nok til aa verje om kvart menneskje. Men desse love — dei retvise — er ikkje laga, dei er op daga. Naturens love er sjølvirkande. Dei straffa alle som synda mot dei aa løner alle som lyer. Ingen slep unda, ingen kjøpe seg fri. Dei kan ikkje avskaffas, endras eller smygas forbi, aa det kosta korkje ti eller penge aa bruke dei. Me vil lye lovene, ikkje menneskja, helder ikkje menneskjens knep. Juristlovene er knep. Loven, den skrevne, er kujonen sit vaapen, tjuven sit verkty, ja meir — skjold aa verje for alt træleri, aa den frygtelege mor aat alle lovbrot. Dei største plundringa er gjore med loven aa i lovens namn. Ved dette tjuve-verktye hev masser av folke paa vaar planet vorte fraarøva sin naturlege ret til jor aa alle andre lunnende. I lovens namn hev folkeslag vorte kjøpte aa selde som kryter; ved den vert fleirtale av menneskja i dag halde i lønslaveri; aa i lovens namn hev vaar herlege jor meir enn ein gong flødt over av menneskjens blo. Ved dette hendige verktye kan kujona aa tjuva, tyrana aa utsugara snyte levnetsmidlane fraa sine metmenneskje, fraarøve dei deira naturlege ret aa al fridom. Menneskjens lovlege ret stend alti i stri med menneskjens naturlege ret. Den einaste hellige eigedomsret er arbeismannens ret til aa eige det han avla. Men den lovlege ret aat kapitalisten til aa rentelegge aa ta al vinning er fornekting av den naturlege ret aat arbeismannen«.

— — — — — — — — — — — — — —

»Amerika er frit; arbeie er frigjort; slavekrigen rydde trældomen ut, seier du. Er det sant? Sjaa omkring deg. Hus-slaveri før, løn-slaveri no. Kva er skilnaen? Under husslaverie søkte husbonden sin slave; under lønslaverie søkjer slaven sin husbond — Dei gamle slaveeigarane vilde kje ha bytt vilkaar no, om dei kunne; no maa dei døe grave seg sjøle ne, dei sjuke lækje seg, aa dei gamle syte for sin alderdom som dei best kan, aa eigarane treng ingre blohunda for aa halde dei friske til arbeis. Dei gje dei eit stykke arbei aa seier: »Sjaa her, gjer dette i so aa so lang ti«, — aa dersom dei ikkje gjer det tilfulna, aa dei næste laurdagskveld skal hente si løn, — istaenfor løn faar dei melding om at dei kan gaa. — Men, seier du, husslaven va bunden, lønslaven kan sleppe fri. — Hadde eg statestik, eg trur det kunne bli paavist, at likso mange husslava rømde med sin herres blohunda etter seg traskande over snødekkje aa fjellskrænta i Canada til dei va paa frifot — som dei som i dag kan krype or lønslaverie aa in i den kapitalistiske fridom. Eg er sosialist. Endaa eg sjøl er lønslave, so er eg ein av dei som held det for uret, uret mot meg sjøl, uret mot mine kamerata, — uret dette: for meg, lønslave som eg er, aa prøve aa kome meg ut av lønslaverie ved aa gjere meg til herre. Eg nekta aa gjere det, eg nekta aa vere korkje lønslave eller slaveeigar. Hadde eg valt ein annen livsveg, kunne eg i dag ha vore paa høgderne i Chicago, omgit i min heim av luksus, aa slava til aa lye min komando. Men eg valde den andre vegen, aa stend i dag paa skafotte. Det er mit brot. Himmelen skal vite, dette, aa dette aaleine er min ugjerning. Eg hev motarbeit det kapitalistiske samfunde. Dersom det er forbrot, so er eg skuldig«.

— — — — — — — — — — — — — —

»Sosialismen kjem til folke aa be dei sjaa paa samfundslive, diskutere, granske, finne fakta, — fordi det er den einaste maaten voldsverk kan avvendes paa, fordi folke i sit blinde raseri aa uvitande som dei er, ikkje ser aarsakerne, berre kjenner at dei er svoltne aa fortvila, aa slær blint, aa gjer som dei gjore ved Maxwell her aa øyeleg arbeissparande maskiner. Dette aa meir vil me avvende, aa likevæl skrik kapitalistbla-a at me vil øyelegge maskinene aa rikdomen. Me kjenner aarsaka til elendigdomen; me vil ha aarsaka vek. Det er faamanns velde aa monopoliseringa av desse ting me vil tyne. Me vil, at al naturens kraft, al samfundskraft, denne kjempemagt som er resultate av vite aa arbeiskrafta aat framfarne tier, skal verte menneskjens tenar, men tenar aat alle. Me vil ingen gjere fortræd. Men naar me er vitne til det som gjeng for seg, naar me ser baan hustrande kring fabrikportane, desse smaa stakarane som endaa er blaute i sine bein, naar me ser dei gripne fraa heimen, dregne til arbeisbastillane, aa deira smaa bein malne til gullmask for aa prye formene aat ei eller anna aristokratisk Jezebel, daa harmas me aa maa snakke ut. Me forsvara desse smaa, me forsvara dei hjelpelause, me forsvara dei netrykte, me søkjer lindring for dei som li uret, me søkjer kunskap aa vit for dei vankunnige; me søkjer friheit for slayane; me søkjer alle sit beste. — For det skal me hengas!

