Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/87

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
85


Men fullt tykjest me ikkje ha gjort Rett for Live vaart, utan me fær gjort noko som varer. Me byggjer Kongerike og Pyramidar og Babelstaarn; me finn nye Land, nye Gogner, nye Truer og Tankeformer. Me vil i desse vaare Verk leva til alle Tider; daa fyrst er me fornøgde med Live vaart.

Og kann me kje gjera Storverk, leve me endaa for Framtidi. Daa eg laag der burte og heldt Bank, tenkte eg ikkje berre paa meg sjølv; eg tenkte paa Baani mine og paa Ætti Ein Rikdom vilde eg grunna, som kunde staa. I den vilde eg leva ned gjenom Tiderne.

Men me veit og ser til Slutt, at ingen Ting varer. Dei største Gjerningar døyr. Difor tenkte den gamle Visdomen ut det um det nye Menneskje. I oss sjølve skulde me vinna noko varande fram. men varer det nye Menneskje meir enn det gamle?