Aa Herre Krist, deg til oss vend

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
7.
Tone: O Herre Krist, dig til os vend.

Aa Herre Krist, deg til oss vend,
Din Heilag Ande til oss send!
Giv liv og kraft i hjarta vaart,
Og vis oss sannings vegen klaart!

Til lov og pris lat upp vaar munn,
Saa livsens ord i hjartegrunn!
Og styrk vaar tru, styr vaart forstand,
So klaart ditt namn me kjenna kann!

Til me fær syngja med Guds her:
Du heilag, heilag, heilag er!
Og sæle ser di aasyn blid
I himmelljos til evig tid.

Ver lova, Gud vaar Fader god!
Guds Son, som gav for oss ditt blod,
Gud Heilag Ande, trøystarmann,
Høglova ver i alle land!

Etter ein tysk salme fraa 17. hundradaaret.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.