Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Rykk i saar Tonn. Det er vondt aa vera gamall fyre Tidi.

Eg røder med Bestefar der nede, den gamle, som sit og hukrar frammed Omnen og kryp atti Horn. Men han er for gamall. Han segjer det same uppatt kvar Gong. Tri-fire smaae Kvardagsminne og fire-fem smaae Kvardagssanningar er alt som er att av hans Liv og hans Sjæl. Og han glyrer paa meg med Horn-augo som ikkje ser lenger.

Eg stengjer mi Dør og legg i Omnen. Og sit med ei Bok yvi Kne og lyder paa Vinden som fosser og syg, og paa Regne som trafsar og siler. For dette Regne er vaatare enn anna Regn, og tyngre. Det er som Verdi gav sig yvi i Graat. Og Himmelen er stengd og svart som Hugen hjaa ein daarleg.

Boki glid ned, og eg tek ho ikkje upp att. Alt det dei skriv og tenkjer ut er so skrint. Som Lyng um Haust