— — — — — — — — — — — — — —

»Websters orbok hev tvo tyinga paa ore anarki, den eine —: uta herskar aa regjering, den andre —: uorden aa forvirring. Det siste er kapitalistisk anarki, slik som me no ser det over heile verda. — Men det fyrste, det aa vere uta herskar aa regjering med autoritet til aa diktere andre mot deira vilje aa eie beste, det er filosofisk anarkisme aa den samfundsskipna som kyrkja alti hev spaat om aa kalla det tusenaarige rike, der al styring skal bli avskaffa aa Kristi lære slik som han sjøl lærde, om brorskap millom menneskja aa skaparens overhøge faderdom, vil verte grunlagd. Aa dette naar gud aa naturens orden ved aa ingyte i menneskja trang aa lengting mot eit slikt maal. Men, liksom der ikkje er syndeforlating uta blosutgyting, so trur eg, at det tusenaarige rikes anarkisme daa det berre vil vere ein hyrding aa al menneskjens herskarmagt avkasta, vil verte inleidd med den mest blodige revolusjon som tidsens anafa kan syne. — Er det forbrot aa fortelje dette som er spaat av seera aa menn inspirera av det hellige orakel? Skal eg hengas for at eg preika at den tia er nær, daa ingen herskar aa ingen kunstig lov skal hefte aanden aat den store nasaræars lære om go-vilje paa jor aa fre for alle, — det som vert frukta av den aalmenne brorskapen? — Daa fengsl prestane paa preikestolen, aa stein, som fordum, profetane! For slik steina dei profetane endaa blant hans utvalde folk, naar sende dei vart for aa vare folke mot kommande straffedom«.

(Av forsvarstalen hans for retten)

————————

Etter Hay-market opstyre kom han seg utav Illinois. Politie vilde aldri ha faat tak i han. Men daa forhøre byrja kom han friviljugt aa sette seg paa anklagebenken. Det va dumt av han, kanskje. Men det va stort. — Ein Parsons som ha halde seg for go til aa møte for ein domstol so roten som domstolen i Illinois, aa helder vigt live sit til agitasjon for si sak, vilde eg ha respektert. — Vaar Parsons maa eg respektere aa elske.

Han va framifraa som talar aa blaskrivar. Skarptenkt aa framsynt; stortenkt aa varmhjarta. Til si siste stund tenkte han paa folke; han ha meir hjarteverk for dei som skulde leve att, enn over si eia laake avferd. »La folkerøsta verte høyrt!« va dei ora som reipe skilde fraa deira samanheng. Ein modig mann som vart utstøytt av si fine slegt for giftarmaale sit med indianar-jenta, aa som samfunde hengde for at han reiste seg imot det. Ein mann som torde sjaa sanninga aa døen i syne uta aa skjelve.

————————

Det hev sit verd aa sjaa kva ein lekamsfrisk aa sjælefrisk mann kan skrive eit par tima før han stig paa skafotte. Eg tek med her siste breve hans til ein gamal kamerat.

»Cook County fengsle, november 11, 1887 kl. 8 morgon. — Kjære kamrat Lum. Patruljen hev netop vekt meg. Eg hev vaska meg aa drokke ein kop kaffe. Doktaren spurde om eg trengde stimulanser. Eg sa nei. Dei kjære »gutane«, Engel, Fischer aa Spies, hev helsa paa meg med fjermt maal.

Gjer so væl aa sjaa inom til sherif Matson aa ta vare paa papira aa breva mine. Der er eit brev fraa general W. H. Parsons, — send det attende til Norfolk. Pas paa aa faa boka mi: »Anarkismen: dens filosofi aa vitenskaplege grunlag« got utstyrd.

Seinare. — Got, min kjære gamle kamrat, vanlukkestimen nærma seg. Cæsar(staten) helt meg vaken til langt paa nat med larm (musik) av hamar aa sag, han bygg paa truna si, skafotte mit. Tint! Sivilisasjon! Matson(sherif) fortel meg, at han nekta aa la Cæsar stikke av med lekame mit, aa han hev netop faat adressa aat kona mi for aa kunne sende ho leivningane av meg. Omsorgsfulle Cæsar! — Farvel! Leve den sosiale revolusjon! Helsing til alle.

A. B. Parsons.«

————————

Come not to my grave with your mournings,
With your lamentations and tears,
With your sad forebodings and fears;
When my lips are dumb,
Do not come.

Bring no long train of carriages,
No hearse crowned with waving plumes,
Which the gaunt glory of death illumes;
But with hands on me breast
Let me rest.


Insult not my dust with your pity,
Ve who’re left on this desolate shore
Still to suffer and lose and deplore —
’Tis I should, as I do
Pity you.

For me no more are the hardships,
The bitterness, heartaches, and strife,
The sadness and sorrow of life,
But the glory divine —
This is mine.

Poor creatures! Afraid of the darkness,
Who groan at the anguish to come?
How silent I go to my home;
Cease your sorrowful bell;
I am well!

A. R. Parsons.

(Kom kje til mi grav med di syrjing, — med dine klagesonga aa taarer, — med dine myrke varsla aa skremsler. — Naar lippene mine er sturne, — so kom kje.

Kom kje med lange raer av vogner, — inga likbaare med viftande faner, — som blenkjer op døens magre glorie. — Men med hendene paa mit bryst, — la meg kvile.

Saar ikkje støve mit med di medynk — du som stend att paa denne sorgfulle stranda — aa framleies maa lie aa sakne aa graate. — Det va eg som skulde, som eg gjer, — ynke deg.

For meg er det kje lenger undertrykkjing, — vondskap, hjarteverk aa stri, — livsens vanmo aa sorg. — Men gudomsglorien — han er min.

Arme skapninga! som er rædde myrkre, — som sukka i angst for det komande. — Kor stilt eg gjeng til min heim; — stans di sorgsame ringing, — eg hev det got.)