Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
10

Utval (Kommitteer) til somange Smaasaker osv., som han sat med Hendane fulle af.

I kvert eit Land vi altid høyrde mæla,
at Folk, som tenkja, styra deim som træla.

Ifraa alle slike Haandarbeid, som eg kan kalla deim i Motsetning til større Tankegjerningar, er det ikke langt ned til vanlegt Sakførarskap, Departementsarbeid osv. Og fraa dette er det atter ikke langt ned til Inkassationer, Kassererstap, Bokføring paa Kontorer osv. Og fraa dette er det atter ikke langt ned til Taarnvektaren og Arrestforvararen osv. Samfundet treng til alle, og det vilde i daglegt Lag vera ein aristokratisk Tanke at agta den eine meir en den andre for Arbeidet hans. Og for liksom at bøta paa denne Aristokratisme, so agtar det daglege Liv den mest, som tener best. Men dette kan altsaman vera godt og vel nok til sit Bruk, vist er det vel ellers, at ingen Mann, naar han ikke er nøydd til det for Livemaatens Skuld, sliter seg up i desse Gjerningar utan at finna med seg sjølv, at han er skapt for deim, og at der ikke ligg andre Upgaavor for honom i Livet. Derfor veit eg og, at vi talad om og kjende os visse paa, at f. Ex. noverande Statsraad Broch ikke kunde vera nokon mathematisk „Araber“, daa han fraa Professor vardt til den „Omnibussen“ i det praktiske Liv. Han maatte i sin inderste Grunn vera skapt og skoren for det, som han tilslutt utan yttetvingande Magter vardt. Han vilde ellers f.Ex. som Gauss hava funnet Greide paa Maaneknutane istadenfor at kalkulera Bogar og Bruer og rotne Tverstokkar til Jernbanen; og han vilde hava fortfaret med dei „Abelske Funktioner“, som enno ero eit Slags Matbur for det mathematiske Europa istadenfor at reikna ut Tabeller for