Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/88

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
86


Han her nede, som no gjeng og tuslar i Barndøme att, kva vilde det nytta honom, um han hadde skapt det nye Menneskje i seg? Naar Høgdi vaar er naadd, morknar me ned; og det øvste fysrt. Det nye Menneskje sloknar fyrr det gamle.»

Han svara: «Det gamle Menneskje slokna daa det nye kom til. Vunnen Livsfred vil som ein rein Harmoni tona inn i Alderdomen og i Dauden. Du gjer deg for mange Suter, Broe min.»

Han sat ei Stund og stirde som burtgløymd. Daa saag han paa meg og smilte so rart. «Seint,» sagde han, «vil det spyrjast, at ein Jesu Svein døyr av Alderdom.»

«Kvi daa?» spurde eg.

«Fylgja Meisteren er aa ofra Live.»

Eg saag paa han; og det var som Augo mine vart opna, og eg saag Bror min for fyrste Gong. Tyngre Ting hev den Mannen aa bera enn