Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
11

Livrenteselskap og i Serier for Hypothekbanken og Dividender for Kreditbanken. Dette kunde ein mathematisk Handlangare hava gjort. Han vilde som Leverrier hava funnet ut og sagt: Paa den og den Planet er der Slinger i Valsen; der maa vera ein før ukjend Planet i den og den Himileign, som all denne Ugreida kjem ifraa; stil Storkikaren dit, og ho maa finnas. Erindsveinane gjorde dette og fann Urostiftaren. Her er Skilnaden greid millom Menn af fyrste Rang og dei af andre, tridje, fjorde osv. nedetter til det reine Rangløyse eller til daglegdagse Folk.

„Men“, verdt det svarad, „alle desse Arbeid maa vera med for at vinna fram og faa den Tiltru, som det trengst til forat kunna bli praktisk Statsmann.“ Ja, det kan vera sannt nok dette. Folk tru Mannen i Maal og Maate etter Talet paa hans „Tillitspostar“. Men dette er ingen Arabertanke, og ein „Araber“ meinar nok som so: „kan eg ikke faa traava utan at draga paa alle dei Lass, so verdt det ikke nokot Traad af kvaar som er.“

Schweigaards store Exempel gjorde vist ikke mindst til denne no so aalmenne Værdsetjing af Mannen etter Talet og Omfanget af hans Ombodspostar. „Den Mannen maa vi hava med der og,“ vardt det sagt, og han gjekk med. Det er dette Slitarbeid, denne „Spenning fyre Matkjerra“, som er vorden Merket paa den store Mann.

Der laag likeins i heile Schweigaards Grunntanke og Lære nokot af dette praktisk arbeidande i Motsetning til det spekulativ tenkjande. Dette kjem greidt fram i hans Strid mot tysk Rettsphilosophi og hans i det heile praktiske Tidnings- og Tolkningskunst. Han var ikke langt ifraa ein Napoleon med Ringeagt for „Ideologer“. Dette praktiske Spursmaal: „om det førde til nokot,“ laag altid nær.